<poem> 16. „I fulle fem vintrar med Fjølvar eg sveiv paa øyi den som Aalgrøn heiter; vega me gjorde og val fellde, mangt me freista, møyar me fann. Kva dreiv du med daa, du Tor?“
- Tor kvad:
19. „Eg drap Tjasse, den traa-søkne risen, upp heiv eg augo til Allvalde-sonen høgt paa himilen klaar, dei beste merke paa mine storverk, og audsynte er dei enn. Kva dreiv du med daa du Haarbard?“
- Haarbard kvad:
20. Mangt eit spel eg med myrkridur hadde, mana deim fraa sine menn; so leidt eit troll tottest Lebard vera, gav han meg gambantein, men eg velte han fraa vite. Kva dreiv du med daa, du Tor?"
- Tor kvad:
23. „Eg var aust i Jøtunheimen, drap illkynde gygrar som gjekk i berg; stor vart jøtun-ætt, fekk alle liva, daa munde ’kje mann i Midgard vera. Kva dreiv du med daa du Haarbard?“
- Haarbard kvad:
24. „Var eg i Valland og vigferd[1] fylgde, eggja upp hermenn, men aldri deim samde. Odin eig jarlar som jarn feller, men Tor eig træleslage.“
- Tor kvad:
25. „Ujamt du folk millom æsir skifte, um du hadde vald som du vilde.“
- Haarbard kvad:
26. „Tor med magti si vantar mod i hjarta; kaut var ’kje karen, daa han kraup i hansken.“
- Tor kvad:
29. „Eg var aust
og aai varde
- ↑ Vigferd, herferd.