Hopp til innhold

Han Jakup Klukksta

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (s. 231-237).

Han Jakup Klukksta.

Den største Mestar’n ’taa alle Treskjerarom i Loms-Bygdom va han Jakup Bersveinsson Klukksta og ingen i heile Gullbrandsdale ha naatt saa høgt me Konsten, som han, og di beste Arbei’e hans er saa go Konst, at de ska faa leitast ette di, som kan sejast aa vera enda be’re.

Klukksta’n er fødd imillom 1710 og 1720, paa Lag 80 Aar seinar hell Teig-Roin; Baa’e Foreldre hans va fraa Sjaak, More skulde vera fraa Garde Sjaak, kaar Far’n va fraa i Bygden er okjennt, for de er me honom som me Teig-Roa: Live hans er lite granska og difor lite kjennt. Foreldre fløtte aat Lesja førr han Jakup va vaksin og brukte ein Gard onde Prestgarde, heitte nørdre Klukksta, der sat døm Husmann si Ti’. Ette han Jakup vart vaksin va han te kaar Saamaar i Sjaak paa Snikring, Treskjering og Maaling og han ha nok faatt godt Ord paa se for Arbei’e sitt, da han vart naagaa meire te-kome. For da de vart bygt ny Kjørkje i Sjaak i 1744–45 fekk han Jakup Innrei-ingje og gjorde Preikstol’n, Altartavla og Løvunn upp-ivi Songhus-Dør’n. Fire Aar lenger fram-i Ti’n ha han skaare ferdog Altartavla i Lesja-Kjørkjun, ho har Aarstale 1749. Paa den Altartavla si’ summe, at han arbeidde i 10 Aar, summe 6 og andre 4; de siste er nok de vissaste og enda ha han full gjort andre Arbei attaat. De ha gaatt ein Fortalna paa Lesja um, at Bøndann laavaa ’om Jakup, at han skulde faa nørdre Klukksta te Odel og Eige for han gjorde Altartavle aat di nye Kjørkjun. Men da de gjekk i Herdingje va’t døm se fraa di; saa ha vore sagt, kaar sannt de er, kan vera paa Vone. De lyt elles ha vore naagaa Ogreie me dessa paa ein hell a’an Vis, for i 1766 fekk han se utgreitt de, han ha te-goe

Fig. 14. Preikstol’n i Sjaak-Kjørkjun skaare ’taa Klukksta’e 1745. Fotografi ’taa Prest Neumann.

taa Aalmuga for Altartavla; de sto att 35 Dale som han da fekk, 17 Aar ette.

I 1753 kom Klukksta’n aat Heidale og skulde gjera Preikstol og Altartavle aat di nye Kjørkjun paa Heringsta og um de staar de saales i di gamle Breve ette ’om Knut Soksen, som seinar ska nemnast: „I Juli Maaned 1755 begyndte Jakob Bersvendsen Klukstad fra Lesje med sin underhavende Tjener Sølfest Nilsen Skrinde fra Lom, at arbeide paa Prædikestol og Altertavle og samme blev fuldferdiget 1754 og baaret i Kirken den 18de Oktober hvor de da paa samme og næstfølgende Dag blev opsat paa sit Sted. Den 26de Do. blev hans Arbeidsløn udbetalt til ham saavelsom Snedkerløn til enhver efter Akordt.“ Klukksta’n og han Sylfest Skrinde arbeidde baade Preikstol’n og Altartavla paa Steinfinsbø og ha Hus og Kost der paa Garde. Han Sylfest Skrinde

Fig. 15. Altartavla i Sjaak-Kjørkjun ette Jakup Klukksta. Fotografi ’taa Prest Neumann.

va ou me ’om og va hans „underhavende Tjener“ da han innreidde Kjørkja i Sjaak.

Fraa gomolt ha de vore hulde for, at Klukksta’n ha skaare Preikstol’n i Lesja-Kjørkjun ou, men de trur døm, som ha granska naagaa ette di, ikje ska vera saa; de ska vera Son hans, han Ellan Jakupsson Klukksta, som ha arbeidt Preikstol’n. Dette er full ikje heilt visst, men de lyt let se gjera, aa kaamaa ette me di. Gerhard Schjøning skriv saales um Lesja-Kjørka i „Reise i Gudbrandsdalen“ 1775: „– – – Kirken er en anselig stor Bygning, lys og smukt indrettet indviet Anno 1750 og kaldet Bethel. Altertavlen og Prædikestolen fortjener især Opmærksomhed eftersom de ere ret prægtige fornemmelig i Hensigt til Løvverket, som paa sine Steder er meget fint, rent, ophævet og durkbrækket (gjønomskaare) forferdiget af en Bonde Jakob Bersvendsen Klukstad skjønt han ingensinde var oplært i saadanne Ting, men hans Billedhuggerarbeide duer ikke, af Mangel paa Indsigt i Tegningskonsten. Han døde 1773.“ Paa Lag 10 Aar ette Schøning skriv Hjorthøy i „Gudbrandsdalens Beskrivelse: „– – – men Prædikestolen og Altertavlen er meget vel udarbeidet af en Bonde ved Navn Jakob Klukstad, der aldrig havde været udenfor Læssøe for at lære Billedhuggerarbeide.“ Ette desse ha baade Schøning og Hjorthøy faatt den Uppgjevna’n ’taa Folk paa Lesja, at de va han Jakup som ha skaare baade Preikstol’n og Altartavla og de høyrest naagaa orimele ut, at Bygdafolk, saa trast ette Klukksta’n va dø, skulde missfaaraast me, at de va hann, som ha arbeidt Preikstoln i Lesja-Kjørkun.

„Hans Billedhuggerarbeide duer ikke“ si’ Schøning og de er sannt; me aa skjera Bilæte gjekk de me Klukksta’e som me mest alle andre Bygda-Konstnare som ha freista se me di og som ikje antell ha aatt ein sers Evne te di, hell ha faatt Upplæring i Teiknekonsten. Bilæte hans Jakup, som aat di andre sjøl-lærde, ha mykjy attaat vorte Bytinge og Vanskapninge me Lemi og Kropp, som ikje maata me kaar andre paa nugun Vis. Elles ha de ikje gaatt mest burti Veggjinn for ’om Jakup Klukksta alle Ti’e; summe ’taa Bilæt’om paa Altartavlun i Heidals-Kjørkjun er be’re, hell Vone kan vera. Han gjorde se mykjy for me Bilæt’om, ette som de ha vore sagt; mea’ han arbeidde paa Altartavla paa Lesja, las han og granska i Bibele stødt og stadogt for aa faa Rettlei-ingo me aa skaapaa Bilæte.

Men um ein ikje kan gjeva Bilæt’om hans nugun Ros, saa staar de ikje te aa gjeva Krote hans nok Lovord, for der røkk han langt fram-um alle baade ældre og yngre Treskjerare. Preikstol’n og Utskurd’n paa Altartavlun i Heidale er reine Mestarverk og er visst ou di beste Arbei’e hans ’taa alle, de ska vera vandt, um de finnst nogor Lanns-Kjørkje i heile Norig me saa vakker Treskurd.

Den, som ha endst paa Utskurd og har Ouga for vakre Forme, vil bli hannfulle taa aa sjaa, kaa Klukksta’n kunde vaage se te me og kaarles han ha orka aa løyst di vandaste Knutann. Han ha havt ein likesaa rik og levandes Innbilnings-Evne som han Sjaak-Ola, men saa ha han attaat aatt eit saa nouande gløgt og visst Ouga, at du ikje ein einaste Gong skal finne, at han ha let se kjørt paa Av-Veg. Ikje ein Krill hell ein Sløng, ikje ei Ros hell eit Bla’ du kan peike paa skulde vore burte hell havt ein a’an Skapna. Kroten hans er som han va levandes og sjølvuksin.

De va Krill-Kroten han Jakup Klukksta’ likte best og den brukte han, kaar han kunde kaamaa te me di, um Rumme va alder saa trongt;

Fig. 16. Preikstol’n i Heidals-Kjørkjun.
Jakup Klukksta 1754. Teikning ’taa
Johan Koren.

all Krill-Skurd ette ’om er høgre hell aat nugun a’an ’taa di gamle Mestarom og best likte han se, naar han fekk skjera igjønom og leggje Skurd’n heilt lous, saales som paa Preikstole i Heidale. Da sløngje Krillan og Bla’e se saa nouande mjuke og fine, at de er stor Hogna aa sjaa, kaarles ei Mestar-Hann kan raame saa gløgt de, som nettup vil te, for aa faa de vakre fram.

Baade Schjøning og Hjorthøy si’ de saamaa, at Klukksta’n alder va ute for aa lære og de er nok visst, at han va ein sjøllærd Mann hann, som mest alle di gamle Bygda-Konstnarann. Men difor kan han ha lært mykjy utta’fraa; og de er ikje otenkjande, at han ha vore i Kristian og sett Preikstol’n og Altartavla i Bykjørkjun (Vor Frelsers Kirke), for de er sumt ve Gjerde paa Preikstole i Heidals-Kjørkjun, som peika dit. Di gamle Konstnarann sto

Fig. 17. Preikstol’n og Uppgongen i Heidals-Kjørkjun. Fotografi ’taa Frøken Johanne Bugge.

nok ou ette aa sjaa se umkring viare, holl i si eigje Bygd, og ha vore meire ute, hell Orde ha gaatt, summe ’taa døm vissa. At Klukksta’n elles ha havt den meste Rettlei’ingje i Konsten uppi Sjaak, er visst, men de er ikje nugun ’taa di Treskjerarom der i Bygden som no er kjende, han kan seiast aa haa gaatt i Fare aat. Fraa ’om Sjaak-Ola ha han tikji Gjerde hans me aa ende Krillann sine me di fembla’a Rosom, men de er ikje te jemnan han bruka de og viare kan ein ikje sjaa Merkje ette ’om Sjaak-Ola i Skurde hans. Han ha si eigje Gjerd, Klukksta’n, som er ou’kjend paa alle større Arbei ette ’om. Ivi all denne rike, mangfoldoge Krill-Skurd’n hans, ligg de ei slik storfellt Ro og ho melle um, at han Jakup va ein Konstnar-Evne som ha funne se sjøl og visste me se sjøl kaa han vilde og kaa han orka.

Klukksta’n do i 1773 ette di Schjøning fortel. De ha vore gjete paa, at han skapte ein „Skule“ ette se i Norddale, men dette er knapt rett ette di, som te no er kunnogt um de. Han ha visst gjeve Treskurde ein go Fram-Skuv baade i Lesja, Sjaak og Lom, men han va som Teig-Roin: han va forr tong te Mønster for Folk me medels Konstnar-Evne. Ein Son hans, heitte Ellan, ha de vore sagt skulde staa fullt paa Høgd me ’om og ette honom finnst de eitt hell tvoug Arbei i Lesja-Kjørkjun; um Preikstol’n er skaare ’taa honom er ette di, som førr er umsagt, ikje heilt aa lite paa. I Lom va de ein ’taa di beste Treskjerarom som har greie Merkje ’taa Klukkstae paa Skurde sine, men viar let de se ikje enno gjera aa peike paa, at han Jakup skapte ein „Klukkstaskule“ i Norddale.

Um Klukksta’n kunna maale saa de va han sjøl, som maala og forrgjyllte Preikstolann og Altartavlunn han arbeidde, er de vandt aa faa full Visse for, men de gaar ein Fortalna paa Lesja um, at da han ha gjort Altartavla der, visste han se ikje Raa’ te aa faa maala ho. Nettup i saamaa Ti’om kom de faaraande ein bylærd Maalar-Svein og han lærde ’om Jakup „aa blande Letann“ og lærde ’om aa forr-gjylle. Saales lærde han Maalar-Konste, fortelst de, og detta er ikje naagaa o-truandes, nettup.

Son hans Jakup Klukksta, han Ellan Jakupsson, va go Treskjerar og Maalar attaat, de saamaa va Son hans att, han Jakup Ellansson. Baade han Ellan og Son va mykjy i Sjaak og snikra, skar ut, maala og forgjyllte og døm heldt se stødt paa Sjaak Ti’om te, naar døm va der i Bygden, for di døm ha Folke sitt der paa Garde. Han Jakup Ellansson ha tvo Syni, Ellan og Ola; døm dreiv ou me baade Utskurd og Maaling og han Ola va helde for ein go Fel-Spellmann attaat. Han Ellan og Far hans fall av i Sotten (Nervefeber) saamaa Gongen, han Ola va fødd 1810 og dø i 1881. Ei Ti’ ha han ein Gard, heitte Kvam, paa Lesjaskogje men han foor mykjy paa Vidden og maala og va like aat Tromsøy og uppi Maalselven. En Son hans er Klukkar ve Johannes-Kjørkja i Kristiania. Paa Lesja livi de att tvo Menneskjo ’taa Ækten enno, men de er di einaste som no finnst der i Bygden.