Side:Aasen - Ervingen.djvu/12

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
12

Femte Koma.
Olav. Aamund.
Olav.

Sjaa, der finn eg den, eg leitar etter. Eg hadde ei Von um, at du vilde taka Vegen hiit og sjaa paa dei gamle Tufterna. Giv det maa hava hendt i ein heppen Time! Du kann ikkje tru, kor glad eg heve voret sidan i Dag, daa eg saag, at du var heimkomen; for me hadde ikkje høyrt nokot um deg paa lang Tid, og det sidste, som me høyrde, var det, at du skulde vera burtkomen. Det er no so mange Drøsor, som koma inn i Bygderna; det er som Ordtøket lyder: dei ljuga so lenge, til dei tru det sjølve.

Aamund.

Det er ikkje annat ventande, en at Folk maa tru slikt, naar ein er so lenge burte og ikkje fær senda nokor Helsing neim. Eg hadde fulla tenkt aa koma heim-atter fyrr; men det vart ikkje nokot av di.

Olav.

Det er sant, eg kom ikkje til aa spyrja etter det i Stad, — kor kom det til, at du vart so lenge burte?

Aamund.

Det er snart aa fortelja. Du veit, at det var ei Tid, daa det var myket smaatt fyre Faer min; han hadde havt ymsa Uheppor og var komen i Skuld og Gjeld, og so skulde eg daa ut og tena nokre Pengar, so eg kunde hava nokot til Hjelp fyre baade meg og honom. No var det ikkje nokot til aa tena den Gongen, utan ein kom nokot langt burt; og so foor eg daa sud i Landet, og sidan bar det utanlands; for eg høyrde alltid det, at di lenger ein kom, di større