Side:Nye testamente (1889).djvu/29

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

fankade dei gode i Kjerald, men kastade dei rotne ut.
49 Soleides skal det vera ved Heimfens Ende: Englarne skulo koma og skilja dei Vonde ut ifraa dei Rettferdige,
50 og kasta deim i Eld-Omnen; der skal vera Graat og Tanngnistring."
51 Jesus fegjer til deim: „Skynade de alt dette?" Dei segja til honom: „Ja, Herre".
52 Men han sagde til deim: „Difyre, kvar den Striftlærd, som er upplærd til Himmelriket, er lik ei Menneskja, som er Husbonde og som ber fram av sin Skatt Nytt og Gamalt."
53 Og det hende seg, daa Jesus hadde fullendat desse Liknadar, daa gjekk han der ifraa,
54 Og han kom til sitt Fedreland og lærde deim i Stemnestovom deira, so at dei undrade seg og sagde: „Kvar heve han denne Visdomen og desse kraftige Verk ifraa?
55 Er ikkje dette han Son til Timbermannen? Heiter ikkje Moder hans Maria? og hans Brøder Jakob og Joses og Simon og Judas?
56 Og er ikkje alle Systrerna hans hjaa oss? Kvar heve han daa alt dette ifraa?
57 Og dei avstyggdest ved honom. Men Jesus fagde til deim: „Ikkje er ein Profet mismeten utan i sitt Fedreland og i sitt Hus."
58 Og ikkje gjorde han der mange kraftige Verk fyre deira Vantru Skuld.

14de Kapitlet.


1 Ved den Tidi høyrde Herodes Fjordungsfyrsten Gitordet um Jesus.
2 Og han sagde til sine Tenarar: „Denne er Johannes Døypar; han er uppstaden ifraa dei Daude, og difyre verta slike Krafter i honom."
3 For Herodes hadde gripet Johannes og bundet honom og sett honom i Fangehufet fyre Herodias’ Skuld, som var Kona til Filippus, Broder hans.
4 For Johannes sagde til honom: „Du heve ikkje Lov til aa hava henne."
5 Og han vilde flaa honom i Hel, men var rædd Folket, avdi dei heldt honom fyre ein Profet.
6 Men daa det var Fødedagen til Herodes, dansade Herodias’ Dotter fyre deim og var vel likad av Herodes.
7 Difyre lovade han med Eid aa giva henne, kvat ho vilde beda um.
8 Men daa ho vart tilraad nv Moder si, sagde ho : „Giv meg hit Hovudet av Johannes Døypar paa eit Fat!"
9 Og Kongen vart uglad; men fyre Eidarne og Gjæstarne baud han, at det skulde verta gjevet henne.