Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/104

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

96 Ingunn, eller == Inguna Ar-Frøy, aarings-herren til ingunane. Tacitus fortel at nord-tyskane, derimillom ingævones (ingvenir, dei som dyrka Ing) var ætta fraa 3 sønir til Mannus. I Bjovulf er danskekongen kalla freå ingvina, eller eodor ingvina, medan svenske kongar vert kalla skillingar. H . Schiick segjer at det vill håraf synas, som om Ing-kulten då (i borjan af 500-talet) ånnu icke trangt till det egentliga Sverige" men kom til Upp-Sverige i tidi 500-800 . 48. Heimdall er her og i Skirn. vaktmann for gudane. I Trymskv. tykkjest han hava høgre rang. H. Schuck meiner at han upphavleg hev havt bukke-skapnad og vori same guden som Tor, og han tyder namne den klaare, skinande bogen" eller han med dei skinande, bjuge horni". 49. Paa sverd. Elles vert det fortalt at Loke vart bundin paa steinar. Um den kaldlege sonen sjaa ettermælingi. 53. Siv er verjar for det heilage sambande i ætti; ukjend i Sverige og Danmark. Nørdst i Baahuslen (som fyrr høyrde til Norig) er det ein lokk som kallar Sokke-Tore" (= Oku-Tor) Skivers eller Stivers mann. Same skuldingi mot Siv kjem Haarbard med i Haarbards-ljod. 55. Bøyla (av baula, ku), bu-deigje. 59. Austerveg; her er meint anten Jøtunheim eller Hel heim. 60 og 62. Um korleis jøtunen Skryme synkvervde Tor paa ymse maatar fortel Snorre. Um kvelden fann Tor eit hus som han smaug inn i. det var hansken til Skryme, han som sidan knytte niste-sekken so vel att, so Tor inkje kunde løyse knutane. S. Bugge finn irsk innverkning i segni um Skryme. 61. Um liungne fortel kvæde Haustlong korleis Tor køyrde imot jøtunen so jordi riste; Rungne trudde at Tor kom nedanfraa og la skjolden under føtane, men daa kom hamaren og slo han til marki og vart banen hans. Sume finn likskap millom denne sogo og det som vert fortalt um Herakles, at han tynte risen (eller fjelle) Eryx. Meiningi med Loketrætta ser nærmast ut aa vera den aa avheidre alle gudane. Men gjev ein gaum, vil ein sjaa at inkje alle vert like hardt tynte. Sume fær verjarar, og ved sume er det som vert sagt meir heider enn skam. Verst farne er Odin og Frøya. Ty fær berre ære av det som vert fortalt um mode hans. Frøy fær dei høgste lovord. Tor syner seg sjølv som den det stend age av. Paa ein gløgg maate fær soleis skalden lyft fram sine gudar: Frøy, Ty og Tor, paa Odin og Loke sin kostnad. Men han elskar ogso sjølv dette snar tenkte, sneidande lage hjaa Loke, som skalden hev teikna so meisterleg, kveikt av skildringi i Trymskvida. Ved hirdi til kongane fanst det vel ofte slike fri-karar som Loke, som sneidde høgt og laagt. Skalden sjølv hadde vel noko av same gjerdi.