Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/109

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 101 —

<poem> daa Svaarangs sønine sette paa meg; dei grytte med stein, men gagn fekk dei lite, dei laut fulla um fred meg beda. Kva dreiv du med daa, du Haarbard?“

Haarbard kvad :

30. „Eg var aust, med ei einherju skjemta, leika i løyn-ting med linkvite møy, gledde den gullbjarte, gaman ho fekk. Kva dreiv du med daa, du Tor?“

Tor kvad:

37. „Berserk-brurir eg banka paa Lesøy, øgne var dei, øste upp alt folk.“

Haarbard kvad;

38. „Vesalt fór du daa, Tor, at du vog kvende.“

Tor kvad:

39. „Varulvar var det, og visst inkje kvende; dei støytte ned skipe som eg skorda[1] hadde, dei truga med jarnlurken og elte Tjalve. Kva dreiv du med daa, du Haarbard?“

Haarbard kvad:

40. „I heren eg var som hit stemnde med reist stormfane til aa rjode spjot.“

Tor kvad:

47. „Skrøytingi di du saart skal trega, um eg legg til og vassar vaag ; høgre enn ulven yle skal du, fær du av hamaren hogg.“

Haarbard kvad:

48. „Ein elskar hev Siv, sjaa til finn honom, med honom aa haldast det høver deg betre.“

Tor kvad:

49. „Du mæler som tunga deg tèl, det meg tykkjest det verste, din livrædde larv; du lyg, meiner eg.“

Haarbard kvad:

50. Sant trur eg aa segja det,

du sein er paa foten;

  1. Skorde, feste med styttur