Hopp til innhold

Side:Aasen - Ervingen.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
48

Olav (til dei andre).

Ja, no vil eg vona, at her skal verda morosamt. Aa! eg er so glad og fegen, som eg finge eit heilt Rike. Hadde her voret ein Spelmann og ei Fela, so hadde eg lotet til aa dansa, so gamall som eg er. Men fyrst og fremst so vil eg no kveda. (Syng).

No er alt so godt og vel,
og ingen treng um aa sukka.
Det maa eg segja, den Mann er sæl,
som heve so god ei Lukka.
 No er Striden tagnad!
det var ein heppen Lagnad;
det, som saag ut
til Sorg og Sut,
det vende seg utn til Fagnad.

Alle.

No er Striden tagnad ɔ:

No er Ervingen komen heim,
og heime vil han vera.
No vil han kjennast ved alle deim,
som Kjensla paa honom bera.
 No skal Frendar finnast
og gamle Segner minnast.
Ein heve gøymt
det, hin heve gløymt,
og so skal allting finnast.

Alle.

No skal Frendar finnast ɔ: