Hopp til innhold

Myrkemagterne/Femte vending

Fra Wikikilden
«Den 17. Mai» (s. 172-192).

Løda bak Nikita-garden. Til høgre truskelaaven, døri stend opi. Midt paa romet ligg ein avlang halmstakk. I bakgrunnen ser ein huset og garden; der inne høyrer ein av ng til song og ringling med bjøllor.

(Tvo gjentor).

Fyrste gjenta. Kan du no sjaa me naadde hit utan aa svina skorne altfor fælt til? Etter vegen hadde me aldri sloppe igjenom; han ligg daa i eit skitdike, issa! (dei stansar og turkar av skorne i halmen). Meil kveil er dette? (luter seg framover halmdungen).

Andre gjenta (slik slag). Aa, det er daa Mitritsch, drengen i huset. Det er daa svært kor han hev drukke seg full!

Fyrste gjenta'. Men han drakk daa slett ikkje, det eg veit.

Andre gjenta. Nei det viser det! So lenge ingen baud han noko; men so kunne han nok ta fyre seg av varorne.

Fyrste gjenta. Sjaa berre! Han hev kome her ut etter halm — der ligg han enno med reipet i handi; men so hev han stupna og sovna.

Andre gjenta (lyer til røyster fraa huset). Høyr! Dei syng enno der inne. So hev vel brudi ikkje fenge signing endaa. Akulina hylte nok elles slett ikkje, seier dei.[1]

Fyrste gjenta. Nei, mor sa, at ho gifter seg nok ikkje med sin gode vilje. Det er stykfar hennar som tvingar henne til det; elles hadde ho aldri gjort det. Det er daa kjent nok kva dei hev sagt um henne.

(Marina kjem.).

Marina. Godag, gode smaagjentor!

Baae. Godag, vesle faster!

Marina. Skal de med til bryllaups, baan?

Fyrste gjenta. Nei, det er visst snart slutt. Me vilde berre sjaa litt paa stasen.

Marina. Aa, bed gamlen min, Semjon fraa Sujev, koma ut. De kjenner han vel?

Fyrste gjenta. Ja, det trur eg. Han er i skylde med brudgomen?

Marina. Javisst, han er fabror hans.

Andre gjenta. Kvi gjeng du kje inn sjølv daa? koma til bryllaups, og so ikkje vera med inn...

Marina. Eg hev ingen hug, og ikkje kan eg helder, for det er paa tide me kjem oss av garde. Me hadde slett ikkje tenkt aa fara til bryllaups; men me skulde til byen med havre. Paa vegen stansa me her og ykta hestarne, og so var det at dei fekk tak i gamlingen.

Fyrste gjenta. Kven tok de inn hjaa? Var det hjaa Fjodoritsch?

Marina. Ja rett. No, smaagjente, so vert eg her daa, med’ du gjeng inn og fær tak i gamlingen. Seg berre: «Marina, kona di, seier de skal kjøyra. Dei andre heimanfraa hev alt sett fyre».

Fyrste gjenta. Godt, det kan eg altid, naar du sjølv ikkje vil. (dei gjeng inn i garden).

Marina. Det var ikkje noko ivegen for aa gaa inn; men eg læt det helder vera, for eg hev ikkje set han sidan han slo upp med meg. Det er no over et aar sidan. — Eg kunne nok elles ha hug til aa sjaa kor han kjem ut av det med denne stygge Anisja. Etter kva folk seier liver dei ikkje godt saman. Det er eit illrøte han hev fenge... so hard og sjølvraadig... Han hev nok tenkt paa meg meir en ein gong i denne tidi, kan eg tru! Han tenkte han skulde faa gode dagar, og so let han meg gaa. Naa, Vaarherre vere med han! Eg ber ikkje agg til han for det. Men, kor saart det gjorde meg den gongen, aa, kor det pinte meg! Ja ja, tidi hev gjort sitt, og no hev det gjenge over. Men eg vilde daa gjerne Sjaa han... (gjeng burt til garden og fær i det same auga paa Nikita som kjem ut). Ih! Kva kjem han no der etter? Skulde kanskje gjentungarne ha sagt han...? Korleis kan det vera at han løyper ifraa gjesterne? Eg gjeng min veg. Kor tunghuga han ser ut! (stig til sides).

(Nikita kjem).

Nikita (med lutande hovud. Han fiktar med armarne og mumlar i skjegget. Best det er ser han upp og fær auga paa Marina). Marina! Kjæraste, beste Marina! Kva stend du her etter?

Marina. Eg ventar paa gamlen min.

Nikita. Kvi kom du ikkje til bryllaupet? Der hadde vore noko for deg til aa sjaa og gledja deg over.

Marina. Kva skulde eg gledja meg over der? Eg kom etter gamlen min.

Nikita. Aa, kjære Marina! (vil ta henne i fanget).

Marina (harm). Nikita! Lat vera med slikt! Det er forbi med det. Eg kom etter mannen min. Sit han enno der inne?

Nikita. Skal ein gløyma det som er forbi? Er det so du meiner?

Marina. Kva er det vel til aa minnast? Det som er forbi er forbi.

Nikita. Og det læt seg ikkje umattgjera?

Marina. Nei — Men kvi gjekk du ut? Kva skal slikt til, at verten stryk fraa gjesterne sine, og det tilmed i eit bryllaup?

Nikita (set seg nedi halmen). Kvi eg gjekk ut? Aa, dersom du visste, dersom du visste!..... Eg er so tung um hjarta, at eg veit ikkje kvar eg skal gjera av meg. Eg reiste meg fraa bordet og gjekk min veg, berre for aa sleppa sjaa noko.

Marina (gjeng nærmare). Kva er det daa?

Nikita. Kva det er? Det er noko som eg aldri vert kvitt so lenge eg liver, kva eg so gjer. Anten eg et elder drikk elder søv, so stend det altid fyre meg. Aa, eg er so lei det heile. Og det som piner meg allermest, kjære Marina, det er at eg maa bera det for meg sjølv, og at eg ikkje hev eit menneskje til aa gramma mi sorg for.

Marina. Ein kjem ikkje sorglaust gjenom livet, Nikita. Men eg hev no graate ut, og det hev gjenge over.

Nikita. Du talar um gamle dagar, og kva som hev vore. Du hev graate ut, seier du. Aa, kjære deg, men no er det min tur. Eg sit i det her til. (peikar paa halsen).

Marina. Men kva er der daa ivegen?

Nikita. Det er det ivegen, at eg er lei og kjei av livet, lei og kjei av meg sjølv. Aa, Marina! Du forstod ikkje aa halda paa meg den gongen, og so hev me baae tvo gjenge i hundarne. Er det kanskje eit liv?

Marina (stydjer seg upptil skjolet og prøver løyna taarorne). Eg kan ikkje klaga over mine kaar, Nikita. Gud give ingen maatte ha det verre. Eg kan ikkje klaga. Eg trega mi synd og tilstod for mannen. Han tilgav meg av eit godt hjarta, og sidan hev eg aldri høyrt eit vondt ord um det. Eg hev ingen grunn til aa klaga over mitt liv. Gamlen er ein stillsleg og fredeleg mann. Eg held av han, og steller baani hans. Og han held vel ein smitter av meg. Kva skulde eg so klaga over? Gud hev vel soleis laga det. Og kva ditt liv vedkjem, — du er daa rik...

Nikita. Mitt Liv? ... Var det ikkje avdi eg traude vil skjemma bryllaupet, skulde eg ta dette reipet her (tek upp enden av eit reip som ligg i halmen) og kasta det over denne tverbjelken; naar eg so hadde laga meg ei regtigt god lykkje, skulde eg kravla uppaa bjelken, smetta hovudet inn i lykkja, og — godnatt! Soleis er det liv eg liver.

Marina. Vaarheirre hjelpe deg — kva er no slikt for snakk?!

Nikita. Du trur eg gjøner? Du trur, eg er full? Men eg er ikkje full. I den siste tid kan eg ikkje verta full desmeir. Det er sorgi, sorgi som fortærer meg. Ho hev teke so paa meg, at eg hev vorte lei og kjei av livet. Aa, kjære Marina, den einaste tid eg kan seia eg hev livt, det var den gongen saman med deg, der ved jarnvegen. Minnest du dei ljose næterne?...

Marina. Riv ikkje uppatt det gamle saaret, Nikita. Eg er gift og du med. Mi synd er meg tilgivi, og lat oss so ikkje røra meir ved det.

Nikita. Kva skal eg hugga mitt hjarta med? Kvar skal eg gjera av meg?

Marina. Kva du skal gjera? Du hev daa ei kone; so traa daa ikkje etter andre sine, men pass paa den du hev. Hev du eingong skjenkt Anisja ditt hjarta, so lat henne ha det.

Nikita. Aa, denne Anisja... ho er meg so beisk som malurt. Ho hev spunne meg inn som ei kongrov i garnet sitt.

Marina. Ja kor ho no er, so er ho daa kona di... Men kva er dette aa røe um! Gakk du helder inn til gjesterne dine og send mannen min her ut.

Nikita. Aa, dersom du visste, kor det rett heng saman... Men kva hjelper det vel aa tala um det!

(Semjon og Anjutka kjem).

Semjon (raver inn fraa tunet raud i skolten av drikk). Marina! Veslemor! Kvar er du?

Nikita. Der kjem mannen din etter deg. Gakk no.

Marina. Kva vil so du gjera?

Nikita. Eg? Eg legg meg litt her (slengjer seg nedi halmen).

Semjon. Kvar er ho so?

Anjutka. Der stend ho, onkel, der burt med skjolet.

Semjon. Kva stend ho der etter? — Marina! gakk inn i stova. Verten og vertinna ropar paa deg og bed deg visa dei den æra... Brudfylgjet kjøyrer strakst, og me fylgjer med.

Marina. Eg hev ingen hug.

Semjon. Vil du no berre gaa. Du maa daa og ha deg eit glas, veit eg. Og so drikk me for Ivan, den knikten. Kom no, vesle mor! Elles vert dei furtne. Me skal nok likevæl faa fraa oss det me hev aa gjera, (legg armen um halsen hennar og raver ut med henne).

Nikita (set seg i halmen). Aa! det hev vorte verre med meg sidan eg saag henne. Det er berre saman med henne eg hev kjent glede aa seia. Eg hev gjort meg sjølv usæl for ingen verdens ting; det er eg sjølv som hev dømt daudedomen over meg! (kastar seg aagruve). Kvar skal eg gjera av meg? Giv eg kunne søkka i jordi her eg ligg!

Anjutka (fær auga paa Nikita og spring burt til han). Far, vesle far! Dei leitar etter deg. Alle dei andre hev signa brudi. Gudfar med, hjelpe meg! Kom no inn, elles vert dei vonde.

Nikita (for seg sjølv). Kvar skal eg løyna meg?

Anjutka. Kva? Kva seier du?

Nikita. Eg? Eg seier ingen ting. Kva er paa tids med deg?

Anjutka. Far! kom no! — (dreg han i handi). Kom no inn og sign brudfolket. Du kan tru meg naar eg seier det: dei er harme og brukar munn for at du ikkje kjem.

Nikita (riv handi til seg). Lat meg vera!

Anjutka. Men kva er no det for noko?

Nikita (trugar til henne med reipet). Gakk din veg, seier eg. Eg skal gi deg!

Anjutka. Ja, so sender eg mor her ut (spring).

Nikita (reiser seg). Kor skal eg kunne gaa inn? Kor skal eg kunne ta heilagbilætet i mi hand? Kor skal eg kunne sjaa henne i auga? (legg seg att). Aa, giv der var eit hol i jordi her eg ligg, so eg kunne søkka ned i det! So var der ingen som saag meg, og sjølv slapp eg sjaa nokon, (reiser seg upp). Nei, eg gjeng ikkje inn — fanden ivald med dei! — Eg gjeng ikkje, (dreg skorne av seg og slær ei lykkje paa reipet som han kastar um halsen sin).

So skal det vera.
(Matrøna kjem. Daa Nikita fær sjaa mor si dreg han hovudet ut or lykkja og legg seg i halmen).

Matrøna (skunda seg burt til han). Nikita! Nikita! — Ein skal sjaa han svarar ikkje, dihelder! Kvar vart det av deg Nikita! Du er daa ikkje full? Kjære sonen min, gakk no inn. Folk vert reint tolmodslause av aa venta so lenge paa deg.

Nikita. Aa, kva hev de gjort med meg? Eg er slett ikkje menneskje meir.

Matrøna. Kva er no det? Kom no inn og gjev di signing som seg sømer. So kan du daa gaa din veg sidan. Gløym ikkje at dei stend venter paa deg allesaman.

Nikita. Kor skal eg kunne signa? Visst veit eg det. Men kven er det eg skal signa? Kva er det eg hev gjort imot henne?

Matrøna. Gjort imot henne? Jau det var daa noko aa tenkja paa! Det er ingen som veit det minste, ikkje ein katt. Og sjølv er ho daa viljug.

Nikita. Viljug?

Matrøna. Du veit der er otte med i spelet; men ho gifter seg daa. Og kva anna skal ho vel gjera? Det skulde ho ha tenkt paa fyrr. No er det for seint aa slaa seg vrang. Trulovarane hev helder ikkje noko aa klaga over. Dei hev set gjenta heile tvo gonger, og so hev ho daa mange pengar. Nei, du kan tru den sak er i gode hender.

Nikita. Hev du gløymt kva som ligg i kjellaren?

Matrona (lær). Kva som ligg i kjellaren? Kaal og poteter, tenkjer eg. Skal du no til att og rota upp i dei gamle greierne?

Nikita. Eg var glad um eg kunne lata vera; men det kan eg ikkje. Berre eg tenkjer paa det, so høyrer eg so livande kor... Aa, kva er det daa de hev fenge meg til?!

Matrøna. Kva skal det vera til aa gjera so mange umsvøyp! Kom ihug ...

Nikita (kastar seg aagruve). Aa, pin meg ikkje, mor! Det er reint ute med meg.

Matrøna. Du maa daa til korso. Du veit kva gysjor det gjeng millom folk, og her renner faderen paa dør, vil ikkje koma inn og er rædd for aa giva brudfolket signing ... Som ventande er veit folk aa faa det til. Berre du er fraa deg, so finn dei nok ut kva som er i vegen. Gakk stiv og kaut, so tek ingen deg for tjuv. Men tek du lauparsko for ein varg, kan du lett renna paa ein bjønn. Lat deg fram for alt ikkje merka med noko, og hald modet uppe; elles kjem dei nok paa fáret, skal du sjaa.

Nikita. Jau, det er ei rar greie de der hev vasa meg uppi! Aa du gode Gud!

Matrøna. Hald no upp med det og lat oss koma avstad. Gakk inn og gjev di signing som skikk og bruk er, so vert det ein ende paa det.

Nikita. Nei, eg kan ikkje!

Matrøna (avsides). Kor kom no dette paa? alt gjekk som det skulde; der var ingen ting ivegen, og med ein gong... Det er som det var forheksa, (høgt). Nikita! Stat upp no. Sjaa der kjem Anisja; ho hev og gjenge fraa gjesterne.

Anisja (full). Naa, vesle mor, det kan nok vera det er fagert, rett fagert. Me hev ære av dette; og folk er rett tilfreds!... Men kvar er han daa!

Matrøna. Her, baane mitt, her! Han hev lagt seg her i halmen, og ein fær han ikkje av flekken. Han vil ikkje.

Nikita (lettar paa hovudet og ser paa kona si. Avsides). Naa, ho er daa full til gagns. Det kraumar i meg, berre eg ser henne. Kor skulde eg no kunne liva saman med henne? (legg seg ned att). Eg kjem til aa slaa henne ihel, og so vert det endaa verre.

Anisja. Der skal ein sjaa han hev krope nedi halmen! Du hev nok fenge deg ein god støyt. (lær). Eg kunne nok havt lyst til aa liggja litt med deg, um eg hadde tid til det. — Kom no upp, so skal eg nok hjelpa deg inn. Kor rart det er der inne! Det er ei heil moro aa sjaa paa. Kvinfolka spelar munnspel, — jau, det kan nok henda det! Dei er fulle allesaman... Det kan ikkje finare vera... rett storfint!

Nikita. Kva er so fagert?

Anisja. Bryllaupet, eit lystigt bryllaup! Dei seier allesaman, at det er rett sjeldan aa sjaa eit slikt bryllaup. So fint og vakkert som alt er stelt. Kom no upp og lat oss fyljast aat... Um eg hev drokke litegrand, so skal eg daa nok vera kone for aa faa deg inn. (tek han i handi).

Nikita (riv handi til seg). Gakk aaleine. Eg skal nok koma.

Anisja. Kva set du deg paa bakbeini etter? Me hev no fenge ein ende paa alt vondt; tausi er me kvitt, og me hev ikkje anna aa gjera no en aa gleda oss ved livet. Alting er i sin gode orden, lovlegt og med ære ! Eg er so glad, so glad, at eg aldri kan seia det. Det er nett som eg skulde ha gift meg med deg for andre gongen. Og kor gjesterne likar seg, — Gud fader bevars! Allesaman takkar dei, og rett pene gjester er det. Der er baade Ivan Moseitch og hr. gendarmen. Dei hev daa og fenge sine lovtalar.

Nikita. So skulde du ha vore imak inne. Kva kjem du her ut etter?

Anisja. Ja, det er paa tide eg kjem meg innatt. Det er ikkje folkom likt at verten og vertinna gjeng burt og læt gjesterne vera aaleine. Og slike pene gjester som det er, allesaman.

Nikita (reiser seg upp og plukkar halmen av seg). Gakk no; eg kjem strakst.

Matrona. Oho! Eg ser, at den gauken som gjæl um notti, gjeld meir en den som gjæl um dagen. Han vilde kje høyra paa meg, men kona lystra han strakst. — Naa, kjem du so?

Nikita. Ja, paa timen. Gakk de berre, (dei gjeng, men stansar og ser seg um etter han). Gakk no, seier eg. Eg kjem strakst inn og signar dei. Gakk berre.

(Matrøna og Anisja gjeng).

Nikita (ser tankefull etter dei. Set seg ned og dreg av seg styvlarne). Javisst kjem eg. Nei leit de helder sidan etter meg paa tverbjelken. Lykkja um halsen, eit hopp, — og so kan dei seia dei hev set meg! Godt at reipet laag her. — — Andre sorger kunne ein vel sjaa verta kvitt; men denne her hev bora seg heilt inn i hjarte roti og læt seg slett ikkje riva utatt. (lyer og ser med uro burtimot huset). Er ho der no att? — (geiper etter Anisja). «Det kan nok vera det er fagert!... Eg kunne nok havt lyst til aa liggja litt med deg ...» — Uff! Den rakkarmerri! Men no kan du ha det so godt! Naar de fær meg ned av tverbjelken, so kan du liggja med meg so mykje du vil. (tek i enden av reipet og vil draga det til seg). Det er ikkje anna aa gjera.

Mitrisch (hev lege sove paa den andre sida av halmdungen; vaknar. Endaa so full han er, slepper han ikkje toget). Nei, du fær ikkje lov. Det er ingen som fær lov. Eg hev sagt at eg skal bera halmen, og so ber eg halmen, (reiser seg halvt). Nikita, er det du? (lær). Kva fan skal det vera til? Er du ute etter halm?...

Nikita. Lat meg faa reipet.

Mitritsch. Nei, vent no litt. Hev eg lova aa henta halmen, so skal eg nok gjera det sjølv. (reiser seg upp og tek til aa leggja halmen i lag; men beini vil ikkje bera han, og tilsist stuper han) Det satans brennevinet! So fekk det daa overtaket lell!

Nikita. Kom hit med reipet.

Mitritsch. Nei, du fær det ikkje, seier eg! Aa gode Nikita, du er so dum som ein hest, naar ein rett ser paa deg. (lær). Men eg held av deg likevæl, so dum du er! No trur du, at eg vil slaa meg paa flaska igjen. Men eg gjev deg død og djevel, gjer eg! Du tenkjer at eg treng deg...... Men sjaa rett paa meg! Eg er underoffiser er eg! Dit fe, du hev ikkje eingong vit til aa seia: «Underoffiser ved hennar keiserlege majestæts allerfyrste grenader-regiment.» Eg hev svore keisaren og fedrelandet truskap. Men kven er eg vel? Du trur eg er ein krigsmann. Nei, eg er ingen krigsmann, men ei fatig lus, ein stakkars skabbutt forvildra sauebukk, det er eg! Eg hev svore høgt og dyrt at eg aldri meir skulde drikka. Men no hev eg igjen gjeve meg til aa svira. Du trur kanskje at eg er rædd deg? Ja visst! Eg er ikkje rædd ein kjeft, kven det so er! Drikk eg so drikk eg! I heile fjorten dagar skal eg no renna i meg fraa morgon til kveld. Eg skal drikka en til den store gullmedalja! Alt det eg eig og hev skal updrikkast, like til krossen eg gjeng med um halsen! Eg er slett ikkje rædd ei sjæl! Ved regimentet hyvla dei meg so det knaka, for at eg skulde la vera aa drikka. Dei hyvla og hyvla....... «Vil du so la vera?» sa dei. «Neigu um eg vil!» sa eg. Kvi skulde ein vel vera rædd dei? Ser du, so er no eg. Vaarherre hev no eingong laga meg paa den gjerdi. Hev eg svore paa at eg ikkje vil drikka, so drikk eg helder ikkje; men dersom eg fyrst tek til aa drikka, so drikk eg til den blaae logen stend meg or halsen, og er ikkje rædd ei mors sjæl. Og det er ikkje lygn eg her seier, men den skire sanning. Skulde eg so vera rædd folk? Det pakket! Nei lat dei berre sjaa kva kar eg er! So høyrde eg eingong av ein prest, at det bid ingen verre skrøytar til en fanden. «Berre du gjev deg til aa skrøyta,» sa han, «vert du braadt rædd; men er du fyrst rædd folk, so kjem han med bukkefoten nett paa flekken og slær ei klo i deg og sender deg dit han vil ha deg.» Sjaa, eg er ingen mann rædd, og difor er eg so lett um hjarta. Eg blæs baade i fanden og hans oldemor! Kva kan han vel gjera meg, den purke-Mikkel? Ingenting. Vers’go (viser kukisch)[2]; lat han faa bita i den!

Nikita (krossar seg). Kva er det eg hev fyre? (slengjer reipet).

Sceneskifte.

Romet fraa fyrste vending. Stova full av folk som sit og stend som best dei kan. I kraai til høgre under skaapet med heilagbilætet og oljelamparne sit Akulina og Ivan. Paa bordet framfor dei bilæte av heilagmenner, og eit brod. Millom gjesterne ser ein Marina, Semjon, Fjøkla, ein bonde og gendarmen. Med same tjeldet gjeng upp, driv konorne paa syngja. Anisja kjem med vin som ho byd gjesterne, og ho sluttar songen.

Kusken. Skal me avstad, so er det paa tide no. Det er langt til kyrkja.

Ein bonde. Giv no taal, og lat fyrst stykfaren faa signa dei. Kvar er han daa?

Anisja. Han er her paa timen, kjære vener! Eit lite glas til. Seg ikkje nei.

Fjøkla. Det er daa og eit mirakel kor lenge det varer. Me venter og venter, og det tek slett ingen ende.

Anisja. Du skal sjaa han kjem rett no. Ein, tvo, tri, so er han her. Drikk no, kjære folk! Han kjem paa rappen. Syng litt so lenge, smaa gjentor.

Kusken. Me hev sunge alle dei visor som bid, med’ me hev stae og venta.

(Konorne og gjentorne tek til aa syngja igjen).
(Nikita og Akim kjem).

Nikita (held Akim i handi og støyter han lempeleg inn fyre seg). Vers’go, gamlen! Det gjeng ikkje, minder du er med.

Akim. Du veit, eg hev ikkje hug til slikt noko...

Nikita (til kvinfolka). Naa, hald so upp. — (ser seg ikring). Marina! Er du her?

Fjøkla. Tak no heilagbilætet og sign dei.

Nikita. Giv berre taal. — Akulina ! Er du og her?

Fjøkla. Kva nemner du dei upp etter alleihop? Um Akulina er her? Ja, kvar skulde ho no elles vera? Det var daa ein løgjen spurnad.

Anisja. Ih, du almegtige! Han er daa berrføtte!

Nikita. Far! Er du her? So ja, her stend eg. Sjaa paa meg, de gode kristne folk! her ser de meg som eg er! (fell paa kne).

Anisja. Nikita, Nikita min, kva gjer du! Aa, eg arme menneskja.

Fjøkla. Det er gilde greier!

Matrøna. Eg tenkte det nok. Han hev fenge for mykje vin. — Kom til deg sjølv! Kva tenkjer du paa? (ho og dei andre som stend unikring vil hjelpa han upp; men han stirer framfor seg, og merkar ingen ting).

Nikita. De gode kristne menneskje som her er tilstades! Eg er skuldig, og eg vil tilstaa mi synd.

Matrøna (dreg han i armen). Men er du daa reint splitter gal? — kjære godt folk! Han er forstyra i hovudet. Me lyt sjaa faa han ut.

Nikita (støyter henne fraa seg med oksli). Lat meg vera! — Høyr no, far, kva eg vil seia. Fyrst og og fremst... Marina, arme ting! Sjaa no hit. (han bøygjer seg med panna mot jordi for henne, reiser seg so uppatt). Eg hev synda imot deg. Eg lova aa gifta meg med deg, og forførte deg berre. Eg sveik deg, forlét deg... Tilgiv meg i Jesu namn! (bøygjer seg mot jordi for henne).

Anisja. Kva er no slikt for kjeringsnakk? Det høyrer slett ikkje her heime. Kjem han no der med noko som ingen spør etter! Statt no upp! Kva er dette for skam!

Matrøna. Aa, det er einkvan som hev forgjort han. Undrast paa kor no det er kome! Han er daa reint forheksa. Reis deg no. Kva skal det vera til aa røla so burt i veret! (dreg i han).

Nikita (rister paa hovudet). Rør meg ikkje! Tilgiv meg, Marina! Tilgiv mi synd imot deg, i Jesu namn!

Marina (løyner andlitet i lovarne).

Anisja. Reis deg, seier eg, og lat oss faa ein ende paa denne skammi. No skulde han til aa ripla uppatt i desse gamle sogorne. — Du hev olma deg nok no. Skjemmast maa du! — Aa, mitt arme ting! Hev han daa vorte reit tullerusk?

Nikita (støyter Anisja fraa seg og vender seg til Akulina). Det er no deg, Akulina, eg vil tala eit ord med. Høyr paa kva eg seier, de gode kristne menneskje! Eg er ein stor skarv. Akulina! Eg hev synda hardt imot deg. Far din fekk ingen naturleg ende; han vart forgifta.

Anisja (med eit skrik). Aa eg stakkars menneskja! Kva tenkjer han paa?

Matrøna. Han er daa reint fraa sans og samling. Sjaa til og faa han ut.

(Dei som stend rundt um vil leggja henderne paa han).

Akim (kjem ivegen for dei). Stopp! Stopp litt, baan, stopp litt.

Nikita. Akulina! Det var eg som drap far din. Tilgiv meg, i Jesu namn! (sig paa kne).

Akulina (spring upp). Det er berre sludder! Eg veit nok kven som hev gjort det!

Fjøkla. Kva er paa tids med deg? Sit du berre i ro.

Akim. Aa, Herre Jesus! For all den synd..

Gendarmen (til dei som stend nærmast). Tak han! Send bod etter eldstemannen og nokre vitne. Det maa førast til protokols. (til Nikita). Reis deg du, og kom hit litt.

Akim. Nei, høyr no.... kva eg vil seia .... Du der med dei blanke knapparne.... Det hastar ikkje med det. Giv fyrst tid, og lat oss høyra kva han vil seia.

Gendarmen. Sjaa du helder til du held deg utanfor det heile! eg maa taka protokol i saki.

Akim. Aa, du med din protokol! Eg seier deg, vent litt. Kva skal ein med protokolar. Det er ei høgtidsam sak her er fyre..... Mannen tilstend si synd, og so kjem du med protokolen...

Gendarmen. Kvar er eldstemannen?

Akim. Lat oss fyrst føra Guds sak til endes, forstend du, so kan du sidan koma med det andre, forstend du.

Nikita. Akulina! Eg hev endaa ei stor synd paa meg imot deg. Eg hev forført deg. Tilgiv meg, i Jesu namn. (fell paa kne).

Akulina (reiser seg fraa bordet og stig midt fram paa golvet). Slepp meg. Eg gifter meg ikkje. Det var han som kravde det; men no vil eg ikkje.

Gendarmen (til Nikita). Tak uppatt det du sa her ista.

Nikita. Vent litt, gendarm. Lat meg fyrst faa tala ut.

Akim (uppglødd). Ja, tal, sonen min. Seg alt ihop; det vil lette hjarta ditt. Skrift di synd for Gud, og ver ikkje rædd menneskja. Gud, Gud! Der er han, der uppe!...

Nikita. Fyrst forgav eg faderen, so skjemde eg dotteri, min fark! Eg hadde magt over henne ... og tilsist tok eg livet av baanet hennar.

Akulina. Ja, det er sant, sant.

Nikita (hugsprengd). Nede i kjellaren kjøvde eg baanet hennar under eit brætt. Eg sette meg paa det, so det knaska i dei smaa beini... (græt). So grov eg det ned. Det er eg, eg aaleine, som hev gjort det altsaman.

Akulina. Han lyg! Det var eg som fekk han til det.

Nikita. Forsvar meg ikkje. Eg er ingen rædd no meir. Tilgiv meg, de gode kristne folk! (fell paa kne med panna mot jordi).

Gendarmen (etter ei togn). Tak og bind han. Etter som ein ser, vert det nok ikkje noko av med dette bryllaupet.

(Sume tek belti av seg, kjem inn til og vil binda Nikita).

Nikita. Vent litt, me kjem tidsnok, (til Akim; fell paa kne for han). Kjære far! Tilgiv no du meg min stakkars syndar! Alt fraa den fyrste tid eg gav meg inn i dette liderlege levnet aatvara du meg og sa: «Gjev du fanden ein finger, so tek han heile handi»; men eg vilde kje høyra paa deg, min syndetræl, og so fekk du daa rett likevæl. Tilgiv meg i Jesu namn!

Akim (sjæleglad). Gud vil tilgi deg, min kjære gut! (tek han i fanget). Du sparde kje deg sjølv; men daa vil nok han bera over med deg og hava medynk med deg. Gud, aa gode Gud i himmelen!

(Eldstemannen kjem).

Eldstemannen. Her er daa vitne nok.

Gendarmen. Me held forhøyr med det same.

(Nikita vert bunden).

Akulina (stiller seg jamsides med Nikita). No skal eg fortelja alt som det er. Høyr no meg.

Nikita. Det er ikkje meir aa høyra no. Det er eg aaleine som er skuld i altihop. Det er mitt paafunn, mitt verk. Gjer so med meg det de vil. Eg seier ikkje eit ord meir.


  1. Det var skikk i Rusland, at brudi grét (hylte) naar ho tok avskil med sin gjentestand. Og grèt ho ikkje, tydde det, at ho vart gift mot sin vilje.
  2. Eit merkje paa vanvyrdnad; ein stikk tumefingren inn millom sleikepott og langfinger.