Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/111

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

103 Haarbards-ljod. Songen um Haarbard. Ljod tyder i ein tal vers, i fleirtal samling av vers, kvæde. Haarbard tyder graaskjegg, er etter Grimnesmaal namn paa Odin; namne i Grimn. hev vel komi fraa Haarbards-ljod, som forfattaren maa ha kjent. Men det er uvisst um namne der høyrer til det upphavlege kvæde eller er seinare innskot. I stykke um Dauden til Sinfjøtle er det ein kar med baat som tek like og fører det yvir ein fjord. Og dei meiner at dette ogso var Odin, som daa etter gomol tru fører dei daude yvir vatn til helheimen, sameleis som Karon hjaa hellenane. Naar Tor kjem fraa Jøtunheimen, maa han yvir denne clvi. 1-2. Svein-selle. Kar-kall. I Rigstula, som diktaren tykkjest kjenne, er Svein son til Jarl, og Karl er far til bonde-ætti. Tor vert daa kalla bonde (sml. Tore-kall) og dermed sett laagare i rang enn ferjumannen. 8. Hildolv (kamp-ulv), hjaa Snorre namn paa ein av sønine til Odin. Fraa fyrsto er det vel namn paa Odin sjølv. Raadsøyarsund liknar paa namne Raadøysund i Lindaas Nordhordland Dette namne karm vel skalden ha kjent. Steindalen (sjaa vers 56) er ogso i nærmunom. Uvisst er det likevel um skalden vil hava lagt hendingi hit. 16. Fjølvar, han som er mykje var. Aalgrøn, jordi maa det vera meint. 20. Murkridur, trollkjeringar som rid i myrkre. Lebard er elles hjaa Snorre namn baade paa ulv og bjørn, vel av leopard. Gambantein, sjaa Skirn. 23. Midgard er vonleg tenkt som eit gjerde, eller ein voll kringum mannheimen til verjing mot risane. 24. Valland, Nord-Frankrike, der valir, keltar, budde. Jarlar, hovdingar. Med trælar er her hatefullt meint bøndar. Egils saga fortel at i Fjordane vart det klaga at Harald trælka bøndane og gjorde deim til trælar. Det tykkjest som daude ogso kom til Tor. Ei runeskrift paa ein stein i Flatdal i Telemark er tydd soleis: Artug bed Tor den aalmegtige gud at han tek sjæli i større glede." 39. Tjalve var fylgjesmannen til Tor. 40. Med heren som hit stemnde" karm ein tenkje paa einherjar. Moglegt er det at skalden ogso tenkjer paa land vinnar-heren til kong Harald. 56. Stokken og steinen karm anten vera namn eller merke, vardar av tre eller stein paa vegen. Verland, mannheim, maa kanskje her vera jordi, som Haarbard kallar Odins-landi. Innskot v. 18. Kvendi som her vert nemnde maa vera elve-troll. Elvar grev ut dalar og legg liksom lange reip av sand. Gygrane hev ofte elve-namn. Folk trudde vel at kvar elv hadde sin rise Elles er det ofte nemnt som eit raadlaust verk aa spinne reip av sand.