Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/120

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest



47. Ung var eg fordom,
eg einsaman fór,
vegvill daa eg vart.
Rik eg tottest
naar eg raaka einkvar;
mann er manns gaman.

49.
Klædi mine
kasta eg til
tré-menn tvo paa voll.
Kaute karar
med klædi dei vart,
neist vert naken mann.

50.
Turkar toll
som i tunet stend,
det hjelp’ korkje bork eller bar.
Saa er kvar mann
som kjærleik vantar,
kvi skal han lengi leva?

51.
Heitar’ enn eld
brenn hjaa ille venir
fem dags fagnad.
Men det sloknar
naar den sétte kjem,
daa all venskap versnar.

52.
Inkje tarv gaavur
saa gilde vera,
ein ofte fangar lov for lite.
med ein liten braudleiv
og læta i staupe
eg fekk meg ein felage.

53. (57.)
Brand brenn av brand
til brunnin han er,
loge kveikjest av loge.
Ved rødur ein mann
med menn vert kjend,
hen vert dott ved aa dølja seg byrg.

54. (53.)
Maateleg klok
kvar mann vere;
ovklok vere han inkje.
For sjeldan er hugnad
i hjarta aa finne
hjaa honom som ovklok er.

57. (56.)
Maateleg klok
kvar mann vere;
ovklok vere han inkje.
Sin lagnad ingen
øygne fyriaat,
daa er han sælast i sinn.

III.

58. I otta du rise
vil du rikdom taka,
og vil du folk felle.
Sjeldan liggjande ulv
lamme-kjøt fær,
eller sovande mann siger.

59.
I otta du rise
hev du onnfolk faa,
og gange og garden din vitje.
Mangt øyder mann
som om morgonen søv;
rask er halvveges rik.

60.
Maal paa turr-ved
og tekkje-næver
lyt mang-mannen vita;