Hopp til innhold

Haugtussa/Under Jonsok

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 69-74).

Sunnan-Regn, Sumar-Regn
droplar lint fraa lettslørd Himil,
svalar sælt den svidde Lufti,
doggar mjukt dei brende Bakkar.

Drỳs og droplar godt og lengi;
lækjer Jordi, laugar Vaaren;
held so etter velgjort Arbeid
mildt og rolegt upp mot Kvelden.
Og det opnar seg og andar,
Blom og Blad og alt som lìver,
Stylk og Straa og friske Lyngtopp,
Pors og Brisk og beiske Triblad.
Andar ut si varme Sæle
i dei tusund, tusund Angar,
tusund friske, fine Angar, —
til som Balsam Lufti fløymer.
Og ein Klaar-Eim sveiper Jordi,
Eim av Livsens Elsk og Yljing,
som det lette Slør um brune
runde kjælne Brurebarmar.

Veslemøy med stille Buskap
driv imillom Rundehaugar
nord ikring den svarte Tjørni,
som gror att med Myr og Mose.
Faarleg er den Hengje-Dinsa,
klædd med Bær-taag og med Myr-ull;
ned-paa svarte Evje-botnen
søv ein Lyngorm lang og diger.
Men i Bakken Fêe beiter,

nippar av den unge Lyngtopp;
Lombi dansar rundt ikringum;
søkjer so si Mor og pattar.
Og som skire Sùmarkvelden
legg seg mjuk um alle Markir,
og den ljose varme Kveld-røyk
hildrar alt i Dis og Dimme, —
daa sin Bunding burt ho gløymer,
Veslemøy, der still ho vankar,
og i tankelause Tankar
sig ho av og ser og drøymer;
ser det livne under Leite,
ser det vakne millom Steinar,
ser paa hulde Aaker-Reinar
fager Bøling søkje Beite.

Haugmøy i den blaae Stakken,
prydd um Barm med Sylvlauv fine,
sìt paa Tuva under Bakken
og straar Salt aat Kyrne sine.
So ho reiser seg og lokkar;
Haare fløymer yvi Herdi;
Bøling vent i Rad seg flokkar,
og mot Fjelle rekkjer Ferdi.
Ku for Ku, og gamle Dimmeld,
Stuten stor som etter ruggar,

synest som ei Rad av Skuggar
mot den ljose Nordan-Himmel.

Ut er slokna Avdagselden;
graae folnar alle Skyir.
Verdi ligg i Draum og lyder,
og det gjeng som Song i Kvelden.

              *

Langt det vart aat dykk og meg
inn-um Heime-Helle;
no aat Sùmarstøl me drog
under Skarefjelle.
Kom no, kom no, Kyri mi!
Svalt det er i Skare-Lid.

Ku-saata!
Ku-saata!
I Fjelle gror grønaste Aata.
Kom Kyri!
Kom Dyri!
Kom Dimmeld og Dros,
kom Randeliros,
um Kveld!


Under Nordan-Aas er godt,
inn-i Huldre-hagen.
Lang er der den logne Nott,
stutt er Solbrandsdagen.
Og i Berge svalt og stilt
er der Livd mot olmt og ilt.

Og naar Skodda sig um Aas
og kvar Solglytt jagar,
driv me rundt paa Ville-Raas
og hev gode Dagar.
Sky og Skodde yvi Lid, —
daa er Huldri trygg og fri.

Ofte daa i svale Kveld
Jutull for meg giljar,
lovar meg sitt heile Fjell,
um eg er til Viljar.
Men so faatt eg fagnast kann
med det tunge Troll til Mann.

Huldri gjeng i harme Sut,
maa i Elskhug brenne
til den Ijose Dagsens Gut,

som ho ei fær kjenne.
Gjerne bytt' eg Ham og Haatt,
um med han eg fekk det godt.

Soli stig og Soli gjeng;
Vinter kjem og lakkar;
utan Vén og Brureseng
Huldri veglaus flakker.
Leid er lange Lengtings Brand;
aldri kjem den ljose Mann.

Ku-saata!
Ku-saata!
I Fjelle gror grønaste Aata.
Kom Kyri!
Kom Dyri!
Kom vanka med meg
den villande Veg
um Kveld!