Myrkemagterne/Andre vending

Fra Wikikilden
«Den 17. Mai» (s. 90-113).

Ei gate i landsbyen. Rett fyre garden til Peter. Til vinstre huset med dør til gata. Til høgre porten og uthusi. Det er gjenge seks maanader sidan fyrste vending.

Anisja (stend utfor døri og tægjer hamp. Stansar og lyer). No murrar han der inne att. So hev han vel krope ned av omnen daa.

(Akulina kjem med tvo spann som ho ber i hissor).

Anisja. Han ropar. Gakk inn og sjaa kva det er han vil. Kor han brøler!

Akulina. Kvi gjeng du kje sjølv?

Anisja. Gjer som du er bedi!

(Akulina gjeng inn).

Anisja (aaleine). For ei plaage! Han vil ikkje ut med kvar han hev pengarne. Nyleg var han ute i nystova. Kanskje hev han dei der. Eg kan ikkje skyna kvar han hev dei. Endaa bra at han er so rædd for dei; so er dei daa enno i huset. Det gjeld berre aa finna dei. Han hadde dei ikkje paa seg igaar. Eg forstend ikkje kvar dei kan vera. Aa for ei plaage!

(Akulina kjem, og bind paa seg eit hoveplagg).

Anisja. Kvar skal du hen?

Akulina. Kvar eg skal hen? Han sender meg etter fasyster. «Eg vil tala med syster mi», seier han, «for eg merkar at eg skal døy, og det er noko eg maa ha sagt ho».

Anisja (avsides). Han sender bod etter systeri ... Aa, eg arme menneskje! Det er for aa gi ho pengarne. Kva skal eg daa gjera. Aa! (til Akulina) Ver imak! Kvart vil du hen?

Akulina. Etter fasyster.

Anisja. Ver imak, seier eg. Eg skal nok henta ho. Du maa ned til elvi og vaska klæde; elles vert du aldri ferdig til ikveld.

Akulina. Men han hev sagt at eg skal gaa.

Anisja. Vil du no gjera som eg seier, ditt toskehovud! Du høyrer at eg skal henta fasystri. Tak skjortorne med som heng der paa gjerdet.

Akulina. Skjortorne? Ein skal sjaa du gjeng ikkje. Han sa ...

Anisja. Hev eg sagt at eg gjeng, so gjeng eg. Kvar er Anjutka?

Akulina. Anjutka? ho er ute og gjæter kalvarne.

Anisja. Bed ho koma inn til meg. Kalvarne kan syta seg sjølve.

(Akulina samlar klædi saman og gjeng).

Anisja (aaleine). Gjeng eg ikkje so vert her eit hus; og gjeng eg so gjev han systeri pengarne; og alt det eg hev gjort er til ingen nytte. Kva skal eg so gripa til? Det er som hovudet mitt vilde klovna! (gjev seg til arbeidet sitt).

(Matrøna kjem inn i lang kaape med stokk i handi og ein pose paa aksli).

Matrøna. Guds fred, vesle mor!

Anisja. (snur seg, kastar arbeidet og slær henderne saman av glede). Matrøna! Nei du kjem daa som du var kalla. Viste du ...

Matrøna. Kva er paa tids?

Anisja. Eg var nær ved aa gaa fraa vitet. Aa for ei vanlukke!...

Matrøna. Han liver enno, høyrer eg.

Anisja. Aa Gud fri oss for det liv! Vilde han endaa leggja seg til aa døy; men han kan korkje liva elder døy.

Matrøna. Han hev vel ikkje gjeve pengarne til nokon?

Anisja. Nett no bad han oss senda bod etter systeri. Det kan ikkje vera for anna en pengarne si skuld.

Matrøna. Me vite det. Berre han ikkje hev gjeve dei til andre?

Anisja. Var det likt! Eg hev gjætt paa han som ein smed. Matrøna. Men kvar er dei daa?

Anisja. Det fortel han ikkje. Og ikkje er eg istand til aa koma etter det. Han gjøymer dei snart her og snart der. Og eg maa agta meg for Akulina, so ho ikkje merkar noko. So dum ho er, skal ho daa ha nasa med i alting. Aa, eg arme menneskje! Eg er reint øydelagd.

Matrøna. Ja, fluga mi! Kjem pengarne i framande hender, so ser det gale ut for deg. Dei jagar deg fraa garden, og du fær ikkje so mykje som kan liggja paa handebaket mitt. Der hev du ditt arme ting pint og plaga deg i dine beste aar med ein mann som du ikkje hev brydt deg um, og so kan du som enkje faa lov aa gaa umkring og tigga.

Anisja. Det maa du nok seia, Matrøna. Eg er so forpint, at eg veit ikkje kva eg skal taka meg til, og her er ikkje eit menneskje til aa raadføra seg med. Eg nemde det for Nikita; men han torer ikkje leggja seg uppi det. Han sa berre igaar at dei er gjøymde under golvet.

Matrøna. Hev du set etter?

Anisja. Eg kunne kje. Han passar paa heile dagen. Eg hev berre lagt merke til at stundom hev han dei hjaa seg, og til andre tider gjøymer han dei einkvar stad.

Matrøna. Eg seier deg, baane mitt, at gjeng du av og gjer toskeskap her, kan du faa svida for det solenge du liver, (kviskrar). Hev du so gjeve han litt av den sterke teen?

Anisja. Aa ... (braateier daa ho ser Aksinja).

Aksinja (kjem gangande og stansar ved huset). Anisja! Anisja! Er det ikkje gubben din som ropar paa deg derinne?

Anisja. Nei det er berre ein slik stygg hoste han hev, det lydest mest som han skreik. Det stend berre smaatt til med han.

Aksinja (til Matrøna). Godag, vesle bestemor! Kvar kjem du ifraa?

Matrøna. Heimanfraa, veslemor. Eg skulde berre lydast um sonen min og senda han nokre skjortor. Løgje med det; ein tenkjer paa sine.

Aksinja. Ja det er sant. (til Anisja). Eg hadde tenkt aa bleika lereft; men dei seier det er fortidleg. Ingen av vaare hev byrja enno. (vil gaa).

Anisja. Hev det slik hast?

Matrøna. Hev presten vore her?

Anisja. Ja, kors! Han var her igaar.

Aksinja (til Matrøna). Eg seier deg, mor, det er uraad aa skyna kor livet kan hanga. Han er daa berre skinn og bein. Igaar var det no reint elegt med han. Han laag og kunne korkje gjøy elder gapa. Tilsist trudde me han var klar. Me hadde alt fenge han burtunder heilagbilætet og skulde rett til aa vaska han...

Anisja. Ja tenk! Men so vakna han upp med det same, og no gjeng han der inne og kravlar.

Matrøna. De syter vel for at presten kjem og gjev han den siste olje?

Anisja. Ja, etter som folk seier maa det vera helsotti han dregst med. Liver han til imorgo, maa me senda bod etter presten.

Aksinja. Det maa vera hardt for deg, Anisja! Det er som dei seier for eit gamalt ord: «Berre den veit kvar skoen klemmer som hev han paa.»

Anisja. Ja berre me snart fekk ein ende paa det, kva det no vert til.

Aksinja. Det trur eg. Der hev han no lege sjuk eit heilt aar og kan korkje liva elder døy. Du er daa bundi paa hand og fot.

Matrøna. Aa, det er ikkje so endetil aa sitja enkje helder. Det kan gaa an so lenge ein er ung; men er ein til aars, so er det ingen meir som vyr paa ein. Alderdom er gledetom. Um eg no skal nemna meg sjølv. Det er ikkje lang stubben heimanfraa og hit; men er eg ikkje so utasa at eg knapt kan staa. — Kvar er Nikita?

Anisja. Han er ute og pløgjer. Gakk innfor døri. Eg skal kveikja upp, so kan me faa oss ein kopp te, med’ me lettar hjarta for kvarandre.

Matrøna (set seg paa benken utanfor huset). Ja eg kan nok turva det. Eg er so trøytt, so trøytt. Kva det vedkjem at han fær den siste olje, so er det noko som maa til, det er visst. Det skal gjera so godt for sjæli, som dei seier.

Anisja. Ja, imorgo sender me bod.

Matrøna. Ja det vore bra. Det er altid betre paa den maaten. Ja, me hev no havt bryllaup ute hjaa oss.

Aksinja. Kva høyrer eg? No i Vaar?

Matrøna. Ja, det er nok ikkje for ingen ting det heiter: naar fatigmann gifter seg, kjem det stutte næter. Det er Semjon som gifter seg med Marina.

Anisja. Den kjella hev lukka med seg!

Aksinja. Aa, han er vel enkjemann og sit med baan?

Matrøna. Ja med heile reidet fullt. Kvar skulde han vel finna ei skapleg gjente som vilde gaa inn i dette? No, so tok han henne, og ho er kisteglad.

Aksinja. Nei høyr! Ja, det gjekk vel ikkje det beste ord.... naa, naa; men bonden som ho fekk, hev han noko til godes?

Matrøna. Ja dei lid so vist ingi naud.

Aksinja. Nei, det maa du nok seia, kven vil gaa inn til ein baanefiokk? Det er no denne Mikalo her. Det er slik ein vælstandsmann...

Eit mansmaal (inne fraa grannegarden). Hei, Aksinja! Kvar fan hev det vorte av deg! Jag inn kui! (Aksinja spring).

Matrona (som fylgjer Aksinja med augo; høgt til Anisja). Ja det var daa væl at fesja kom i hus. No vil min gamle tullemikkel ikkje tenkja meir paa aa faa ho klappa saman med Nikita. (kviskrar). So gjekk ho daa endeleg. Hev du no give han av teen?

Anisja. Aa, rø ikkje um det! Hadde han berre døydt av seg sjølv! No døyr han ikkje korso, og eg hev berre synd av det eg hev gjort. Aa, eg arme menneskje! Kvi gav du meg daa dette pulveret!

Matrøna. Pulveret? Men kjære veslemor, det er daa sovepulver. Kvi skulde ein ikkje kunne gi det? Det gjer daa somenn ingen skade.

Anisja. Det er ikkje det eg talar um, men det andre. Matrøna. No ja, det med. Det er daa medesin som ein dokterar med.

Anisja (sukkar). Det er bra nok; men ein er rædd likevæl. Aa, kor han hev pint meg!

Matrøna. Kor ofte hev han fenge av dei?

Anisja. Tvo gonger.

Matrøna. Kunne du merka noko?

Anisja. Nei. Eg smaka paa det. Teen vart berre som ein liten kjend bitter. Han drakk likevæl ein heil kopp og sa berre: «Det er daa slett ingen ting eg hev smak paa lenger. No bryr eg meg ikkje um te helder meir.» Ja, seier eg, naar ein er klein, hev ein aldri smak for noko. Aa, Matrøna, du kan ikkje tru kor rædd eg vart!

Matrøna. Ein skal berre ikkje tenkja. Di meir ein tenkjer, di verre gjer ein seg det.

Anisja. Det hadde vore betre um du aldri hadde gjeve meg det styggetyet, og ikkje leidt meg ut i all denne freisting. Berre eg tenkjer paa det, kryp det i kvar ei aadr. Aa, kvi gav dumegdet!

Matrøna. Kvar vil du hen? Vaarherre bevars! Er det no eg som skal ha skuldi for det heile? Nei det seier eg deg, Anisja, skulde det koma ein knyst um dette, so er eg utanfor alt. Eg veit ikkje det allerminste. Eg kysser krossen paa, at eg korkje hev høyrt elder set elder gjeve noko slags pulver, ja at eg ikkje eingong veit at det bid slikt slag til. Tenk deg um. Det er ikkje lenger en sidan igaar me sat der heime og rødde um kor vondt du hev det, arme ting. Dag ut og dag inn aa gaa dragast med ei halvtullutt stykdotter, og ein sjuk og stakkarsleg mann, det er daa reint ei syndestraff! Eg veit ikkje sjølv kva eg kunne finna paa um eg var i din stad.

Anisja. Eg gjer meg helder ikkje betre en eg er. Slikt eit hundeliv kan nok gjera helvete heitt, so ein ikkje berre finn paa sovore, men... Der er ikkje anna fyre en aa gaa hengja seg, elder so sjaa aa faa han ut or verdi. Er dette eit liv?!

Matrøna. Det kan du nok seia. Men der er ingi tid aa spilla. Fyrst maa du sjaa finna pengarne, og sidan gi han litt av teen.

Anisja. Aa, eg arme menneskje! Eg veit slett ikkje kva eg skal gjera. Det kjem slik ein angest over meg. Nei berre han vilde døy av seg sjølv! Ein vil daa so traude ha det paa samvitet.

Matrøna (inntrengjande). Men kvi seier han daa ikkje kvar han hev pengarne? Elder vil han ha dei med seg i kista, so ingen skal faa godt av dei? Er det pent, kanskje? Gud fader bevars! Slik ein pengeslump, og so tenkja seg at dei skal gaa fen i vald, berre avdi han er tullen! Er det daa ikkje forherdigt! Kor er det han ber seg aat? Kva er det vel aa bry seg um ein sodan kar?

Anisja. Eg veit ikkje sjølv kva eg skal tru. Det er mang ein gong so det leitar po vitet.

Matrøna. Kva veit du ikkje? Det er daa greidt nok. Triv du ikkje rett til no, so vil du trega det til din dødsdag. Han gjev systeri pengarne, og so kan du sjaa kvar det vert av deg.

Anisja. Ja det er sant; han bad um at ho skulde hentast. So maa eg gaa.

Matrøna. Nei vent no, og gjer helder temaskina istand. Han maa ha noko aa drikka att; og medan lyt me sjaa faa tak i pengarne. Naar me er tvo um det, so finn me dei nok.

Anisja. Aa, berre det ikkje gjeng gale!

Matrøna. Og kva so? Kva er det aa æva seg for? Det kan lite nytta aa gaa sukka over pengarne naar ein ikkje fær tak i dei. Ein maa nok ta anleis fat.

Anisja. Godt, so skal eg gaa inn og laga te.

Matrøna. So ja! det var rett; og lat meg no sjaa du gjer dine ting soleis, at du etterpaa kan sleppa aa gaa hengja med nebben. Tru du meg, det batar best. (Anisja vil gaa). Men kva eg vilde seia, lat for all ting ikkje Nikita faa vita noko. Han er reint ein styving naar det gjeld slike ting. Fær han høyra noko um pulveret, so er fanden laus. Ein kan aldri vita kva han kunne finna paa. Han er so mjuk um hjarta. Heime kunne me kje faa han til aa hogga hovudet av ei høne, desmeir. Ikkje ein knyst til han. Nei Vaarherre bevars! han forstend ingen ting av det heile .... (braateier, upskræmd av Peter som viser seg i døri til huset).

Peter (dreg seg med illo ut paa troppi, og ropar med veikt maal). Anisja! Akulina! Ein kan daa ikkje faa tak i nokon av dykk. Anisja daa, kven var det som kom? (sig ned paa benken som stend utfor døri.)

Anisja. Kva hev du no krope ut etter igjen? Kan du kje liggja iro der du er?

Peter. Er gjentungen gjengen etter Martha? .... Aa, kor det verkjer! .... Fekk eg daa berre snart ein ende paa det!

Anisja. Ho hev anna aa gjera; ho stend vaskar klæde ned med elvi. Gjev bidetol, og lat meg faa fraa meg husdunnet, so skal eg gaa sjølv.

Peter. Men so kunne du senda Anjutka daa. Kvar er ho? Aa du gode Gud kva eg maalida!

Anisja. Eg hev alt ropt paa ho.

Peter (styn). Aa .... Men kvar er ho daa?

Anisja. Fen maa vita det. Skam faa henne!

Peter. Nei det er ikkje til aa halda ut lenger! Det brenn i meg som eld. Og der renner de fraa meg allesaman og læt meg liggja her aaleine som ein annan hund, og eg hev ikkje so godt som eit menneskje til aa gi meg ein vatsdrykk. Aa! Men so rop daa paa Anjutka!

Anisja. Der er ho. Anjutka! Far din ropar paa deg.

Peter. Anjutka! ..... Aa! .... spring etter fasyster di.... og seg henne.... Aa! ..... at far maa tala med ho.... seg, at ho endeleg maa koma..... Aa — aa!

Anjutka. Det skal eg (vil springa).

Peter. Vent litt. Ho maa skunda seg. Seg it eg døyr .... Aa — aa! ....

Anjutka. Eg spring berre inn etter eit tørklæd. Eg er her paa timen. (spring).

Matrøna. (blinkar til Anisja. Stilt). Hugs no paa kva du hev aa gjera, gjenta mi. Gakk inn og rot upp i alle tølor og krokar. Leit etter pengarne som ein hund leitar etter loppor. Eg skal nok tannfara mannen medan.

Anisja (stilt). Eg vert liksom litt meir moda naar eg er saman med deg. (til mannen i det same ho gjeng inn). Skal eg ikkje laga te til deg? Matrøna er her og vil lydast um sonen. So kan de faa dykk ein kopp saman.

Peter. Ja lat oss det. (til Matrøna). Godag, kone!

Matrøna (kjem inntil og bukkar). Godag, far, vaar gode velgjerdsmann! Godag, kjære Peter Ignatisch! Det stend like ille til med deg, ser eg. Du kan ikkje tru kor vondt det gjer gamlen vaar. Han sende meg hit for aa høyra kor det stod til, og bad meg helsa deg so mange gonger, (bukkar).

Peter. Eg hev ikkje lenge att, Matrøna.

Matrøna. Ja, Ignatisch, det er som ein seier: «Sjukdom fer ikkje um som vinden i skogen, men held seg til menneskjens baan.» Kor du hev follna or, din arming, naar ein rett ser paa deg! Sjukdom gjer ingen mann fager, det er visst nok.

Peter. Det er dauden som hev sett kloi i meg.

Matrøna. Kva skal ein seia, Peter Ignatisch, naar Vaarherre soleis vil ha det. Du hev no skrifta for presten, og med Guds hjelp fær du nok den siste olje. Du hev daa, Gud vere takk, ei flink kone, som nok vil syrgja for aa gi deg ei pen likferd. Du kan tru, Nikita skal nok hjelpa til der han kan.

Peter. Men der er ingen til aa styra det heile, og halda skikk paa huset. Kona duger ikkje noko. Ho tenkjer ikkje paa anna en det som gale er. Det kan ikkje hjelpa kva du seier; eg veit det altsaman. Tausungen er ikkje regtig i hovudet og for ung til aa taka seg av garden. Heile sitt liv hev ein slite og slæpa og skrapa saman, og so er der ingen til aa taka det heile naar ein gjeng burt. Aa det er tungt. (græt).

Matrøna. Er det pengar elder slikt noko, kan du berre seia til.

Peter (til Anisja som er inne). Er Anjutka gjengi?

Matrøna (avsides) So! der kom han paa det att.

Anisja (i døri). Javisst er ho gjengi. Ho gjekk daa du bad henne. Vil du so ikkje inn? Eg skal hjelpa deg.

Peter. Nei lat meg helder faa sitja her dei par minutti eg hev att. Der er so kovte der inne. Aa kor eg verkjer!... Det brenn i meg .... Aa, vilde Vaarherre berre snart løysa upp for meg!

Matrøna. Ein andast no ikkje utan Vaarherre vil. Det er Gud som raader for liv og daude, Peter Ignatisch! So lenge der er liv er der von. Kor sjuk ein er, kan ein daa koma seg. Soleis var det ut i vaar grend ein bonde som laag paa sitt siste og skulde nett til aa slokna...

Peter. Nei, eg kjenner at eg døyr i denne dag. (styd seg att og bak og læt att augo).

Anisja (viser seg i døri). No? kjem du elder ei? Ein ventar og ventar. No, Peter, kor vert det so med deg?

Matrøna (gjeng tilside og vinkar til Anisja som kjem snøgt til. Stilt). Fann du pengarne?

Anisja (likeeins). Nei.

Matrøna. Men hev du no set væl etter? Ligg dei ikkje under golvet einstad?

Anisja. Nei der bid dei ikkje. Men um dei skulde vera i det vesle kammerset... han var der igaar.

Matrøna. Sjaa for Guds skuld væl etter. Du skal sjaa han liver ikkje natti over. Han hev alt sine dødsmerkje. Neglerne er plent blaa, og han er graa i anlitet som oske. — Kokar teen?

Anisja. Ja.

Nikita (kjem fraa den sida der Peter sit; gaar han ikkje men gjeng beint til moderi). Godag, mor. Kor stend det til heime?

Matrøna. Jau, Gudskje takk! me liver daa enno, alt med’ me hev noko aa putta i munnen.

Nikita (til Anisja). Kor stend det til med husbond?

Matrøna. Tyss! der sit han (peikar).

Nikita. Ja kva so? Lat han berre sitja.

Peter (opnar augo; med veikt maal). Nikita! Nikita! kom hit til meg.

(Nikita gjeng burt til han. Anisja og Matrøna stikk hovudet saman og kviskrar).

Peter. Kvi kjem du so tidleg att?

Nikita. Eg vart ferdig med plognaden.

Peter. Hev du pløgt det stykket ved brui med?

Nikita. Nei det var so langt aa kjøyra

Peter. Langt? Men det er daa endaa lenger aa kjøyra dit herifraa, veit eg. Kunne du kje ha pløgt det stykket med’ du var der burte? So hadde det vorte fraaseggjort eingong.

Matrøna. Kva er det, sonen min, kan du ikkje gjera deg betre fyre med dine ting? Du veit daa at husbonden er sjuk og hev berre deg aa lita paa. Du lyt gjera ditt beste som var det aat far din. Her fær ein ikkje spara paa krefterne. Du veit kva eg hev sagt deg.

Peter. Nikita, kva eg vilde sagt... sjaa til aa faa poteterne inn i kjellaren. So kan kvinfolka... Aa jøye meg!... plukka fraa dei gode.

Anisja (som hev lydt væl etter; avsides). Nei du narrar meg ikkje paa den maaten. Det er berre for aa faa oss vekk. Han hev nok pengarne paa seg, og vil no vera aaleine so han kan faa gjøyma dei ein kvan stad.

Peter. Skundar de dykk ikkje, so... aa! ... so set det seg ilska i, fyrr me skal til aa leggja. Aa, eg kan ikkje meir! (prøver aa reisa seg).

Matrøna (gjeng og skal hjelpa han). Skal eg faa hjelpa deg inn i stova?

Peter. Ja gjer so. (stansar i døri). Nikita!

Nikita (sint). Kva er det?

Peter. Eg ser deg ikkje meir... Dauden erovermeg... Til giv meg i Jesu namn kva eg kan ha forbrote imot deg... i ord som i gjerning... det eine med det andre... tilgiv meg...

Nikita. Kva hev eg aa tilgi. Eg er sjølv ein syndar for Vaarherre.

Matrøna. Kjære sonen min, ver no ikkje so hard!

Peter (græt). Tilgiv meg i Jesu namn!

Nikita (kløkkt). Det er Gud du skal be um tilgiving, og ikkje meg. Eg hev daa vist ingen ting aa klaga over. Du hev aldri gjort meg noko vondt. Tilgiv du helder meg, for hev nokon synd paa seg her, so er det nok eg.

Peter (græt og starvar seg inn i huset; Matrøna styd han).

Anisja (avsides). Aa mit arme menneskje! Det er ikkje for ingen ting han so daatt hev vorte so fredeleg. Der stikk nok eitslag under. (Høgt). Nikita! Du sa at pengarne ligg gjøymde under golvet; men dei er der ikkje.

Nikita (utan aa snu seg; med graatmaal). Aldri hev han gjort meg anna en godt; men kor er det eg hev bore meg aat mot honom.

Anisja. Lat no det vera godt; men kvar er pengarne?

Nikita (kvast). Veit eg det? Leit sjølv!

Anisja. Det er svært kor braadt du hev vorte mjuk um hjarta.

Nikita. Aa, eg hev so vondt av han... og so som han gret... aa!

Anisja. Nei høyr! Det var daa og ein aa gjera seg vondt av. Han hev hundsa deg fraa morgon til kveld, og sa tilmed i denne dag at eg skulde jaga deg fraa garden. Det var daa betre du totte synd um meg.

Nikita. Um deg? Kva stend det paa deg?

Anisja. Han gjøymer pengarne. Og naar han no døyr, so...

Nikita. Ver du trygg. Han gjøymer dei ikkje.

Anisja. Aa, Nikita! Han hev sendt bod etter systeri. Det er ho som skal ha dei. Kor skal so me tvo greia oss naar han gjev burt pengarne? Eg vert jaga fraa garden. Nei, du maa daa endeleg hjelpa meg til. Du sa at han igaar var inne i det vesle kammerset?

Nikita. Eg saag at han kom ut derifraa; men kva han gjorde der, det maa Vaarherre vita.

Anisja. Aa Herregud! Eg maa inn og sjaa etter, (vil gaa. Nikita dreg seg attende).

Matrøna (kjem varlegt ut gjenom døri og kviskrar). Nei gakk berre ingen stad. Han hev pengarne paa seg. Dei ligg paa bringa hans. Eg kjende sjølv at dei var der.

Anisja. Aa Herregud!

Matrøna. Knip du dei ikkje no, kan du bita deg i fingrane sidan. Fær han fyrst tala med syster si, kan du seia du hev set dei.

Anisja. Ja systeri er paa vegjer, og naar ho kjem, so fær ho dei. Aa, kva skal eg daa gjera mitt arme ting?

Matrøna. Kva du skal gjera? Det skal eg seia deg. Temaskina er i kok. Gakk so inn og lag teen istand, og ha i det som er i det vesle papiret. Hev han fyrst fenge ein kopp av det, so skrap du pengarne til deg. Du kan vera trygg; han seier det ikkje til nokon.

Anisja. Eg er so rædd.

Matrøna. Kom ikkje med slikt; men lat det gaa i ei fart. Eg skal nok gjæta paa systeri og hefta ho med prat um det trengst. Far no rett aat. Tak pengarne og kom her ut med dei, so skal Nikita gjøyma det aat deg.

Anisja. Aa Gud! Kva skal eg gjera...?

Matrøna. Gakk no, og gjer som eg seier. Nikita!

Nikita. (utan aa snu seg). No?

Matrøna. Stans her so lenge, so skal du faa ditt aa gjera.

Nikita. Desse kvinfolka, kva dei kan hitta paa! Dei gjer tilslutt hovudet skrullutt paa ein. Men dei um det. Det beste vert nok likevæl at eg gjeng av og ser kor det stend til med poteterne. (vil gaa).

Matrøna (tek han i handi). Eg seier du skal vera iro her.

(Anjutka kjem.)

Anisja. No, hev du vore til faster?

Anjutka. Ja, ho var hjaa dotter si. Ho kjem strakst.

Anisja. (til Matrøna). Ho kjem strakst.... kva gjer me so?

Matrøna. Du hev tid nok. Gjer berre som eg hev sagt.

Anisja. Eg veit korkje ut elder inn. Det gjeng rundt for meg. Anjutka! Gakk og sjaa til kalvarne, gjenta mi, so dei ikkje kjem paa viddi (Anjutka gjeng). — Nei, eg vaagar ikkje!

Matrøna. So gakk daa. Eg tenkjer temaskina hev kome av kok.

Anisja. Aa, eg arme menneskja! (gjeng).

Matrøna. (gjeng burt til sonen og set seg). Ja, far, no lyt me tvo tala litt um desse greiorne; for denne saki er ikkje so beint fram.

Nikita. Kva for ei sak?

Matrøna. Kor du skal stella deg med aa koma fram i verdi.

Nikita. Med aa koma fram? Eg tenkjer, naar andre greier seg, so skal eg med.

Matrøna. Kva meiner du no um gamlingen gjeng av og døyr idag?

Nikita. Døyr han, so fred vere med han.

Matrøna (ser heile tidi mod døri). Aa far! Gløym ikkje: «Ein sin død, ein annan sitt brød.» Her gjeld det aa bruka tankarne. Du skulde berre visst alt det mas eg hev havt for di skuld. Men so vonar eg daa at du ikkje gløymer meg, naar tidi kjem.

Nikita. Kva er det de hev det so travelt med?

Matrøna. Kva anna vel en di framtid. Kor ein best skal stella det for deg. Alting maa gjerast i tide, skal det verta noko. Du kjenner nok Ivan Moséitsch? Eg slepp inn der og. Eg var der her um dagen — det var noko lite det galdt — me kom i snakk, og so spurde eg han med det same. «Set no, Ivan Moséitsch,» seier eg, «at ein bonde som er enkjemann, gifter seg andre gongen og hev ikkje andre baan en tvo døtrar, lat oss seia, ei med den fyrste kona og ei med den siste. Set no at denne same bonden døyr; kan so ein framand bonde gifta seg med enkja og taka garden soleis, at han hev rett til aa verta ved garden naar han gifter døtrerne burt?» — «Ja,» seier han, «det kan nok lata seg gjera naar ein tek det paa rette maaten, og ein ikkje sparer paa pengarne; men utan pengar,» seier han, «er det ikkje aa kaga paa.»

Nikita (lær). Nei, det er visst nok! Slike skal ha pengar for kvart skrev dei tek. Alle treng me pengar.

Matrøna. No, far, eg sa han daa so som det er. «Fyrst og fremst,» seier han, «maa sonen din skriva seg inn i den landsbyen, og det kostar pengar,» seier han, «for du veit nok,» seier han, «at dei eldste maa ha noko aa drikka naar dei skriv under. Alting,» seier han, «maa gjerast med forstand.» Her skal du sjaa (tek eit papir fram or eit plagg). Les no kva han hev skrive. Eg veit, du forstend deg paa dei ting.

Nikita. Dette er greidt nok. Det er berre eit brev paa at eg hev lov til aa lata meg flutta, Der er ingi bein i det.

Matrøna. Nei, men høyr no vidare kor han hev fyreskrive oss kor me skal bera oss aat. «Framfor alt, mor,» seier han, «maa kona gjæta paa at pengarne ikkje gjeng henne av hand. Fær ho ikkje tak i pengarne,» seier han, «fær ho helder ikkje lov til aa taka ein mann paa garden. Pengarne er det,» seier han, «som driv naglen.» Sa du ser, far, at det gjeld aa ha eit auga paa kvar finger.

Nikita. Kva skil det meg? Det er daa hennar pengar, og daa kan ho sjølv staaka med det.

Matrøna. Kor kan du no tala so, far. Er eit kvinfolk istand til aa klara for seg? Um ho fær tak i pengarne, kor skal ho so klara for seg? Eit kvinfolk er og vert eit kvinfolk; men du er daa ein mann. Du veit aa løyna det andre ikkje skal sjaa. Du hev no altid meir vit, naar det kjem til stykket.

Nikita. Det er ingi utkome med dykk kvinfolk. De kan ikkje taka imot fornuft.

Matrøna. Korleis er det? Hogg no du pengarne, so hev du magti over matmor. Og skulde ho sidan setja seg paa høganhest, so veit me nok det som kan temja.

Nikita. Lat meg no berre vera. Eg gjeng min veg.

Anisja (kjem bleik i anlitet farande ut av huset og spring burt til Matrøna). Han hadde dei paa seg. Her er dei. (syner noko ho held under fyrklædet).

Matrøna. Gjev dei til Nikita, so skal nok han ta vare paa dei. Nikita! tak dei no og gjøym dei.

Nikita. Ja, kom so med dei daa Anisja. Aa Gudfader! Eg trur nok at eg sjølv .... (gjeng burt til porten).

Matrøna (triv henne i armen). Kvart hev du tenkt deg? Dei vil sakna deg. Der kjem systeri. Lat no han faa dei; han veit nok kva han skal. Aa du er eit toskehovud er du!

Anisja. (uviss). Aa eg arme menneskje!

Nikita. Kom so med dei. Eg skal nok gjøyma dei.

Anisja. Men kvar vil du gjøyma dei?

Nikita (lær). Du er daa vel ikkje rædd?

(Akulina kjem med vasketyet).

Anisja. Aa mitt arme ting! (gjev Nikita pengarne). Pass no paa, Nikita!

Nikita. Kva er du rædd for? Eg skal gjøyma dei so væl, at fanden sjølv skal ikkje firma dei. (gjeng).

Anisja. Aa, um han no ....

Matrøna. Er han no klar?

Anisja. Eg trur det. Eg tok pengarne, og han merka ingen ting.

Matrøna. Gakk so inn til han. Akulina er her.

Anisja. No hev eg den syndi med paa meg! men kva gjer han so med pengarne?

Matrøna. Hald no upp med det. Skund deg berre inn; der kjem Martha.

Anisja. Ja ja, eg leit paa han denne gongen; no fær me sjaa... (gjeng inn i huset).

Martha, (kjem inn paa tunet. Til Akulina). Eg hadde kome fyrr, um ikkje dotter mi hadde sendt bod etter meg. Kor stend det so til? Vil han til aa fara herifraa?

Akulina (steller med klædi som ho hengjer upp til turking). Vaarherre veit det. Eg hev vore ned med elvi og vaska.

Martha (peikar paa Matrøna). Kven er det?

Matrøna (kjem burt til). Eg er mor til Nikita fraa Sujev. Godag, kone, kor den kjære bror din hev lengta etter deg. Han kom sjølv ut og sende dotter si avstad. «Lat syster mi koma,» sa han, «for ...» (braastansar og ser mot huset). Det skulde daa vel aldri vera forbi?

Anisja (kjem farande ut av huset med skrik og graat. Ho triv seg um dørstolpen so ho ikkje skal stupa). Aa eg arme kone! So drog han daa fraa meg! Ingen hev eg no meir aa gledjast ved. Einsleg skal eg enda mine dagar i sorg og taaror. Han hev slokna for ollo ....

(Aksinja, bondefolk og baan kjem inn. Aksinja og Matrøna tek Anisja under armarne og hjelper ho inn i huset. Akulina og Martha fylgjer etter).

Ein bondemann. Send bod etter likkona so dei kan vaska liket.

Matrøna. Eg tenkjer der er varmt vatn i omnen; elles kan ein taka litt av temaskina. (bretter upp ærmarne). No skal eg med hjelpa til.