Riddaren i Bjødnahame
Ai Gøng va de ai ung’e Gygrdøtte som va gift’e me ain gamall’e Jutul, aa me hono fekk ho inki Bødn. Ain Dag um Veten, som de va kome myki Nysnjø, gjekk ho i Snjøe, aa derme tok ho te aa blø’e Nasablo’. Blo’e draup ne i Snjøen, aa detta lyste so fint raudt aa kvitt. Daa ynskte ho, at ho maatte faa ai Døtte so rau’e aa kvit’e i Andlete som Snjøen, ho saag der. Trast derette vart ho fremmele, aa si’a, daa Ti’e hennar va komi, aatte ho ait Gjentebaadn, som va so oversle snill’e aa so rau’e aa kvit’e i Andlete, at daa ho vart store, hadde alder nokon set so fint Kvendfolk. Me’a denne Gjenta vaks upp, vart Mor hennar Ekkje. No tok ho te aa vera augundsjuk’e paa Døtte si, at ho skulde vera finare ell ho va sjøl, aa de va no taa di, at um de skulde koma ængon Friaren paa Garden, at dai fyrr vilde hava Gjenta ell Ekkja, Mor aat Gjentunn. Aa solais vart de me. Ho va fælande rik’e Kjeringe, aa difor kom de mange gruske Kara dit for aa fri te henne, men so snart dai føngo Auga paa Gjenta, gøvo dai ain go’e Dag um Ekkja. Detta merkte snart Kjeringe, aa so æsla ho se te aa drepa Døtte si, men ho tytte de va fælt aa gjera de sjøl, aa difor sette ho Tenestguten sin te aa gjera de. Guten hadde held inki vilja, men ho trjuga han te. Ho gav daa Gute ait Blekspann te hava Blo’e i, aa so skulde han skjera lite taa Tungesnippe hennar aa noko taa Haare skulde han,taka aa hava alt me se haimatt te Visse paa at han hadde drepe ho. No sa’e ho ve Gjenta, at ho skulde fylgje Gute burti Skogen. Gjenta skynte nok ko ho skulde fylgje dit ette, men likevæl laga ho se te. Ho fekk stole me se ain Gullrok, aa ai Gullsnelde aa ait Gullhespetre, aa’so raiste ho me Gute. Daa dai komo langt burti Skogen, fortelde Guten, ko Mor hennar hadde sett han te aa gjera, „men e vøre inki go te drepa de, som e so fin’e“, sa’e han, „fyrr løte e misse Live sjøl“. „Koss vil du gjera de mæ me daa?“ spurde Gjenta. „Jau“, sa’e Guten, „e vil taka ait Lamb aa drepa de aa taka so Blo’e taa di aa hava i dette Blekspanne, aa sa ska e skjera lite taa Tungunn aat Lambe aa ta me me, aa so kann du la me faa ai liti Toppe taa Haare dino, so ska e fli Mor dinne altsama; daa trur ho, at e ha drepe de“.
Den Dagen som dette skulde hende gjekk Mor aat Gjentunn inn i ait Kammers, der hadde ho ain Spegill som kunna garte, aa so spurde ho han: „kem e som e snillast taa me aa Døtte minne?“ „Døtte di e tie Gønge so snill’e som du, før ho e den snillaste som finnst i Verd’n“, svara Spegillen. Men nær ho bli dau’e, tenkte Kjeringe, so bli væl e den snillaste, som finnst i Verd’n daa.
Um Kvelden kom Guten aa flidde Kjeringenn Blekspanne me Blo i aa Tungesnippen aa Haartøppa, aa sa’e, at han hadde drepe Gjenta, aa de va daa Kjeringe væl nøgd’e me. Gjenta som no va aisemal visste inki, koss ho skulde fara aat. Ho gjekk langt aa lengi ikring Skogen. Paa Slutnan vart de Kvelden so de tok te vart myrkt, daa kom ho aat ai Barhytte. Ho let upp ai Dør paa Hyttunn, aa daa kom ho inn i ai fin’e Stogo, som va maala baade Tak aa Veggi. Der va ain Pais aa i Paise sto ai Gryte me Mat i, aa der va ait fint Bord, aa paa Borde laag de tryaa Sylvskjaie, tryaa Talerka aa tryaa Kniva, aa so sto der try Fat. Likeso va der tryaa Sængi ovapaa in’an aa tryaa Stola aa sumt anna. No tenkte Gjenta ve se sjøl: her e no visst ai Morarhytte; de hadde vore bære e hadde doytt i Skoge, ell e ska doy her, men no faar e vaage te aa vera likevæl, for de e myrkt so e ser inki aa gaa nokorstane. Hona totte daa Maten som va i Grytunn aa auste upp i dai Fate, som støndo der, aa la’e Skjai’e Kniva aa Talerka te rettis. Men no visste ho inki, kor ho skulde gjera taa se sjøl. Ho tenkte daa: e faar leggje me unde ne’ste Sænge paa Golve, der finne dai me inki so braadt, aa so faar e daa hoyre, ko dai segja, nær dai koma inn. Ho gjorde so, la’e se unde Sænge aa la’e Rokken aa Snelda aa Hespetree hjaa se. Trast ho hadde lagt se, kom de inn tryaa Bjødna, aa ette kort som kom inn so kasta dai Bjødnahamen taa se burt i ai Ron, aa daa vart de tryaa fine Kara taa dai. Dai toko te aa undrast, daa dai saago, at de va so fint inne hjaa dai, men endaa mair forundra vorto dai, daa dai fønno Maten so fint telaga i kor sitt Fat aat dai aa alle Ting te rettis lagde. So sette dai se te aa eta. „Kunna me no berre veta, kem som ha vore her aa stelt so snillt aat uss“, sa’e den aine, „so vait e rett inki ko godt e vilde gjera dai“. „Men kann hende“, sa’e ain a’n taa dai, „at de e ængon som ha uppedaga uss aa som vil fange uss aa berre ha stellt detta so fint te før aa narre uss“. „De faar no vera ko de vil“, sa’e den tre’a, „før e er no so troytt’e, at e vil leggje me, koss de gaar.
Desse Karadn voro tryaa fine Riddara ifraa Rusland, som ai Gygr hadde kasta Bjødnaham paa, te ai Hevn før di dai ’ki vilde hava Døttadn hennar te Køno. Den aine taa desse Riddaro aitte Veivan, .aa han la’e se i ne’ste Sænge, aa hine tvo la’e se i kor si Sæng ovapaa. Gjenta som laag unde Sængenn vart noko lite trygg’e daa ho skynte, at dai ’ki vilde gjera henne noko illt, aa ho tenkte ve se sjøl: i Morgo ska e uppedaga me; e tru ki dai drepa me held. Daa dai hadde sove ain liten Svevdn, vakna han Riddar Veivan aa kunna ’ki si’a faa Svevdn paa Augo mair. Han vekte hine tvo aa fortelde dai, at han hadde hatt ain Draum. „E droymde“, sa’e han, „at de ligg’e ai Jamfrjuge so fin’e unde Sængenn minne, at de alder finnst hennar Likje i haile Verd’n. E vil staa upp aa nøre ti Varme aa sjaa aat; kann hende de e ho som ha vore her aa stelt so snilt te aat uss“. Han sto upp aa hadde i Varmin aa lyste unde Sænge; daa laag ho der. Ho ba daa so vænt, at han inki skulde gjera henne noko illt, aa so fortelde ho dai, koss de bar te, at ho va komi der. Aa desse tryaa Riddaradn fortelde koss de hadde gange me dai, aa kifor de va kasta Bjødnaham paa dai, „aa den faa me no hava so lengi“, sa’e dai, „men me hava Magt te aa leggje han ifraa uss um Nætadn, men um Dagadn ljøte me hava han paa uss, aa so era me i Skoge daa aa drepa Dyr som era etandes, aa taa di laga me te Mat aat uss um Nætadn“. „Men no“, sa’e han Riddar Veivan, „ska du vera min Kjærast, aa bli e kvitt’e Bjødnahame ai Gøng, so sia du bli mi Bru, før daa ska du sjaa at e er ingin Fatimann. Aa her ska du no vera me Dagen e, aa laga te Mat aat uss aa stelle i Huse, aa um Nætadn ska du sova paa Arme mino“ Detta va no godt aa væl.
No ljøte me atte te fortelja um Mor hennar. Hona trudde no, at ho skulde faatt Friara i Haugatal, ette Døtte hennar va drep’e; men alder kom de ain te henne. Detta vart ho sinna fere. Ain Dag vaska ho se aa hadde paa se finaste Pløgge sine aa gjekk te dai Spegille, som kunna garte aa spurde han, um de fannst nokor som va so snille som ho? „Jau“, svara Spegillen, „Døtte di i Bjødnahi’e e myki finare ell du, før ho e enno den finaste som finnst i Verd’n“. No vart ho so oversle sinna, før at inki ho va dau’e, aa sa’e ve Tenestgjenta si, at ho skulde gaa aat Skoge aa laite upp Bjødnahi’e der som Døtte hennar va, „aa so ska du taka me de desse Skodn, sa’e ho, aa gjeva Døtte minne; du ska segja de, at e vilde ’ki, at ho skulde gaa me beste Skono sino te kor Dag men hava desse stundo“. Dai Skodn hadde den Gjerde i se, at den som hadde dai paa se doyde trast. Gjenta gjorde som ho va tesagd’e. Ho kom ain Dag aat Barhyttunn, ette Riddaradn voro utgangne, aa fann den fine Jamfrjuga aisemal. Ho gav henne Skodn aa sa’e ko Mor hennar hadde sagt, o so strauk sin Veg att. Jamfrjuga hugsa ’ki noko ette dessa, men hadde taa se dai Skodn ho hadde paa se aa hadde so attpaa se dai som Gjenta kom me, aa trast stupte ho dau’e paa Golve der ho sto. Um Kvelden daa dai tryaa Riddaradn komo att, gjekk han Riddar Veivan fysst inn aa si’a hine, aa daa fønno dai, at Kjærasten hass laag dau’e paa Golve. No vart de ille Laat aa paa hono allehelst, aa hine tvo vorto ogso sorgfulle, aa dai tenkte de alle, at de hadde vore ain Skarv der aa anten slegi ho elle stønge ho ihel. Riddar Veivan tok ho daa aa lyfte ho upp i Fange sitt aa laitte allestane; Um han skulde sjaa Blo ell noko Merke te, at ho va drepi me Slag ell Styng, men inki saago dai taa slikt. Paa Slutnan vart han vare, at ho hadde are Sko ell dai ho hadde fyrr, aa at dai Skodn støndo attaat henne; han raiv taa henne dai Skodn ho hadde paa se, aa trast vart ho levande atte. Daa fortelde ho koss ho hadde faatt Skodn, aa ko Gjenta hadde sagt som kom me dai. So stellte dai se te Kvelds aa la’ e se. Um Morgonen løto desse tryaa te Skogs atte.
Gjenta som hadde vore der me Skono fortelde Mor hennar, at ho saag, at ho doyde trast ho hadde paa se Skodn. No vart hona stygge Trølle fegji, pynta se aa gjekk te Spegille aa spurde, um de nokor fannst, som va so snille som ho? Men Spegillen svara de sama, „Døtte di i Bjødnahi’e e manga Gønge snillare ell du“. Daa vart ho sinna att aa tok aa dengde Gjenta, som, hadde vore sta me Skono, aa sa’e, du ha løge me full’e. So gjorde ho i Vegen ai onnor Gjente me ain Silkiserk, som Døtte hennar skulde ha paa se. Gjenta kom te Jamfrjugunn aa fann ho aisemal aa sa’e de: „e skulde gaa hit te de ifraa Mor dinne me ain Silkiserk, som du skulde ha paa de trast; ho vil inki, at du ska gaa me ain Serk ra’e, men du skulde ha paa de denne, me’a du skulde faa vaska hin“. Den Serken hadde sama Gjerde i se som Skodn. Jamfrjuga va go’trui, hadde taa se den Serken ho gjekk me, aa hadde attpaa se Silkiserken. Um Kvelden daa Riddar Veivan kom inn, laag ho dau’e paa Golve att. Han vart no forfælde aa undrast paa, ko som hadde vorte henne, men daa han fekk i Varmin aa fekk sjaa se um, vart han vare, at den Serken ho hadde hatt ta’a se laag ne me henne, aa at ho hadde paa se ain ho inki hadde hatt fyrr. Han skunda se aa raiv taa henne denna Serken, aa trast vart ho levande. Ho fortelde daa, ko Gjenta hadde sagt, aa koss de hadde gange. „I Morgo“, sa’e Riddaren, „vilja me læse atte Døre for de, aa so maa du inki læta nokon koma inn te de, før du ser, at dai vilja taka Live taa de“. Ho lovde at ho skulde vera vare um se.
Mor hennar trudde no visst, at ho skulde vera dau’e, aa so gjekk ho att te Spegille me di sama Spursmaale, um inki ho no va den finaste. Men han svara som han hadde sagt fyrr, at Døtte di i Bjødnahi’e e snillare ell du. Daa vart ho sinna att aa sa’e de ve den tre’a Tenestgjenta si: „no send’e e de aat Bjødnahi’e te Døtte minne me ai Gullnaal, aa den ska du stinge inn i Skrotten paa henne kor du kann, før Naale ha den Gjerde i se, at den som bli støngin doyr trast. Kjem’e du no att fyrr du ha drepe ho, so dræp’e e de“. Detta va ait hardt Vilkor, men lel laut ho gaa. No kom ho aat Barhyttunn aa vilde inn, men Døre va attelæst’e. Gjenta klakka paa Døre aa ba dai som voro inne skulde lata upp. „Nai“, sa’e Jamfrjuga, „de slepp’e ingin inn her. Ko e du daa vil?“ – „Aa e vil tala ve de“, sa’e Gjenta. „E faar inki upp Døre“, sa’e Jamfrjuga. „So kann du hekte upp Glase“, sa’e Gjenta, „me e faar tala ve de litevætta“. – Jamfrjuga let se endaa narre aa let upp ait Hekteglas. Gjenta snøgga se burt i Glase aa stakk Gullnaale inn i Skallin paa Jamfrjugunn, aa derme datt ho dau’e ne der ho sto.
Um Kvelden daa Riddar Veivan kom haim, laag Kjæresten hass dau’e paa Golve. Han skunda se aa hadde i Varme aa laitte allestane, um han kunna finne, ko som hadde vorte henne, men han fann de inki. No vart de slik Sorg paa hono, at han syrgde se so nær ihel. Han let daa gjera ai Kiste taa Blekplaato aa la’e ho ne i, aa gjorde so ai Kiste taa Kopar aa hadde Blekkista i. Der laag ho so fin’e, som me ho va levande. Um Dagadn me dai voro i Skoge, vatt han Kista upp unde Take me ain Taum, men um Kveldadn hadde han ho ne att for aa sjaa paa ho.
Gjenta som hadde gjort denne Ogjerninge kom te Mor hennar aa fortelde, at ho vist va drepi, aa daa vart Trølle gla’e aa gjekk te Spegille aa trudde no hughailt, at han skulde segja, at ingin va finare ell ho; men han sa’e de: „Døtte di e manga Gønge finare no ette ho e dau’e, ell du ha vore alt du ha levt“. Daa vart ho so harm’e paa Spegillen, at ho slo han i hundre Molo.
Kungen i Rusland hadde hoyrt gjete, at de va noko Skogarøvara som hadde stole aav ai oversle væn’e Jamfrjuge aa hadde ho hjaa se i Skoge, aa dai vilde han fraiste aa finne aa refse dai. Han tok me se seks taa dai hævaste Riddaro sino aa rai ut i Skogen likesom paa Vai’ing. Dai foro langt aa lengi aa paa Slutnan komo dai inn paa denna Barhytta aa der gjengo dai inn. Dai vorto vare Kistunn, som hekk uppunde Take aa hadde ho ne aa vilde sjaa ko som va ti henne. Daa Kungen fekk sjaa ko fin’e ho va, som laag i Kistunn, vart han so sæl’e taa henne, at han tok ho me se aat Kungsgarde sino, aa sette Kista inn i Sengjekleven sin. Han va Ekkjemann maa veta, aa so tytte han de va Moro aa sjaa paa denne fine Jamfrjuga imyljo att. Daa Riddar Veivan kom att um Kvelden aa saag at Kista aa Kjærasten va aavstoli, vart han oversle sorgfull, aa han visste inki ko han skulde gjera.
De høvde so, at Kungen i Rusland fekk Ofre me Proyse, aa so laut han sjøl vera me Stridshere. Han hadde ai ainbenn Døtte, aa henne gav han aa gjoyme alle Lykladn sine, daa han raiste, undtaken Klevelykillen; den tok han me se, aa so forsigla han Døre, aa de sto me Bokstava i Sigle: den som bryt’e upp denne Døre me’a e er burte ska misse sitt Liv. So raiste han aa va burte ait Aar, men han skraiv haimatt te Døtte sinne attimyljo, aa kor Gøng ba han, at ho skulde taka væl Vare paa Klevedørenn, at ingin skulde koma inn der. Endele daa tvau Aar voro te Endis, vart de halde ait Slag imyljo desse tvo Kungo, men Russen vann, aa trast skraiv han te Døtte sinne, at han hadde vønne Slage, aa daa skulde ho vænte hono haimatt um ain Maana. Kungsdøtte tenkte ve se sjøl: de vore daa morosamt aa veta ko som e i Sængjekleva; e faar vaage me te aa brjøte upp Døre likevæl. De gjorde ho, aa daa ho kom inn, va Kista de fysste ho vart vare. Ho tok Loke taa Kistunn aa fekk sjaa Jamfrjuga aa vart forundra, daa ho saag ko væn’e ho va. Men so vart ho vare ain liten myrk’e Flekk i Skalla paa Jamfrjugunn, aa de undrast ho paa, ette so kvit’e som ho va helles. Ho tok daa te grov paa den Flekken me Nagle sino, aa daa fekk ho sjaa Auga paa ai Naal. Ho tok ai Prjøne aa sette inn i Auga paa dai Naalenn aa drog ho ut, aa me di sama vart Jamfrjuga levande aa sto upp. No vart de, stor’e Gle’e paa Kungsdøttenn aa paa hinne me, men ho undrast paa kor ho va aavkomi. Desse tvær vøro daa hjaa ina’n nokre Daga, aa so kom Kungen atte me haile si Magt. Daa han kom aat Kungsgarde sino, møtte Døtte hass ute, aa de fysste han spurde ette va um nokon hadde brote upp Klevedøre. „Ja“, svara Kungsdøtte, „e vaagde te aa gjera de“. „Daa e Live ditt sprønge“, sa’e Kungen. „Ja vist kjære Far min“, sa’e ho, „men kunna e no faa levande den som laag i Kistunn, ko sagt du daa?“ „Ja kann du de“, sa’e Kungen, „daa vil e gjeva de Live, um du so hatt hundre Liv“. Derme tok ho Far sin i Hønde aa laidde han radt inn i Kleven, aa der sat Jamfrjuga paa ain Stol. Ho sto upp aa ni’a mot Kunga aa ba han vera vælkomin att ifraa Slage, aa Kungen umfagna ho aa svor paa si kungele Ære, at ho skulde bli Dronninge hass. „Ja so“, tenkte ho ve se sjøl, „du e ’ki so viss’e paa de;’ Riddar Veivan ha sove hjaa me so mang ai Natt, aa me ha trulova in’an ess han bli kvitt’e Bjødnehame, aa de som e har lovt vil e halde, um e so ska doy. Um Kvelden daa dai skulde leggje se, vilde Kungen at Jamfrjuga skulde sova i Arme hass. Ho takka for Bø’e, „men fysst“, sa’e ho, „lyt e be’a um aa faa gaa ut lite; e ska snart koma att“. Kungen let ho de, aa so la’e han se. Han va troytt’e taa dai Stri’enn, som han hadde vore i, aa sovna trast. Hona stilte me se Gullrokken aa Gullsnelda aa Gullhespetree aa sette te Skogs sama Natte, aa vingla burt i Skoge te i Degningenn.
Daa de lai mot Dage vakna Kungen, aa daa ’ki Jamfrjuga va innatt komi, skynte han, at ho hadde rymt. Han sto upp aa let sala paa den beste Hesten sin aa vilde ut aa finne att Jamfrjuga, som va aavrymd’e. Han sette i Vegen, aa daa va Jamfrjuga komi aat ai blaut’e Myr i Skoge som ho inki slapp over. Der va Kungen aat aa skulde naatt henne, men i di sama kom de ain Bjødn, aa han sa’e de: „set de uppaa Ryggen min, so ska e hjelpe de over Myre“. Ho gjorde so, aa Bjødnen bar ho over, men Kungen slapp inki ette, men laut snu att. Daa dai vøro komne over, sa’e Bjødnen: „no har inki e Magt te aa gjera mair ve de, men e er fegjen før e ser du leve“. Bjødnen skildest ve ho, aa si’a gjekk ho den haile Dagen føruta Mat. Daa de lai te Kvelds, kom ho aat ait Berg, aa der klakka ho paa. Ai Gygr kom ut, „kem vil inn her“, sa’e ho. „Aa de e ai Jamfrjuge, som be’e um Hus te Morgos“, sa’e denne. „Kom inn“, sa’e ho. Daa sat Gygre paa Stabba aa hadde sett ain hail’e Ukse som nettupp va slegin paa Spet te Kvelds. Ho hadde so lang’e Nase, at ho brukte den te snu Staike me. Jamfrjuga spurde „um ho ’ki visste, kor han Riddar Veivan bur?“ „Nai“, sa’e ho, „men i Morgo Kveld kjem’e du te Syste minne aa ho vait de“. Um Morgonen synte Gygre Jamfrjugunn Vegen, aa den Dagen imot Kvelde kom ho te Syste hennar aa ba um Hus. De fekk ho, aa so spurde ho Gygre um ho visste, kor Riddar Veivan bur. „Jau“, sa’e Gygre, „i Morgo ska e syne de kor han bur“. Ho sat ogso paa Stabba aa snudde Staik me dai lange Nasa sino, aa de va ain hail Ukse paa Spet. Jamfrjuga fekk Mat te Kvelds hjaa desse likesom hjaa hinne. Um Morgonen sa’e Gygre ve Jamfrjuga: „no maa du skunde de aat dessa Berge, du ser der burte, før du e vist Kjærasten hass Riddar Veivan, som vart aavstoli fraa hono; aa no ska han giftast um tryaa Daga me ai Gygrdøtte, som bur i desse Berge; Men no ska e segja de, koss du sta fara aat, nær du kjem’e der; du ska bjø’e d’e te aa spinne Gulltraa te saume Bru’pløgg me, so trur e ho tek’e ve de, aa nær ho daa spyr’e de, ko du vil hava før de, so ska du segja, at du vil saa Løv te aa sova hjaa Kjæraste hennar tryaa Næta; aa de faar du Lov te. Um Dagen e de inki Raa te aa faa tala ve han taa di, at han ’ki bli kvitt’e Bjødnehame, fyrr den Dagen han ska staa Bru’gom. Aa vi’are skyner du sjøl koss du ska laga de, nær du kjem’e der“. Jamfrjuga takka aa raiste derifraa. Daa ho kom aat Berge, so va Gygre aisemall haime, aa ho spurde um ho ’ki vilde hava ho te spinne Gulltraa te saume Bru’pløgg me. „E vait inki de“, sa’e Gygre, „kann du slikt du daa?“ Jamfrjuga svara ja aa synte henne Gullrokken sin. „Ko vil du hava for denna?“ sa’e Gygre. „Aa e vil inki anna hava“, sa’e denne, „ell e vil faa sova ai Natt hjaa Kjæraste dino“. „Aa jau“, sa’e Gygre, „de ska du faa“.
Men Gygre va ful’e ho; me di sama Riddaren skulde leggje se, gav ho hono ain Kvaldrykk, so at han alder hugsa se ai Grand. Jamfrjuga tok te aa svalle ve han aa sa’e de: „koss ber’e de te, at du no alder garta ai Grand ve me; hugsa du ’ki ko venle du ha garta te me fyrr? Ha du vorte lai’e me si’a den Ti?“ Men alder svara han mair ell Veggen. Ho gret aa bar se ille for hono, men de munte inki.
Are Kvelden sa’e Gygre, at ho vilde hava Gullsnelda aat Jamfrjugunn. „Ja“, sa’e ho, „ess e faar sova hjaa Kjæraste dino i Natt“. Gygre lovde henne de. Um Kvelden, daa Riddaren kom atte aa hadde kasta taa se Bjødnahamen, so fekk han som han va vand’e ve Mat te Kvelds aa so ain Sovarsup, aa den va taa di sama som han hadde faatt fyrr; de va Kvaldrykk. Aa so vart de me hono som de va fysste Kvelden, han hugsa se inki, aa alt de som Jamfrjuga sa’e ve han, vart te inkis.
Men Gygre hadde take inn i Berge ain liten Gut som skulde vera Tenar aat Riddare kor Kveld, nær han kom att, aa kor Morgo fyrr han raiste te Skogs att. Han laag i sama Rome som desse tvau, aa solais hoyrde han alt som Jamfrjuga sa’e, aa de fortelde han Riddare are Morgonen. Riddaren tenkte daa, at han skulde sjaa te aa taka se vare før dessa Sovarsupe.
Trea Dagen sa’e Gygre, at ho vilde faa taa Jamfrjugunn de Gullhespetree ho hadde. „Ja“, sa’e Jamfrjuga, „ess e faar Lov te aa liggje hjaa Kjæraste dino i Natt“. „Jau“, sa’e Gygre, „de ska du gjedne saa“. – Um Kvelden kom Riddaren atte aa kasta taa se Bjødnahamen for stendigt, aa daa va han so gla’e aa fegjen før han skulde sleppe ha han paa se oftare, at han dansa aa vart ai Gøng te so snill’e som han hadde vore fyrr um Kveldadn. No fekk han Mat te Kvelds aa so la’e han se, aa Gygre kom me Kvaldrykke aa slo i ain gild’e Dram. Riddaren snudde paa se lite me di sama han tok imot Drykke aa slo han ne i Bringa si, so ’ki Gygre saag de. Daa Jamfrjuga kom, vart de stor Gle’e paa dai bæ’i tvau, aa daa uppedaga dai ve in’an alt som hadde hendt me dai si’a dai voro i Barhyttunn, aa dai samraadde se koss dai skulde fara aat. Um Morgonen voro dai gri’uge aa støndo upp fyrr Gygre, før at inki ho skulde veta anna ell de, at han inki hadde vore go te royvt se før Kvaldrykke. Daa Gygre sto upp, va Riddar Veivan i fine Riddarklæ’o, aa daa va han so van’e, at alder nokon hadde set so fin’e Riddar fyrr. Jamfrjuga va hjaa hono aa han fortelde Gygrenn, at ho va Syste hass. Gygre trudde de aa sette desse tvau jamsi’is te Bords aa eta te Bisk. Aa so laga ho te so myki Mat, at tie Riddara kunna ha hatt nok, aa sjøl sette ho se i Hagsæte aa aat te Bisk me dai. Me’a dai søto ve Borde sa’e Riddaren: „ko Refsing skulde den li’e, som vilde hindre, at tvau so væne Folk, som me era, skulde koma ihop?“ Gygre mainte paa se aa han aa svara: „den, som vilde hindre de, skulde brennast i Svavel aa Tjøro“. „Ja“, sa’e Riddaren, „de ska ’ki bli de før godt de“. So toko dai Gygre radt aa stappa ho ne i ai Spikartynne aa rulla ho paa Varmin, me Svavel aa Tjøro. Aa derette heldo desse tvau Bryllaup i fire fjurten Daga, aa so føngo dai all den Rikdomen, som fannst i Berge. Guten som Gygre hadde take inn i Berge sleppte dai utatt aa gøvo hono myki Pe’ing før de at han hadde hjølpt dai te.
Mor aat Jamfrjugunn hadde, som e fyrr ha sagt, slegi sund den Spegillen som kunna garte, aa solais hadde ho ’ki noko te Retslai’ing. Ho hadde no vont, at de inki skulde skorte paa gilde Friara, men ingin fekk ho. Daa Riddar Veivan va gift’e me Døtte hennar, so raiste han me Kjeringenn radt te henne, men daa ho saag, at Døtte hennar endaa va i Live, vart ho so uppøst, at ho sprakk sund. No vart Riddaren me Kjeringenn Arving der te all den Medelen som fannst der, aa solais vart han ain mektig’e Mann. Si’a sende han Brev te Kunga i Rusland aa ba um aa saa tala ve han. Kungen samtykte de, aa ba han koma te se. Daa han kom te Kunga, uppedaga han alt som hadde hendt hono ifraa fysst te sidst. Kungen undrast myki, daa han fekk hoyre alle hass Hendils, aa han vart so gla’e i Riddaren aa Kjeringe hass, at han gjorde han te Graive aa sette han over ait stort Graivedøme.
Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden. |