Side:Aasen - Ervingen.djvu/33

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
35

Olav (læjande).

Ei Gjenta? Hyss? Ver ikkje galen, Gut. Sjaa aldri paa nokor Gjenta, fyrr en alt annat er avgjort.

Gunnild (avsides).

Det maa vist vera ho Inga. Aa! det var leidt, at ho skulde vera fest.

Aamund.

Ja, men det var no alltid godt aa vita, kvat Folk ein hadde fyre seg.

Olav.

Det var so ja, men du kunde snart faa vita det, du inkje vilde. Det er ein faarleg Ting med desse Kvendi: dei ganga der so fine og blide, som dei vilde lokka Folk inn i Fanget; men er det daa so, at du læt deg draga, so veit du ikkje av, fyrr en du stend so fast, at du kann korkje koma att elder fram. Der er ei gamall Visa um det, som du kanskje ikkje heve høyrt. Lat meg sjaa, kor ho byrjar. (Syng).

Aka paa Isen haale
med uskodd Øyk og kaat,
beita i Stormen stride
med styrelause Baat,
renna i Kapp med Reinen,
naar Raasi[1] er tung og vaat:
det maa ein Galning vera,
som so vil fara aat.

Ganga og gjera seg fager
og fara so fiint og smaatt,
løyna sitt rette Lynde[2],
til Maalet fyrst er naatt,


  1. Veien.
  2. dølge sit Sindelag.