Norsk mållære/7

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan L. Sundt (s. 24-26).
Likningformene.

§ 58. Den forma, som skapnaðorðe har, når vi bruke de utan å gjera noka samenlikning, vert kalla likningløyse, (glað, svart). Gjer vi derimot ei samenlikning, bruke vi enten meirmon, (glaðare svartare) eller mestemon (glaðast, svartast), t. d. Brokja var grøn, trøya grønare; men mannen var grønast.

§ 59. Meirmon vert dana veð å leggje: are til likningløyse, mestemon veð tilleg av: ast (aste).

§ 60. Istaðen for meirmon og mestemon kan, omstandsorðe: meir og mest setjas førre likningløyse, t. d. meire grøn, mest grøn ɔ: grønare, grønast.

§ 61. Nokre fåe orð får tilleggje: re, st (ste). Desse er: fa, høg, lang, små, stor, tung, ung. Alle desse har lent lyðbrigde undtakand høg, t. d. lang, lengre, lengst.

Merkn. Nokre andre får jamnast: are, ast, men kan få: re, st. Orð, som ende på en eller er kaste denne een bort i meirmon og mestemon, t. d. open, opnare, opnast; mager, magrare, magrast.

§ 62. Mønsterlause er: goð, betre, best; liten, minre, minst; vond, verre, verst; (mykjen) meire, mest; gamal, eldre, eldst; mange, fleire, flest.

§ 63. Skapnaðorða vert etter sit brigde deilte i 5 slag:

Peikløyse Utpeika
Eintal Fleirtal Båðe tala.
Hankj. Hokj. Kjønl. Alle kjøn Alle kjøn
1 stor stor stort store store
2 doven dove dove dovne dovne
flogjen flogje flogje flogne flogne
3 svart svart svart svarte svarte
dømt dømt dømt dømte dømte
vigd vigd vigd vigde vigde
spåd spåd spåd spådde spådde
4 lirka lirka lirka lirka lirka
hoppande hoppande hoppande hoppande hoppande
grønare grønare grønare grønare grønare
5 grønast grønast grønast grønast grønaste (Omsegnorð)
grønaste grønaste grønaste grønaste grønaste (Tingf.)

Merkn. Utpeika form hjå skapnaðorðe vert bruka i samlag með kjønsorðe: den (de dei) og varorðom: denne og hin. Somtið elles vert ho au bruka, serleg når ein slik skapnað, som altið høyre tingen til, skal merkjas ut, t. d. harðe steinen, svarte molda, sterke oksen; likeso i tiltale: Goðe man, kjære ven! men: godt folk!

§ 64.

  1. Som stor vert alle ækte skapnaðorð (§ 13) brigde undtakand dei, som ende på en eller t og nokre fåe andre. (Sjå § 64, 2, 3, 4, 5).
  2. Som doven og flogjen går alle ækte skapnaðorð på en og alle oækte skapnaðorð i fortiðen (§ 13 og § 86, 3.), som høyre lyðsprangorðom til, (§ 81), undtakand dei i § 64, 4, f og g nemnte tilfellom.
  3. Merkn. I ikkje fåe bygdemål vert slike orð obrigde og heite då i alle formom som i hokj. og kjønl. eintal.
  4. Som svart, dømt, vigd, og spåd (ɔ: obrigde i eintal) går alle dei ækte skapnaðorða (§ 13), som ende på t, desutan alle oækte skapnaðorð i førtiðen av te-orð og de-orð (§ 86, 2).
  5. Som lirka, grønare og hoppande (ɔ: utan al brigding) går: a. alle oækte skapnaðorð i førtiden av a-orðom (§ 86, 1.), b. meirmon av skapnaðorðom; d. dei oækte skapnaðorð i notiðen, e. nokre fåe ækte skapnaðorð, nemleg: fåleða, mangleða, sjølveta, einstaka, jamstrokje; desutan: fagna, grepa, mona (muna) skjela, rata, harka, einka, måta,[1] f. nokre oækte skapnaðorð i førtiðen av lyðsprangorð, slike som: gåt, åt, stat, (for: gjengjen, fengjen, staðen § 86, 3 merkn.), g. alle oækte skapnaðorð i førtiðen, når dei har forme av hjelpeverkeorðe »ha» með seg. Då brukes i båðe talom og alle kjønom den kjønlause form i eintal, t. d. Hesten har slegje, kona har bite, barne har gråt; borna hadde grete o. s. b.; men hestane vart slegne.
  6. Som grønast(e) går mestemon av skapnaðorðom. Når mestemon er tingfy11ing (§ 27), har han altið brigde: aste (el. ste § 61), t. d. Sterkaste guten; den beste kua. Er han derimot omsegnorð (§ 23), får han altið brigde: ast (el. st), undtakand når han står i utpeika form, t. d. Hi kua er feitast, desse hundane var klokast. Men: Desse hundane var dei klokaste.


  1. Desse siðste frå fagna av er da helst å rekne for eigjeheve av tingorð.