Side:Aasen - Ervingen.djvu/9

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
9

Hermann.

Aa ja, Barn, du har ikke Adgang til at see noget bedre; derfor synes du, at det er altsammen vel. Men siden du nu er saa vel fornøiet med Bygdeskikken, saa synes jeg netop, at en Mand som Trond ikke er saa ganske at foragte. Imidlertid vil jeg for det første kun bede dig, at du maa være høflig imod ham og ikke vise ham saa tvært ifra dig; for Resten behøve vi ikke at haste med nogen Afgjørelse. — Men nu maa jeg hjem og see, hvad der er at gjøre. (Gjeng).

Inga (aaleine).

Jau, det skal vera Hugnad! Men det kann no vera, naar det ikkje er verre. Eg lyt no freista aa vera lika blid med honom som med andre; men nokot meir kann eg no ikkje lova. Nei, eg heve seet andre Gutar, som eg likar betre. Eg saag endaa ein i Dag, som eg tykte var vænare en alle hine; men det var ein framand, som eg ikkje kjende, og difyre er det ikkje nokot til aa tenkja paa. (Gjeng).

Fjorde Koma.
Aamund. (Sidan) Inga.
Aamund.

Aa, so skulde eg daa vera so lukkeleg, at eg fekk sjaa atter gamle Fødestaden endaa ein Gong! Det er lenge no, sidan sidst eg var her; men so er det og so myket større Hugnad til aa leita upp atter dei gamle Tufterna. Aa, eg er so inderlege glad. (Syng).

Her er det Land, som hugar meg best,
og hit hev’ eg lengtat lenge;
her var det slødt, som Hugen var fest
og gjekk i sitt gamle Gjenge.
Vida hev’ eg flutt[1] og faret i Kring,


  1. flyttet.