Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/124

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
C.
I.

111.
„Tid er aa tala
fraa tule-stolen
attmed Urde-brunnen.
Eg raad gjev deg Loddfaavne,
raad du take,
nyttig om du nèm,
god om du gaumar:“[1]

112.
Saag eg og tagde,
saag eg og tenkte,
lydde paa manna maal.
Um runir dei tala
og um tyding dømde
attmed Haava-halli,
i Haava-halli
eg høyrde segja so:

113 (131).
„Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god om du gaumar:
vàr du vere,
men vàr med maate
várast ver med øl.[2]

114 (130).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
vil du gjævt kvende
faa i gamans tale,
og fagnad av ho faa,
fagert du love,
og fast det stande,
og velfengd er god gaave.

115 (113).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
hjaa trollkunnigt kvende
kvilde du aldri,
so ho i famn deg fær.

116 (114).
Ho det evlar
at du inkje haattar
tings eller konungs krav.
Mat gjev deg mothug
og menns gaman,
du legg deg sorgfull te sova.

117 (115).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttig um du nèm,
god om du gaumar:
annan manns kone
aldri du skal
deg føre til frilleviv.

  1. Gaume, anse.
  2. Dei tri siste linune er inkje tekne med.