10 Og han sende og leet
halshogga Johannes i Fangehuset.
11 Og Hovudet hans vart
boret paa eit Fat og gjevet Gjenta,
og ho bar det til Moder si.
12 Og Læresveinarne hans
kom og tok Likamen og jordade
honom; og dei kom og fortalde
Jesus det.
13 Og daa Jesus høyrde det,
drog han feg undan i ein Baat
derifraa avsides til ein ubygd
Stad; og daa Folket høyrde det,
fylgde dei honom landveges ifraa
Byom.
14 Og daa Jesus steig ut,
saag han myket Folk, og han
ynkadest yver deim, og han lækte
dei Sjuke imillom deim.
15 Men daa det var Kveld,
kom Læresveinarne hans til honom
og sagde: „Staden er ubygd og
langt lid det paa Dagen; lat
Folket fara, so dei kunna ganga til
Landsbyarne og kaupa seg Mat."
16 Men Jesus sagde til deim :
„Det trengst ikkje, at dei ganga;
give de deim aa eta."
17 Men dei segja til honom :
„Her have me ikkje meir enn fem
Braud og tvo Fiskar."
18 Men han sagde: „Hente
meg deim hit!"
19 Og han baud Folket setja
seg ned paa Graset og tok dei
fem Braudi og dei tvo Fiskarne,
saag upp mot Himmelen og
velsignade deim og braut deim og
gav Læresveinom Braudi; men
Læresveinarne gav deim til Folket.
20 Og dei aat alle og vart
mette; og der vart atter av Smulom
tolv Korger fulle.
21 Men dei, som hadde etet,
var umkring fem tusund Mann,
umfram Kvinnor og Born.
2 Og straks nøydde Jesus
Læresveinarne sine til aa stiga i
Baaten og fara i Fyrevegen yver
paa andre Sida, til dess han fell
Folket avstad.
23 Og daa han hadde fenget
Folket avstad, gjekk han uppaa
Berget avsides til aa beda; men
daa det vart Kveld, var han der
aaleine.
24 Men Baaten var alt midt
paa Sjøen og msddest med Baar
om, avdi dei hadde Andvind.
25 Men i den fjorde
Nattevakti kom Jesus til deim gangande
paa Vatnet.
26 Og da Læresveinarne saag
honom gangande paa Vatnet, vart
dei skræmde og sagde, at det var
ei Skrymsla, og dei skreik av
Redsla.
27 Men Jesus talade strakst
til deim og sagde: „Vere
frihugade, det er eg, vcere ikkje
rædde!"
28 Men Petrus svarade honom
og sagde: „Herre, er det du, so
byd meg koma til deg paa Vatnet!"
29 Men han sagde: „Kom!"
Daa steig Petrus ned utor Baaten
og gjett paa Vatnet og vilde ganga
til Jesus.
30 Men daa han saag den
sterke Vinden, vart han rædd;