Norsk mållære/1

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan L. Sundt (s. 5-8).

§ 1. Lyðane i de norske måle er 24. Teikna for desse kalle vi bokstava, og namna på deim er : a, b, d, e, f, g, h, i, j, k, l, m, n, o, p, r, s, t, u, v, y, æ, ø, å. 9 av desse kalle vi sjølvlyða, nemleg: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Dei andre vert kalla meðlyða. Vi har desutan 3 tvilyða, nemleg: au, ei, øy.

§ 2. Sjølvlyðane er 2 slag: harðe og lenne, tvilyðane likeso. Harðe er: a, (au), o, u, å. Lenne er: e, (ei), i, y, æ, ø, (øy).

§ 3. Mange norske orð, som før ålmennelegast har vorte skreve með i uti roten (§ 7.), fel de lettare å skrive með e. På den måten vert desse orð lettare å lesa au. Desse orð er:

a. Einstavinga, som har berre ein meðlyð etter sjølvlyðen, og som har ein uttale, som er lang og på det næraste lik e, til dømes: strek, (strik), steg, (stig ɔ: skridt), bel, (bil) o. s. v.
b. Fleirstavinga, som har berre ein meðlyð millom rotsjølvlyðen og den følgjande sjølvlyðen (j ikkje meðrekna), og som har ein uttale, som er lang og nærast lik e; t. d. veka, stegje (ɔ: skridte), skjepa (ordne), o. s. v.

Merknað. Dei same reglane, som her er gjivne for ein større bruk av e, kunde au gjivas for æ, der e oftast før har vore bruka; men då misvisningja her er minre, tykkjes dette ombrøyte ikkje å vera so nauðtorvelegt. Orð, som her kunde nemnas, er: sæle (sele), væva (veva), o. s. v.

§ 4. Mange av dei orðom, som i norske bøker før har vore skreve með sjølvlyðen u, men som har ein uttale, som lig o eller ø mykje nærare, fel de lettare å skrive með ein av desse bokstavom. Ein brukfør peikepinne intil viðare er den danske skrivemåten, t. d. tørke (turke), somar (sumar), tør (tur), om (um), op (up) bort (burt). Hit høyre au de nektande o (u), som omtrent over de heile land høyres som o; t. d. otruleg, osagt, obrukeleg o. s. b.

Net de same gjeld om mange orð, som i norsk har vore skreve með y, men som har uttale som o eller ø. Veð å nytte dansken som peikestikke vil ein ogso her som oftast råke den manjamnaste uttalen. Slike orð er: mørk (myrk), dølje (dylje), dør (dyr), for (fyre), før (fyr), over (yver) o. s. b.

§5. Með syn på uttalen av meðlyðom må ein serleg gjive ans på d, g og k.

1. D vert som alraoftast ikkje uttalt, når han står åleine millom tvo sjølvlyða, t. d. skaðe, tiða, staðen, goðe; likeso når han står i enden av orð og har ein sjølvlyð strakst førre seg, som er lang, og som difor ikkje kreve noko tvifelle av den, når orðe får ei stavelse til; t. d. smeð, smeðen, (ikkje smedden), tið, tiða, (ikkje tidda). Derimot: fød, diat sjølvlyðen er støt og orðe difor i fl. og utpeika form heite fødde, gad (ɔ: ein gamp), som i utpeika form heite gadden, fl. gadda o. s. b.

Etter r vert d heller ikkje uttalt: orð, garð, borð o. s. b.

I samensette orð gjeld regelen, som om orða stoð kvar for seg, t. d. meðhjelpar (utt. me-hjelpar), goðdåm (utt. go-dåm).

Merkn. Slike lyðlause da fek i oldnorsk ein styng gjenom seg, og for å lette lesingja no i førstonne, gjiv some honom denne styngjen i nynorsk au. Etter l og n er d au oftast lyðlaus, men her får han ikkje styngjen, diat ein her ikkje er so freista til å uttala han; t. d. eld, sendt, (utt. ell, sent).

2. G og k har ein tvifelt uttale, ein harð og ein len. Den harðe er rein g og k slik som i gamp, kamp, tak, lag. Den lenne uttale bør altið neðteiknas mes bokstavom gj og kj, t. d. kjole, gjeit, markja, rikje, tekjen, kjyst, tygjel o. s. b.

Merkn. 1. Mange bruke ikkje å neðteikne den lenne uttalen av g og k með bokstavom gj og kj, når i eller y, ei eller øy kjem etter honom, oftom hellerikkje førre e, når han står i ei endestavelse; t. d. sky, give, geispe, gøyme, køyre, rike (les: skjy, gjive, gjeispe, gjøyme, kjøyre, rikje). I desse tilfellom må då lesarane inprente seg, at g og k likevel skal uttalas som gj og kj.

Merkn. 2. I some orð skal g og k með rette ha harð uttale førre e, når denne er i endestavelson, og må difor ikkje skrivas með j etter seg; t. d. ei kake, ei tunge, stenger, slike, bøker o. s. b.

Uttalen er her harð av den grun, at g og k i slike orð ikkje ophavleg hadde ein len sjølvlyð etter seg. Den gamle forma for desse orðom var nemleg: ei kaka, ei tunga, bøkr, slika, stengr o. s. b.

Merkn. 3. Some har ein ostøð uttale, t. d. bakke eller bakkje. I slike tilfelle får ein rette seg etter de målføre, ein er opalen i.

Merkn. 4. Veð stavelsedeiling må gj og kj ikkje verte skjelte: se-gje, ten-kje, byg-gje, sø-kje. Likeso må ein akte seg for å late gj høyras som g og j kvar for seg. Enten høyres dei som berre j, eller gen flyt samen með den førrestandande sjølvlyðen til ein tvilyd; t. d. gjeispe (utt. jeispe), segje (utt. seie), tygjel (utt. tyjel). Kj må heller ikkje uttalas som k og j kvar for seg. Dei flyt oftast samen til ein lyd, som oftom er næmare tj; t. d . tenkje (utt. mesta, som ten-tje). Her som so oftom elles må då reglane gjive noko tøyg for sermerkjom i dei skjelte målførom.

§ 6. Å skrive same meðlyðen tvifelt i same stavelson er tungvint og slet ikkje nauðtorvelegt utan i reint einstake tilfelle, som ein ikkje treng nokon ålmen regel for, t. d. ful, full. Kjem de derimot eit endebrigde (§ 7) til, so de vert fleire stavelso, so vert siðste meðlyðen set tvifelt, soframt at de, meðan orðe var einstaving, stoð berre ein meðlyð etter sjølvlyðen, og denne sjølvlyðen hadde støt uttale; t. d. ein hat, hatten, hatta; men derimot: gris, grisen, diat sjølvlyðen der er lang.

Merkn. Reglane er soleiðs dei same som i dansk, og ingjen danske har noko bry með å lesa og skrive etter desse. Likeins vil de gå með norsken og dei norsktalande; andre må de her sjåas bort ifrå. Likeso får ein sjå bort ifrå den nytton, meðlyðtvifelle kunde gjera i ei orðbok, eller når orðe elles står lausreve frå sit samenheng.

§ 7. Dei bokstavane i eit orð, som altið høyre orðe til, kalle vi rota; dei derimot, som både kan vera og ikkje vera, heite endebrigde eller berre brigde, t. d. hopp-e, hopp-ande; hest-a, hest-ens; goð-e, al-t o. s. b.

§ 8. Veð lent lyðbrigde meine vi ombrøyte ifrå ein harð sjølvlyð til den tilsvarande lenne:

a til e take, tek,
å æ slå, slæ,
o ø stor, større,
u y mus, myser,
au øy dauðe, døye.

Merkn. I dei målførom, der lyðsamensetningja: jo og ju fins, vert desse til y, t. d. rjuke, ryk; brjote, bryt.

§ 9. Harðt lyðbrigde kalle vi de, når a vert til o, t. d. barn, born (§ 55).

§ 10. Når sjølvlyðen likesom spring frå den eine til den andre utan å følgje reglom i §§ 8 og 9, heite de lyðsprang, t. d. finne, fan, funne.