Hopp til innhold

Haugtussa/Fuglar

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 66-69).

Kra! Kra! segjer Kraaka,
ho flyg so tungt under Sky.
Ho klæd seg i Vadmaal godt og graatt
utan Stas og Kaupe-Ty.


Ho gjeng paa Aakren i Flokkar
og veit seg so klokt aa snu.
Ho er so vyrdsleg ei Bondekone;
men ingin skal henne tru.

Ho gjeng i sitt lovlege Yrkje
der kringum Gjerde og Vegg;
men naar ein so skal sjaa seg til,
so hev ho teki Egg.

Skrat! Skrat! segjer Skjori,
ho hopper so lett i Kring.
Skvatrar og vippar med Vele sitt
og duger til ingin Ting.

Det er ei Fantekjering;
ho fer med Slarv millom Tre.
Garpar og gjøner og lær og lyg:
og stundom stèl ho med.

Kvirrli-kvitt! segjer Staren,
der svartgrøn i Sol han skin;
han er so hoppande glad ein Unge,
og plent som ei Perle fin.


Tipp, tipp! segjer Erla,
der stilt ho hoppar og smett.
Ho er som ein litin Barnetanke,
so rein og blaa og lett.

Smekk! smekk! segjer Steindilpa,
ho smattar so trygt og turt.
Men vesle brune Fuglekongen,
han kjem millom Blomar burt.

Tirli-ti! segjer Lerka,
ho stig og stig imot Sky.
Kvar Gong ho tirlar i Morgonstundi,
daa verter Verdi ny.

Tirli-ti! segjer Lerka,
ho sviv under Kvelven fritt.
Kvar Gong ho tirlar i Morgonstundi,
det kitlar i Hjarta mitt.

Vi-vipp! segjer Viba,
ho rid seg so høg ein Hest.
Fjør hev ho i Hatten, og Fløyels Kufte,
og kvite Silkevest.


Eg kjenner so vel dei vene Eggi
i grøne Tuve-Reir.
Eg tok deim; men Mori bad so saart;
— eg gjer det aldri meir.

Men Heluna, vene brune Fuglen
med svarte Fløyels Barm, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
daa Vert eg i Hjarta varm.

Men Heluna,[1] vene brune Fuglen,
som stig meg so stilt imot, —
kvar Gong ho fløytar paa lynggraa Tuve,
det græt meg i Hjarterot.


  1. Heluna: Heilo.