Ordtydingar

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Det norske Samlags Forlag (s. 142-148).

Alk, adj. heil; Vera alk i Ve’re: vera overslege glad og høgmodad.

Angre-ødd, f. Odd, heve voret avbroten.

Baadn-ly, m. (Barnelyd), Barneflokk.

Beitakøst, m. Dunge av Bjørkekvistar til Beit aat Fenaden.

Blanke-Mari, eit Namn paa Soldaterbyrsa (Geværet).

Brasateina, f. staakande og storlæjande Kvinnfolk.

Breka (a), v. frega jamt, elder tigga (masa) etter ein Ting.

Briskegard, m. Gjerde af Eine-Ris (Brisk).

Busalt, n. Saltblanding, som Kyrna faa til aa friska Raaken med. Busaltstut, m. Horn til aa bera Busalt i.

Danse Kruke: dansa nedbøygd med krøkte Kne.

Duntri, n. Ty elder Pakkar, som ein fører med seg.

Døra (a) v. dundra, hurra (= dura).

Eie se, laata ille, kveina, giva seg. Heiter og: jeie se, el. jøye se.

Eintre, n. og Eintrjøning, m. Ein som er stiv elder ulidug.

Einvørsleheit, f. „sita i si Einvørskeheit“: sitja i sine eigne Tankar og ikkje sjaa kringum seg.

Eiskrele, adj. illsleg, uhyggjeleg, ufjelg.

Eldsmele, n. eit Fang Ved til Brensla (= Eldsmaal).

Ende (v), el. ente (ette ein Ting): ansa, leggja Merke til.

Far, n. Ferd, Gang.

Fere-bera (= bera fyre): skulda paa,’ orsaka seg med.

Festing, m. Festarmann, Brudgums-Emne.

Finntopp, m. eit Grasslag. Finntopp-hek, m. Jordstykke med slikt Gras.

Foerstae (fyre Foderstade), m. Høystopel, Høystakk. Nokot slikt er ogsaa ein Foerkuv.

Friklast, v. = flikra, kjælast.

Fyse, v. (e, te), lysta, hava Hug paa.

Førutta Sak og Brø: uskyldug, og endaa matlaus.

Gjednast ner: som oftast, mest alltid.

Gjeipe.(a), v. hengja Leparne, setja Munnen skakk.

Gjidde (a), v. riga, dirra, standa ustødt og skjelvande.

Gjølele(g), adj. oversleg, ofsa gild.

Gøven, gjeven (given). „Ha gøve“: hava gjevet.

Hardbalen, adj. hardfengd, som toler myket.

Havsvelg, m. Malstraum, Hol som dreg allting aat seg.

Hedne (Hædne), f. Lugg, Haar og Hovud.

Heljastrupe, m. ein Rivar, ei Ageløysa.

Heppe (a), v. henda, slumpa til. „Dæ heppa ette“: det vardt sannt, det gjekk so som spaatt var.

Higre (a), v. kulsa, hivra av Frost.

Hyv, m. „Taka-Hyven“: leggja til Sprangs, fly, røma.

Hælvtydne, f. ei liti Øks til Stridsvaapen.

Høkle (a), v. ganga lett, labba, trippa.

Høkleskoo, og høkkelsko’, adv., med berre Sko paa Fotom, utan Sokkar. (Fullstavat: høkulskoom).

Kalva (kælva), adj. um Kyr: tidd, som gjeng med Kalv.

Kjeivevæle, m. Ein som er keiveleg og uhag i sitt Verk.

Kjeppdragin, adj. striputt, gaarutt.

Kjyllag, n. ei halv Tylft; serlege 6 Sauder elder Gjeiter, som Jamverde mot ei Ku. (Altso: Kyrlag).

Koma paa bøge Bein: koma til aa setja seg ned elder leggja seg, sleppe til aa bøygja seg.

Kraas, f. Brjostet i ein Fugl.

Kurre (a), v. halda roleg (kurr). „Kurre Mate“: kvila ei liti Stund etter Maaltidi.

Kveldvart, adj. um eit Stelle, der ein skulde fara varlege um Kvelden og ikkje ruska elder staaka myket.

Kverve (kverv, kvarv, ha’ kvørve), koma av Syne, sviva burt.

Laag, f. eit nedfallet Tre. Helst um ein Furestomn, som heve leget lenge og rotnat utanpaa.

Laatt, m. Spelstykke. Paa andre Stader kallat Slaatt.

Lausdans, heiter det, naar Folk dansa einslege elder kvar fyre seg, so som „Halling“.

Linne, f. mildt Veder um Vetteren, Læveder.

Luddegrøn, f. Gran med mange og lange Greiner.

Løg, m. varmat Drillevatn aat Fenaden. (Høylog).

Løgin, adj. paa-logen, som Folk ljuga paa.

Løste, f. sumarhogget Tre til Brensla. (Lostebjørk og fl.).

Maa (r, dde), n. i Ordlaget „maa i von“: kunna umbera (onvera), kunna avlata elder vera forutan.

Medna, pl. = Morgonar (Morgnar).

Murk, adj. myrk. „Ette murt“: etter avdagat.

Mute, f. Løyndom. „I Muto“: løynlegt, i Dulsmaal.

Møre, f. blaut Botn. Mørereine, f. Bakke langsmed Landet i eit Vatn elder ei Tjørn.

Mørk, f. tjukk Skog; helst um Granskog. Andre Stader Mork.

Møsjamot, n. Mosefella imillom Stokkom i ein Vegg.

Neistre, m. Gneiste. Neistre (a), v. spruta Gneistar.

Neva (a), v. handfara, hava i Neven.

Nosse (a), v. drygja, tufsa med ymist Smaastell.

Røssle(g), og nøggjele’, adv. fælt, forfælande.

Nøv, adj. knapp, knipen.

Onaoog (unaadug), adj. utolmodug, som ikke vil bida.

Overkuve (a), v. vinna paa, tvinga.

Pall, m. ein liten Haug.

Peisla’, n. Skorsteinsmur (Peis-lad). „Sita støa Peisla’e“: sitja nær ved Omnen (Aaren).

Remja (a), v. illskrika, langskrika.

Renne (renn, rann, ha rønne), spretta, spira upp.

Ringje, f. eit Mjølkekjerald.

Rispateine, f. ei stor Korg til aa rispa Lauv i.

Non, f. (Fl. Røn’a), Kraa, Hyrna, Krok.

Røsja (røs, røste), v. drysja, rynja (liksom Korn).

Saga (a), v. ganga seint og tungt. Andre Stader „sagga“.

Sigin, adj. trøytt og nedbøygd av Stræv.

Sil, m. so myki Mjølk, som fyller eit „Silingskjerald“.

Skabikkje, f. Hund, som gjever Skade; ogso eit Illmenne.

Skabyrse, f. Byrsa som Folk hava gjort Manndraap elder Skade med.

Skara (a), v. leggja den eine Kanten innpaa den andre, som naar ein legg Næver paa eit Tak.

Skjinnkøst, m. Hudlag. „God Skinnkost“, ɔ: fint Skinn.

Skobeitt, adj. graadug, ofsa hækjen etter nokot.

Skøming, f. Myrkning, Kvelding.

Skøtøyk, m. gamall, utsliten Øyk (Hest).

Skøv, m. Rykk, Framskot; eit litet Vegstykke.

Slabenk, (Slagbenk), Benk som ein kann bruka til Seng.

Slettekkje, og Sleppekkje, f. gamall Gjenta, Møykjerring.

Snaal, m. Smaafenad. Elles kallad Smale.

Snerte (snert, snart, ha’ snørte), v. kome aat, røra lauslege ved. Snerte se te: renne til nokot snøgt og lett.

Snæling, m. Snor elder sterk Traad.

Sogling, f. den Tid, daa Soli gjeng ned. Elles kallat Solglad (Solarglad, Solagla).

Sokkeføsle, f. Sokkar som naa upp til Okla. (Leister, Loddar).

Spaatt, „faa spaatt se“: faa lesa uppetter, ɔ: faa ei Dengsla.

Spelekaat, m. ein Trissel som ein kann faa til aa sviva rundt elder dansa. Elles kallad Snørekall, Sorphøna o. s. v.

Speto, f. Bundingsstikka (= Sneis).

Spjoko, f. Flis, liti Remsa, so som av Næver.

Sprettin, adj. spræk, frisk.

Sprik, m. ein grannveksen, veikleg Kar.

Sprone (e, te), v. stira, gjere store Augo. Heiter og „sprove“.

Stannhøpp (Standhopp), n. eit Høpp utan Tilsprang.

Staurbør (-byrd), f. so mange Staurar som ein kann bera.

Staursdug; f. Jarnstaur. I Skjemt um ei stor Naal til aa bøta Klæde med.

Stille se: ganga stillt, so at ingen høyrer det.

Strau (Strod), f. ei lang Rekkja, Rad, Horg.

Strislint (stridslegt), hardt, traatt, tungt.

Stubbedøs, f. ein stutt Stakk. Sagt um Kvernarteina.

Stupul, m. Klokkehus ved ei Kyrkja. (Støpull).

Stute (a), v. blussa i Horn. (Prillahødn).

Støl (styrd), adj. stiv, ulidug.

Sulkast, v. skitnast, verda skjemt elder flekutt.

Sup (Røyksup), m. eit Rom i Skorsteinen til aa brenna Spik i.

Syle, v. renna, laupa. Sylekrøter, eit magert Krøter (Beist) som renn i Kring og snakar i Garden.

Søskvelg, m. ein Skvett av Supa elder Sod (Sød).

Takke, f. Baksterhella, Braudpanna.

Traukint, trælsamt, tungt, ugreidt.

Trevale’, adj. annsamt, mødesamt.

Trinsekufte, ei Trollkufta, som var slik, at naar ein tok henne paa seg, kunde ein fara yver Berg og Dal som ein Fugl. Ho vardt tilknept med Snorer og Lykkjor utan Knappar.

Truge (a), v. nøyda, tvinga; ogso vinna paa, verda Yvermann.

Trøn, f. ei Kvi, ein Legestad aat Kuflokken.

Tukke (a), v. „Dæ tukka te“, ɔ: det lid aat, det stundar til.

Tyras, v. Ty, Stell; ogso: Skrap, Fillekram.

Tøma (o), v. (tuma), fingra, kjenna paa med Fingrom.

Tørstogo (og Trøstogo), f. Kylna, Hus til aa turka Korn i.

Tørt, f. Tuft, Grunn under eit Hus.

Tøy, adj. i Ordlaget: „Han er ikkje tøy“, ɔ: han er ikkje kleen, ikkje nokon Stakkar. Andre Stader: ty (tyd), ɔ: mild, naadug.

Ul (uul), adj. ufersk, som tek til aa ulna (rotna).

Ule (e, te), v. hyla (yla), gaula.

Usnele’, adv. fælt, øgjelege, stygglege.

Utende, adv. ovlege. „Utende gamall“, = utgamall, ovgamall.

Vagg, m. Rugg; um ein liten, stuttvaksen Mann.

Valknut, m. Svipeknut; ogso um ein Seleknapp.

Varastyre, nokot til aa hava i Bakhand, til „Reserve“.

Vasle, m. Kjæsen (elder Løypen) av ein Kalvemage.

Veggjevilling, m. ein liten Tre-piil med ei Fjøder i Enden. (Ei Barneleika).

Vera ve se (ved seg); vera velhalden elder nokot rik.

Vetog, adj., klok (vitug). Ofta i Spott elder Spe; til Ex. „Dæ bar vetogt i Vegen“: jau, det gjekk greidt!

Vikle (a), v. rengja, vrida. „Vikle se“: faa ei Rengsla i ein Lid.

Vindil, m. ein Krull elder Lokk, sosom av Ull.

Viskaadd, adj. vidlendt, som strekkjer seg vidt i Kring.

Vølja (vøl, vølde), v. agta, skøyta um. Andre Stader: vyrja, vøra (vyrda).

Vøndleteine, f. ei stor Korg til aa bera Høyvondlar i.

Ølmøsu-Menniskje, Fatigmenneskja, som liver av Gaavor.

Øndre, f. Ein som gjeng og tullar, (andrar) og ikkje veit rette Vegen.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.