Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/103

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er ikke korrekturlest


95 og at ein soleis kunde segja at havguden Njørd vart vaat i munnen. 38. Ty er ein av dei samgermanske gudane (same roti som i indisk Dyåus, græsk Zevs, latinsk Ju-piter, gamalltysk Ziu; vonleg av div", straale), kanskje fraa fyrsto himilgud, sidan krigs-gud, alt i romar-tidi saman-likna med Mars. Dagen til Mars vart kalla dagen til Ty, Tys-dag. Samansett med Ty er vokster-namne ty-bast, ty-ved, Tysnes (Hordaland), Tiveden (Sverige) Sume meiner at Ull er eit anna namn paa Ty. Snorre fortel at daa gudane skulde binde Fenres-ulven med lekkja Gleipne, kravde han til trygd at ein av gudane skulde leggje handi si i strupen hans. Ingin vaaga detta utan Ty. Daa ulven inkje orka aa koma seg laus, beit han handi av. Han laut daa stande bundin heilt til ragnarok. Fenre, meiner S. Bugge, hev upphave sitt i det latinske lupus in fem us, helhund. med di fem" hev vorti til fenru og sett i samanheng med ? ,fen", myr. 40. Aln og pening er verdemaal. 7 alnir = 1 øyre. 5 peningar = 1 aln. 8 øyrar = 1 mark. Framande myntar var kjende fyrr det vart heimlege. 41. Aa-os. Snorre fortel at daa ulven vart bundin, rann det ut or kjeften hans so mykje sleve, at det vart til ei heil aa som er kalla Von. Men det er vel uvisst ura det er denne aai som er meint her. 42. Skirnesmaal fortel at Frøy gav Skirne sverde sitt, til aa faa Gjerd. Snorre segjer at Frøy sidan brukar eit hjorte horn til vaapn Muspell meiner S. Bugge er eldheimen som Surt kjem ifraa. Orde finst ogso i det saksiske kvæde Heliand fraa 10. aarh. (mudspelles) og i eit kvæde fraa Bayern (mutspelli), og hev kanskje framandt upphav; ein saksisk diktar karm ha laga det og meint elden som øydelegg verdi. A. Olrik meiner at orde fraa fyrsto inkje hev havt noko aa gjera med Surt og elden; det betegner denne verdens undergang i sin pludselighed og sin rædsel. Da verdens branden hører med til den kristne undergangslære, omfatter det naturligvis ogsaa den Det er da en slagskygge af de kristne dommedagsforestillinger der vandrer sammen med og forud for kristendommens første indtrængen. Det synes rimeligt, at ordet er vandret fra det ene folk til det andet i digt . Da er ogsaa overgangen kort fra begreb til en personlig verdensødelægger." Myrkskogen er nemnd ogso i Volundskvida og i sogo um Hervor; er namn i Norig, Sverige og Slesvig. Ein maa tenkje paa ein myrk grense-skog, som fienden maa ride gjenom, fyrr han naar fram. 43. Bygg ve (av bygg), gift med Bøyla, var trælen til Frøy. Han hev vel havt til arbeid aa mala korn paa handkverni, som vanleg kvende gjorde. Ølbryggjar var han vel og. Ingunar Frøy. Anten: Frøy sonen eller ættingen til