Norsk mållære/Førreorð

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan L. Sundt (s. 3-4).

Den mållæra, eg her leg fram for lesarom, var ophavleg tenkt til å skulle verte mykje minre, æn ho er vorte. Eg var nemleg først tenkt til å koma berre með so mange regla og forme, som eg trudde, de var nauðtorvelegt å inprente bornom i sjølve ålmugeskulen. Men di meire eg av denne orsak kneip på desse ting, di meire klårt vart de for meg, at folk flest vilde koma til å sakne ei næmare utgreiðing av mange ting. Av denne grun vart eg råd til å gjera bokja noko større æn frå først av tenkt. Som no ho kjem, er ho difor ikkje næmast etla born (alraminst som leksebok), men andre, som kunde ønskje ei slik bok til si retleiðing, når dei vilde skrive neð tankane sine. Serleg er ho då etla lærarom, for åt dei kan ha ei bok å halde seg til, som både er let overkomeleg og samstundes so vidt fulstendug, at dei i henne kan finne hjelp til å greiðe ut dei fleste av dei målspørsmålom, som barnelæraren ber kunne gjive oplysande svar på.

Men om æn bokja soleiðs næmast er etla vaksne, er eg då ikkje i tvil om, at ho au með gagn kan gjivas born, når desse enten har nokon mållærekunskap før, eller har ein lærar veð handen, som kan hjelpe deim å velje ut de, som høvelegt er.

Den første tanken min har eg då ikkje reint gjive op, for eg trur framleiðs, at de vilde vera godt å ha ei mållære, som næmast var etla bornom i ålmugeskulen, når ho berre først hadde ei større å støðe seg åt. Difor har eg au tenkt með de første å kunne få gjive ut ei slik ei.

De segje seg sjølv, at I. Åsens norske mållære og orðbok har vore hovuðkjeldone for meg under arbeiðe með ei slik bok; og når eg i some tilfelle går noko breiddameð den vegen, Åsen har staka op, er de i de håpe, at manfjølden vil finne seg betre tent með de. Av mange grunna var de meg om å gjera å følgje Åsen, og når eg lei såg meg nøyd til å bryte her og der, og veð dette vonlegvis kjem til å støyte mange, so kan desse vera visse på, at eit slikt brot ikkje er gjort, utan at eg trudde å ha mine goðe grunna; som alraoftast vil desse grunnane jamvel vera gravne fram or Åsens eigne bøker. Di meire gjenom gripande brotta er, di støðare kan ein vera på, at grunnane til deim er vel drøfta. Som slike brot må nemnas : fleirtalbrigdingja hjå tingorðom, brigdingja av verkeorðe i ting- og forteljemåten i notið, likeso skapnaðorðbrigdingja. Mest støytte veð desse brottom vil vel dei verte, som er opalne i dei målførom, Åsen næmast har lagt til grun for mållæron sin; men de er børden åt desse å hugse på, at dei ikkje utgjer de norske folkje åleine, og at dei difor må vera viljuge til å gjive kjøp her og der, dei likesovel, som alle vi andre må gjera, når manfjølden kreve de. Dei må au minne seg på, at krave til sit eigje með like so stor tyngd lig neðe på hjartebotnen hjå alle dei hine, so at støyten er like stor, og sviðen like sår hjå den eine som hjå den andre, når de ovante og framande møte. De er dette siðste, som so oftom vert gløymt av dei mållesarom, som Åsen har løfta på armom som beste gulborna, de dei i mangt og mykje au er, set frå reint vetenskaplegt hald. Men de vetenskaplege kan vera godt nok for dei ulærde; i de daglegdagse live spørs de først og fremst om, kor brukført måle er for folk flest. Með dette er de då ikkje sagt eller meint anna, ætt at kvar landsdeil må ha noko lite frit leikerom for skrivemåtom sine og serleg for sin uttale, når dei les.

Alle dei framande namna, som mållærone er so fulle av har volda meg mykje bry. De var meg om å gjera å finne namn, som gjenom namne gav tankeinhalde. I alle tilfellom var dette meg ikkje fult ut moglegt, når orðe ikkje skulde viðske seg ut til altfor mange stavelso eller jamvel til heile setninga; men eg vone då, at i dei fleste tilfellom er namna nokonlunde råkande og i alle fal betre æn dei framande.

Bokja har kosta meg meire arbeiðe, æn dei fleste vil falle på å tenkje seg; men arbeiðe har vore meg kjært, diat eg trudde, de vilde verte til gagn for dei kjære samlendingom mine; og með de ønskje og með de håpe sende eg bokja ut ibland deim.

Nidaros, i januar 1880.

I. H.