Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/125

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest



118 (118).
Hovude misse
ein mann eg saag,
ved ord av illt kvende.
Svikfull tunge
tok honom live
og ikkje for sann sak.

119 (122).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
ord skift
aldri du skal
med ein uvitug ape.

121 (117).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
eit illmenne du
aldri late
di vanheppe vita.
Av ille menn
aldri like
du vinn for godhug du viste.

122 (123).
Av ille menn
aldri du fær
løn for godt du deim gjer.
Men god mann
millom grannar gjer deg
vyrd med venskaps ord.

123.
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
god mann finn deg
til gamans tale
og lærdom den tidi du liver.

124.
Samd er venskap,
naar segja ein kann
den andre all sin hug.
Vinglut vera
er verst av alt
all-rosar er inkje ven.

125 (119).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaum gjev:
hev du ein ven
som vel du trur,
far daa og finn han tidt;
for med ris gror til
og med høgt gras
ein veg der ingin vankar.

126 (121).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,