No reiser kvelden seg

Fra Wikikilden
I dansen No reiser kvelden seg

av Olav Nygard
Nykken
Fra Ved vebande (1923)


No reiser kvelden seg i vesterbrun,
han trør på lette føter gjenom tun
og skuggeveven fjell-imillom hengjer.
Det gjeng ei kviskring gjenom kjørr og lyng,
og talatrasten skifter ljod og syng
med avdagsskjelven under sine strengjer.

Men dagen tek sin gangar fast i taum,
tek ferdakåpa på med gullrend saum
og burt frå blåne etter blåne skundar.
Det gular gjenom svale dal og lid
der skuggen ventar natta, brura si,
og ør i sine elskhugsdraumar blundar.

Med linne andardrag stig natta inn,
med myrke lokkar kringum hals og kinn
og herdaduk av alvelette eimar.
Og kløkke lundar, æolsharpe-klang,
ris bljugt som gjenteborn or moderfang
og sviv på lettan fot i svale heimar.

Det gjeng ein sælebiv imillom fjell
so fræa emnar seg og hamsar fell
og undrings-øre augo upp seg vender.
Or djupe himlar slær ein båregong
av evig skapings-gir og sfæresong
som helsar frendeblidt mot døkke strender.