Kleppe-Brørann
Den eldste heitte Tjøstol og den yngste Ola og døm va Syninn hans Jo Sygard Kleppe i Sjaardale; han Tjøstol va fødd 1694 og han Ola 1697. Han Tjøstol, som eldst va, fekk Kleppe, men paa han Ola fall de ikje nogor sjøl-eigandes Jord i Arv, og difor bygsla han ein Plass onde Garde som kallas Braatan og fløtte dit de Bele, han gjifta se. Den Gongen va han berre ong, men han va allt ein namnspord Reins-Skjyttar og Folk kalla han berre Skjyttar-Braatan; Heimen hans fekk saamaa Namne for aa skjølja han fraa ein a’an Heim me saamaa Namne. All si Ti’ va de Vei’ing og Fisking han Ola dreiv paa for de meste og de ser ut te, at han ha berga se ette Vonom, hjolp ikje de ha vore eit gomolt Ord, at de bli ingen Skjyttar rik.
Bror’n, han Tjøstol, va ou glup Reins-Skjyttar og va i Fjelle naar han saag se Lei’[1] for di, men ette han fekk Gard’n vart de mindre me Ti’ for ’om, maa’ta. Baae Brørann va føre og sterk-vuksne Kare, men han Tjøstol va no Ruggen sjøl og va naagaa utu-lagje baade paa Vokst og i Magt. Han va ikje grovt høg, men saa tjukk-vukse og lem-drug, at han saag ut som ein Jutul, reint ut Jutulmagt va de i ’om ou, og den Ti’e, han va i sine beste Aar, fannst de ikje Kar i heile Vaagaabygden, som ba Bo mæle se ve ’han i Magt.
De va alder godt imillom desse tvo Kleppe-Brørom ette de lei’ saa langt, at han Tjøstol fekk Gard’n; de kan hende, han Ola tykte, de fall i mindste Lage te Arv paa se ou, og saa va no han Tjøstol ein grov Hardhouse, som vilde baade gjera de, han sjøl vilde og seja de, som forr ’om kom. Aa setja se upp imot ’om, va alder bjoande te, for disom han vart sinnt aatte han korkje Vet hell Aagaa, og de ha sagte han Ola vore ute for, maa’ta. Kaarles de va, saa ha han no misst all Go-Hog for ’om Tjøstol og difor nemnde han ’om alder me anna Namn hell „Styggemenneskja“. Men mea’ døm va reint i Ongdomme baae tvo, kunde døm følgjast i Reinsfjelle summe Gongo og de er ikje sport, at de da va naagaa obytt imillom døm.
Døm fylgdes nord-me Russvatne Eingong og ein Dag skout døm tvo vaksne Bukke og ein Kalv. Døm ha staa-ande Baaten langt nord-me Vatne og no vilde døm bera Reinsdyre, slike døm va, utu Fjelle og ne-i Baaten, saa fekk døm flaa og lema sonn sø-i Bu’n ve Osen. De va eit drugt Stykkjy ne-aat Baate og de vilde nok bli kjei’e Børde, men da døm ha faatt kaar sin Bukk paa Ekseln, sa han Tjøstol: „ska han liggje att, denna Jongjin, no, da?!“ Nei, dime faataa han Kalven og fekk sløngt hann uppaa se, ou, og bar baade Bukken og Kalven ne-i Baaten. Ein a’an Gong skout døm ein avraa’e stor Bukk i Fjelle trast nora-aat Bessvatne og der va de ikje annor Lei’ aa faaraa, hell upp Besseggen og sø-over Vetlfjelle. Men i Sta’n for aa flaa Bukken og byte Kjøte imillom døm, tok han Tjøstol han paa Nakkjin, heil og heldin som han va, og let han Ola gaa firi me Rifflom deres – sjøl rugga han upp-ette kvasse Eggje me di store Bukkje paa Ekslom! Han vart nok varm onde Børd’n, lell, Tjøstol-Guten, da han kom upp-igjønom Eggen eit Stykkjy; han taalaa um denna Ferde deres han Ola, summe Gongo, og da sa han stødt: „eg ha ikje tykt Synd i Styggemenneskjun meir hell einn Gong og de va, da han bar ein vaksin Bukk upp-ette Besseggje; da eg saag att-ende rouk de upp-me Trøy-Kraagaa hans som utu eit Tør’stugu-Glugg!“
No va nok Skjyttar-Braatan sjøl saa magtog Kar, at de va ikje mange, han va redd aa gaa ei Kule me, naar de kniptes, men Magte hans Tjøstol ha han nok ikje eingong Hal’te ’taa og saa va han full hell ikje saa stri og hogg-fos som hann. De va Ting-Sta’ paa Toulsta den Ti’e og te Tings lout alle, som de va naagaa Liv i, antell døm ha naagaa aa gjera for Rette hell ikje. For der va de Kjenninge aa raakaa baade inna’-bygdes og utta’-bygdes og der vart de handla me Garde og Jord-Eigo, me Hest og me Fe og Kjøpskaale vart drukkje. Kleppe-Brørann va stødt ting-røkne[2] Kare og jemnan lagdes de te, at døm ha einkoms Erend dit ou, baae tvo. Vissa va Braatan saa lei i Kjeffte, at han va stemnd te-tings Gong paa Gong og fleire Vendo fekk han saamaa Erende han Tjøstol. Døm va styggt ovørdne i Kjeffte baae, men han Ola va verst, for han va saa lentog me di att-aat, at Snei-Orde hans gjekk Mann-imillom Bygde umkring, difor beit døm illt, maa’ta, og mange ’taa døm livi den Dag idag.
De va eit Saamaar-Ting paa Toulsta i 1740, va de visst, og der møtte baae Kleppe-Brørann for Rette, den eine um ein Øykje-Handel de va klaasot[3] me og den andre for ovørde Kjefft-Bruk. Da Tinge va slutt um Eftan sat de att naagaa Folk i Tingstugun og ha Dramme forr se; de va fleire Døvre me der, og nogre ’taa døm skulde vera slike Rugge, at døm ha Hog te aa yppe se, naar de kunde felle se. Og døm leit saa godt paa se, at døm ikje tenkte aa smuge for ’om Tjøstol Kleppe hell, um de galdt paa. Men te aa begjynde me, va de lugumast aa øve ivegen me ’om Ola Skjyttar-Braata, baade va han toygare ’taa se og saa va han no ikje Hal’ta saa evlog. Døvrann sat inna’ Borde i Tingstugun og ha skjenkt ’om Ola ein Dram og da den eine Æra gjere den andre fal, ha han flitt døm Snus-Hønne sitt paa ein Umgang Snus. Men no vilde døm ikje kaamaa att me Snus-Hønne hans; han freista taakaa de att me Magt, men han kom ikje fraa di. Kleppe-Brørann va ferdoge te aa gaa fraa Tingje og han Tjøstol sto heldt i Døra-Klinka og venta paa han Ola. Da han no saag, at han Ola ikje orka taakaa att Snus-Hønne sitt, gjekk han fram-aat Borde og sa aat ’om: „slepp meg te me døm, eg kunde snart vera mest-som be’re go-te døm eg, kanskje!“ Me di saamaa ha han upp Haande og la te honom, som ha Snus-Hønne. Te all Lykke skjænte[4] Dasken paa Naasaa hans saa Tingborde tok de meste, men lell fekk Døvrin saapass, at han datt onde Borde – ha han faatt heile Smell’n i Hugue, trudde døm, han ha vorte liggjande dou ette. De synte i Borde som ette ein Grevs-Haamaar saa lengje Borde va te.
Paa Kleppe ska de enno i Kjellar-Takje liggje att naagaa ’taa ei Døra-Helle, han Tjøstol bar paa Ryggje fraa Tro-Dale, langt ne-i Jorde, og upp-i Gard’n paa Kleppe. Da han kom mest upp-aat Husom me henne, va de ein Fant-Gut som sporde, um han skulde faa hengje se paa og me-saamaa hengde han se fast øvst i Hell-Kante saa han Tjøstol fekk bera Guten att-paa. De va elles ikje sjaa-ande te, at de gjorde ’om Tjøstol naagaa, for han gjekk like bein, men da han kom fram-aat Stugu-Dør’n tverr-sleppte han Hella ne-i Markje og de va summe som meinte, at han Tjøstol ha vore like sæl um Guten ha vorte onde, men han va saa brennandes kvass te aa sløngje se ’taa, at han slapp ska’eslous. Denna Hella va baade saa vid og tjukk, at ingen kunde tru, at eit Menneskje ha bore ho. De va ikje Gjerd paa Magten hans Tjøstol og di Gamle ha de te di, at de alder ha funnes saa sterk Kar i Vaagaabygden, korkje førr hell sia’.
Kleppe-Gardann laag i Teig-Byte i Gamle-Daagaa som døm no gjere enno, og paa den Visen kann de lett-gjort bli Tvi-Drag um Inkortsande[5]. Eingong, ette han Tjøstol va ein te-komin Mann, va de ein ’taa Gutom paa Nordigard som vilde fløtja eit Vatnar-Vatn[6] ette sitt eigje Hugu. Men da ropte han Tjøstol aat ’om: „røyve du Vatne, Gut, saa ska eg taakaa ut Tarmann paa deg me eitt Grep, de ska eg de, de ska eg!“ og ette di let Guten de vakkert vera som de va førr. Han ha denne Gjerde me aa tvi-taalaa[7], han Tjøstol, vissa naar han vart sinnt, „de ska eg de, de ska eg“, „de fekk eg de, de fekk eg“.
Kjeringje hans Tjøstol heitte Umbjør og va kome fraa Nordigar-Holbø i Sjaardale; ho dø hell ong i 1738 og ha att 5 Bon ette se, Jento alle fem og den eldste va berre 13 Aar. Han Tjøstol va berre 44 Aar da han vart Enkjemann og me Gards-Brukje bar de te aa kaamaa paa Hell for ’om. Han drakk ofte og lout jemnt bøte for Kjeften sin og Skjoting og Fisking ha han meire Liv for hell Gardsdrifte. Aare ette han misste Kjeringje fekk han ein Lous-Ongje og for de sto han Skrift i Vaagaa-Kjørkjun, de va enda mea’ han Herman Tresko[8] va Prest i Bygden. De heldt paa aa tok reint Av-Loup me Utkommun hans Tjøstol, men da eldste Dotter hans, ho Ragnhil, vart 16 Aar gomol, vart ho gjift me ’om Ola Paalson fraa Toulsta, Son aat Dragonlutnane. Detta va i 1741 og saamaa Aare ga han Tjøstol fraa se Gard’n aat Ong-Folkom og tok se ut ei medels Fø-Raa’. Han leit nok ikje rettele væl paa Verson sin og difor ha han di Firi-Orde i Føraa’s-Breve at han vilde ha Rett te, aa gjera som han vilde antell han vilde taakaa Fø-Raa’e ut, hell han vilde gaa i Brø’ me ’om Ola, men antell han gjorde de eine hell de andre, skulde han te kaart Aar ha 3 Tynno Konn „til Tobak og til Drikke“. Og no, ette han kom paa Fø-Raa’, laag han mesta i Fjellom og fiska og skout um Somrann, for Fjell-Hogen ha han saa sterk, at han alder gjekk utu ’om.
Verson hans Tjøstol va ein snill og go-lynnt Mann som ha godt Lag te aa laagaa se me ’om. Da han Tjøstol vart naagaa te-aars, vart han laak te aa sjaa og sist vart han reint blinn. No va Ongmann ein lett-liva Kar, som gjenne gjorde Moro og ette Gamlin vart blinn, va de summe Gongo han narra han te, aa bruke Magte si. Eingong kjørde han utt-um Vegen eit stort Beit-Lass uppi Vetahougje saa de volt ikoll, gjekk saa ne aat Gamla og ba han hjolpe se aa taakaa de inn-paa Vegen att. Lasse va saa stort og tongt, at korkje tvo hell tri full-vaksne Kare ha orka aa tikji de upp att Ja, Gamlin va saa troskjyldog, at han va me, men han Ola lout lei’e han uppi Vetahougen. Da han fekk se godt Tak velta han Beit-Lasse uppaa Vegen einsle, for han Ola bou ikje eingong te aa hjolpe te, han. Men de va eit slikt Tak, at de va reint kjøle aa sjaa de. Ein a’an Gong kom han Ola fraa Kvenn me ei stor Mjøl-Hit paa Ryggje; den sleppte han ne-i eit smalt Kjer og hard-stappa me Mjøl ronnt umkring te ho sat saa fast, som ho skulde sute i Bergje. Der skulde Gamlin faa freiste Armann sine, tenkte han, gjekk inn aat ’om og bar se ille for, at Mjøl-Hite vart sitjande saa fast, at han fekk ho ikje upp att. Gamlin gjekk me burti Stabbure, men han gat um, at han skjøna ikje kaa de kunde vera te Mjøl-Hit. Da han ha trevla se burt-aat Kjere og fekk Tak i Hit-Munna, tok han i einn Gong, men ho røyvde se ikje, nei da beit Sinne han og han tok i me all si Magt og – sleit nye Skjinn-Hite tverrt av. De va ofte Karann paa Garde narra han Tjøstol te aa bruke Magte si, berre for døm tykte de va eit Spir aa sjaa, kaa umog’le sterk han va. De va ein gomol Husmann onde Kleppe fraa ein Plass heite Jukul’n, ein utu-maata stor, tong Rar. No va han i Legd paa Garde og ein Kvell ha Karann funne paa, aa bonde Jukul’n fast i Omn-Jønne og ba Gamlin aa ha han paa Døre, kaa Aarsak de no va døm fann paa. Han Tjøstol leita se fram i Omn og fekk Tak i Jukulle: „Jukul’n er tong, de er han, men ut ska han, de ska han!“ sa han. Men Galningann va gla’e døm fekk løyst Mann utu Omn-Jønne att og de kvasst ou, for elles trudde døm han ha sliti han i Fillo.
Ei Rengje og eit sterkt Beist fraa ein ’taa Sambu-Gardom, kom inn paa Kleppe midt paa Natten og vilde endele taakaa Tak ve han Tjøstol. Sambu’n va full og sinnt, for han ha Eingong havt ei Sak me ’om Tjøstol, og han dondra og slo og heldt slikt Hus, at de va ikje likt te naagaa. Gamlin reiste se i Sengen og bar te aa tumme paa se Brokje: „kjøm eg upp, kjøm eg, og fær paa meg Brokje, fær eg, Hogg ska han faa, de ska han!“ sa han Tjøstol. Og da han ha faatt Brokje paa se fekk ou Sambu’n taakaa Tak – han vart lyfta høgt uppi Ve’re og lagt te aat Golve saa de knaakaa i kaar ein Le’ paa ’om! „Sjaa aat du, Ola, som ser væl – trotta[9] han meir, saa ska han faa meir, de ska han, de ska han!“ sa han Tjøstol; men da han Ola saag te, ha nok Sambu’n faatt allt, han kunde trotte og væl saa de ou. Han Tjøstol Kleppe dø i 1765 da han va søtten Aar paa fjorde Tjuge.
Skjyttar-Braatan va ikje gomol Kar’n da han bar te aa gaa ette Reine; han va ikje søtten Aar enda, da Sonde-Skrivar’n, han Hendrik Smidt, leigde han te aa helde se me Ferskmat. Vilde han vera Reins-Skjyttar’n hans kaar Saamaar, saa laavaa han ’om aa taakaa han fri for Kongens-Tenesten naar han Ola naadde Utskrivings-Aarom. Aa de veit du, han slo ikje imot. Fyste Venda, han Ola gjorde te-fjells for ’om Hendrik, fekk han me se ei Fjortan-Daagaas Niste fraa Sonde, de va sagte i 1713 ve Larsuku-Leite. Han laag ve Gjende og foor vidt og breidt i Fjellom paa alle Leie, men de va saa snoudt for Rein, kaar han kom, at han løyste ikje Skot de Fjortan-Daagaae. De saag ikje rart ut me Ferskmat aat ’om Hendrik og han Ola skjikka Baa aat Sonde, at ha døm vilja senda ette ’om ein Otte-Daagaas-Kost, saa skulde han havt stor Hog te aa faa sjaa Rein, førr han strouk utu Fjelle att. Jou, Kosten va ikje Skrivar’n trong me, han senda ette ei gjill Mat-Kløv me di Baa’n, at han kunde vera, saa lengje han sjøl vilde, Kost skulde de ikje trote[10] om. Men da venda Reins-Vone se ou – paa ei Viku skout han Ola fjorten hell femten vaksne Bukke, og Skrivar’n fekk saa mykjy Ferskmat, at han vart mest forr-gaadd[11] ’taa ’om. Sia va han Ola te-fjells for ’om Hendrik te kaar Saamaar saa lengje han Hendrik livde.
Og ette han Ola gjifta se og fløtte aat Braataa, laag han i Fjelle inkun-sta’in den meste Ti’e ’taa Aare, summe Tak ve Gjende, summe Tak ve Russvatne og imillom ve Øvre-Sjaadal’n. Attaat ha han uppe Maar-Fello i Skogje umkring Nere-Sjaadal’n, for de va mykjy Maar[12] der, de Bele. Og Fisk og Kjøt trout de ikje naar han Ola kom te-fjells.
Skjyttar-Braatan va ein lentog og lett-liva Selle; han va ’taa døm, som ikje misse korkje True hell Mo’e um de ser svart ut og Motgonga tok han helst me eit lentogt Ord. Da Stugo hans i Braataa brann upp ein Gong, sa han: „de va verst me La’tein-Emn’om[13] som eg ha bore fraa norda’ Gjende!“ Eingong slo Bjønn ihel den einaste Kue hans i Kleppe-Li’n; Kjeringje greet for døm miste Kue si, men han Ola gruvde ikje. „Aa graat ikje, Guri! De ska nok bli Inkort te Ku att!“ sa han, lødde Riffla, sette ette og skout Bjønn.
Ein Houst han laag ve Sjaadal’n, va de Ein kallas Storvik’n ou, som laag ve der paa Fisking og gjekk i Reinsfjelle attaat. No er de jemnan saa, at Venskapen millom Skjyttare og Fiskare ikje alle Ti’e er mykjy verd, for di kaar er se sjøl nerast baade i Baate og me Børsun. Og Braatan ha no elles eit Agg aat Storvikje fraa førr – han ha ’om misstenkt for, at han ha vetja[14] Maar-Fellom hans ve Nere-Sjaadal’n. Denne Gongen ha Storvik’n faatt Ti’end um, at de gjekk eit einsle Reinsdyr uppi Bess-Stronn-Fjelle og han va livande redd, at Braatan skulde faa saamaa Ti’ende og setja uppi Fjelle firi ’om. Jou, no skulde han vera sløg, tenkte han og gjorde ein Gut, han ha me se, burti Bue aat ’om Ola – Guten skulde freiste narre han Ola te-fjells paa ein a’an Kant. Detta va seint um Eftan og Guten sette se te burti Bu’n hjaa Braataa’a og fortalde baade væl og lengje um eit einsle Reinsdyr, som skulde gaa innast paa Molfly’n, hell kaar de va paa hine Siun aat Sjodale. Men antell no Guten va ohendog te aa ljuge, hell han Ola allt kunde ha faatt Teven ’taa, kaarles detta hekk ihop – da han hadde lydt ei Stonn paa de Guten ha aa fortelja, sa han: „nei, du kann ikje ljuge, du, men faa Storvik’n te, han kann, han!“ Me di maatte Guten gaa att.
Um Maargaan sette Storvik’n uppi Bess-Stronn-Fjelle saa ti’le, at de va ikje eingong graaljost, da han drog aat, han tenkte nok, at fyst skulde han no vera framme likevæl, um saa Braatan kom ette peikande, ou. Men den, som ikje forr-sov se, va han Ola Braataa og da Storvik’n kom inn-paa Fjelle, va han ikje lenger atta’-for, hell han saag atti Storvik’n og dette Maale imillom døm heldt Braatan lengje. Best de va fekk Storvik’n Ouga paa Reinsdyre og bar te aa stille fram[15] og de saamaa gjorde han Ola, men no ha han se saa nere ette, som han kunde, naar ikje Storvik’n skulde bli var ’om. Da Storvik’n va kome i høvele Skot-Maal, la han paa ein Stein og tok Sigt, no skulde de trast bli Ferskt, men førr han fekk Graaflekken[16] i Sigte, smell de trast baka’-for om og Reins-Dyre stupte doutt fram-paa Fjelle – Storvik’n skvatt saa Børsa datt utu Hendom hans! Men da han skulde sjaa att-um se – ja, skulde ein seett verre Fa’n! – der sto Skjyttar-Braatan og kall-flein aat ’om: „eg slo ikje, kanskje!“ sa han og gjorde se seig og grov i Maale. Storvik’n va baade flat og huvin da han gjekk ne-att utu Fjelle, han, maa’ta.
Fiskebue hans Ola Braataa laag ve Øver Sjaadal’n, sto paa Gaale, døm kalla. Kom de kjends Folk inn hjaa ’om, saa skulde døm stødt te-bords paa fersk Fisk, de ha no all sin Dag vore gomol Fiskar-Vis, de. Men disom døm da ikje tok gjildt ne-paa aat se og aat Fisk, saa de gjorde Mon, vart han Ola tykkje for de, de er berre Brye aa koke Fisk, naar han ikje bli etin, sa han. Mann paa Sygar-Holbø kom eingong ut-paa Gaal’n aat ’om og døm tvo va goe Granne og kjenndes væl, saa de biddes ikje lang Stonde, før Fiske-Gryta kom paa, da Holbø’n kom i Hus hjaa ’om. Um lite va de kokt tvo vaksne Leikfiske[17] og Braatan reidde paa Brisken ei Maalti[18] ’taa glupaste Slag og ba Holbø’n setja se inn-aat. Ja Holbø’n tykte den feite Fisken smaakaa se godt og aat allt, han fekk stappa i se og kaar Gong han Ola snudde se fraa ’om, passa han paa og stakk Fiskestykkjy ne-i Graavest-Lummunn sine. Denne Gongen ska du sleppe vera tykkjin for eg eet forr-lite, tenkte han. Sist fekk han Ende paa di tvo store Fiskom, snudde se fraa Briskje att og takka for Maten. „Eg mena eg kokte i mindste Lage me Fisk, eg?“ sa Braatan, da han saag Holbø’n ha snøytt ette se, „vil du ha meir ska eg koke te att.“ „Aa – nei – de gjeld no ikje paa, aa koke meir, maa’ta, eg lyt no full staa meg naagaa me desse,“ svaaraa Holbø’n, men de lyddes berre saa halt-i-falle, at han va go og mett. Men da tykte nok Braatan, at Holbø’n va ein hard-tærandes Kar og han va ikje go-te helde se anna hell han sa halv-høgt: „Nei, Dj. besetja meg, er du fastandes Kar hell no, der du sit!“ Skjyttar-Braatan va grov paa Snusen og henda de ’om, at han vart imillom for Snus, vart han saa tongsinnt og rang, at de va mest ikje Raa’ vera i Hus me ’om. Ein Houst han ha rusta se ut aat Sjaadale, skulde han haa ein Fram-Veksting me se te Hjolp me Fiskingen. Da døm reiste heima’ saag Guten, at han Ola gløymde att Tobak-Rulle sine og den tok han me se saa ikje han Ola fekk veta um de. Døm ha Øyk me se og de va nok saamaa Reisa, han Ola vart saa sinnt paa den vetle Merre si, som døk ska høyre. Da døm foor upp-ette fraa Hinnsætrom sat Braatan og rei’ me ei stor, tong Nist-Skræppe paa Ryggje; detta va nok ingor lett Kløv og den vetle Merre hans pusta og stanka onde ’om, mea’ han rei’ nord-te aat Hinn. „Men kaa Dj. er de du stanka for? um du lyt bera meg, saa ber du da ikje denne tonge Skreppa!“ sa han. Me di saamaa han rei’ ivi Hinnde, snaava Merre paa ein Kupul-Stein saa ho dreiv ikoll og Braatan datt midt ne-i Bekken; men da vart han saa sinnt paa Merre, at han forbanna se paa, han vilde skjote ho, naar døm kom upp-aa Gaal’n. Guten han ha me se, va ein ægte Sløging og da døm va fram-komne um Kvell’n, gjorde han se so troskjyldog, at han sporde han Ola, kaar han skulde binde Merre, mea’ Braatan skout ho. „Hm! – aa, ho fær vel sleppe, veit eg,“ svaaraa han. De va nok ikje saa aalvorsle meint som kjytt va, og de visste nok Guten, maa’ta, Skjelmen.
Da døm no va væl i-stell kome paa Gaale vart Snus-Hønne hans Ola tomt og da han skulde sjaa te, ha han gløymt att Tobaks-Rulle sine heime i Braataa. Detta va eit leit Kast, men de va mest ikje tenkje paa, aa gjera Guten like heim-i Bygde att ette Tobakkje, hell. Allt som jemnan tok han de tome Snus-Hønne, snudde de upp-og-ne, kakka paa de me Fingrom – saa tok han utu den lange, inn-holne Bein-Toppe, sette ho langt uppi Naasan og drog aat se. Han fekk no Tobak-Teven paa den Visen ou, og de va no trast likar hell Ingenting. Men da Guten ha plaaga han, saalengje han tykte, passa han paa aa turke og maalaa Snus og fyllte paa Hønne saa ikje Braatan saag de. Lei’ fraa lite, tok Braatan Hønne att paa den gamle Gjerde, men no sette han sjølve Halsen paa Hønne upp-i Naasaa-Bore og drog aat se, saa de berre pistra. Aa du, for eit Gjestbo han fekk! Han drog Snus kav ne-i Tong’-Røtenn og fekk ei Heto-Ri’ me Nosing og Hosting og de, som meir va, saa Taarann skjylde utu Ougom. Guten vart saa redd, at han la te-dørs og tordes ikje kaamaa inn-att, for han tenkte nok, at de snart kunde vanke baade Hogg og Fantord for de Arbei’e. Men best de va glotta han Ola paa Døre og stakk Hugue ut: „du fær kaamaa inn att, Gut, de er full ikje farle her, kan eg tru,“ sa han.
Som han Tjøstøl, Bror sin, va Braatan hoga te aa drikke og naar han ha faatt i Toppen va Kjeften hans ovørdin og lei; men han va meire lentog i Ordom hell Bror’n og difor beit de verre ou, de, han sa. Meir hell ein Gong vart han dømd baade te aa leggje Bot og te aa aarsaakaa se, men stødt ha han eit Sløngje-Ord me, baade naar han reidde Bote og naar han skulde taakaa i se att de Galne, han ha sagt.
Ei Kjering i Heim-Grend’n hans Ola laag han stødt ette me Kjefte; ho heitte Synne, men naar han tok ho paa Namn, vart de stødt „Tjov-Synne“[19]. Detta vilde Kjeringje ha ein Ende paa og gjekk sta og sa ve han, at no vilde ho stemme ’om te Tings og ho spaadd um, at Namne sitt og Æra si vilde ho haa osnikka[20] baade for honom og alle Andre. „Neiggu, du gjorde aat for di den Gongen, du stal Feitt-Sekken paa Austrem!“ svaaraa Braatan og paa de Svare vart de ikje meir ’taa, for Olykka va, at detta um Feitt-Sekken va sannt. Og Braatan kunde alder faa se te kalle Kjeringje anna hell „Tjov-Synne“.
Ein Gong kom han inn-i Tingstugo paa Toulsta og fekk sjaa han Jo Sandbu sat me og va Logrett[21]; han Ola va go og drukkjin og han Jo Sambu ha baade han og han Tjøstol, Bror hans, vore i Onaa’e me – de va den saamaa Jo’n som han Tjøstol golva saa dugele paa Kleppe, sia’ eingong. Me saamaa han Ola fekk sjaa Sambu’n sat Retten sette han i, saa de høyrdes ivi heile Tingstugo: „Nei sjaa me den, du! – sit ikje han Jo Sambu Log-Rett! Aa husse han Fan-i-Vold ut! Han ha vore ein Hugu-Tjuv all sin Dag og der-te ha han flaadd ei Katte[22], ou!“ Dessa Orde vart han Ola stemnd te-tings for og Endlykte vart, at han lout bøte for døm.
Ein Husmann i ein Plass, kallas Aasen, ha han skulda for, aa ha drepe ein Honn. Dette kunde han ikje bevise og difor talde Folke han Ola te aa gjera Forlik og leggje ei litol Bot. „Ja, Bote ska han faa, men fær eg Maal og Tal for meg paa mitt Siste[23], saa ska han bli ve Honn likevæl!“ sa’n Ola.
Uppi Vaagaa-Mo va de Brennvin aa faa hjaa ’om Rolv Sme og der samla Folk se og gjorde meir hell ei Kule, baade Yrkt og Heilagt. Der i Huse raakaas Braatan og han Jehans Mo, eingong. Han Jehans va Skjyttar, han ou, og Karann kjenndes fraa Gjende. Braatan gjekk halv-full og sporde han Jehans, um han ha tikji eit Fat, som høyrde ’om te i Gjendes-Bu’n. Nei, sa’n Jehans. „Jou, du ha tikji de, saa go Kar du sit der!“ sa han Ola. „Eg stemne deg te-tings for detta, din Stor-Kjeft!“ svaaraa han Jehans. „Ja stemn saa mykjy du vil, og stemne du meg, saa ska du faa gjera Grei’e paa, kaafor du ha liggjande ei Reins-Hu’ i Bess-Stronn-Lyun!“ sa Braatan. Attpaa skulda han Mos-Mann for, at han ha tikji Baaten hans Ola forutta Lov og rodd ivi Sjoe. Ja de kunde ikje han Jehans gaa onda, men han la te, at de va som ein Baat ou, han Ola ha. For detta vart han Ola stemnd te Vaar-Tings i 1753 og dømd te bøte 4 Rd. aat di Fatige og 4 Rd. i Umkostning aat ’om Jehans Mo og attpaa skulde han bea ’n Jehans um Ondskjylding.
Skjyttar-Braatan ha mange Bon og den eine Son hans, heitte Jo, va ofte me Fare i Fjelle, da han vart vaksin. Eingong di tvo kom att fraa Reins-Fjelle, raakaa døm ein Elg i Kvenngrov og han Jo skout paa han, men skout imiss. „Naar du skjyt te-maals, da er du Kar, men ska du skjote te-kaals, da dreg de Dø’n og Djev’en i Vold!“ sa Gamlin.
Da han fekk Døar-Orde hans Tjøstol Kleppe, Bror hans, sa han: „ja, maantru de ikje er vorte heitt aat Tæom paa Stygge-Menneskjun no, da?“ Skjyttar-Braatan dø i 1777, de saamaa Aare, som døm timbra nørdre Stugo paa Ner-Bjønnsta.
- ↑ saag se Lei’: Høve, Raa’, Utveg.
- ↑ ting-røk: som stødt møte upp paa Tingom.
- ↑ klaasot: ogreitt.
- ↑ skjænte, ’taa skjæne: gli, glette te-si’es, gaa paa snei.
- ↑ Inkortsande (Inkorts-Hande): eitt og anna, naagaa ’taa kaart.
- ↑ Vatnar-Vatn: Vatn te aa vatne Aaker’n me.
- ↑ tvi-taalaa: taakaa Orde upp-att fleire Vendo.
- ↑ Tresko (va utt. Treesko): Treschow.
- ↑ trotta, aa trotte: taale.
- ↑ trote: vante.
- ↑ forr-gaadd: uppraadd, ibeit.
- ↑ Maar bli uttaalaa Mool me tjukk l.
- ↑ La’tein-Emne: Emne te La’stokke.
- ↑ vetja: seett ette, fare ivi.
- ↑ stille fram: leite se osedd fram i Skot-Maal.
- ↑ Graaflekken: Hogg-Sta’n, ein ljosare graa Flekk i Skjinne paa Reine, midt for Hjertae.
- ↑ Leikfisk: Gjeldfisk.
- ↑ Maalti, utt.: Moul-Ti me tjukk l.
- ↑ Tjov-Synne; den gamle Forme „Tjov“ for Tjuv hekk att te umkring 1750.
- ↑ osnikka: orøyvd, oskadd.
- ↑ va Logrett: va Logretts-Mann; de kallas ou „aa sitja Retten“.
- ↑ Hunde, Katte og Heste va „oærlege“ Dyr i gamle Daagaa og den, som drap hell flaadde Skjinne ’taa døm va ære-lous.
- ↑ paa mitt Siste, Meiningje er: er eg før te aa taalaa i mi siste Stonn, ska eg seja de upp-at da.