Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/23

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Vart du so stor i hugvarme. du,
som du er i å anka,
kunde du bygga himmelbru
med dine sterke tankar.

Kvifor då ha so sjukt eit mot,
kvifor i ilska murra?
Tidi ligg for deg lang og god.
Bruk ho, og inkje stura!

Arbeidet det gjev helsebot,
det lækjer sjælesotti.
Det kann deg gjera glad og god
heilt inn i hjarteroti.

Norna.

21