Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kongen, Utsendingen fraa Høgdi til aa leggje Israel, og gjenom Israel Heimen, under Gud. Men med alt dette var Messias Menneskje. Heilt ut Menneskje; ein av oss; Bror vaar. Det var berre med serskild Hjelp fraa Gud at han skulde vinne Magti si.

Men Guds Son framifraa var han og laut han vera, um han skulde faa serskild Gudshjelp; det fullkomne Menneskje, Guds Mynstertanke til Menneskje, vart han meir og meir. Etter Trui hjaa nyare Skriftlærde hadde han ikkje Synd; og Tanken um Fyri-Tilvære hans hev komi upp. Han vart meir og meir til noko nytt; aleksandrinsk Rabbinardom synest jamvel hava laant Drag til Messiasbilæte sitt fraa græsk Visdomslære („Logos“). Messias, som er „Bilæte av Gud den usynlege“ og „den fysstefødde av all Skapning“[1], vert etterkvart den som alt det andre er skapt ved (smf. Joh. 1:3). Skaparverke, som Syndi hev skipla, skal daa og ved honom verte ny-reist; i Tidfullnaden kjem han til Jordi og rettar upp att alt. Tanken um at Fullkominskapen hans kunde koma andre beintfram til Nyttes hev vori uppe; um ein Messias som lid spaar alt Esaias. Men ikkje fyrr gjenom Paulus kom den Tanken til Magt.

  1. „Den fysstefødde fyri all Skapning“, segjer Kyrkjebibelen.