Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/19

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
- 16 -


Dei tvo Messiasvonine, den verdslege hjaa Folke og den aandeleg-verdslege hjaa dei skriftlærde, hev mengt seg mangeleis. Det hev komi upp fleire Messiasbilæte; den komande Israelsfrelsaren skulde vera Konge; han skulde vera Profet og Konge; eller hanskulde fysst vera Profet og fyribu Rike, og sidan taka Kongsmagti; hjaa sùme Rabbinar skal han ha vorti heiltupp tvo: fysst Profeten, og sidan Kongen[1]. I ei slik Tid hev det ikkje vori lett aa taka upp Messias-Tanken. Hjaa dei tri fysste ser me daa og, at Jesus ikkje vil hava Spursmaale reist millom Folke. For hans Gjerning no hadde det lita aa segja; men det kunde vekkje ein Strid som ikkje vilde vera til Gagn.

*

Striden kom endaa.

Messias-Tanken var so sterkt uppe i det famandstyrde og framandpinte Folke, at so snart det steig fram ein Lærar, so vakna strakst Spursmaale um det kunde vera „han“. Døyparen laut verja seg mot dette Spursmaale. Og jamvel Jesus, som lét alle Profet-Skikkar fara (Mt. 11: 19 o. Tilvisn.), og dertil serskilt for-

  1. Kann det vera denna Tanken som ligg under den noko uklaare Sogo med Døyparen, som skulde „brøyte Herren Veg“? (Sjaa Rydberg: „Bib. lära“, S. 71 flg.).