Hopp til innhold

Lærdølidn o Kungensteniste

Fra Wikikilden
Det norske Samlags Forlag (s. 70-72).

Mor mi va uppali paa Reie; hona døydde, daa ho va ein till tølv Aar paa fjorde Tjue, o no æ dæ 40 Aar sia mæ; men hona fortelde dæ, at i hennar Uppvekstre kom dæ farandis ein Jengeral skulde paa Øyre o truge Lærdølidn te blia skrevne. Fere den Ti hadde dei rae vøre kvitte Kungenstenisten; men so tytte Kungen, at dei borde tene hono dei mæ, so væl so are, o gjorde so dena Jengeralen sta skrive dei; men dei sette lykt upp mæ hono o toko te Slutt te danse o kruke ikringo han. Ein taa dei sprækaste spente jamvæl Hatten taa Jengerale sjøl. Daa tørde han ikji anna, han slo se i Blimæle mæ dei o løvde dei dæ, at han vilde hjølpe dei te, so dei kunna sleppe koma i Lag mæ henne „Blankemari“. Soleise slapp han heilskapa ifraa dei. Dæ va sakte kji lang Snerta, før han kom atte mæ ein Reig mæ Kungenskara. Daa kvilte dei der paa Reie; dei dansa der um Natte o heldo ulagle Leven. Ein eitte Aslag-Ola – han høyrde heime austi Haugo – va so glup te flaskre o danse o so spræk o lett te spenne Hallingkast, at Jengeralen tytte væl um han o leigde han mæ se te Garnison. Han vart soleise mæ dei nordover. Dæ va nokk ein Slags Kjøreveg paa Lag igjøno Bygde her i dei Tien, før e minist han sa dei laut spenne seks Hesta fere Krutvogne, før dei fingo ho upp Uldalsbakkin. Den Ti dei komo te Lærdal, skoto dei Eld i ei Skarveløo, so raakte te staa langt upp i Bergo. Daa vørto Lærdølidn rædde: dæ small noko anna ette Kanono, en ner Bøndadn klakka o skøto mæ Dundrebyrso seno. Dei so hadde børe se styggast aat, vørto sette i Straff. Sia to Jengeralen so mange te Kungenskara, so han tytte um. D’æ rae lite vært gapa imot Laavedøren. „E trur, dæ ha vore bere, me ha gjeve uss trast,“ sa han ein Lærdøl te Kjeringen sinnar, daa han kom heimatt um Kvelden o sa taa, kost dæ hadde gange paa Møte. – „O ja, du ha no rae vore ei Gofjotta du,“ svara hona; „men me ha helda skulja gangi upp i Bergi o rudla ihel mange Tusen taa dei. Dæ ha vøre likar, me ha kjempa te Bloe ha gangi te Knes, en gjeve se for slike Kara!“ – Ho va mota den Sugga.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.