Side:Nye testamente (1889).djvu/31

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


og daa han tok til aa søkkja, streik han og fagde: „Herre, frels meg!"
31 Men strakst rette Jesus fram Handi og tok fat i honom og sagde til honom: „Du Faatruande! Kvi tvilte du?" —
32 Og daa dei steig upp i Baaten, stillnade Vinden.
33 Men dei, som var i Baaten, fall paa Kne fyre honom og fagde: „Sannelege, du er Guds Son!"
34 Og daa dei hadde faret yver, kom dei til Genesaret-Landet.
35 Og daa Mennerne der paa Staden kjende honom, sende dei Bod i heile Umkverven der og førde til honom alle, som hadde Vondt.
36 Og dei bad honom, at dei berre maatte faa røra ved Saumen paa Klædnaden hans ; og alle, som rørde, vart lækte.

15de Kapitlet.


1 Daa kom dei Skriftlcerde ifraa lerufalem og Farisæarar til Jesus og sagde:
2 „Kvi vika Læresveinarne dine av ifraa Fyresetningom fraa dei Gamle? for dei vaska ikkje Henderna sine, naar dei eta Braud?"
3 Men han svarade og sagde til deim : „Kvifyre vika ogso de av ifraa Guds Bod med dykkar Fyresetningar?
4 For Gud heve bodet og sagt: Heidra Fader din og Moder di! Og: kven, som bannar Fader elder Moder, han skal i Vissa døy.
5 Men de segja: Naar nokon segjer til Fader elder Moder: det. som du skulde havt til Hjelp av meg, er ei Tempelgaava, han maa ikkje heidra Fader sin elder Moder si.
6 Og de hava gjort Guds Bod til inkjes med dykkar Fyresetning.
7 Skrymtarar! Rett spaadde Esaias um dytter, daa han sagde:
8 Dette Folket held seg nær til meg med sin Munn og heidrar meg med Lepom; men Hjartat deira er langt ifraa meg.
9 Men faafengt dyrka dei meg, naar dei læra slike Lærdomar, som ero Menneskje-Bod."
10 Og han kallade Folket til seg og sagde til deim: „Høyre og ktyne:
11 Ikkje det, som kjemm inn i Munnen, vanhelgar Menneskja; men det, som kjem ut or Munnen, det vanhelgar Menneskja."
12 Daa kom Læresveinarne hans og sagde til honom: „Veit du, at Farisæarne avstygdest, daa dei høyrde den Talen?"
13 Men han svarede og sagde til deim: „Kvar Vokster, som ikkje min himmelske Fader heve plantat, stal verta riven upp med Rot.
14 Lat deim fara! Blinde ero Vegvisarar fyre Blinde; men naar ein Blind skal leida ein Blind, falla dei baade tvo i Grefti."
15 Men Petrus svarade og