Norsk mållære/11

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan L. Sundt (s. 40).

§95 Desse orða har ikkje anna brigde æn likningbrigde, og mange har ikkje eingong dette heller. Meirmon vert oftast dana veð å leggje: are (ar) likningløyse, (sjeldan veð r), mestemon veð: ast, (sjeldan: st), t. d. fort, fortare, fortast; lenge, lenger, lengst.

Merkn. Mykje, meir, mest.


Høveorðe. (§l9)


§ 96. Høveorða: om og gjenom, styre altið mothøve. Eg sprang gjenom skogane. Eg, kjøyrte om grannegarðane.

§ 97. Altið siðehøve styre: åt, or, frå, av, mot, hjå (hos). Åt grannom, frå akslom.

§ 98. Deils mothøve, deils siðehøve styre: i, (å), for, over, under; með, veð; etter. Dei 5 første av desse styre mothøve, når tanken gjeld ei flytning eller ei framskreðing nokon staðs til, men siðehøve, når tanken om eit tilhelde på rome skal framsetjas. T. d.: Eg gjek under brua (ɔ: eg var før ikkje under henne). Eg stoð under bruen (Siðehøve). Ogso: eg gjek under bruen (ɔ: eg gjek, meðan eg var under bruen). Dei gjek neð-i båtane (ɔ: dei var ikkje før der). Dei gjek neð-i båtom (ɔ: dei var før i båtom og gjek der).

Með og veð styre mothøve, når dei tyðe nær atmeð eller tet atmeð, t. d. han sat neð með hestane, men siðehøve, når dei tyðe langs með, og i alle dei andre tyðningom sine, t. d.: Dei gjek fram-með breiddom.

Etter styre mothøve, når de gjeld tiða og tyðe baketter, (næmast etter), t. d. eg skal koma etter