Hopp til innhold

Røisen

Fra Wikikilden
Det norske Samlags Forlag (s. 51-52).

Dei vilde no ha dæ so, at gamble Røisen austi Mørstabygden ogso hadde Svartekunstboke; kor som æ, so hadde han se mykji aat, ve han levde. Han va væl kjende mæ Preste – han eitte endaa Stabell. Ei Gong kom Presten te hono. Røisen sto daa i Smiun, før han va skjele glupe Sme. Daa Røisen saag han, sette han Hamarsnibba te inni Skallin sin o le Hamaren hange soleise, te han tørvde han att. Stabell letst inkji sjaa detta, men ba han, um han vilde smie hono ei Jødnstytte te seta unde Peisbrune. Jau daa, dæ va Raa te di. Jødnstytte skulde han faa, o to Maal taa ein Stav, so Presten hadde mæ se. Daa Stytta va reiog, va ho før lang. So hoggde han taa ein Snupp, so Stytta passa gøtt ette Maale. Daa han daa mælde atte, va ho endaa mykji før lang. So mælde han daa skjele nauende væl o hoggde taa ei Molo te. Men daa han daa mælde, va ho mykji lenger, en ho va før. „Røisen skjøna se kji sjøl i Dag“, sa Presten o gliste lite. Dæmæ so vart Røisen vill, grytte Staange ifraa se burtunde Avvelen o sette se te tala ve Presten. Men daa han to Stytta atte, va ho so mykji for stytt so bæa dei Moludn, han hadde hogge taa. Daa saag han, at dæ va sannt dæ gamble Orde lell: „Han ska ha noko te Hødn, so vil stangast mæ Preste.“

Glup te skjøte va han mæ, den Røisen. Ei Gong han va ute paa Skjytteri austi Fjello, kjende han dæ paa se, at dæ va noka tiss heimele ve. Han heimattover Aasadn i Huvustup, men ve han gjekk, rende han ne Krute sitt, lite her o lite der ette alla Aaseggji. Daa han kom heim hadde Syste hass faatt Tak i Boke o hadde løyst ein heil Smale mæ Engla, so vøro paa skulde drage aav mæ henne. So sette han dei te gaa sta plukke ihop atte Krute. Det vøro kji lengji um dæ, ska e tru, o komo o sporde ette meir Arbei. Daa gjorde han dei aust aat Raufjorde te leggje Reip taa Sand; men dæ va kji lang Snerta daa, før dei komo att graatand o ba ette Tjøro o Bust. „E har ingjir Bysta aat dikka e!“ skreik Røisen o skafte se vill. Her tett eit Aare skulde Følk ha sett atte taa Reipsstubbo austpaa Raufjordsande.

Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.