Hopp til innhold

Prøver af Landsmaalet i Norge/39. Eit Innstig

Fra Wikikilden
38. Ordtøke Prøver af Landsmaalet i Norge
39. Eit Innstig
av Ivar Aasen
40. Um Dikting


EIT INNSTIG


Daa eg gekk igjenom Langedalen, fekk eg slik ein Hug til aa lydast inn til han Olav Bakken, at eg tykte, eg kunde inkje lata da vera, etter di eg eingong var komen paa dan Leidi. Eg var væl kend baade med honom og Kono hans; fyre me var so godt som Grendarborn, og eg hadde inkje funnet dei paa mange Aar. Da var godt Vedr og Sumars Dag, so da var endaa Raad til aa koma langt til Kvelds, og difyre gav eg meg goda Tider og gekk i Make og saag væl etter alle Ting paa Vegen; fyre eg var forviten te sjaa, kor dei hadde da lagat. Dar var ingen Stas og ingi Storvis te sjaa, men vent og vælstelt var da paa alla Sidor, so da synte, at dei hadde voret baade verksame og vituge, dei som styrde Jordi. Engi var rudd og jamnad, Veitor var upptekna, og Steingard var uppsett paa mange Stader; nye Aakrar var uppbrotne og gamle var atterlagde, og Atterlegorna stod med slikt eit Gras, at da var so tjukt som ein Borste. Sjølve Garden var bygd paa dan gamle Maaten; dar var ikje nokor stor Laan med ei tvau-try Slags Maaling paa, dar var berre ei liti Rotstova med Torvtak og Ljore paa; so var dar ei Stabbud med Sval paa Sido, so ei Løda med Fjos i øvste Enden, og sidan var dar Sengstova og Eldhus og Smidja og alt da, som høyrer til ein vælhalden Gard. Inn i Tunet gekk dar try smaae Born og leikade seg, eit med eit Lamb og eit med ein Katt, og da minste gekk og tvikade imillom dei andre og syntest hava mest Moro av Katten, som laag paa Ryggen og kavade med eit Plagg, som dei hadde breidt utyver han. Eg gekk upp til dei og spurde, um Fader deira var heime, og med sama vaknade Hunden, som laag i Utdyri, og han hadde nok inkje kvar Dag set langframande Folk, fyre han fauk upp med slik ei Gøying, at ein kunde inkje høyra Manna Maal, og inkje kunde han tagna,3 fyrren Kono kom ut og skulde sjaa etter kven som var komen. “Eg er rædd, at eg kenner rangt, men eg tykjer mest, at da er kent Folk,” segjer ho, og eg svarade, at eg tenkte, ho kende rett, og fortalde kvar eg kom ifraa, og kvart eg vilde. So bad ho meg inn i Stovo og viste eit av Borni av ut paa Marki etter Mannen, at han skulde koma heim. Inn i Stovo var alting væl i Stell, og da synte korkje Mannløysa elder Koneløysa paa Husbunaden; reint og vælflitt var da i kvar ei Kraa, og kvart eit Kerald var so fint gjort, som da var rent4 av Malm; fyre i dei Bygderna gera dei mest all sin Bunad sjølve og leiga inkje Handverksfolk; og difyre er da, som dei segja, at da syner paa Keraldi kva Karen er, og paa Klædi kva Keringi er. Men eg fekk ikje lang Tidi til aa tenkja paa Stovebunaden, fyre da var daa so mangt te spyrja etter og fortelja paa baada Sidor; og best som da var, so kom Mannen heim. “No hadde eg aldri trutt, at eg skulde faa sjaa deg paa desse Tufterna, og rett inderlege vælgjort var da, at du vilde lydast til oss,” sagde han. Eg svarade, at eg hadde største Hugnaden av di sjølv, at eg kunde sjaa atter gamle Kenningar og høyra, kor dei livde, og at eg var glad av di, at da stod so væl til med dei. “Aa ja,” segjer han, “da er som dei segja: da grævst ein Dag um Senn; da er inkje nokot te klaga paa, og inkje er da nokot te skrøyta av helder; ein balar og baskar, so myket at ein bergar Vombi, og so er da inkje stort meir helder. Men no lyt du vera her hjaa oss ei Stund fram etter, so me kunde faa svalla um alt da, som heve hendt og høvt seg i desse Aari. Eg heve no ogso Hug til aa høyra, kor du heve stadet deg i Byen, og kor du likar Livemaaten dar. Men da er sant, eg segjer Du like eins som fyrr, og eg veit ikje, kor da kann høva aat ein Bymann da.” — “Seg du, og berre du,” svarade eg, “d’er da som eg helst vil høyra, og daa veit eg kven da er, som Folk talar til. Eg veit, at da er sume Stader dei hava dan Sedi, at naar da kem ein Kar med Kjole paa, so torer ingen segja du til honom, men han sjølv torer segja du til alle dei, som inkje bruka Kjole. Men dan Visi skal me inkje bry oss stort um.” — “Da var rett,” sagde han, “eg høyrer, du er dan same no som fyrr. Men no kem du væl til aa vera i Byen heile Tidi, tenkjer eg; og da er væl berre som snaraste, at du er her paa dette Leite.” Eg fortalde honom, kor eg hadde da lagat, og at eg laut til Byen atter og hadde Von til aa verta dar verande. “Aa ja,” sagde han, “da er ikje anderleid med oss; da er som dei segja: da veit ingen kvar Borni skal bu, og dei faa ikje alle vera heime. Men me sitja berre og bry deg med Spurningar og bjoda deg ingen Ting; du heve genget ein lang Veg og kann vera baade tyrst og svolten.” Eg svarade, at da stod inkje paa med di, og bad dei inkje gera seg nokot Bry fyre dan Skuld. Men med da same stod han Olav upp og kviskrade nokre Ord til Keringi, og so gekk han ut og kom innatter med ein Ølbolle og bad meg smaka paa dan “uvande” Lands Drykken. “Du er ein hæv Mann, som heve Øl paa denne tid,” sagde eg. “Eg plar hava ein Kagge3 til Slaatten,” sagde han, “da er so godt aa hava ein liten Ølsup, naar ein strævar med Høyingi, og naar ein kjem heim av Slaatteteigen so trøytt og mod, at ein vil stupa; da tykjer eg, eg er langt betre en te sitja og renna da i seg i Gestebodi og i Helgarne, daa ein er korkje tyrst elder trøytt, og daa da inkje nøyder paa i nokon Maate.” Og medan me sat soleid og rødde, so kom ho Ragnhild inn med ei stor Korg og sette fram Mat og bad meg ganga aat Bordet, og talade um at ho hadde da inkje so voret, som ho vilde, og at da var so litet te bjoda, at da var ikje framberande aat dan, som var betre van; men so vilde ho, at eg skulde stadna dar hjaa dei fram etter Dagen, so dei kunde faa koka og stella til nokot,som kunde vera betre. Eg meinte, at dar var no so myket tillagat, at dar var sagte inkje nokot te orsaka seg fyre; og dan som inkje vilde vera nøgd med slikt, han maatte vera van til nokot, som var meir en rimelegt. “Ja, da er darpaa aa lita, at da er ein, som heve Skyn paa, kor Folk hava da,” segjer ho; “da er som dei segja: da er godt dan skynjuge skjenkja. Ellest maa dar no sagte vera ein betre Livemaate paa andre Stader en her hjaa oss; fyre da hender stundom, naar her kjem framande Folk i Bygdi, at dei laata so ille yver dan Visi, som me bruka, og tykja da er klent og ille voret, alt som me hava.” — “Eg meiner, eg heve fulla set Merke paa da,” sagde eg, “men da er berre Kræsna og Uvitingskap; dei er ikje alle so væl vane fyre alt di; men da kann væl henda, at dei hava komet inn i eit Fille-Kot einkvarstad og set, at dar var nokot ruskut og vanstelt, og so tru dei strakst, at da skal vera allstad like eins, og so ganga dei og grina aat alt, som ein byd dei; dei var inkje verde te faa da so godt eingong.” — Eg kann ikje undrast so myket paa da,” segjer han Olav, “fyre da hender enddaa med Folk or vaare eigna Bygder, naar dei hava voret burte nokre Aar og er komne nokot til Manns, at dei er reint umskapade, naar dei koma heimatter, og so storvorne, at da er ingen Ting til Lags aat dei. Og difyre tykjer eg no, at da er so hyggjelegt aa høyra paa ein, som heve andre Tankar, og som endaa skynar paa Heimeskikken og inkje forsmaar sine gamle Kenningar.” — “Ja”, svarade eg, “da var no sagte inkje meir, en som rett var. Eg kann inkje sjaa, at ein heve nokot te vera storlaaten av, um ein heve vant seg te ei onnor Vis. Vistnog er da no so, at ein lyt skapa seg um paa mange Maatar, naar ein kem ut i Verdi; men da er daa berre ei Møda og ein Trældom, som ein er nøydd til, og inkje vert ein no so snart utlærd i Kunsten helder. Da vert sjeldan nokon rettug Bymann av dan, som inkje er upp-alen til di og heve lært nokot i Yngdi; han kann brøyta paa seg og skapa seg um so myket som han vil, so kann da daa henda, at han vert halden fyre ein Byting og ein Tverstøyt i all si Tid, og er so litet vyrd ibland sine Grannar, at da er ein Harm aa høyra da. Og daa tykjer eg, han heve litet til aa gera seg til av, og han kann gerne vera glad og takka til, at hans gamle Landsmenner vil kennast ved honom.” — Soleid vart me sitjande lengje og svallade baade um da eine og da andre, og sidan laut eg vera med ut og sjaa paa Husi. Daa var me fyrst inn paa Budi og saag paa Fødevarorna, og dar var da væl fyresytt og tillagat nokot av kvart Slag, so som da kann vera paa dan Aarsens Tid; fyre i da Bilet plar da no jamnaste vera litet i Buderna, undtakande hjaa rike Folk, som kann hava Fyreraad elder Fyreferd til eit heilt Aar; ellest plar da vera berre so myket, at da kann vara væl til Hausten, so dan gamle Aaringen rekk ihop med dan nye. Sidan var me ute og saag paa dei andre Husi, og dei var allesaman godt i Stand og væl haldne baade med Tak og Tile og med all sin Innreidnad. No vilde dei endelege, at eg skulde vera hjaa dei til Morgons; fyre no skulde me fyrst ut og sjaa paa Aakrarne og paa Marki, og sidan skulde me aat Sumarfjoset og sjaa paa Fenaden naar han kom heim til Kvelds. Men eg tykte, eg kunde inkje giva meg til lenger; eg vilde so gerne koma paa Vegen atter, og dartil so tykte eg, da var leidt aa føra Umak paa Folket og hefta dei i Annsemdi si; dei vilde gera væl og reknade vist inkje paa da, men eg visste, at ein Mann paa ein sovoren Gard heve annat te gera en aa taka mot Vitjarfolk og heftast med dei midt i Vyrkjo. Og difyre gjorde eg Tidi so kort, som eg kunde og takkade fyre vælgjort og bad væl liva; og endaa fylgde Mannen meg eit Stykke paa Vegen, fyrren me skildest.