Side:Aasen - Ervingen.djvu/32

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
34

svein nokre Aar og slog stort paa og laante Pengar og sumlade deim burt; og sidan kann det vera meir, som ikkje eg veit. Det kann ikkje hava nokot stort paa seg; men det vilde vera leidt, um Folk her skulde vita det; for dei vilde neisa honom med di, naar han kom i Trætta med deim. Men det skal han no inkje ottast fyre. Eg vil ikkje gjera nokon Skade paa hans gode Namn.

Tolvte Koma.
Olav. Gunnild. Aamund.
Olav.

Sjaa der er Mannen atterkomen. God Kveld paa nytt! No heve du vel talat med Husbonden sjølv.

Aamund.

Aa ja, men elles er ingen Ting avgjort.

Olav.

Nei, det er ikkje aa venta endaa. Men kor kjem du av det med honom?

Aamund.

Aam det var nokot kvast i Fyrstningi, men so vardt det linnare sidan.

Olav.

Aa ja, du heve no seet so mange Slags Folk, at du veit, kor ein skal greida seg.

Aamund.

Men det er sant: eg kjenner so lite til Ungdomen her paa Staden. Her er ei Gjenta, som eg vilde so gjerna høyra nokot um.