Hopp til innhold

Myrkemagterne/Fyrste vending

Fra Wikikilden
«Den 17. Mai» (s. 59-90).
Ei romsam stove hjaa Peter.
Fyrste koma.

Peter held paa gjera istand ein hestesele. Anisja og Akulina sit ved kvar sin rokk og spinn med’ dei syng ein tvostemmig song.

Peter (ser utgjenom glaset): No er hestarne slopne ut att. Fyrr ein veit ord av, slær dei fylet ihel. (ropar) Nikita, Nikita! Er du reint dauv? (lyder. Til kvinfolki). So tig daa still ! Ein kan ikkje høyra manne maal.

Nikita (ute). Kva er det?

Peter. Jag hestarne inn!

Nikita (som fyrr). Ja vel! Giv berre tol.

Peter (rister paa hovudet). Aa, desse drengjerne ! Var eg frisk, skulde eg aldri i livet ha ein einaste. Ein hev berre fortræd av dei. (Stend upp og vil gaa, men set seg til att). Nikita! Nei det hjelper ikkje, kor mykje ein ropar. So gakk daa ei av dykk. Akul! gakk ut og jag dei inn.

Akulina. Kven? Hestarne?

Peter. Ja kven skulde det elles vera?

Akulina. Strakst (spring ut).

Andre koma.
Peter og Anisja.

Peter. Den dagdrivaren! Han ist daa helder ikkje røra seg til det allerminste.

Anisja. Men sjølv er du daa snop istaden! All dagen ligg du og driv paa omnen elder sit og hengjer ved glaset. Du kan berre komandera og vera bisk mot folk.

Peter. Kveste ein ikkje fraa seg ein grand, kom ein nok snart til aa gaa fraa hus og heim. Jøye meg for folk ein skal dragast med!

Anisja. Du vil ein skal gjera ti ting um gongen, og naar ein ikkje det kan, brukar du munn. Det er lett aa komandera, naar ein sjølv ligg og driv.

Peter (sukkar). Aa, hadde eg berre ikkje denne sjukdomen aa dragast med, so skulde eg ikkje ha han ein dag lenger i huset.

Akulina (ute). Ptro, ptro, ptro.

(Eit fyl kneggjer, ein høyrer hovslag i tunet, derpaa vert porten stengd).

Peter. Han gjer ikkje anna en aa drøsa fraa morgon til kveld. Nei eg skulde ikkje halda paa han, det er visst.

Anisja (rengjer etter han). Skulde ikkje halda paa han ... Du skulde sjølv ta fatt, so kunne du faa drøsa med.

Tridje koma.
Dei fyrre og Akulina.

Akulina. Eg hadde so nær ikkje fenge dei inn. Det var den graaskimlutte ...

Peter. Men kvar er daa Nikita?

Akulina. Nikita? Han stend ned paa vegen.

Peter. Kva stend han der etter?

Akulina. Kva han stend der etter? Han stend der og drøser.

Peter. Ein kjem ingen veg med henne. Kven drøser han med? Akulina. Kva?

(Peter fiktar med handi. Akulina set seg til att aa spinna).

Fjordekoma.
Dei fyrre og Anjutka.

Anjutka (kjem springande inn. Til moderi). Far Og mor til Nikita er her. Dei vil ha han heim med seg. Missann!

Anisja. Det er daa ikkje sant vel?

Anjutka. Giv eg maa døy paa staden um det ikkje er sant! (lær). Eg kjem frammed, og so seier Nikita: «Far vel, Anna Petrovna!» seier han. «Lat meg no sjaa du kjem ut til oss naar eg skal ha bryllaup», seier han, «og fær deg ein svingum. Eg reiser no fraa dykk», seier han og lær over heile anlitet.

Anisja (til mannen). Dei er daa ikkje so paa livet etter aa vera her. Der ser du at han lagar seg til aa gaa. «Eg skulde kje halda paa han», seier du. Jau visst!

Peter. Lat han berre gaa. Her er daa vel andre aa faa en han.

Anisja. Men det han hev fenge i forskot av løni? ...

(Anjutka som hev lydt paa samtalen, hev nærma seg døri og spring no ut).

Femte koma.
Dei fyrre og Akulina.

Peter (myrk). Pengarne ... skulde det koma so vidt, so kan han faa lov aa gjera skjel for dei til sumaren.

Anisja. Ja du er glad du vert han kvitt; so slepp du aa føda paa han i vinter. Og so kan eg faa lov aa draga heile lasset aaleine, som ein annan vognmansøyk. Tausi er ikkje vidare huga til aa arbeida, og du sjølv vil berre liggja og driva paa omnen all dagen. Jau eg kjenner deg nok.

Peter. Kva er dette aa tala um fyrr ein rett ser kor det gjeng?

Anisja. Alle stallarne er fulle. Du fekk ikkje seld kui, og no vert me sitjande med alle sauerne til vinteren. So ein kan rett ikkje faa gjort anna en sjodna fraa morgon til kveld, og so vil du lata drengen gaa! Men du maa berre ikkje tru at eg vil ta paa meg det hundearbeidet. Nei, eg vil og sitja inne og kosa meg, liksom du — blaasa i alt! — og so kan du gjera det du. vil for meg.

Peter (til Akulina). Gakk ut og gi kryteri; det er paa tid no.

Akulina. Kva? Gi kryteri? Ja gjerne det. (Kastar eit plagg paa seg og tek eit reip).

Anisja. Nei, du fær meg ikkje meir til aa gaa og slita og slæpa aat deg. Det kan no vera nok. Slit sjølv.

Peter. So hald daa upp. Kva er du gali for?

Anisja. Du kan sjølv vera galen. Ein hev korkje gagn elder glede av deg. Du berre møder folk upp, din gamle grinbit du er.

Peter (sputtar). Tvi vere deg! Aa min Gud! (slengjer ei kaape um seg.) Eg maa nok sjølv ut Og faa greie paa tingen (gjeng).

Anisja (etter han). Ja pilt deg berre av. Giv fanden hadde deg!

Sjette koma.
Anisja og Akulina.

Akulina. Kvi skjeller du paa far?

Anisja. Kva kjem det deg ved, ditt toske hovud? Hald du berre din munn.

Akulina. Eg veit nok kva du er vond for. Du kan sjølv vera eit toskehovud, ditt troll! Eg er slett ikkje rædd deg.

Anisja. Kva er det med deg? (spring upp og ser seg um etter noko aa slaa med). Pas deg, at du ikkje fær ein over nakken!

Akulina (spring upp). Slik ein eitrande djevel! Uff for eit ubeist! ein rein satan! (spring ut).

Anisja (aaleine. Tankefull). «Lat meg sjaa du kjem ut til oss naar eg skal ha bryllaup», seier han. Kva er det dei hev fyre? Vil dei ha guten gift? No, Nikita, gjeng du med dei tankar, skal eg nok visa deg ... Eg kan ikkje liva utan han. Nei, eg slepper han ikkje.

Sjaunde koma.
Anisja og Nikita.

Nikita (stig varlegt inn i stova. Daa han ser at Anisja er aaleine, gjeng han snøgt burt til ho og kviskrar). No, tuppa mi, det ser godt ut! Gamlingen er her og vil hava meg fraa garden. «Det er paa tide at me fær deg gift», seier han, «og at du kjem heimatt». Kva gjev du meg for det?

Anisja. So gift deg, kva skil det meg?

Nikita. Det var rart! Eg gjeng gronar paa kor ein best skal klara tingen, og so seier ho: gift deg! Kor heng det saman? (Blinkar til ho). Hev du kanskje gløymt?...

Anisja. Gift deg berre du. Eg skal ikkje graata for det.

Nikita. Kvi er du so bisk? Nei sjaa, ein skal ikkje faa kjæla for ho helder! Kva er det ivegen med deg?

Anisja. Det er det ivegen, at dei berre vil sjaa aa verta av med meg. Men gjeng du ut paa det, so er nok ikkje eg helder ibeit. Der hev du heile grunnen.

Nikita. Anisja! Men kva er no det for noko! Trur du eg vil gløyma deg? Aldri i livet! Nei, det kan der ikkje vera tale um. Ser du, eg hev rekna det so ut, at um gamlingen tvingar meg til aa gifta meg, so hev du meg snart her attende korso. Nei, berre han ikkje tek meg fraa garden...

Anisja. Kva skal eg med deg, naar du fyrst er gift?

Nikita. Kva skal ein gjera; ein kan daa ikkje gaa imot far sin.

Anisja. Far sin! Plent som var det far din og ikkje deg, det kjem ved. Det er nok longe avtalt millom deg og gjenta di, ho der Marinka fraa jarnvegen. Det er ho som hev sett deg flugor i hovudet. Det var ikkje for ingen ting ho kom rennande her ein dagen.

Nikita. Marinka?! Kva bryr eg meg um henne! Det er somen nok av det slaget som renner etter meg.

Anisja. Men kva vil daa gubben her? Det er du som hev sendt bod etter han, din skjelm! (græt).

Nikita. Anisja! Er du reint hugsnudd at du kan koma med slikt! Eg hev ikkje drøymt um det. Det er noko gamlingen hev teke av sitt eige hovud.

Anisja. Eg veit daa, at naar du ikkje sjølv vil, kan ein ikkje draga deg til brudestolen med magt.

Nikita. Kor eg so vender og snur det, maa eg nok lyda gamlingen. Men det er synd aa seia at eg hev lyst.

Anisja. So slaa deg vrang, og seg at du ikkje vil.

Nikita. Nyleg var der ein som helder ikkje vilde, og slog seg vrang; men i overretten gjorde dei seg ikkje meir fyre — dei gav fyren ei lusing. Det kan eg ikkje seia eg er noko huga paa. Det skal riva stygt i kroppen, seier dei.

Anisja. Er det no tid til aa fjasa! Eg vil seia deg noko, Nikita. Gjeng du av og tek Marinka til kone, so veit eg ikkje kva eg kjem til aa gjera med meg. Eg tek livet av meg. Eg hev synda storleg, og brote den lovnaden som eg gav for altaren; men det læt seg ikkje umatt-gjera. Men det seier eg deg, at tek du no ifraa garden, so...

Nikita. Kvi skulde eg vel det? Tenkte eg paa slikt noko, kunne eg gjenge for lenge sidan. Det er ikkje lenge sidan Ivan Semjonitsch spurde um eg vilde vera kusk hjaa han; og er det nokon stad ein hev det godt, so er det der; men eg gjekk ikkje! Eg tenkjer som so at eg kan faa det godt kvar det skal vera. Heldt du ikkje av meg, so var det ei onnor sak.

Anisja. Det er det du skal koma ihug. Gamlingen min kan gaa av og døy ein av dagarne, og so er det ende paa all denne synd. Me vigjer oss, og so vert du mannen i huset.

Nikita. Den tid, den sorg. Eg for min part arbeider som var det for meg sjølv. Husbond held av meg for det. Kona hans hev og eit godt auga til meg; men at kjeringarne ser blidt til meg, er daa ikkje mi skuld, veit eg.

Anisja. Vil du so halda rett av meg?

Nikita. Um eg vil! (tek henne i fanget.) So lenge hjarta pikkar i livet paa meg...

Aattande koma.
Dei fyrre og Matrøna.

(Med same Matrøna kjem inn, skvett dei fraa kvarandre).

Matrøna (krossar seg lenge for helgenbilætet i den eine kroken av stova). Bevars! Eg hev korkje høyrt elder set noko. Du fjasa nok litt med den unge kona, men kva gjer det? Um det so er ein kalv, hev han hug til aa leika eingong imillom. Kvi skulde ein ikkje fjasa litt i ungdomen? Men kva eg vilde seia, sonen min, far er ute og vil tala med deg.

Nikita. Eg var berre inn etter øksi.

Matrøna. Javisst. Eg veit nok kva øks det var. Ho er altid der kvinfolka er.

Nikita (gjeng burt til omnen og tek øksi). Kor er det so, mor? Er det verkeleg aalvor med det giftarmaalet? Som eg ser tingen, er det spilt umak; for naar eg skal seia som det er, so hev eg ingi lyst.

Matrøna. Bevars! Kva skal det giftarmaalet til? Ver du her du er. Det er berre gamlingen som tyt um det. Gakk so med deg; me skal nok greia dei ting utan deg.

Nikita. Det var daa underlegt. So skal eg giftast, og so vert det ikkje noko av det. Eg er ein krakk um eg skynar noko av dette (gjeng).

Niande koma.
Anisja og Matrøna.

Anisja. Kor er det so, Matrøna? Tenkjer de verkjeleg paa aa gifta han burt?

Matrøna. Vil du fyrst seia meg, min engel, kva han skulde ha aa gifta seg paa? Du veit sjølv kor me sit i det. Det er berre gubben som gjeng og vrøvlar um at sonen plent maa gifta seg. Men kva skyn hev vel han paa slikt? Det heiter for eit gamalt ord: hesten renner ikkje fraa sitt gode foder, og hev ein det godt skal ein vera der ein er. So her og. Det skal undra meg um eg ikkje saag kva endelykti vert paa det heile.

Anisja. Nei det nyttar nok ikkje aa ha løyndomar for deg, Matrøna. Du veit alt. Eg hev ei stor synd paa meg: eg held av sonen din.

Matrøna. Næ—æ! Det var daa nytt for meg. Det visste eg somenn ingen ting um. Aa, baane mitt, den gamle Matrøna er so logn so logn, at det halve kan vera nok. Eg seier deg, den gamle Matrøna ser ei heil aln ned under jordi. Eg kjenner til det heile! Eg veit kva det hev paa seg naar unge konor fær bruk for pulver til aa sova paa. (Løyser upp eit tørklæde med nokre pulver i smaa brevleppar). Der eg skal sjaa, der ser eg; men der eg ikkje skal sjaa, der korkje ser elder høyrer eg, elder veit nokon verdens ting. So er no eg. Den gamle Matrøna hev og vore ung eingong. Ho hev og maatta brukt sitt vit med det gamle narret ho hev aa dragast med. Der er ikkje dei hokus-pokus ho ikkje kjenner. Eg ser nok, tuppa mi, kor gamlingen din hev gjenge og skranta til det no er berre skinn og bein att. Kva er vel det aa liva med? Um ein so stakk han med ein høykrok, kom det ikkje blod. Til vaaren skal me sjaa du kan leggja han i jordi. So maa der daa ein til aa styra garden. Og kvi skulde sonen min ikkje kunne vera god nok til det? Han er daa iminsto likso god som nokon annan. Kva bate hev eg so av aa taka han burt fraa ein stad der han hev det godt? Eg vil daa ikkje mitt eiget baan vondt.

Anisja. Berre han ikkje stryk ifraa oss.

Matrøna. Nei, fuglen min, ver du berre roleg! Det er berre dumskap. Du kjenner daa gamlen min. Det er smaatt med vit der, gubetre! Men hev han eingong sett seg noko i hovudet, so er det ikkje til aa faa ut av han, kva ein so gjer.

Anisja. Men kor hev han kome paa dette med giftarmaalet?

Matrøna. Jau, ser du. Du veit at veslesonen er ein stor gjentefut, og ein vakker kar er det, det maa ein seia. Naa, der han tente ved jarnvegen, hadde arbeidarane teke ein foreldrelaus tausunge til kokkegjente. Ho rende no etter han fraa morgon til kveld...

Anisja. Marinka?

Matrøna. Nettupp, flogsi der ho er! No; anten dei no hev havt noko med kvarandre elder ei, nok er det, gamlingen hev fenge njosn um det. Kven som kan ha sagt han det, veit eg ikkje. Kanhende er det ho sjølv som hev tisa.

Anisja. Seie meg, den taska!

Matrøna. No fekk min gamle tullemikkel anvindt. «Guten maa gifta seg», sa han; «han maa bøta det han hev brote. Lat oss strakst taka han heim og sjaa og faa han gift», meinte han. Eg tala med han so godt eg kunne; men det hjelpte ingen ting. Godt, sa eg til meg sjølv, so maa han takast paa ein annan bau. Slike gamle narr skal altid ha det paa den maaten, fluga mi. Fyrst leikar ein so smaatt og lest halda med dei, men so snart det røyner paa, set ein trumf ut og gjeng etter sitt eige hovud. Du kjenner nok eventyret um kjeringi som dett ned av omnen og hev tenkt over hundrad ting fyrr ho naar golvet, — so kor skulde han kunne gissa seg til kva me hev fyre? — «Godt min far», seier eg. «Det kan du ha rett i; men det er likevæl best aa tenkja seg fyre. Lat oss fara til sonen vaar», seier eg «og med det same kan me høyra oss fyre hjaa Peter Ignatisch kva han meiner um den ting». Og so tok me daa hit.

Anisja. Aa, Matrøna, eg er so rædd. Dersom no gubben din likevæl vil at sonen skal gifta seg?

Matrøna. Han vil? Lat han raada med katten, men ikkje tala med her. Nei, ver du trygg; det skal det ikkje verta noko av. Eg vil no røa med din gamling, og du skal sjaa kor fint eg skal spela korti mine, aa, so fint, at ingen av dei skal merka det bitterste grand. Javist! Guten hev det so godt som tenkjast kan; og meir godt hev han i vente; og so skulde eg gaa av og binda han til ei gatetaus? Eg er daa ikkje gali, veit eg!

Anisja. Ho rende etter han her og, — denne Marinka. Eg seier deg, Matrøna, daa eg høyrde at de vilde gifta han, var det som einkvan hadde stukke meg i hjarta med ein kniv. Eg trur likevæl han held av henne.

Matrøna. Aa, kvar vil du hen! Han er daa ikkje tullen. Kor kan du tru at han vilde kasta sin elsk paa slik ei taske, som korkje hev hus elder heim. Nei, Nikita er ikkje so dum, maa du tru. Han veit nok kven han skal halda av. Ver du ganske trygg, fluga mi. Me tek han aldri i livet herifraa, og tenkjer likso lite paa aa faa han gift. Berre de no kunne gjera so væl og hjelpa oss med nokre pengar, so lat han berre vera her han er.

Anisja. Skulde Nikita gaa fraa oss — nei eg held det ikkje ut!

Matrøna. Aa, eg skynar det godt. Naar ein er ung... Det er misann ikkje spøk for ei kone som du i sine beste aar aa maatta liva med slik ein gamal utsliten trepinn.

Anisja. Aa, Matrøna! visste du kor lei og kjei eg er av denne gamle huskrossen eg maa dragast med! Eg kvider mot aa sjaa han for mine augo.

Matrøna. Ja du maa so seia. — Sjaa no eingong kva eg hev her (ser seg várt ikring). Eg var av til han du veit etter det pulveret. Han gav meg tvo slag. Desse her, seier han, er til aa sova paa. Eit av dei, seier han, er nok for eit mennekje til aa falla i slik ein svevn, at ein gjerne kan gaa paa han utan at han merkar det. Dette andre, seier han, er noko ein kan ha i drykk; det gjev ingen usmak, men det skal vera svært kor det virkar. Her er til sju gonger, med eit pulver um gongen. Lat henne berre gi det sju gonger, seier han, so skal ho snart vera fri.

Anisja (forskræmd). Aa! Men kva er det?

Matrøna. Etterpaa, seier han, er det ingen som kan sjaa elder merka noko. Han tok ein rubel for det. Mindre kunne det ikkje vera, sa han, for det er ikkje so lett aa faa tak i det. Eg gav han den siste rubel eg hadde; eg tenkte som so, at hev kje du bruk for det, so kan eg senda det til kona hans Michajlow... Du kjenner nok henne...

Anisja. Aa! berre eg ikkje kjem til aa trega det...

Matrøna. Trega det! Ja hadde du ein frisk mann, so var det ei onnor sak; men denne her er daa berre skuggen av eit menneskje. Han hev ikkje lang stundi att. Tru berre ikkje han er den einaste. Ein ser so mykje av det slaget.

Anisja. Aa eg arme menneskje! Eg er so rædd, Matrøna; berre der ikkje hender ei vanlukke. Nei, kva er det daa for noko!

Matrøna. No, so kan eg senda pulveret attende.

Anisja. Kva eg vilde sagt... skal det rørast ut i vatn liksom det andre?

Matrøna. Nei, han seier det er betre aa giva det i te. Han seier, at ein merkar ingen ting, korkje paa smaken elder lukti. Der sit eit godt hovud paa den karen. Du kan tru, han veit nok kva han gjer.

Anisja (tek pulveret). Aa, eg arme menneskje! Eg hadde nok aldri innlete meg paa slikt var det ikkje for det hundeliv eg liver!

Matrøna. Gløym ikkje rubelen. Han maa nok ha noko for bryet, og det var den siste eg aatte.

Anisja. Javist (gjøymer pulveret i ei dragkiste og tek ein rubel fram til Matrøna).

Matrøna. Lat meg no sjaa, fluga mi, at du gjøymer det godt so ingen merkar noko. Skulde det koma upp — Gud late kje hende! — so seg berre at det er til aa tyna kakkelakkar med. (tek rubelen). Det vert brukt mot kakkelakkar og, maa vita... (braateier daa ho ser folk koma).

Ellevte koma.
Dei fyrre, Peter og Akim.

Akim (krossar seg lenge andegtugt for bilætet paa den eine stoveveggen). Guds fred!

Peter (set seg). No, kor skal me so stella det?

Akim. Som me best kan, Ignatisch, det beste me kan. So det ikkje sodan vert til nedervall, um ein sodan gjev for mykje etter. Tingen er, det var bra um sonen sodan kunne koma igang, som ein seier. Men er du av den meining at ein ikkje kan faa det paa den leidi, so maa ein taka det paa ei onnor, som ein seier. Som ein best kan...

Peter. Sant og væl. Sett deg no ned, so kan me tala um tingen. (Akim set seg). Korleis var det so? Du vil ha han gift?

Matrøna. No, Peter Ignatisch, det hev altid gode stunder med det. Du veit sjølv kor me sit i det. Det er med naudi me greier oss sjølve, so kor skulde me tenkja paa aa faa sonen vaar gift?

Peter. Ja, det er noko de sjølve lyt raada for.

Matrøna. Det er no helder ingi hast. Det er ikkje med giftarmaal som med aa baka pannekake. Guten kan no venta med giftarmaalet sitt ei stund enno.

Peter. Men um de no vil ha han gift, so er der daa ikkje noko gale i det.

Akim. Ja det vore væl um det kunne koma istand, for tingen er, der er eit lite høvelegt arbeid inni byen, sodan eit nett lite arbeid, som ein seier, og som løner seg...

Matrøna. Jamen sa eg det! kjøyra med natvogni. Eg hadde nær kasta upp daa han kom heim igaar. Fy for styggedom!

Akim. Sant nok, i fyrstningi fell det liksom litt for bringa; men naar ein vert vand med det, gjer det ikkje noko, og tingen er, det løner seg. Um det riv litt i nasa, so er det noko som folk av vaare likje ikkje maa taka ille upp. Ein kan skifta klæde naar ein kjem heim. Nei Tingen er, Nikita skulde helst vera heime. So kunne han greie stellet der, med’ eg tenar ein skilling i byen.

Peter. At du vil hava sonen heim, er som det skal. Men kor skal me so stella det med pengarne som de hev teke upp paa løni?

Akim. Det er eit sant ord, Ignatisch. Leige gjeng for eige, som dei seier, og hev han leigt seg burt, maa han og tena tidi ut. Men tingen er, det vilde vera godt aa faa han gift. So kunne han koma heim so for eit bil, og ikkje meir.

Peter. No, det kunne la seg gjera.

Matrøna. Ja ser du, Peter Ignatisch, Far og eg kjem ikkje rett til liks um den ting. Eg vil fortelja deg so som det er, og so kan du sjølv avgjera kven som hev rett. Far kjem stødt med sitt, at sonen maa gifta seg. Men spør no ein gong kven det er han vil gi han til kone. Var det ei gjente som det sømde seg, so veit eg daa, at eg ikkje vil mitt eiget baan vondt, so eg skulde gaa han imot i dette stykke; men det er ei tøyte som korkje hev ære elder skam i livet.

Akim. Nei, Matrøna, der misfer du deg. Det er ingen ting paa gjenta aa seia. Slett ikkje. Det er ei gjente som hev lide urett av sonen vaar, stor urett hev ho lide.

Peter. Kva slags urett?

Akim. Jau, tingen er, det var med sonen vaar at ho... Det var Nikita som...Det er tingen.

Matrøna. Spar du helder paa talementet ditt og lat meg fortelja. Ser du, Peter Ignatisch, fyrr sonen kom til deg, gjekk han, som du veit, og arbeidde ved jarnvegen. Her var det han vart kjend med tausi, denne Marinka, som dei kallar henne, ei simpel bondetøyte som gjekk og laga mat aat arbeidsfolket. Ho liska seg inn med han, og so kjem ho og seier at han hev narra henne.

Peter. Eg ser ikkje noko godt i det.

Matrøna. Sjølv duger ho til inkje. Ho renn berre fraa den eine staden til hin. Rett ei tøyte!

Akim. Der tek du imist, mor. Det er plent ikkje so det heng saman. Tingen er, Peter Ignatisch, tingen er...

Matrøna. Eg høyrer ikkje anna av den kjære sjæl eg hev til mann en «tingen er» og «tingen er»; men kva tingen er, det veit han ikkje sjølv. Vil du kje tru meg, Peter Ignatisch, so kan du spyrja deg fyre hjaa andre. Du skal faa sjaa at alle seier som eg, at det er skit til taus, regtig ei rennebikkje.

Peter. Nei veit du, Akim, er det paa den maaten, so hastar det ikkje med giftarmaalet. Ei sonakone vert ein ikkje so lett kvitt naar ein fyrst hev fenge ho i huset.

Akim (talar seg varm). Det er synd kva du der seier, mor, synd for gjenta. Tingen er, det er ei flink gjente, rett ei flink gjente, som dei seier; og det gjer meg vondt for henne, rett vondt, det er tingen.

Matrøna. Aa den olmosen! Han skal no altid graata over andre; men um me der heime sit brødlause, det gjer ikkje noko. Du tykjer synd i tausi, seier du; men sonen din tenkjer du ikkje paa. Du skulde hengja henne i eit reip um halsen paa deg, naar du held so av ho. Lat det no vera nok med dette tullet.

Akim. Nei det er ikkje tull. Eg seier deg...

Matrøna. Gjer deg no berre ikkje til, men lat meg faa tala.

Akim. Eg seier deg, at det er ikkje tull. Tingen er, du stend berre ved ditt, som no her med gjenta. Du tenkjer berre paa aa faa det som du vil ha det; men Vaarherre gjer det paa sin maate. Og so gjeng det nok her med.

Matrøna. Det skal no hjelpa mykje aa tala med deg.

Akim. Gjenta er snop med sitt arbeid, og tingen er, ho passar sin dont, som ein seier. For oss fatigfolk er det ei god hjelp, som dei seier, og bryllaupet vert ikkje dyrt. Det vigtigaste er, at gjenta hev lide urett. Ho er foreldrelaus, gjenta, det er tingen. Og ho hev lide urett.

Matrøna. Ventande det!

Anisja. Høyr no helder paa oss kvinfolk, Akim; so fær du betre hold i tingen.

Akim. Men Vanrherre daa, Vaarherre! Er ho kanskje ikkje eit menneskje ho med, gjenta? So er ho daa vel eit menneskje for Vaarherre og. Kva meiner du um den ting.

Matrøna. So! no tek han til med den gamle leksa att.

Peter. Høyr no kva eg vil seia deg, Akim. Ein kan no ikkje tru alt som desse tøytorne seier helder. Guten er daa ilive, veit eg. Han stend her utanfor. Lat oss faa han inn og fritta han ut, um det er sant det som vert sagt um han. Han vil ikkje gaa imot sitt samvit. Lat oss berre faa han her inn. (Anisja reiser seg). Seg Nikita, at far hans vil tala med han (Anisja gjeng).

Matrøna (til Peter). Ja det var rett. Det kunne aldri vera betre. Lat knøsen sjølv svara for seg Notildags gjeng det ikkje lenger aa gifta folk imot deira vilje. Ein maa og høyra kva karen hev aa seia. Han vil aldri i livet gifta seg med Marinka. Eg skynar ikkje betre en at han vert verande her han er, og gjer kva han kan, so at husbonden hans kan vera nøgd med han. Det er no helder ingen grunn til aa taka han heim i sumar. Nei, lat oss helder faa ei 9—10 rublar, so leiger me ein arbeidsmann, og Nikita ver her han er.

Peter. Det kan me altid koma til liks um. Der maa vera orden i tingen. Lat oss fyrst verta. ferdige med det eine, so kan me altid talast ved um det andre.

Akim. Det er just min meining, Peter Ignatisch. Tingen er, ein tenkjer berre paa korleis ein sjølv skal faa det godt, og gløymer Vaarherre. Ein tenkjer aa venda tingen til sitt beste; men fyrr ein ser seg um, hev ein løypt seg utfor ufsen. Ein tenkjer aa gjera det godt, men utan Vaarherre gjeng det likevæl gale.

Peter. Det er sant; ein maa ikkje gløyma Vaarherre.

Akim. Lat det gjerne falla tungsamt: naar ein veit at ein gjer etter lov og rett, kveikjer det altid upp. Ein fær slik ein ihug... Eg tenkjer som so: Du maa gifta guten; ein maa gjera rett og skjel. So vert han heime og gjer det han skal, med’ eg heng i inne i byen. Eit godt lite arbeid er det. Og god løn. Og so er det best — og kristsømelegt. Ho hev korkje far elder mor. Soleis kjøpte grannen vaar i sumar brenneved hjaa forvaltaren. Det skulde no vera paa ein sers maate det. Dei tenkte aa narra det fraa han. Og forvaltaren narra dei, men ikkje Vaarherre! Tingen er...

Ellevte koma
Dei fyrre, Nikita og Anjutka.

Nikita. Det kom bod etter meg (han set seg paa benken ved døri og tek fram ein tobakspung).

Peter (stilslegt). Kva er det for aatferd; far din vil tala med deg, og so lagar du deg til aa røykja, og set deg ned attaat! Reis deg upp og kom her hit.

Nikita (gjeng ublugt burt til bordet og ser smilande fram for seg).

Akim. Ser du, Nikita, tingen er, dei kjem med klagemaal over deg, klagemaal skynar du.

Nikita. Kven fraa?

Akim. Kven fraa? Fraa gjenta, veit du, den foreldrelause gjenta. Det er Marinka, skynar du, som klagar over deg.

Nikita (lær). No skal ein høyra! Kva er det so ho hev aa klaga over? Hev du det fraa henne?

Akim. Det er eg no, forstend du, som held forhøyr, og det er du som skal svara. Tingen er, hev du bunde deg, skynar du; hev du bunde deg til henne?

Nikita. Giv eg maatte søkkja i jordi um eg forstend eit ord av dette!

Akim. Tingen er, hev du havt dumskap fyre med gjenta, dumskap, som ein seier; hev du havt dumskap fyre med henne?

Nikita. Eg hev havt so mangt fyre. Kva tausi vedkjem, so hev eg fjasa litt med ho av og til. Naar eg tok munspelet, so dansa ho medan eg spela; men kva vondt var det so i det?

Peter. Kom no berre ikkje med maafaasnakk, Nikita; men svar far din som det seg sømer.

Akim (høgtidsamt). Nikita! Du kan gjøyma deg for menneskja, men ikkje for Vaarherre. Kom ihug det, Nikita, og kom so ikkje med lygn. Gjenta hev korkje far elder mor, og so tenkjer du det kvittar eitt um ho lid urett: ho hev daa korkje far elder mor. Nei seg du helder sant, det er mykje betre.

Nikita. Ja, kva er der til aa seia? Eg seier som sant er. Det heile er ingen ting (meir og meir heit). Ho kan seia so mangt. Kvi seier ho ikkje noko um Fedka? Paa den maaten hev ein altso ikkje lov til aa fjasa litt med ein gjentunge no til dags. Lat ho berre seia det ho vil.

Akim. Aa kjære Nikita, pass paa: Sanningi kjem eingong fram. Hev der vore noko millom dykk elder ei?

Nikita (avsides). Han gjev seg ikkje! (høgt) Eg veit ikkje noko, seier eg. Eg hev slett ikkje havt noko med ho. (buser upp). Giv eg maa døy her eg stend um det ikkje er sant! (krossar seg.) Eg veit ingen ting. (Togn; kvassare). Kva skal det seia at de plent vil gifta meg med henne? Det er beint fram ei skam! No til dags gjeng det ikkje lenger aa gifta folk med magt. Det er tingen. No hev eg gjort min eid paa det; so kan de daa sjaa at eg veit ikkje noko.

Matrøna. Det er tingen. Den gamle tullemikkel! Kva ein so set i han, so trur han det. Der hev du no berre gjort sonen din harm. Det beste me kan gjera er aa lata han vera her han er. Peter Ignatisch gjer nok so væl at han hjelper oss med ei 9—10 rublar. Med tidi...

Peter. No, Akim, kva seier du?

Akim (til sonen). Gløym ikkje, Nikita: «Fals slær sin eigen herre paa hals.» Dei taaror ho græt, vil du faa svida for seinare. Pass paa...

Nikita. Kva er der aa passa paa; du kan sjølv passa paa. (set seg paa benken).

Anjutka (avsides). Det maa eg ut og fortelja mor. (spring ut.)

Matrøna. No, so vert det altso ved det gamle daa, Peter Ignatisch. Gubben min er no ikkje anleis. Hev han fyrst sett seg eitkvart i hovudet, so fær ein det ikkje fraa han, kor dumt det er. Me hev berre gjort deg umak til ingen nytte. Nikita vert altso her han er, og skal berre sjaa til og lyda husbonden sin.

Peter. Ja kva seier du so, far Akim?

Akim. Eg? Jau for meg kan han gjerne ha sin vilje, naar han berre ikkje, som dei seier .... Tingen er, eg vilde nok helst, som dei seier....

Matrøna. Aa, du veit ikkje sjølv, kva du seier. Guten vert her han er. Sjølv hev han ingen hug til aa taka burt. Kva hev han heime aa gjera? Det arbeidet greier me nok sjølve.

Peter. Eg vil berre seia deg ein ting, Akim: tek du han heim i sumar, hev eg ingen bruk for han til vinteren. Skal han vera her, maa det vera for aaret.

Matrøna. Ein kan vita det. Skulde me turva hjelp til hausten kan me altid faa oss ein arbeidsmann. Nikita vert her, og dei ti rublarne...

Peter (til Akim). Kva vert det so til? Skal det so vera for eit aar?

Akim (med ein tung sukk). Naar det ikkje anleis kan vera, so lyt det so vera.

Matrøna (til Peter). No, so stend den ting fast: Nikita vert her eit aar til. Kva løni vedkjem, so er du ikkje den mann som gjer nokon uskjel, og guten fær nok det han er verd. Dei ti rublarne vilde eg likevæl gjerne be deg um aa lata oss faa med det same. Me treng so saart til dei. Seg ikkje nei, Peter Ignatisch, det bed

eg deg um. (reiser seg og nigiar djupt for han).
Tolvte koma.
Dei fyrre, Anisja og Anjutka.

Anisja (set seg tagall ved omnen.)

Peter. Nei naar me fyrst er forlikte, skal det ikkje vera noko i vegen for det fraa mi side. No, far Akim! Lat oss so gaa nedi vertshuset og faa oss ein snaps. Me maa daa drikka paa det.

Akim. Eg drikk ikkje brennevin.

Peter. So kan du faa te.

Akim. Te drikk eg, det er sant.

Peter. So fær kjeringarne seg ein kopp med det same. — No Nikita, gløym so ikkje aa jaga inn sauderne og hakka halmen.

Nikita. Ja vel.

(Alle gjeng so nær som Nikita. Det tek til aa skymest.)

Nikita (kveikjer ein sigarett og røykjer). Dei hadde det anvint! Der skulde ein diska upp med all den hendesløyse ein hev havt med tauserne! Det vilde ta lang tid med det. Du maa gifta deg med ho, seier dei. Jau, eg seier so mange takk. Skulde ein gifta seg med alle dei tauser ein kjem ut for, so fekk ein nok mange konor. Kvi skal eg gifta meg naar eg kan ha det likso godt som ungkar? Folk reint ovundar meg. Rart nok! Det var nett som eg hadde fenge ein dunk i ryggen, daa eg krossa meg for helgenbilætet. Men det er tingen: strakst var det slutt paa heile vrøvlet. Det skal vera faarlegt, seier dei, aa gjera eid paa noko som ikkje er sant. Men det er berre dumt prat. Det er slett ikkje noko i det. Det heile er ganske beintfram.

Tolvte koma.
Nikita og Akulina.

Akulina (kjem inn med eit reip i handi som ho legg fraa seg ved døri og gjeng so burt til sidekammerset til høgre). Du kunne elles gjerne ha kveikt i lampen.

Nikita. For aa faa sjaa paa deg, kanskje? Eg ser deg likso godt utan ljos.

Akulina. Pass deg sjølv!

Anjutka (kjem farande inn og kviskrar til Nikita). Nikita! Skund deg ut. Det er eit menneskje som spør etter deg. Hjelpe meg Gud!

Nikita. Kven er det?

Anjutka. Marina fraa jarnvegen. Ho stend utfor novi.

Nikita. Du lyg, veit eg?

Anjutka. Hjelpe meg til Gud!

Nikita. Kva vil ho?

Anjutka. Ho sa du skulde koma. «Eg maa tala eit par ord med Nikita», sa ho. Eg spurde kva det var; men ho vilde kje ut med det. Ho spurde berre etter um det var sant at du tok fraa garden. Eg sa nei, og fortalde henne at far din vilde ha deg heim og gi deg ei kone; men at du vart her vinteren over. Ho bad so hjarteleg at eg endeleg maatte faa deg ut. «Eg maa plent tala eit par ord med han», seier ho. Ho stend no ute og ventar paa deg. Skund deg ut.

Nikita. Lat henne berre staa med Gud. Kva skal eg der?

Anjutka. Ho seier, at kjem du ikkje, so gjeng ho beint inn i stova til deg. Hjelpe meg, ho seier!

Nikita. Aa ho vert nok kjei av det, og gjeng.

Anjutka. Ja, so sa ho det med: «Han skal nok giftast med Akulina?»

Akulina (reiser seg fraa rokken og kjem nærmare). Kven skal gifta seg med Akulina?

Anjutka. Nikita.

Akulina. Hev ein høyrt so gale! Kven er det som kjem med slikt?

Nikita. Det er vel berre slikt folkedrøs. Kva meiner du forresten, Akulina? Kunne du kje igrunnen ha hug til aa gifta deg med meg?

Akulina. Med deg? Fyrr kan det nok henda eg hadde lyst; men no skal eg ikkje ha noko av det.

Nikita. Kvifor ikkje?

Akulina. Fordi du ikkje vil halda av meg.

Nikita. Korfor ikkje det?

Akulina. Du fær ikkje lov (lær).

Nikita. Kven for?

Akulina. For stykmor mi. Ho passar daa paa som ein smed og gjev vondt fraa seg, berre ein røer med deg.

Nikita (lær). Høyr paa henne! Du hev elles augo med deg.

Akulina. Eg? Og kva rart er det so i det? Eg er daa ikkje blind veit eg. So som ho ringde for øyro paa far idag. Skam faa ho, den heksi! (gjeng inn i kammerset).

Anjutka (som hev sete og kika utgjenom glaset). Nikita! Sjaa her! Der er ho. Gud hjelpe meg! Eg spring. (Spring ut).

(Marina kjem inn).

Marina. Kva er det du stilar paa med meg?

Nikita. Kva eg stilar paa? Ingen ting.

Marina. Du vil slaa upp med meg?

Nikita (reiser seg. Harm). Kva skal det vera til at du kjem her?

Marina. Aa, Nikita!

Nikita. Det er rar aatferd. Kva vil du her?

Marina. Nikita!

Nikita. Kva er det? Eg veit nok eg heiter Nikita. Men kva vil du her? Gakk din veg, seier eg.

Marina. No ser eg det: Du vil verta kvitt meg. Du vil sjaa aa gløyma.

Nikita. Eg veit ikkje kva der er til aa minnast. Veit du det kanskje? Fyrst sender du Anjutka inn etter meg; men den som ikkje kom, det var eg. So kunne du daa ha skyna, at eg ikkje hev bruk for deg. Den ting er grei nok. Du kan likso godt gaa din veg strakst!

Marina. Ikkje bruk for meg? Du hev ikkje bruk for meg meir. Og eg som trudde deg, trudde at du vilde halda av meg! Men no slepper du meg. Du hev ikkje bruk for meg meir.

Nikita. Det skil ikkje meg kva du der seier. Det kjem ikkje saki ved. Det er du som hev tuta far i øyro. Vil du no berre gaa din veg, det bed eg deg um.

Marina. Du veit sjølv at eg aldri hev halde av nokon annan en deg. Um du ikkje vilde gifta deg med meg, skulde det ikkje ha saara meg. Men eg hev ikkje forset meg imot deg det allerringaste. Kvi bryr du deg so ikkje meir um meg? Kvi?

Nikita. Kva nyttar det aa tala um det! Gakk med deg. De kvinfolk skynar daa ingen verdens ting.

Marina. Det er ikkje fanteferdi di som gjer meg vondt; at du hev lova aa gifta deg med meg og no gjeng fraa ditt ord; men at du hev vorte like glad um meg. Og det som piner meg allermest er, at du forlæt meg for ei onnor si skuld... Eg veit nok kven det er.

Nikita (gjeng burt til ho. Kvasst). Jau det skal hjelpa aa tala med dykk kvinfolk. Det bit ikkje vit paa dykk. Sjaa aa kom deg herifraa, seier eg. Elles gjeng det gale.

Marina. Korleis gale? Vil du slaa meg kanskje? Slaa vekk! — Kvi snur du deg burt? Aa, Nikita!

Nikita. Nei det sømer seg ikkje. Der kan koma einkvan. Det er elles faafengt aa tala um dette.

Marina. Det er altso forbi millom oss, reint forbi? Du vil at eg skal gløyma det heile? So lat meg daa faa seia deg eit ord fyrr me skilst, Nikita! Eg hev vakt over mi ære som det dyraste eg hadde paa jord. Og so kunne du utan nokon verdens grunn gaa av og narra meg og sturta meg i vanlukke! Det gjorde deg ikkje vondt for den foreldrelause gjenta, (græt). Ja, du hev drepe mi sæle; men eg ber ikkje agg til deg for det. Vaarherre vere med deg! Finn du ei som er betre, vil du gløyma meg; men vert ho av det andre slaget, vil du koma til aa tenkja paa meg, Nikita, paa Marina! Farvel daa, naar det maa so vera! Kor eg hev halde av deg! Farvel daa, for siste gong! (tek han um hovudet og vil kyssa han).

Nikita (riv seg laus). Aa, ein kan verta galen av alt dette pratet! Vil du no ikkje gaa, so gjeng eg, og so kan du staa her kor lenge du lyster.

Marina (med eit skrik). Ditt dyr, du er! Nei, Gud vil aldri unna deg sæle! (gjeng).

Akulina (i kammersdøri). Du er daa ein god fark, Nikita!

Nikita. Naa?

Akulina. So som ho hylte, gjenta.

Nikita. Kva kjem det deg ved?

Akulina. Kva det kjem meg ved? Du hev velt henne nedi søyla, hev du. Og det same vil du gjera med meg, ditt avskum, du er! (gjeng, og slær døri i etter seg).

Nikita (aaleine. Etter ei lang togn). Du talar som du hev vit til, gjenta mi. Eg kan no eingong ikkje halda meg fraa desse kvinfolki. Det er det skire sukkergodt, — naar ein berre ikkje kjem gale i veg med dei, men daa er fanden laus (gjeng).