Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/22

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
MOT NAG
TIL DEN TUNGLYNDE GUTEN
TONE: DUMBJØLLEKLANGEN PÅ GLÅMA

Gjævaste gut, eg beder deg:
Gakk ikkje der og anka!
Legg ikkje berre stein i din veg,
der som du sjølv skal vanka.

Grav deg kje ned i det som gjer vondt,
sjå heller upp og smila!
Hilmen er høg med stjernor rundt;
det kann gje hugen kvila.

Her er so mykje vænt og nett, –
sjå berre rundt ikring deg!
Sjå berre på kvar knupp som sprett!
Livdet vil vara ævleg.

Sjå so å henta fram eit grand
av det våre store melder:
«Viljen, den berer upp og fram.
Viljen er det, det gjelder».

20