Side:Nye testamente (1889).djvu/118

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


aattande Dagen, daa kom dei og ſkulde umſkjera Barnet; og dei vilde kalla honom Sakarias etter Fader hans.
60 Og hans Moder ſvarade og ſagde: „Nei; men han ſkal heita Johannes.“
61 Og dei ſagde til henne: „Der er Ingen i di Ætt, ſom heve det Namnet.“
62 Men dei nikkade til Fader hans, kvat han vilde, at han ſkulde heita.
63 Men han bad um ei Tavla og ſkreiv dei Ordi: „Johannes er Namnet hans;“ og dei undrade ſeg alle.
64 Men med det ſame opnadeſt hans Munn og hans Tunga, og han talade og lovade Gud.
65 Og det kom Otte paa alle, ſom budde ikring deim, og alle desſe Tidender ſpurdeſt yver alt Berglandet i Judæa.
66 Og alle dei, ſom høyrde det, lagde det paa Hjarta og ſagde: „Kvat ſkal det daa verta av dette Barnet?“ Og Herrens Hand var med honom.
67 Og Sakarias, Fader hans, vart fyllt med den Heilage Ande og ſpaadde og ſagde:
68 „Lovad vere Herren, Israels Gud, fyredi han gjeſtade ſitt Folk og løyſte det ut,
69 og reiſte eit Frelſehorn fyre oſs i ſin Tenar Davids Hus
70 (ſo ſom han talade gjenom Munnen paa ſine heilage Profetar fraa æveleg Tid):
71 ei Frelſa fraa Fiendom vaare og fraa alle deira Hand, ſom oſs hata,
72 til aa gjera Miskunn mot Fedrom vaare og minnaſt ſi heilage Pakt,
73 den Eiden, ſom han ſvor Abraham, Fader vaar, til aa giva oſs det,
74 at me frelſte or Handi av Fiendom vaare kunde tena honom urædde,
75 i Heilagdom og Rettferd fyre honom alle vaare Livedagar.
76 Og du, Barn, ſkal heita Profeten til den Høgſte; for du ſkal ganga fram fyre Herrens Aaſyn til aa rydja Vegarne hans,
77 til aa giva hans Folk Kunnſkap um Frelſa ved Forlating fyre deira Synder,
78 fyre vaar Guds inderlege Miskunn, ſom gjorde, at Morgonljoſet fraa det Høge heve gjeſtat oſs
79 til aa lyſa fyre deim, ſom ſitja i Myrker og Daudeſkugge, til aa ſtyra vaare Føter inn paa Freds Veg.“
80 Men Barnet voks og vart ſterkt i Anden; og han var i Øydemarki til den Dag, daa han ſteig fram fyre Israel.

2dre Kapitlet.

 Men det hende ſeg i dei Dagom, at det gjekk ut eit Bodord fraa Keiſar Auguſtus, at