No kvil deg

Fra Wikikilden
Nykken No kvil deg

av Olav Nygard
Wergeland
Fra Ved vebande (1923)


«No kvil deg, fot, no hev du vunne fram» – en strofe fra No kvil deg er murt inn i veggen i en boligblokk i Olav Nygards veg i Oslo.
Foto: Kjetil Ree

No kvil deg, fot; no hev du vunne fram;
her søv mitt fjell i varme sumarlindar.
Det kjennespake hjarta skifter ham
i andardrage ifraa fjell og tindar;
det finn kje fleire berg og bægjegrindar,
og kjensla raar so rein og undersam.

Dei same dyskjegraae skuggann klengjer
seg traabeitt ned i djupe gygresengjer,
og kvite snorer heng i sveiv og slyng
um runde aksler; baarur blikreglansar
som bringsesylv naar unge brurer dansar
og fysnebiven gjenom bringa syng.

Her kann du kvile deg paa mosefeld.
Hin sæle dag du steig paa desse steinar
daa gjekk det danselett um skar og leinar,
som vind og vengjer yve urd og deld,
um hòl og haug, um skarv og skridelaup, …
med sol og sylv or høge salar draup …
… Ho raudna i si yngd, ho baud meg blomar;
og dagen rann som straum, og hjarta saup
den søte honningdaam av livsens sumar.

Det kom ein kveld daa sæle aander seig
med linnan song til jords; dei saag vaar fagnad,
og songen traut i tregerop; dei steig
med storm til himels, bad um mannalagnad.

Du jord som kjenner dette hjarte banke
imot di bringe - hennar vesle fot
hev feste einstad paa ditt trauste grjot;
aa tru um denne stund ein bivretanke
sviv hit og leitar fram att denne kveld
og sit ei livstid søkkt i ordlaus age …
Det ris for augo upp eit himeltjeld
der glimur skjelv som sol i bylgjedrage
og braar og brest med kvart det augneslage.
Sig undan, bivredogg, som syne blindar!
Lat augo kvile ut paa desse tindar
og lauge seg i løk og lonar blaa!

… Den same heite hug som ikkje spaknar,
det er den same øre elskhugstraa;
og aarsens dumbevev fraa syne raknar;
d'er alt so skirt, men langt, so langt i fraa.
Det ligg ein lengslebiv i bekkjesongen,
og vinden susar gjenom lyng og straa
sin ævetone, aa so likt hin gongen
daa sæla bygde reir av heitan traa.

Den gamle haug i hyggjesæte kvilar
og blundar herdaslut i solar ro;
men vakne tjønner kastar straalekilar
til kjennings med meg, skalkeglyrer, smilar
og spør um eg hev same erend no –.

Du bjarte dotter aat det gamle fjell,
du blunkar møyarmildt mot harde strender –
eit minne upp or dine djupner vell,
du gjølte, strauk meg med so mjuke hender;
eg la meg barne-leiken i ditt fang;
daa bar du dine lippur upp til mine,
so hennar munn den raude rosefine
tok tankann, so dei upp som lerkur sprang;
eg skauv ditt svale hold til sides, lende,
og sprang det fjordunglange fjell til ende.

Paa siste leite stig den minnesveim.
Sjaa høge harde fjell er undan skotne
og stup og gavleberg er samangotne
til livdakvarmar um den alveheim.

Ein bekk spring ned og skjek sin kvite bring
og legg seg blankøygd midt i grønan vang;
han lyster kvile der ei æve lang,
og freistar um d'er raad aa gaa i ring.
Og vinden sviv i tjuveham og stel
seg fange fullt av rare ljod og lundar;
han fangar sullansong fraa bekk som stundar,
han sveiper i si kufte vart og væl
det linne hamra-hull og alvespel.

Det stend i same stad det vesle sel
som det var løyst or strake tidartaumar;
og ho hev anda inn eit vik av sjæl
i vegg og ved; høyr, tungført minne tel
og trøyer seg med skimt av hennar draumar

Kor alt hev kvara seg i sin minne
som svævde svalur inni logne reir:
ein einsemds aand hev her si draume-vinne
med farne ting, og kviskrar svevn-ord linne
at her kann aldri hende noko meir …

Men bakum alt som auga ser og sansar
ligg livet heitt i mot sin himelport,
og alle hender flettar ærekransar
aat han som hev det alt til under gjort.

Ja djupt i jorda tunge pulsar bankar,
dei tek seg rom i livsens store fest;
og sjølv den kalde steinen føder tankar
som trivlar etter tak og fornad sankar
til stunda kjem naar kjøvehamen brest;
det brytst med sine band i haug og deld,
ein livsens torste syg i djupe grunnar;
med aursens avle riv det burt fraa munnar
den harde hand som kjøvetake held.
Og lik eit nyfødt barn som sudrag kjenner
av heimsens fløderike æterhav
tek klemde lungur luft, og livting spenner
sin bringerunding upp or grjot og grav.

Aa varme liv, kor kjært du aukar paa!
Du ber det bord der ho sat himelsigna;
no fær du løn; fraa rike himlar rigna
det gaavur i ditt fang. Aa kann du sjaa!
Sjaa sola gjev det skaala, flødefull;
iraude bylgjur syg all jordtyngd fraa,
og æveblaae kved ein fredmild sull,
og andre rid med sylvglans, sælegull.

Aa her er heim fyr sæletyrste munnar;
her sildrar fram or heimsens merg og møne
ei heilag saft; og djupt fraa himelgrunnar
dryp ævedogg fraa livsens tre det grøne.