Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 17 —

baud Sveinane aa kalle ’n Messias (Mt. 16: 20) var all Stad ute for det same: um ikkje denne kunde vera Israelsfrelsaren?

At han fór smaatt fram hjelpte ikkje. Folk undrast nok paa det. Ein Messias utan kongsbraak, utan Hèr eller Hird eller Stat av noko Slag, berre med eit lite Fylgje av Fiskarar og annan smaafolk som var Læresveinar hjaa ’n, kunde det vera noko aa setja upp mot keisaren i Rom? Ein Stad er det endaa fortalt, at Folke hev vori i Tankar um aa rette paa denne Framferdi hans (Joh. 6: 15); Folke lika Jesus, og kunde gjerne ha vilja hava ein Konge som priste dei fatige sæle og forkynte Brorskap millom Folk. Men i Røyndi hev Jesu Framferd lita kunna gjera fraa eller til; aalmenn Mann hev tenkt, at nettupp gjenom det som saag smaatt og ringt ut kunde Israels Gud helst vilja vise sitt Velde.

Læresveinane hev vori fulltrygge; Jesus var „ein Profet veldug i Gjerning og Ord for Gud og alt Folke“; han var „den som skulde utløyse Israel“ (Lk. 24: 19, 21). Andreas og Filippus segjermed ein Gong: me hev funni Messias (Joh. 1:42, 46). I alle Sogune (Mt. 16: 16 o. Tilv.; Joh. 6. 69) vitnar Peter for Meistaren sjølv um si Messiastru[1].

  1. Dei tri fysste læt her Jesus spyrja Sveinane um kven Folk segjer han er; meir likt honom vilde det vera