Det nye Testamentet (1886)/Juleevangeliet

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Evangelium paa Christi Fødselsdag
av Lukas, oversatt av Matias Skard

[118] Men det hende ſeg i dei Dagom, at det gjekk ut eit Bodord fraa Keiſar Auguſtus, at [119]heile Heimen ſkulde verta innſkriven i Manntal.
2 Denne fyrſte Innſkriving vart gjord, den Tid Kvirinius var Landshovding i Syria.
3 Og alle gjekk og ſkulde innſkriva ſeg, kvar til ſin eigen By.
4 Men Joſef gjekk og upp fraa Galilæa, fraa Byen Nazaret, til Judea, til Davids By, ſom heiter Betlehem, (avdi han var av Davids Hus og Ætt),
5 og ſkulde innſkriva ſeg med Maria ſi Feſtarmøy, ſom var med Barn.
6 Men det hende ſeg, medan dei var der, daa vart Tidi fullkomi, at ho ſkulde føda;
7 og ho fødde ſin Son, den fyrſtefødde, og ſveipte honom og lagde honom i ei Krubba; for der var ikkje Rom aat deim i Herbyrget.
8 Og der var Hyrdingar der i Grendi, ſom var ute paa Marki og gjætte Fenaden ſin um Natti.
9 Og ſjaa, Herrens Engel ſtod hjaa deim, og Herrens Klaarleike lyſte umkring deim, og dei vart ſtorlege redde.
10 Og Engelen ſagde til deim: „Vere ikkje redde; for ſjaa, eg forkynner dykker ei ſtor Gleda, ſom ſkal timaſt alt Folket;
11 for idag er dykker ein Frelſar fødd, ſom er Kriſtus Herren, i Davids By.
12 Og dette ſkulo de hava til Merke: de vilja finna eit Barn ſveipt, liggjande i ei Krubba.“
13 Og ſamſtundes var der med Engelen ein himmelſk Herſkare, ſom lovade Gud og ſagde:
14 „Æra vere Gud i det Høgſte og Fred paa Jordi og Hugnad med Menneſkjom!“
15 Og det hende ſeg, daa Englarne foor ifraa deim til Himmels, ſagde desſe Hyrdingfolk til kvarandre: „Lat oſs daa ganga til Betlehem, og ſjaa denne Ting, ſom heve hendt, og ſom Herren kunngjorde oſs.“
16 Og dei ſtundade ſeg og kom og fann Maria og Joſef, og Barnet liggjande i Krubba.
17 Men daa dei ſaag det, fortalde dei um det Ord, ſom var talat til deim um dette Barnet.
18 Og alle dei, ſom høyrde det, undrade ſeg yver det, ſom Hyrdingarne talade til deim.
19 Men Maria gjøymde alle desſe Ord og grundade paa deim i ſitt Hjarta.
20 Og Hyrdingarne vende atter og priſade og lovade Gud fyre alt det, dei hadde høyrt og ſeet, ſo ſom det var talat til deim.