Hopp til innhold

Kleppebudeia som vart inn-tikjin

Fra Wikikilden

Kleppebudeia som vart inn-tikjin.

Ein Gong vart de inn-tikjin ei Budeie i ein ’taa Kleppe-Gardom. Ho va i beste Jent-Aarom sine og kaar einaste Lourdags-Kvell ha ho Guten sin hjaa se, som Skjikk og Vis va. Men kaa detta va for ein Gut, va de ingen, som kunde faa Greie paa; di andre Ong-Karann i Grend’n rotta se ihop og vilde freiste aa gjæte han upp um Lourdags-Kvelldann, døm sprang ette ’om, allt døm orka og naagaa meir, den eine Gongen ette di andre – men aa naa honom, de va som aa taakaa Fugel’n i Ve’re. De va mest som døm skulde sprongje ette ein Skjuggje og døm kunde ikje utgrunne, kaa detta va te Kar.

Best de va, vart Kleppe-Budeia søkkjande burte ei Natt; allt døm leitte og allt døm sporde og grov, saa gjorde døm korkje saag hell høyrde de minste te henne meir. Ho lout ha vorte inn-tikjin, de kunde ikje ha se paa annor Gjerd.

Eitt Aar ette, kom de ein framon Kar inn-i Gard’n paa Kleppe ve Avdaagaas-Leite[1] um Kvell’n og senda Bo inn aat Kjeringen, at han va fælt nødd um, aa faa taalaa ve ho trast. Kjeringje gjekk ut aat ’om og Ærende hans va, at han vilde faa ho te Ner-Kono[2] aat Kjeringen sine, ho ha nyst faatt baan-illt[3] og va hardt laak. Kjeringje ba se onda meste, ho va go-te, men denna Framonde høyrde ikje Nei og han gav se ikje, førr ho laavaa ut, aa vera me. Han ha upp-sala Øyk staa-ande te-rei’e og Kleppe-Kjeringje steig i Sal’n paa Vaag og Visk, for denna Mann vilde likesom ikje ut me korkje kem han va, hell kaar han budde. Da Kjeringje ha sett se upp, tok han som eit stort Turklæ og sløngde upp-ivi ho og no visste ho ikje ’taa nugun Ting, førr dom va kome inn-i ein stor Sal og der va de saa fint og blankt, baade høgt og laagt, at de berre glema og skjein ’taa kaar Ting. Men onderle døle[4] og tongt va de, inne der, og Kleppe-Kjeringje bar te ottast, at de va aat di Onde-buandes ho ra kome. Bar’seng-Kjeringje laag i ein Kaavaa for se sjøl og bar se ille i Baan-Ri’om. „Ho har de nok hardt,“ sa Kjeringje. „Ja; du kjenne ho nok førr, du,“ sa Mann og lette upp Kaavaa-Døre. Og kem va de, mena døkk, som laag der, a’an hell Budeia, som vart burte paa Kleppe den førre Vinter’n?

Baan-Eiga sto baade snøggt og væl av se, antell de vart Gut hell Jente, ha nok Kleppe-Kjeringje gløymt aa fortalt. Da Bar’seng-Kjeringje fekt Maal og Tal for se att, sa ho: „naar du no ska gaa att, saa lyt du passe paa aa skjote deg bakum Døre, kvassast du kann, for du kan vera viss paa, at Mann min skjyt ette deg me Solve[5] me saamaa du kjøm over Dørstokken. De er ikje ’taa Illo[6], han gjere de, men han kan ikje brote Arte, ser du.“ Og saa kunde ho fortelja, at ho ha’ de framifraa godt i alle Maate og at Mann henna va baade go-lynnt og snill, rae og stødt.

Da Kleppe-Kjeringje gjekk att, gjorde ho som Bar’seng-Kjeringje ba ho – me di saamaa ho tro ’taa Dørstokkje, skout ho se te-sies bakum Døre. Og i saamaa Stonn kom Solven ette, reint kvit- gloandes saa Gneistann freste. „Raakaa eg deg?“ sporde Mann. „Nei, va-de-se-likt!“ svaaraa Kleppe-Kjeringje. „Aa de va rettele bra!“ sa han. Ute sto Hesten me Sale paa og venta, Kjeringje sette se upp att og saa sto døm i Garde paa Kleppe i saamaa Ri’n. Mann takka saamykjy for Hjolpe og da døm skjøldes fekk Kjeringje ei stor, stout Sylvkanne, breddande full me Heil-Pening[7]. Og um Maargaan ette, da Budeia kom ne-i Fjose, sto de ei framon, vakker brand-siot Ku paa ein Baas, og den Kue sto me grønt Høy i Baase te kaar Maargaa saalengje, ho livde paa Garde.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. Avdaagaas-Leite: naar Dagen er burte.
  2. Ner-Kono: Jordmor.
  3. baan-illt: baan-sjuk.
  4. døle: gjøymd, løynt.
  5. Solv: Lime.
  6. Illo: Vondskap.
  7. Heil-Pening: Sylvdale.