Myrkemagterne/Brigde
(Istaden for denne siste bolken fraa der Anisja gjeng etter baanet side 154 kan denne utgangen brukast).
Mitritsch. Jau, dei hev rent godt i seg; giv dei maa faa ein agurk paa tvert i sin hals! Og det hev gjenge likeso mykje paa golvet som i kverken paa dei, fyllebyttorne! Nei, for ein snik! Ein kan ikkje døyva han med tobaksrøyk, desmeir. Allstad like i nasa! (geispar). Aa Herre Jesus! Det er paa tide aa leggja seg. (gjeng burt til lampen og vil skruva han ned).
Anjutka (fer upp og vert sitjande). Kjære bestefar! Du maa endeleg ikkje sløkkja. Ver no gild!
Mitritsch. Kvi maa eg ikkje sløkkja?
Anjutka. Dei held slik sjau ut paa tunet, (lyer). Høyrer du? No kjem dei inn i kammerset att.
Mitritsch. Kva skil det deg? Det er ingen som hev sendt bod etter deg. Legg du deg berre til og sov, so skruvar eg lampen ned.
Anjutka. Kjæraste, søtaste vesle bestefar! sløkk han ikkje heilt. Lat det tora ein liten kjend, so pass som eit lite museauga. Eg er so rædd.
Mitritsch (lær). Haa — haa! Ja, ja (set seg burt til ho). Kva er du rædd for?
Anjutka. Aa, bestefar! Vesle Akulina hadde det so vondt. Ho laag og slo hovudet mot kista (kviskrar). Eg veit det godt. Ho skal ha eit lite. Kanskje hev ho alt fenge det.
Mitritsch. Aa du med, di vesle tisehit! Giv du faa laas for tunge! Du skal daa stikka nasa di uppi alt du. Legg deg til og sov. (Anjutka legg seg). So ja (breider over ho). So ja. For mykje visdom gjer snart gamal.
Anjutka. Vil du no uppaa omnen?
Mitritsch. Ja kva elles? — Slik ein tullunge! Ho skal no ha greia paa alt. (Breider godt over ho og reiser seg). So, ligg no still og sov. (Gjeng burt til omnen).
Anjutka. Det skreik berre ein gong. No høyrer ein det ikkje meir.
Mitritsch. Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola ...... Kva er det ein ikkje høyrer, seier du?
Anjutka. Det vesle.
Mitritsch. Der er daa ingen; kor skulde ein so høyra det?
Anjutka. Jau eg høyrde det — Gud hjelpe meg! Eg høyrde det. Plent som ei liti mus som piste.
Mitritsch. Jau, du hev noko saman høyrt. Men hev du so høyrt kor buven tok og smette ein slik liten gjentunge som deg nedi sekken sin og strauk med han?
Anjutka. Kva for ein buve?
Mitritsch. Han du veit; den fæle. (Kryp uppaa omnen). Omnen er rett god og varm ikveld. Reint sælebot! Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola!
Anjutka. Bestefar, du somnar daa vel ikkje?
Mitritsch. Kva meinte du eg elles skulde gjera? Syngja visor kanskje?
Anjutka (etter ei togn). Bestefar! Bestefar! Dei grev der ute; Gud hjelpe meg! dei grev. Høyrer du? Dei grev!
Mitritsch. Alt det ho daa finn paa — grev. Kven skulde vel grava midt um natti? Det er ei ku som gnuflar seg mot veggen. Og ho seier det grev! Sov no, seier eg, elles sløkkjer eg lampen.
Anjutka. Kjæraste søtaste vesle bestefar, sløkk ikkje! Eg skal ikkje meir høyra etter. Men sløkk berre ikkje. Det er so fælt.
Mitritsch. Fælt? Ver du berre ikkje rædd so er det ikkje noko fælt i det. Det er berre naar du sjølv er rædd og seier det er fælt, at det er fælt. Kor skal det ikkje vera fælt naar du sjølv er so rædd? Du er ei lita tulle er du.
Anjutka (kviskrar). Bestefar! Bestefar! Søv du alt?
Mitritsch. Kva er det no att?
Anjutka. Kva var det for ein «buve» du tala um?
Mitritsch. Jau det skal eg seia deg. Der det høver med ein tullunge som deg, der kjem han med sekken sin. Ein tvo tri — vipp! — so hev han gjentungen i sekken; so spring han sjølv etter, radt paa hovudet, og so piskar han laust paa berre kroppen.
Anjutka. Kva piskar han med daa?
Mitritsch. Aa, han tek vel eit ris.
Anjutka. Men han kan daa ikkje sjaa det nede i sekken.
Mitritsch. Ver du trygg. Han ser nok det han skal sjaa.
Anjutka. Men so bit eg han.
Mitritsch. Nei, fluga mi, det læt du nok vera.
Anjutka. Bestefar, der kjem einkvan! Kven er det? Aa Herre Jesus, kven er det?
Mitritsch. Kjem det nokon, so lat dei berre koma. Det er vel mor di, tenkjer eg.
Anisja. Anjutka? (Anjutka læst sova). Mitritsch?
Mitritsch. Kva er det?
Anisja. Kva brenner de ljos etter? Me legg oss no me der inne.
Mitritsch. Eg vart fyrst no ferdig. Eg skal nok sløkkja.
Anisja (rotar i dragkista). Naar ein hev bruk for eitkvart, kan ein aldri fir ma det.
Mitritsch. Kva leitar du etter?
Anisja. Ein kross. Det maa daa døypast. Gud forbjo at det døyr fyrr det vert døypt. Det vilde daa vera stor synd, veit eg.
Mitritsch. Ja det er visst. Ein maa gjera som skikk og bruk er ... Fann du det?
Anisja. Ja, her er det (gjeng).
Mitritsch. Det var godt. Elles kunne eg gjerne ha gjeve henne mitt. Aa, Herre Jesus!
Anjutka (spring upp, og skjelv over all sin kropp). Aa, bestefar! sov ikkje! For Guds skuld! Det er so fælt!
Mitritsch. Naa, kva er det?
Anjutka. Eg trur plent det døyr. Mosyster Arina fekk og eit lite som bestemor døypte; det med døydde.
Mitritsch. Døyr det so vert det nok jorda. Kva er det so meir?
Anjuika. Men eg trur ikkje det døydde um ikkje Matrøna var der. Eg høyrde nok kva ho sa; misann!
Mitritsch. Kva høyrde du? Vil du no berre sjaa til og sova, seier eg! Smett hovudet ned under aaklædet, og lat so det vera godt.
Anjutka. Fekk det liva, so skulde eg visst stella med det!
Mitritsch. Aa Herre Jesus!
Anjutka. Kvar gjer dei so av det?
Mitritsch. Det kjem nok dit det skal; syt ikkje. Sov no berre, seier eg. No kjem mor di strakst, — ho skal gi deg, kan du tru!
Anjutka (etter ei togn). Den vesle gjenta du fortalde um nyst, henne slo dei daa ikkje ihel?
Mitritsch. Naa, ho? Nei, ho kom godt fram.
Anjutka. Kor var det so, bestefar, du fortalde at de fann henne?
Mitritsch. Me fann henne — rett og slett.
Anjutka. Ja, men kvar? Fortel.
Mitritsch. Jau, me fann henne der i eit hus. Me kom inn i landsbyen, ser du. Soldatarne traska um og nasa inn i kvart hus, og der saag me so den vesle ungen. Ho laag velte seg paa magen, og me skulde nett til aa gjera det av med henne. Men med ein gong vart eg so rar i hug. Eg vilde ta ho paa armen, men sjaa um ho gav seg! Ho gjorde seg so tung som ein stein og haka seg fast med henderne i alt det ho berre kunne faa fatt paa, so eg nær aldri hadde fenge rive henne laus. Endeleg fekk eg henne daa upp og gav meg til aa klappa henne paa hovudet. Ho var so skurvutt som eit pinnsvin og skreik alt det ho orka; men eg klappa og klappa, og tilsist vart ho roleg. Eg bløytte ein kavring og gav henne. Jau det forstod ho daa, og gav seg til aa gnavla paa han. Kvar skulde me gjera av henne? So tok me henne med oss. Me stelte og passa henne, og ho vande seg so til oss at ho fylgde med oss heile tidi so lenge ufreden varde. Jau, det var ein nett liten unge.
Anjutka. Men ho var daa ikkje døypt ?
Mitritsch. Det er ikkje godt aa seia. Eg trur nok ikkje sodan regtigt; for ho var ikkje av vaare landsmenn.
Anjutka. Kanskje var ho ein tyskar?
Mitritsch. Jau visst! Ein tyskar! Nei ingen tyskar, men ein asiat. Dei er plent som jødar, Eg gjen Ho halse Ja sli gav m tok seg kom go
Anjutka. So so bestefar, eg hugsar daa far døydde, du budde kje med oss daa. Han ropte Nikita til seg og sa til honom: «Nikita, Nikita, tilgiv meg», og byrja grete (sukkar). Det kjenst so trist
Mitritsch. Jau, der no, so er det....
Anjutka. Bestefar, bestefar! Der er det støy i kjellaren igjen! Aa milde himmel! Kjæraste kjæraste, søtaste bestefar! Dei skal gjere noko med det!
•) Kurder, eit kaukasis dei hev ilt fyre med det vesle. Dei tek livet av det. Og det er so lite, — aa! (stikk hovudet heilt ned under aaklædet og grat).
Mitritsch (lyer). Jaggu hev dei einkvar fensdomen fyre, — skam faa dei! Dei satans kjeringarne! Dei kan daa aldri dy seg. Ille nok naar manfolk gjev seg av med slikt; men naar fyrst kjeringarne kjem med i spelet .... dei er som ville dyr; dei er ikkje rædd for nokon ting.
Anjutka (reiser seg heilt upp). Bestefar, bestefar!
Mitritsch. No, kva er det?
Anjutka. Her um dagen kom det ein mann som laag her um natti. Han fortalde, at naar eit lite barn døyr, gjeng sjæli beint til himmelen. Er det sant?
Mitritsch. Det skal Gud vite. Det er rimelegt nok. Kvi spør du um det?
Anjutka. Jau, for so var det godt um Vaarherre vilde taka meg (græt).
Mitritsch. Tek Vaarherre deg, so er der berre ein mindre av din likje.
Anjutka. Fyre tiaarsalderen kan sjæli gaa beinast til Vaarherre; men sidan vert ho utskjemd, ikkje sant?
Mitritsch. Jau, det kan nok vera! Kor skulde vel du og slike ikkje verta utskjemde? Kven er det vel som lærer dykk noko? Kva ser elder høyrer de vel anna en det som ikkje dyer? Eg er ikkje mykje uplærd eg helder; men eg veit daa altid noko, og um eg ikkje just er so stiv i min lærdom, so veit eg daa meir en ei bondekjering fraa landet. Kva er vel slik ei bondekjering for noko? Det reine stakkarsting — ikkje anna. Det er mange millionar slike her i Rusland; men alle er dei so blinde som moldvarpar og veit ingen verdens ting. Ja, kor ein skal pløgja kopesten ikring[1] elder doktera smaabaan med hønselort og gjera alskens heksekunstar, det hev dei god greie paa.
Anjutka. Ja, mor hadde meg og ut til hønsi daa eg var sjuk.
Mitritsch. Ja det er tingen, er det. Der er mange millionar av dykk kjeringar og gjentor; men alle er de som ville dyr i skogen. Naar de døyr, er de akkurat like kloke som daa de kom til verdi. De hev korkje set elder høyrt nokon bidige ting. Ein bonde høyrer daa altid eitkvart, anten det no er i vertshuset, elder som høva kan, i slaveriet, elder som med meg, i soldaterlivet. Men — ei bondekjering! Ikkje nok med at ho ikkje veit noko um Vaarherre, ho veit ikkje greie paa fredagarne dihelder. Fredag er for henne berre fredag[2], det veit ho ikkje. Jau desse bondekjeringarne! Det er plent som blinde hundekvelpar som ligg rotar paa ein sorpdunge og kjøyrer snuten nedi lorten. Dei forstend ikkje anna en aa gaa gaula paa sine dumme visor: Hei, hohoho, hoho[3] ... Men kva er so «hoho»? Ja. det veit dei ikkje sjølve.
Anjutka. Eg veit kor «Fadervaar» byrjar, bestefar.
Mitritsch. Ja, du veit mykje, veit du! Men ein kan daa helder ikkje venta meir av dykk. Kven er det vel som lærer dykk noko? Det skulde vera naar bonden er full, kanskje, at det kan stikka han aa fortelja dykk eitkvart med enden av svipeskaftet sitt. Det er all den lærdom de fær. Gud vite, kven som skal staa til svars for dykk. Naar læregutarne ikkje gjer sine ting rett, so maa underoffiseren svara for det; men kor det gjeng med dykk, er det ingen, slett ingen som kan svara for. De kvinfolka er som ein skurvutt saueflokk som inkje tilsyn hev, eit dumt folkeferd, eit av dei aller lægste i rekkja, rett eit erkedumt folkeferd.
Anjutka. Men kva skal ein gjera med det?
Mitritsch. Ein kan gjera med det kva ein vil. Breid du no godt paa deg og sov! Aa Herre Jesus!
Anjutka (spring upp). Bestefar! Det er einkvan som skrik der ute. Det er reint gale. Gud hjelpe meg! Det er einkvan som skrik. Aa kjæraste bestefar! Dei kjem her inn.
Mitritsch. Breid du berre paa deg, seier eg! Stikk hovudet nedunder kaapa.
Nikita. Kva er det de hev gjort med meg? Kva er det daa de hev gjort med meg?!
Matrøna. Drikk litt vin, venen min! Drikk litt vin. Kva tenkjer du paa?! (fær tak i ei flaske vin og skjenkjer i eit glas som ho set fram for han). No, drikk so.
Nikita. Send det hit! kanskje kan det dvelja tankar ne.
Matrøna. Tal ikkje so høgt. Dei søv ikkje alle enno. (sender han glaset). Drikk so.
Nikita. Kva er det? Kor kunne de finna paa slikt noko? De kunne daa ha fenge det inn einkvan stad.
Matrøna (kviskrar). Sit no her du og drikk eit glas til, elder røyk litt. Det spreider tankarne.
Nikita. Aa, mor! Eg kjenner det like inn i hjarteroti. Eg er ikkje menneskje meir, sidan eg høyrde kor det piste, og kor dei smaa beini knaska under meg ..... Aa!
Matrøna. Naa, kva er det no du der kjem med! Sant nok, nattes tider er det ikkje spøk aa ha med slikt aa gjera. Men berre det no ljosnar, so kveikjest du nok uppatt. Berre det gjeng ein dag elder tvo, skal du sjaa det er ute av tankarne. (gjeng burt til han og legg handi paa oksli hans).
Nikita. Lat meg vera! Kva er det de hev gjort med meg?
Matrøna. Kjære guten min, kva stend paa? (tek han i handi).
Nikita (riv handi til seg). Lat meg vera, seier eg! Eg slær deg ihel! Eg bryr meg ikkje um noko no meir. Eg slær deg ihel!
Matrøna. Vaarherre bevars kor upskræmd han er! — Naa, gakk so og sov.
Nikita. Kvar skal eg gjera av meg? Nei det er reint ute med meg!
Matrøna (rister paa hovudet). Aa Herregud! So vil eg gaa ut daa og rydja upp. Medan kjem han litt til ro, og so gjeng det nok over. (gjeng).
Nikita (sit med andlitet i henderne. Mitritsch og Anjutka ligg stille og torer ikkje leda paa seg) Det kvin og pister .... ja, ja, det pister ..,.. høyr, høyr berre! Og no grev ho det ned!...... (spring aat døri og ropar ut). Mor! grav det ikkje ned; det er daa livande!.....
Matrøna (i døri; kviskrar). Vaarherre vere med deg! Kva tenkjer du paa? Kor skulde det vera livande no? Du hev daa masa det so smaatt som gryn.
Nikita. Lat meg faa meir vin! (Matrona slær i aat han; han drikk).
Matrøna. Legg deg so, kjære sonen min! Du skal sjaa at du sovnar no.
Nikita (fer upp og lyer). Nei, det liver enno .....høyr! det pister og kvin .... Høyrer du daa ikkje?......Høyr! Det liver .....
Matrøna (kviskrar). Slett ikkje!
Nikita. Aa, mor! Det er ute med meg. Kva er det daa de hev gjort med meg?!... Kvar skal eg gjera av meg?! (raver ut or stova. Matrøna renner etter).
Anjutka. Bestefar! kjæraste, søte ... dei hev teke livet av det!
Mitritsch (hardt). Sov, seier eg. — Giv du faa laas for munnen din! — elles skal eg gi deg av riset. Sov, seier eg!
Anjutka. Bestefar, gode venen min ... Det er einkvan som dreg i meg ... med sodan kalde labbar! ... Bestefar, min eigen gode engel! Lat meg faa koma uppaa omnen til deg. For Guds skuld, lat meg faa koma upp til deg ... Det dreg og slit i meg ... (skrik) ... Aa-aa! (sprett upp og kravlar uppaa omnen).
Mitritsch. Kor dei hev skræmt upp baansungen, dei satans beisti, — skam faa dei! Naa kom so upp daa!
Anjutka (kryp upp). Du maa kje gaa fraa meg.
Mitritsch. Kvart skulde eg vel gaa? No, kom so her inn til meg ... Aa, Herre Jesus! Barmhjartige Mikola Heilage Guds moder... Kor dei hev skræmt upp gjentungen! (breider over henne). Den vesle tussa... Skræma henne soleis ,.. Jau, dei skulde rett ha, det styggetyet, — giv dei maa faa ein agurk paa tvert i sin hals!