Det nye Testamente (1883-1889)/Mattæus

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
1ſte Kapitlet.
 
Æ
ttartalet til Jeſus Kriſtus, Davids Son, Abrahams Son.

2 Abraham avlade Iſak; men Iſak avlade Jakob; men Jakob avlade Juda og Brøderne hans.
3 Men Juda avlade Fares og Zara med Tamar; men Fares avlade Esrom; men Esrom avlade Aram.
4 Men Aram avlade Aminadab; men Aminadab avlade Na’asſon; men Na’asſon avlade Salmon.
5 Men Salmon avlade Boas med Rakab; men Boas avlade Obed med Rut; men Obed avlade Iſai.
6 Men Iſai avlade Kong David; men Kong David avlade Salomon med Kona til Uria.
7 Men Salomon avlade Roboam; men Roboam avlade Abia; men Abia avlade Aſa;
8 Men Aſa avlade Joſafat; men Joſafat avlade Joram; men Joram avlade Uſia.
9 Men Uſia avlade Jotam; men Jotam avlade Atas; men Atas avlade Eſekias.
10 Men Eſekias avlade Manasſe; men Manasſe avlade Amon; men Amon avlade Joſias.
11 Men Joſias avlade Jekonias og hans Brøder under den babylonſke Burtførſla.
12 Men etter Burtførſla til Babylon avlade Jekonias Salatiel; men Salatiel avlade Sorobabel.
13 Men Sorobabel avlade Abiud; men Abiud avlade Eliakim; men Eliakim avlade Aſor.
14 Men Aſor avlade Sadok; men Sadok avlade Akim; men Akim avlade Eliud.
15 Men Eliud avlade Eleaſar; men Eleaſar avlade Mattan; men Mattan avlade Jakob.
16 Men Jakob avlade Joſef, Mannen til Maria; av henne er Jeſus fødd, ſom er kallad Kriſtus.
17 Soleides ero alle Ættarleder ifraa Abraham og til David fjortan Leder, og ifraa David og til den babylonſke Burtførſla fjortan Leder, og ifraa den babylonſke Burtførſla og til Kriſtus fjortan Leder.
18 Men med Jeſu Kriſti Føding gjekk det ſoleides til: Daa Maria, Moder hans, var trulovad med Joſef, kom det upp, fyrr enn dei kom ſaman, at ho var med Barn ved den heilage Ande.
19 Men Joſef, Mann hennar, ſom var rettferdig og ikkje vilde lata henne koma i Vanæra, vilde i Løyndom ſkilja ſeg ifraa henne.
20 Men medan han tenkte paa dette, ſjaa, daa ſynte Herrens Engel ſeg fyre honom i ein Draum og ſagde: „Joſef, Davids Son, ottaſt ikkje fyre aa taka Maria, Kona di; for det, ſom er avlat i henne, er av den heilage Ande.
21 Men ho ſkal føda ein Son, og du ſkal kalla hans Namn Jeſus; for han ſkal frelſa Folket ſitt ifraa deira Synder“. —
22 Men alt dette hende ſeg, fyredi at det ſkulde verta uppfyllt, ſom er ſagt av Herren ved Profeten, ſom ſegjer:
23 „Sjaa, ei Møy ſkal verta med Barn og føda ein Son, og dei ſkulo kalla hans Namn Immanuel, det er utlagt, Gud med oſs.“ —
24 Men daa Joſef, vaknade av Svevnen, gjorde han, ſom Herrens Engel hadde bodet honom; og han tok Kona ſi.
25 Og han heldt ſeg ikkje til henne, fyrr enn ho fødde ſin fyrſtefødde Son; og han kallade hans Namn Jeſus.

2det Kapitlet.

 Men daa Jeſus var fødd i Betlehem i Judæa i Kong Herodes’ Dagar, ſjaa, daa kom der Vismenner fraa Auſterlandom til Jeruſalem og ſagde:
2 „Kvar er den Jødekongen, ſom er fødd? For me hava ſeet Stjerna hans i Auſter, og me ero komne og vilja tilbeda honom.“
3 Men daa Kong Herodes høyrde det, daa vart han rædd og heile Jeruſalem med honom.
4 Og han fekk ſaman alle Øvſtepreſtarne og dei Skriftlærde imillom Folket og ſpurde deim, kvar Kriſtus ſkulde verta fødd.
5 Men dei ſagde til honom: „I Betlehem i Judæa; for ſoleides er det ſkrivet ved Profeten:
6 Og du, Betlehem i Juda Land, er ſlet ikkje den laakaſte av Juda Hovdingar; for ut or deg ſkal koma ein Hovding, ſom ſkal vera Hyrding fyre mit Folk Israel.“
7 Daa kallade Herodes Vismennerne til ſeg i Løyndom og ſpurde deim grannlege ut um Tidi, daa Stjerna var ſedd.
8 Og han ſende deim til Betlehem og ſagde: „Gange dit og ſpyrje grannlege ut um Barnet; men naar de finna det, ſo ſegje meg til, ſo at eg og kann koma og tilbeda det“.
9 Men daa dei hadde høyrt Kongen, gjekk dei; og ſjaa, Stjerna, ſom dei hadde ſeet i Auſter, gjekk fyre deim, til ho kom og ſtod uppyver der, ſom Barnet var.
10 Men daa dei ſaag Stjerna, ſegnadeſt dei med ovſtor Fagnad.
11 Og dei kom inn i Huſet og fann Barnet med Maria, Moder hans, og dei fall ned og tilbad honom og opnade ſine Gjøymſlor og bar fram til honom Gaavor: Gull, Røykelſe og Myrra.
12 Og daa dei vart aatvarade av Gud i ein Draum, at dei ikkje ſkulde ganga atter til Herodes, foor dei ein annan Veg til ſitt Land.
13 Men daa dei var farne burt, ſjaa, daa ſynte Herrens Engel ſeg i ein Draum fyre Joſef og ſagde: „Statt upp, tak Barnet og Moder hans og fly til Ægypten og dryg der, til deſs eg ſegjer deg til, for Herodes vil ſøkja etter Barnet til aa tyna det.“—
14 Men han ſtod upp, tok Barnet og Moder hans um Natti og foor til Ægypten.
15 Og han drygde der, til Herodes døydde, ſo at det ſkulde verta uppfyllt, ſom er ſagt av Herren ved Profeten, ſom ſegjer: „Ut or Ægypten kallade eg Son min.“
16 Daa Herodes ſaag, at han var narrad av Vismennom, daa vart han myket harm og ſende av og leet ſlaa i Hel alle Guteborn i Betlehem og i heile Grannelaget der ikring, ifraa tvo Aars Alderen og der under, etter den Tidi, han hadde utſpurt av Vismennom.
17 Daa vart det uppfyllt, ſom er ſagt av Profeten Jeremias, ſom ſegjer:
18 „I Rama er det høyrt ei Røyſt; Ynk og Graat og myket Illſkrit; Rakel gret fyre Bornom ſine og vilde ikkje lata ſeg trøyſta, avdi dei ikkje ero til.“
19 Men daa Herodes var daud, ſjaa, daa ſynte Herrens Engel ſeg i ein Draum fyre Joſef i Ægypten
20 og ſagde: „Statt upp, tak Barnet og Moder hans og far til Israels Land; for dei ero daude, ſom ſtod Barnet etter Livet.“
21 Men han ſtod upp og tok Barnet og Moder hans og foor til Israels Land.
22 Men daa han høyrde, at Arkelaus var Konge i Judæa etter Herodes, Fader ſin, vart han rædd fyre aa koma der; men han vart aatvarad av Gud i ein Draum og foor av til Galilæa-Bygdi.
23 Og han kom og budde i ein By, ſom er kallad Naſaret, at det ſkulde verta uppfyllt, ſom er ſagt ved Profetarne, at han ſkulde verta kallad Naſaræaren.

3dje Kapitlet.

 Men i dei ſame Dagom kom Johannes Døypar fram og forkynte i Øydemarki i Judæa
2 og ſagde: „Umvende dykker, for Himmelriket er nær.
3 For han er den, ſom er umtalad av Eſaias Profeten, ſom ſegjer: Det er Røyſti av ein, ſom ropar i Øydemarki: Rydje Herrens Veg, gjere Stigarne hans jamne.“
4 Men Johannes ſjølv hadde ſin Klædnad av Kamelhaar og Lederbelte um Livet; men hans Føda var Engſprettor og vill Honing.
5 Daa gjekk det ut til honom Jeruſalem og heile Judæa og heile Grannelaget ved Jordan.
6 Og dei vart døypte av honom i Jordan, naar dei ſkriftade ſine Synder.
7 Men daa han ſaag mange av Fariſæarom og Saduccæarom koma til Daupen hans, daa ſagde han til deim: „De Ormeungar, kven lærde dykker aa fly fraa den tilkomande Vreide?
8 Vere daa Frukter, ſom høva med Umvendingi,
9 og tenkje ikkje aa ſegja ved dykker ſjølve: Me hava Abraham til Fader; for eg ſegjer dykker, at Gud kann vekkja upp Born aat Abraham av desſe Steinom.
10 Men Økſi ligg no alt ved Roti av Treom; difyre ſkal kvart Tre, ſom ikkje ber god Frukt, verta avhogget og kaſtat paa Elden.
11 Eg døyper dykker med Vatn til Umvending; men det kjem etter meg den, ſom er ſterkare enn eg; hans Sko er eg ikkje værdig til aa bera; han ſkal døypa dykker med den heilage Ande og med Eld.
12 Han heve ſitt Kaſteſpjeld i Handi, og han ſkal reinſka Laaven ſin heilt igjenom, og han ſkal ſamla Kornet inn i Løda ſi, men brenna Agnerna upp i uſløkkjande Eld.“
13 Daa kom Jeſus ifraa Galilæa til Jordan til Johannes og vilde døypaſt av honom.
14 Men Johannes vilde hindra honom og ſagde: „Eg treng til aa verta døypt av deg, og du kjem til meg?“
15 Men Jeſus ſvarade og ſagde til honom: „Tillat det no; for ſoleides ſømer det oſs aa fullføra all Rettferd.“ Daa tilleet han honom det.
16 Og daa Jeſus vart døypt, ſteig han ſtrakſt upp or Vatnet, og ſjaa, Himlarne opnade ſeg fyre honom, og han ſaag Guds Ande fara ned ſom ei Duva og koma yver honom.
17 Og ſjaa, ei Røyſt kom ifraa Himlom, ſom ſagde: „Denne er Son min, den elſkade, ſom eg heve Hugnad i.“

4de Kapitlet.

 Daa vart Jeſus førd av Anden ut i Øydemarki til aa verta freiſtad av Djævelen.
2 Og da han hadde faſtat fyrti Dagar og fyrti Næter, vart han hungrig umſider.
3 Og Freiſtaren kom til honom og ſagde: „Derſom du er Guds Son, ſo ſeg, at desſe Steinarne ſkulo verta Braud!“
4 Men han ſvarade og ſagde: „Det er ſkrivet: Menneſkja ſkal ikkje liva berre av Braud, men av kvart Ord, ſom gjeng ut or Guds Munn.“
5 Daa tok Djævelen honom med ſeg til den heilage Staden og ſette honom uppaa Tempelrauſtet,
6 og ſagde til honom: „Derſom du er Guds Son, ſo kaſta deg ned! for det er ſkrivet: han ſkal bjoda ſine Englar um deg, og dei ſkulo bera deg paa Hender, ſo at du ikkje ſkal ſtøyta Foten din paa nokon Stein.“

7 Jesus sagde til honom: „Det er atter skrivet: Du skal ikkje freista Herren din Gud".
8 Djævelen tok honom atter med seg uppaa eit ovlege høgt Berg og fynte honom alle Heimsens Rike og deira Herlegdom
9 og segjer til honom: „Alt dette vil eg giva deg, dersom du vil falla ned og tilbeda meg".
10 Daa segjer Jesus til honom: „Gakk ifraa meg, Satan! for det er skrivet: Herren din Gud skal du tilbeda, og berre honom stal du tena."
11 Da leet Djævelen honom vera; og sjaa, Englarne kom og tente honom.
12 Men daa Jesus høyrde, at Johannes var overgjeven, drog han seg undan til Galilæa.
12 Og daa han forleet Nasaret, kom han og budde i Kapernaum, som ligg ved Sjøen paa Sebulons og Naftalis Landemærke,
14 at det skulde verta uppfyllt det, som er fagt ved Esaias Profeten, som segjer: „Sebulons Land og Naftlllims Land, Vegen mot Havet, den andre Sida av Jordan, det heidne Galilæa,
15 det Folk, som sat i Myrker, saag eit stort Ljos, og fyre deim, som sat i Daudens Land og Skugge, er eit Ljos upprunnet." —
17 Fraa den Tid tok Jesus til an forkynna og segja: „Umvende dykker, for Himmelriket er komet nær."
18 Men daa Jesus gjekk ikring ved Galilæa-Sjøen, saag han tvo Brøder, Simon, som er kallad Petrus, og Andreas, Broder hans, som sette Garn i Sjøen; for dei var Fiskarar.
19 Og han segjer til deim: „Fylgje meg, og eg skal gjera dykker til Menneskjesiskarar."
20 Men dei lagde fraa seg Garni og fylgde honom.
21 Og daa han gjekk fram der ifraa, saag han tvo andre Brøder, Jakob, Sebedæus’ Son, og Johannes, Broder hans, i Baaten med Sebedæus, Fader deira, der dei sette Garni sine. Og han kallade deim.
22 Men dei forleet strakst Baaten og Fader sin og fylgde honom.
23 Og Jesus gjekk umkring i heile Galilæa og lærde i Stemnestovom deira og forkynte Evangeliet um Riket og lækte all Sjukdom og Vanhelsa hjaa Folket.
24 Og Ordet um honom kom ut yver heile Syria, og dei førde fram til honom alle, som hadde vondt og leid av ymist Sjukdomar og Plaagor. og Forgjorde og Maanesjuke og Verkbrotne, og han lækte deim.
25 Og myket Folk fylgde honom ifraa Galilæa og Detapolis og Jerusalem og Judæa og

ifraa den andre Sida av Jordan.
5te Kapitlet.


1 Og daa han saag Folket, gjekk han uppaa Berget. Og daa han hadde sett seg ned, kom Læresveinarne hans til honom;
2 og han opnade sin Munn, lærde deim og sagde:
3 „Sæle ero dei Fatike i Anden; for deira er Himmelriket;
4 Sæle ero dei, som byrja; for dei skulo verta trøystade.
5 Sæle ero dei Hugmilde; for dei skulo erva Jordi.
6 Sæle ero dei, som hungra og tyrsta etter Rettferd; for dei skulo verta mettade. —
7 Sæle ero dei Miskunnsame ; for dei skulo faa Miskunn.
8 Sæle ero dei, som ero reine i Hjartat; for dei skul sjaa Gud.
9 Sæle ero dei Fredsame, for dei skulo verta kallade Guds Born.
10 Sæle ero dei, som ero forfylgde fyre Rettferd Skuld; for deira er Himmelriket.
11 Sæle ero de, naar dei spotta dykker og forfylgja dykker, og segja det, som vondt er, um dykker fyre mi Skuld og ljuga det.
12 Gledje dykker og fegnast! for Løni dykker er stor i Himlom; for soleides hava dei forfylgt Profetarne, som var fyrr dykker.
13 De ero Saltet aat Jordi; men um Saltet vert dauvt, kvat skal det verta saltat med? Til ingen Ting duger det meir, utan til aa verta utkastat og nedtrakkat av Folk.
14 De ero Ljoset aat Verdi; ein By, som ligg uppaa Berg, kann ikkje dyljast.
14 Ikkje tendra dei eit Ljos og settja det under Skjeppa, men i Staten; og det lyser fyre alle deim, som ero i Huset.
16 Late soleides dykkar Ljos skina fyre Menneskjom, so at dei maa sjaa dykkar gode Verk og heidra dyttar Fader i Himlom.
17 De maa ikkje tenkja, at eg er komen til aa avlysa Logi elder Profetarne ; eg er ikkje komen til aa avlysa, men til nn uppfylla.
18 For sannelege segjer eg dykker, at til dess Himmelen og Jordi forgangast, stal ikkje ein Bokstav elder ein einaste Tyttel av Logi forgangast, til dess alt saman hender seg.
19 Difyre, den som bryt eit av desse minste Bodordom og lærer Menneskjom soleides, han skal verta kallad den minste i Himmelriket; men den, som gjerer og lærer deretter, han skal verta kallad stor i Himmelriket.
20 For eg segjer dykker, at um ikkje dykker Retferd vert større enn Rettferdi til dei Skriftlærde og Farisæarom, daa koma de slett ikkje inn i Himmelriket.
21 De hava høyrt, at det er sagt til dei Gamle: du skal ikkje slaa i Hel; men den, som slær i Hel, han skal vera sakad fyre Domen.
22 Men eg segjer dykker, at kvar den, som er vreid paa sin Broder urettelege, han skal vera sakad fyre Domen; og kvar den, som segjer til sin Broder: Raka, han slal vera sakad fyre Raadet; og kvar den, som fegjer: Din Daare, han stal vera sakad til Helvites Eld.
23 Difyre, naar du ber fram Gaava di paa Altaret, og du der minnest, at din Broder heve nokot imot deg,
24 so lat daa Gaava di liggja der ved Altaret og gakk og vert fyrst samd med Broder din, og kom so atter og ber fram Gaava di.
25 Ver velviljug imot din Motstandar, og det snart, imedan du enndaa er paa Vegen med honom, at ikkje Motstandaren skal yvergiva deg til Domaren, og Domaren yvergiva deg til Tenaren, og du stal verta kastad i Fangehuset;
26 sannelege fegjer eg deg: Du skal slett ikkje koma ut der ifraa, fyrr enn du avgjerer den siste Peningen.
27 De hava høyrt, at det er sagt til dei Gamle: Du skal ikkje driva Hor.
28 Men eg fegjer dykker, at kvar den, som ser paa ei Kvinna til aa lysta etter henne, han heve alt drivet Hor med henne i sit Hjarta.
29 Men dersom høgre Augat dit avstyggjer deg, so riv det ut og kasta det ifraa deg; for det gagnar deg, at ein av Limom dine gjeng spillt, og at ikkje heile Likamen din skal verta kastad i Helvite.
30 Og derfom høgre Handi di avstyggjer deg, so hogg henne av deg og kasta henne ifraa deg ! for det gagnar deg, at ein af Limom dine gjeng fpillt, og at ikkje heile Likamen din stal verta kastad i Helvite.
31 Men det er sagt, at den, som vil skilja seg ved Kona si, han skal giva henne eit Stilsmaalsbrev.
32 Men eg segjer dykker, at den, som skil seg ved Kona si, utan fyre Hors Skuld, han gjerer, at ho driv Hor; og den, som tek til Kona ei, som er fraaskild, han driv Hor.
33 De hava ogso høyrt, at det er fagt til dei Gamle: Du skal ikkje gjera rang Eid, men du skal halda dine Eidar fyre Herren.
34 Men eg fegjer dytter: De skulo slettikkje sverja, korkje ved Himmelen, for han er Guds Høgsæte;
35 helder ikkje ved Jordi; for ho er Fotskammelen under Fotom hans; og helder ikkje ved Jerusalem, for det er den store Konungs Stad.
36 Du skal helder ikkje sverja ved ditt Hovud; for du kan ikkje gjera eit Haar kvitt elder svart.
37 Men lat Talen dykker vera: Ja, ja; nei, nei; men det, som gjeng utum dette, det er av den Vonde.
38 De hava høyrt, at det er sagt: Auga fyre Auga og Tann fyre Tann.
39 Men eg segjer dytter, at de skulo ittje settjn dykker upp imot det Vonde; men den, som slcer deg pnn di hsgre Kinn, — snu ogfo til honom den andre!
40 Og vil nokon føra Sak med deg og taka Kjolen din, lat honom faa Kaapa med!
41 Og den, som vil tvinga deg til aa ganga ei Mil, — gakk du tvo med honom.
42 Giv den, som bed deg, og vend deg ikkje burt ifraa den, som vil laana hjaa deg!
43 De hava høyrt, at det er sagt: Du stal elska Næsten din og hata Fienden din.
44 Men eg segjer dykker: Elske dyttar Fiendar! Velsigne deim, som banna dykker! Gjere vel imot deim, som hata dykker! Og bede fyre deim, som vilja gjera dytter Forfang og forfylgja dykker,
45 so at de kunna verta Born til dykkar Fader i Himlom; for han læt Soli si ganga upp yver Vonde og Gode og læt det regne yver Rettferdige og Urettferdige.
46 For um de elska deim, som elska dykker, kvat Løn faa de daa? Gjera ikkje Tollmenner og det same?
47 Og um de helse berre Brødrom dyttar, kvat Overs-Verk gjera de daa? gjera ikkje Tollmenner og soleides?
48 Vere difyre fullkomne, likasom dykkar Fader i Himlom er fullkommen!"

6te Kapitlet.

1 „Sjaa til, at de ikkje giva Olmosa dykkar fyre Menneskjom, til aa synast fyre deim; elles kann de ikkje Løn av dykkar Fader i Himlom.
2 Difyre, naar du giv Olmosa, so maa du ikkje lata blaast i Lur fyre deg, likasom Skrymtararne gjera i Stemnestovom og i Vegamotom, so at dei kunna faa Løn av Menneskjom. Sannelege segjer eg dykker: Dei hava alt fenget Løni si.
3 Men naar du giv Olmosa, so lat ikkje vinstre Handi di vita, kvat di høgre gjerer,
4 so at Olmofa di kann vera i Løyndom, og Fader din, som ser i Løyndom, han skal løna deg i Berrsynom.
5 Og naar du held Bøn, so skal du ikkje vera likasom Skrymtararne; for dei tykja vænt um aa standa i Stemnestovom og paa Gatehyrnom og halda Bøn, so at dei kunna gjera det synlegt fyre Menneskjom. Sannelege segjer eg dykker, dei hava alt fenget Løni si.
6 Men du, naar du bed, so gakk inn i Løynromet ditt, lat atter Dyrri di, og bed til din Fader, som er i Løyndom ; og Fader din, som ser i Løyndom, han skal løna deg i Verrsynom.
7 Men naar de beda, daa skulo de ikkje remsa upp mange Ord som Heidningarne; for dei tenkja aa verta bønhøyrde ved sin Rikdom paa Ord.
8 Difyre skulo de ikkje likjast paa deim; for Fader dykkar veit, kvat de have Tarv til, fyrr enn de beda honom.
9 Difyre skulo de beda soleides: Fader Vaar, du som er i Himlom! Helgat verte ditt Namn!
10 Tilkome ditt Rike! Verte din Vilje, som i Himmelen, so og paa Jordi!
11 Giv oss vaart daglege Braud i Dag!
12 Og forlat oss vaar Skyld, likasom me forlata deim, som ero oss skyldige!
13 Og før oss ikkje inn i Freisting ! men frels oss ifraa det Vonde! for ditt er Riket og Magti og Æra i all Æva. Amen.
14 For dersom de forlata Menneskjom deira Missgjerningar, so skal ogso dytter Fader i Himlom forlata dykker.
15 Men dersom de ikkje forlata Menneskjom deira Missgjerningar, so skal helder ikkje Fader dykkar forlata dykker Missgjerningnrne dykkar.
16 Men naar de fasta, maa de ikkje vera sturne aa sjaa til som Skrymtararne; for dei avlaga Andlitet sitt, so at dei kunna gjera det synlegt fyre Mennefljom, naar dei fasta. Sannelege segjer eg dykker: Dei hava alt fenget Løni si.
17 Men naar du fastar, so salva ditt Hovud og vaska ditt Andlit.
18 so at det ikkje vert synlegt fyre Menneskjom. at du fastar, men fyre din Fader, som er i Løyndom; og din Fader, som ser i Løyndom, han skal løna deg i Berrfynom !
19 Leggje dykker ikkje upp Liggjandese paa Jordi, der Mol og Mott eta upp, og der Tjuvar brjota inn og stela!
20 Men leggje dykker upp Liggjandese i Himmelen, der korkje Mol elder Mott eta upp, og der Tjuvar ikkje brjota inn elder stela! —
21 For der dykkar Liggjandese er, der vil og dykkar Hjarta vera.
22 Ljoset i Likamen er Augat ; difyre, dersom ditt Auga er reint, vil heile din Likam vera ljos.
23 Men dersom ditt Auga er vondt, vil heile din Likam vera murk; dersom daa Ljoset i deg er Myrker, kor stort er ikkje Myrkret daa?
24 Ingen kan tena tvo Herrar; for anten vil han hata den eine og elska den andre, elder han vil halda seg til den eine og vanvyrda den andre; de kunna ikkje tena Gud og Mammon!
25 Difyre segjer eg dykker: Syte ikkje fyre dykkar Liv, kvat de skulo eta, og kvat de skulo drikka, og ikkje fyre dykkar Likam. kvat de skulo klæda dykker med! Er ikkje Livet meir enn Maten? og Likamen meir enn Klædi?
26 Sjaa til Fuglarne under Himmelen, at dei saa ikkje og høysta ikkje og sanka ikkje inn i Lødor; og dykkar himmelske Fader føder deim; ero ikkje de myket meir enn dei?
27 Men kven av dykker kann med all si Umsut leggja ei Alen til si Livslengd?
28 Og kvi syta de fyri Klædom? Lære av Liljom paa Marki, korleides dei veksa; dei arbeida ikkje; dei spinna ikkje.
29 Men eg segjer dykker, at jamvæl Salomon i all sin Prydnad var ikkje klædd som ei av deim.
30 Men naar Gud klæder Graset paa Marki, som er i Dag, og i Morgen vert kastat i Omnen, skulde han daa ikkje helder klceda dykker, de Faatruande?
31 Syte difyre ikkje og segje ikkje: Kvat skulo me eta, elder kvat skulo me drikka, elder kvat skulo me klæda oss med?
32 For alle desse Ting søkja Heidningarne etter; for dykkar himmelske Fader veit, at de trenga til alt dette.
33 Men skje fyrst Guds Rike og hans Rettferd, so skal alt dette verta gjevet dykker attaat.
34 Syte daa ikkje fyre Morgondagen! for Morgondagen vil syta fyre sine eigne Saker. Kvar Dag heve nog med si Møda." —

7de Kapitlet.


1 „Døme ikkje, at de ikkje skulo verta dømde!
2 For med den Domen, de døma, skulo de verta dømde, og med det Maalet, som de mæla med, skal det verta tilmælt dykker atter.
3 Men kvi ser du Boset i Augat paa Broder din; men Bjelken i ditt eiget Auga vert du ikkje var?
4 Elder korleides segjer du til Broder din: Lat meg draga Boset utor Augat ditt, og sjaa, der er ein Bjelke i ditt eiget Auga.
5 Du Skrymtar! drag fyrst Bjelken utor ditt eiget Auga! og so kann du sjaa til aa draga Boset utor Augat paa Broder din.
6 Give ikkje Hundom det Heilage ! og kaste helder ikkje Perlorna dykkar fyre Svin, at dei ikkje skulo trakka deim ned med Fotom sine og snu seg og riva dykker sunder.
7 Bede, so skulo de faa! Leite, so skulo de finna! Banke paa, so skal det verta upplatet fyre dykker!
8 For den, som bed, han fær; og den, som leitar, han finn; og den, som bankar paa, vert det upplatet fyre.
9 Elder kvat Menneskja er det av dykker, som vil giva sin Son Stein, nåar han bed um Braud?
10 elder vil giva honom ein Orm, naar han bed um Fisk?
11 Dersom daa de, som ero vonde, vita aa giva Bornom dykkar gode Gaavor, kor myket helder skal daa ikkje dykkar Fader i Himlom giva gode Gaavor til deim, som beda honom?
12 Difyre, alt det, som de vilja, at Menneskjorna skulo gjera imot dykker, soleides maa de og gjera imot deim; for slik er Logi og Profetarne.
13 Gange inn igjenom den tronge Porten; for vid er den Porten, og breid er den Vegen, som gjeng til Fortaping, og mange ero dei, som ganga der igjenom.
14 For trong er den Porten, og smal er den Vegen, som gjeng til Livet, og faae ero dei, som honom sinna.
15 Men vare dykker fyre dei falske Profetom, som koma til dykker i Saudeklædnad, men innantil ero dei graaduge Ulvar!
16 Paa Fruktom deira skulo de kjenna deim. Kann dei sanka Druvor av Klunger elder Fiken av Tistlar?
17 Soleides ber kvart godt Tre gode Frukter; men eit rotet Tre ber vonde Frukter.
18 Ikkje kann eit godt Tre bera vonde Frukter, og ikkje kann eit rotet Tre bera gode Frukter.
19 Kvart Tre, som ikkje ber gode Frukter, skal verta avhogget og kastat paa Elden.
20 So skulo de kjenna deim paa deira Frukter.
21 Ikkje svar den, som segjer til meg: Herre, Herre, skal koma inn i Himmelriket, men den, som gjerer Viljen til min Fader i Himlom.
22 Mange skulo segja til meg paa den Dagen: Herre, Herre! have me ikkje i dit Namn talat som Profetar? og hava me ikkje i dit Namn drivet ut vonde Andar? og hava me ikkje i dit Namn gjort mange kraftige Verk?
23 Og eg skal daa fegja reint ut til deim: Eg heve aldri kjent dytter. Gange burt ifraa meg de, som driva paa med Urett!
24 Kvar den daa, som høyrer desse Ordi mine og gjerer etter deim, honom vil eg likna med ein klok Mann, som bygde Huset sitt paa Berg.
25 Og det fall Støytregn, og Elvarne kom, og Vindarne bles, og dei slog inn paa det Hufet; men det fall ikkje, avdi det var grunnfest paa Berg.
26 Og kvar den, som høyrer desse Ordi mine og ikkje gjerer etter deim, han skal verta liknad med ein faavitug Mann som bygde Huset sitt paa Sand.
27 Og det fall Støytregn, og Elvarne kom, og Vindarne bles, og dei støytte imot det Huset, og det fall, og det Fallet var stort."
28 Og det hende seg, daa Jesus hadde fullendat desse Ordi, daa undrade Folket seg yver hans Læra;
29 for han lærde deim so som den, som heve Magt, og ikkje

som dei Skriftlærde.
8de Kapitlet.


1 Men daa han gjekk ned av Berget, daa fylgde myket Folk med honom.
2 Og sjaa, ein spitelsk Mann kom og tilbad honom og sagde: "Herre, dersom Du vil, so kann Du reinsa meg."
3 Og Jesus rette ut Handi, rørde ved honom og sagde: „Eg vil. Vert du rein!" Og med det sama vart han reinsad fyre si Spilsykja.
4 Og Jesus fegjer til honom: „Sjaa til, at du ikkje segjer nokon det; men gakk og syn deg fram fyre Presten og ofra den Gaava, som Moses heve paabodet til Vitne fyre deim!"
5 Men daa Jesus gjekk inn i Kapernaum, daa kom ein Hovudsmann til honom og bad honom
6 og sagde: „Herre ! Drengen min ligg verkbroten heime og pinest myket."
7 Og Jesus segjer til honom: „Eg skal koma og lækja honom."
8 Og Hovudsmannen svarade og sagde: „Herre! eg er ikkje verdig til, at du skal koma inn under mitt Tak. Men seg du berre eit Ord, og Drengen min vert lækt.
9 For eg er og ei Menneskja, som stend under Styremagti, men hever Stridsmenner under meg. eg segjer til den eine: Gakk! og han gjeng; — og til ein annan: Kom, og han kjem; — og til Trælen min: Gjer det; — og han gjerer det."
10 Men daa Jesus høyrde det, undrade han seg og sagde til deim, som fylgde med: „Sannelege segjer eg dykker: Ikkje i Israel eingong heve eg funnet so stor Tru.
11 Men eg segjer dykker, at Mange skulo koma ifraa Auster og Vester og sitja til Bords med Abraham og Isak og Jakob i Himmelriket. —
12 Men Riksens Born skulo verta utkastede i Myrkret utanfyre. Der skal det vera Grant og Tanngnistring."
13 Og Jesus sagde til Hovudsmannen: „Gakk burt, og det skal ganga deg, som du trudde." Og Drengen hans vart lækt i den same Timen.
14 Og daa Jesus kom i Petrus’ Hus, saag han, at Vermoder hans var liggjande og hadde Sott.
15 Og han rørde ved Handi hennar, og Sotti sleppte henne, og ho stod upp og stellte i Huset fyre deim.
16 Men daa det vart Kveld, førde dei til honom Mange, som var forgjorde av vonde Andar; og han dreiv Andarne ut med eit Ord ; og han lækte alle deim. som hadde vondt,
17 at det skulde verta uppfyllt det, som er sagt ved Profeten Efaias, som segjer: „Han tok burt vaar Vanhelst og har vaare Sjukdomar.“
18 Men daa Jesus saag myket Folk ikringum seg, baud han deim fara yver paa andre Sida.
19 Og der kom fram ein Skriftlærd og sagde til honom: „Meister! eg vil fylgja deg, kvar du so gjeng.“
20 Og Jesus segjer til honom : „Revarne hava Hide, og Fuglarne under Himmelen Reid; men Mennektjesonen heve inkje, som han kann halla Hovudet sitt paa.“ —
21 Men ein annan av Læresveinom hans sagde til honom; „Herre! Lat meg fyrst faa ganga og jorda Fader min!“
22 Men Jesus sagde til honom: „Fylg meg, og lat dei Daude jorda sine Daude!“
23 Og daa han steig i Baaten, fylgde hans Læresveinar med honom.
24 Og sjaa, det vart ein sterk Storm paa Sjoen, so at Baarorna slog yver Baaten; men han sov.
25 Og hans Læresveinar kom og vakte honom og sagde: „Herre frels ofs! me fetja til!“
26 Og han fegjer til deim: „Kvi ero de so ræddhugade, de Faatrullnde!“ Og han reiste seg og agade Vinden og Sjoen, og det vart Stavstilla.
27 Men Folket undrade seg paa dette og sagde: „Kvat er denne for ein, at baade Vindarne og Sjoen lyda honom?“
28 Og daa han kom yver til Gergefener-Landet, kom det imot honom tvo, som var forgjorde av vonde Andar, og dei kom ut or Gravom og var reint rasande, so at Ingen kunde koma fram paa den Vegen.
29 Og sjaa, dei skreik og sagde: „Kvat hava me med deg. Jesus, Guds Son? Er du komen hit til aa pina oss, fyrr Tidi kjem?“
30 Men langt der ifraa gjekk ein stor Svine-Flokk paa Beite.
31 Men dei vonde Andarne bad honom og sagde: „Dersom du driv oss ut, so giv oss Lov til aa fara inn i Svine-Flokken!“
32 Og han sagde til deim: „Fare daa!“ Men daa dei var farne ut, foor dei inn i Svine-Flokken. Og sjaa, heile Svine-Flokken støypte seg utyver Bakken ned i Sjøen og døydde i Vatnet.
33 Og Hyrdingarne flydde og kom inn i Byen og fortalde alt ihop, ogso det um dei Forgjorde.
34 Og sjaa: heile Byen gjekk ut til Møtes med Jesus, og daa dei saag honom, bad dei, at han vilde ganga burt or Bygdom deira. —

9de Kapitlet.


1 Og han steig inn i Baaten og foor yver og kom til sin eigen By.
2 Og sjaa: dei førde til honom ein verkbroten Mann, som laag paa ei Seng. Og daa Jesus saag deira Tru, sagde han til den Verkbrotne: „Ver frihugad, Son! dine Synder ero deg forlatne."
3 Og fjaa, sume av dei Skriftlærde sagde seg imillom: „Han spottar".
4 Og daa Jesus saag Tankarne deira, sagde han: „Kvifyre tenkja de so vondt i Hjartom dykkar?
5 For kvat er lettast? aa segja: Dine Synder ero deg for latne? elder aa fegja: Statt upp og gakk?
6 Men, so de kunna vita, at Menneskjesonen heve Magt pan Jordi til aa forlata Synder" — daa segjer han til den Verkbrotne : „Statt upp, tak Sengi di og gakk heim!"
7 Og han stod upp og gjekk heim.
8 Men daa Folket stag det. undrade dei feg og lovade Gud, forn hadde gjevet Mennestjom flik Magt.
9 Og daa Jesus gjekk derifraa, daa saag han ein Mann med Namnet Mattæus, som sat ved Tollbudi; og han segjer til honom: „Fylg meg!" Og han stod upp og fylgde honom.
10 Og det hende seg, daa han sat til Bords i Huset, sjaa, daa kom der mange Tollmenner og Syndarar og sat til Bords med Jesus og Læresveinom hans.
11 Og daa Farisæarne saag det, sagde dei til hans Læresveinar: „Kvifyre eter Meisteren dykkar i Lag med Tallmenner og Syndarar?"
12 Men daa Jesus høyrde det, sagde han til deim: „Dei, som ero friske, treng ikkje til Lækjar, men dei, som hava vondt.
13 Men gange de og lære. kvat det er: Eg heve Hug til Miskunn og ikkje til Offer. For eg er ikkje komen til det aa kalla Rettferdige, men Syndarar til Umvending."
14 Daa kom Johannes’ Læresveinar til honom og sagde: „Kvifyre fasta me og Fariæearne myket; men dine Læresveinar ikkje?"
15 Og Jesus sagde til deim: „Kan Brudsveinarne fasta, medan Brudgumen er med deim? Men der vil koma Dagar, daa Brudgumen vert teken ifraa deim, og daa skulo dei fasta.
16 Men Ingen set ei Bot av utøvt Ty paa eit gamalt Plagg; for Boti vil riva burt nokot av Plagget, og Holet vert verre.
17 Og Ingen slær ny Vin paa gamle Lederflaskor; elles springa Lederflaskorna og Vinen vert fpillt, og Flastornll oydelagde; men dei slaa ny Vin i nye Flaskor, so ero baade bergade."
18 Men daa han talade dette, sjaa, daa kom ein Hovding og fall ned fyre honom og stgde: „No døydde Dotter mi; men kom du og legg di Hand paa henne, so vert ho livande!"
19 Og Jesus stod upp og fylgde honom, og hans Lærefveinar med
20 Og sjaa, ei Kvinna, forn hadde havt Blodsott i tolv Aar, kom fram attantil og rørde ved Saumen av Klædnaden hans.
21 For ho sagde ved seg sjølv: „Um eg berre feer røra ved Klædnaden hans, fo vert eg lækt."
22 Men Jesus vende seg, saag paa henne og sagde: „Dotter, ver frihugad! Din Tru heve frelst deg." Og Kvinna vart frelst ifraa den same Timen.
23 Og daa Jesus kom i Huset til Hovdingen og saag Fløytespelararne og den staakande Mængdi,
24 daa segjer han til deim: „Gange undan! Gjenta er ikkje daud, men ho søv." Og dei log aat honom.
25 Men daa Mengdi var drivi ut, gjekk han inn, tok henne i Handi, og Gjenta reiste seg.
26 Og Gitordet um dette kom ut i det heile Landet.
27 Og daa Jesus gjekk der ifraa, daa fylgde det honom tvo blinde Menneskjor, som ropade og sagde: „Miskunnn oss, Davids Son,"
28 Men daa han kom inn i Huaet, kom dei Blinde til honom; og Jesus fagde til deim: „Tru de, at eg kann gjera dette?" Dei segja til honom: „Ia Herre!"
29 Daa rorde han ved Augo deira og sagde: „Det gange dykker etter dykkar Tru!"
30 Og Augo deira vart opnade; og Jesus talade strengt til deim og sagde: „Sjaa til, at Ingen feer vita det!"
31 Men daa dei gjekk ut, fortalde dei um honom i heile Landet.
32 Men daa desse var gangne ut, førde dei til honom ei maallaus Mennektja, som var forgjord.
33 Og daa den vonde Anden var driven ut, talade den Maallause, og Folket undrade feg og sagde: „Aldrig er slitt seet i Israel."
34 Men Farisæarne fagde: „Det er ved Hovdingen fyre dei vonde Andar at han driv dei vonde Andar ut."
35 Og Jesus gjekk umkring i alle Byar og Landsbyar og lærde i Stemnestovom deira og forkynte Evangeliet um Riket, og lækte all Sjukdom og all Vanhelsa hjaa Folket.
36 Men daa han saag Folket, ynkadest han yver dem; for dei var forkomne og yvergjevne likasom Sauder, som ingjen Hyrding hava.
37 Da segjer han til sine Læresveinar: „Hausten er stor; men Vinnekolki ero faae.
38 Bede difyre Haustens Herre, at han driv ut Vinnefolk til fin Haust!"

10de Kapitlet.


1 Og han kallade sine tolv Læresveinar til seg og gav deim Magt yver dei ureine Andarne, til aa driva deim ut, og Iækja all Sjukdom og all Vanhelst.
2 Men Namni paa dei tolv Apostlom ero: Fyrst Simon, som er kallad Petrus, og Andreas, Broder hans, Jakob, Sebedæus’ Son, og Johannes, Broder hans,
3 Filippus og Bartolomæus, Tomas og Mattæus, Tollmannen, Jakob, Alfæus’ Son, og Lebbæus med Tilnamn Taddæus,
4 Simon, Kananæaren, og Judas Iskariot, som og forraaade honom.
5 Desse tolv sende Jesus ut og baud deim og sagde: „Gange ikkje nokon Veg til Heidningar, og gange ikkje inn i nokon By til Sllmaritanarar!
6 Men fare helder til dei forvillte Sauderne av Israels Hus!
7 Men naar de ero paa Ferdi, so forkynne og segje, at Himmelriket er komet nær!
8 Lækje Sjuke, gjere Spitelske reine, vekkje upp Daude, drive ut vonde Andar! De sett det fyre Inkje, give det fyre Inkje!
9 Ikkje skulo de hava Gull, ikkje Sylv, kktje Kopar i Beltom dykkar,
10 ikkje Skreppa paa Vegen, ikkje tvo Kjolar, ikkje Sko, ikkje Stav; for Vinnemannen er si Føda verd.
11 Men naar de ganga inn i ein By elder Landsby, spyrje daa etter, kven som der er det verd, og drygje daa der, til dess, de ganga der ifraa!
12 Men naar de ganga inn i eit Hus, so helse der!
13 Og um Huset er det verdt, so kome dykkar Fred yver det men um det ikkje er det verdt, so vende dykkar Fred atter til dykker.
14 Og um nokon ikkje vil taka imot dytter og ikkje høyra Ordi dykkar, gange daa ut or det Huset elder or den Byen, og riste Dusti av Fotom dyttar!
15 Sannelege segjer eg dyller : det skal ganga Sodoma og Gomorra tolelegare paa Domedag enn den Byen.
16 Saåa, eg sender dykker som Sauder imillom Ulvar. Verte difyre kloke fom Ormar og sviklause som Duvor!
17 Men vare dykker fyre Menneskjom, for dei skulo yvergiva dykker til Raadet og hudflengj dykker i Stemnestovom deira!
18 Men de skulo og verta førde fram fyre Fyrstar og Kongar fyre mi Skuld, til Vitne fyre deim og Heidningom.
19 Men naar dei yvergiva dykker, so syte ikkje fyre, korleides elder kvat de skulo tala! for det skal verta dytter gjevet i den same Timen, kvat de skulo tala;
20 For det er ikkje de, som tala, men min Faders Ande, som talar i dykker.
21 Men Broder skal yvergiva Broder til Dauden, og Fader Born, og Born skulo setja seg upp imot Foreldre og slaa deim i Hel.
22 Og de skulo verta hatade av Alle fyre mitt Namns Skuld; men den, som held ut til Enden, han skal verta frelst.
23 Men naar dei forfylgja dykker i den Byen, so flye til den andre. For sannelege segjer eg dykker: De skulo ikkje verta ferdige med Israels Byar, fyrr enn Meniskjesonen kjem.
24 Ikkje er Læresveinen yver Meisteren og helder ikkje Tenaren yver sin Herre.
25 Det er nog fyre Læresveinen, at han maa verta som sin Meister, og fyre Tenaren som sin Herre; hava dei kallat Husbonden Be’elsebub, kor myket meir daa Huslyden hans?
26 So ottast daa ikkje fyre deim! For Inkje er dult, som ikkje skal verta openberrat; og Inkje er Iøynt, som ikkje skal verta kjent.
27 Det, som eg segjer dykker i Myrkret, skulo de segja i Ljoset; og det, som de høyra i Øyrat, skulo de forkynna paa Takom.
28 Og vere ikkje rædde deim, som slaa Likamen i Hel, men ikkje kunna slaa Saali i Hel! Men vere helder rædde honom, som kann øydeleggja baade Saal og Likam i Helvite.
29 Verta ikkje tvo Sporvar selde fyre ein Pening? Og ein av deim fell ikkje aat Jordi, utan dykkar Faders Vilje.
30 Men paa dykker ero jamvel alle Hovudhaari talde.
31 Difyre vere ikkje redde! De ero meir enn mange Sporvar.
32 Difyre den, som vedkjennest meg fyre Menneskjom, honom vil og eg vedkjennast fyre min Fader i Himlom.
33 Men den, som neittar meg fyre Menneskjom, honom vil og eg neitta fyre min Fader i Himlom.
34 De maa ikkje tenkja, at eg er komen til aa sende Fred paa Jordi; ikkje er eg komen til aa sende Fred, men Sverd.
35 For eg er komen til aa gjera ei Menneskja usamd med Fader sin og Dotter med Moder si og Sonekona med Vermoder si.
36 Og Fiender av Menneskja skal hans Huslyd verta.
37 Den, som elskar Fader elder Moder meir enn meg, han er meg ikkje verd; og den, som elskar Son elder Dotter meir enn meg, han er meg ikkje verd.
38 Og den, som ikkje tek Krossen sin og fylgjer etter meg, han er meg ikkje verd.
39 Den, som finn sit Liv, han skal misst det; men den, som mister sitt Liv fyre mi Skuld, han skal finna det.
40 Den, som tek imot dykker, han tek imot meg; og den, som tek imot meg, han tek imot honom, som utsende meg.
41 Den, som tek imot ein Profet i ein Profets Namn, han skal faa Profets Løn; og den, som tet imot ein Retferdig i rettferdig Manns Namn, han skal faa rettferdig Manns Løn.
42 Og den, som giv ein av desse Smaa, um det er berre ein Kaldvatsdrykk, i ein Læresveins Namn, sannelege segjer eg dykker, han skal ikkje mista Løni si."

11te Kapitlet.


1 Og det hende seg, daa Jesus hadde fullendat desse Rettleidinger til sine tolv Læresveinar, daa gjekk han der ifraa til an læra og forkynna i Byom deira.
2 Men daa Johannes i Fangehuset høyrde um Kristi Gjerningar, daa sende han tvo av sine Læresveinar
3 og sagde til honom: „Er du den, som skal koma? elder skulo me venta ein annan?"
4 Og Jesus svarade og sagde til deim: „Gamge og fortelje Johannes det, som de hava høyrt og seet:
5 Blinde sjaa, og Halte ganga, Spitelste verta reinsade, og Dauve høyra, Daude standa upp atter, og Evangeliet vert forkynt fyre Fatigfolk.
6 Og seel er den, som ikkje styggjest ved meg."
7 Men daa desse gjekk burt, tok Jesus til aa tala til Folket um Johannes: „Kvat gjekk de ut i Øydemarki til aa fjaa? Eit Røyrstraa, som svagar fyre Vinden?
8 Men kvat gjekk de ut til aa sjaa? Ein Mann klædd i mjuke Klæde? Sjaa, dei, som bera mjuke Klæde, ero i Kongsgardom!
9 Men kvat gjekk de ut til aa sjaa? Ein Profet? Ja, eg segjer dytter, endaa meir enn ein Profet.
10 For denne er den, som det er skrivet um: Sjaa, eg sender min Engel fyre di Aasyn; han skal rydja Vegen fyre deg.
11 Sannelege segjer eg dykker: Ikkje er der imillom deim, som ero fødde av Kvinnor, uppreist nokon større enn Johannes Døypar; men den minste i Himmelriket er større enn han.
12 Men ifraa Johannes Døypars Dagar og til denne Stund vert det stormat inn paa Himmelriket; og dei, som storma, riva det til seg.
13 For alle Profetarne og Logi spaadde lita til Johannes.
14 Og dersom de vilja fata det: han er Elias, som skal koma.
15 Den, som heve Øyro til aa høyra med, han høire! ,
16 Men kven skal eg likna denne Ætti med? Ho er lik dei Smaaborn, som sitja paa Torgom og ropa til sine Leikebrøder
17 og fegja: Me bles paa Fløyta fyre dykker, og de vilde ikkje dansa; me song Sorgesongar fyre dykker, og de vilde ikkje graata.
18 For Johannes kom og korkje aat elder dratt, og de segja: Han heve ein vond Ande i seg.
19 Menneskjesonen kom og aat og dratt, og de segja: Sjaa for ein Etar og Vindrikkar og Ven av Tollmenner og Syndarar. Og Visdomen er rettferdiggjord av sine Born."
20 Daa tok han til aa lasta dei Byarne, der hans fleste kraftige Verk var gjorde, avdi dei ikkje hadde umvendt feg:
21 „Usæl du Korasin! usæl du Betsaida! For var dei kraftige Verk gjorde i Tyrus og Sidon, som ero gjorde i dykker, so hadde dei lengje sidan umvendt seg i Sekk og Oska.
22 Men eg segjer dykker: Det skal ganga Tyrus og Sidon tollegare enn dykker paa Domedag.
23 Og du Kapernaum, som er upphøgd til Himmelen, du skal verta nedstøytt heilt til Helheimen; for var dei kraftige Verk gjorde i Sodoma, som ero gjorde i deg, so vilde det hava stadet til denne Dag.
24 Men eg segjer dykker: Det skal ganga Sodoms Land tollegare enn deg paa Domedag."
25 Ved denne Tidi tok Jesus til Ords og sagde: „Eg lovar deg, Fader, Herre yver Himmelen og Jordi, at du løynde dette fyre dei Vise og Kloke, men openberrade det fyre dei Umyndige!
26 Ja Fader, soleides var det tekkjelegt fyre deg.
27 Alle Ting ero meg yvergjevne av min Fader; og Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og Ingen kjenner Faderen utan Sonen og den, som Sonen vil openberra det.
28 Kome til meg alle, som ero mødde og tyngde, og eg skal giva dytter Kvild.
29 Take mitt Ok paa dykker og lære av meg, for eg er hugmild og audmjuk av Hjartat, og de skulo finna Kvild fyre Saalom dyttar.
30 For mitt Ok er gagnelegt, og mi Byrda er lett."

12te Kapitlet.


1 Ved den Tidi gjekk Jesus paa ein Kviledag igjenom ein Aaker; men Læresveinarne hans var hungrige og tok til aa gnu Aks og eta.
2 Men daa Farifcearne saag det, sagde dei til honom: „Sjaa. Læresveinarne dine gjera det, som dei ikkje hava Lov til aa gjera paa Kviledagen!"
3 Men han sagde til deim: „hava de daa ikkje leset um det, som David gjorde, da han var hungrig, han og dei, som var med honom?
4 korleides han gjekk inn i Guds Hus og aat Synebraudi, som han ikkje hadde Lov til aa eta, og helder ikkje dei, som var med honom, utan berre Prestarne?
5 Elder hava de ikkje leset i Logi, at Prestarne paa Kviledagen i Templet vanhelga Kviledagen, og ero saklause?
6 Men eg segjer dykker, at her er den, som er større enn Templet.
7 Men hadde de kjent, kvat det er: Eg heve Hug til Miskunn og ikkje til Offer, so hadde de ikkje fordømt dei Saklause.
8 For Menneskjefonen er Herre yver Kviledagen med."
9 Og daa han gjekk der ifraa, kom han i Stemnestova deira,
10 Og sjaa, der var ei Menneskja, som hadde ei visnad Hand. Og dei spurde honom: „Er det rett aa lækja paa Kviledagen?" — so at dei kunde faa klaga paa honom.
11 Men han sagde til deim: „Kvat for ei Menneskja er det vel imillom dytter, som heve ein Saud, og, naar han fell ned i ei Grøft paa ein Kviledag, daa ikkje tek og dreg honom upp?
12 Kor myket meir er daa ikkje ei Menneskja enn ein Saud? So det er daa rett aa gjere godt paa Kviledagen." —
13 Daa segjer han til den Menneskja: „Rett Handi ut!" Og han rette henne ut; og ho vart frisk som den andre.
14 Men Farisæarne gjekk ut og heldt Samraad imot honom, korleides dei kunde faa gjort av med honom.
15 Men daa Jesus visste det. drog han seg undan der ifraa. Og myket Folk fylgde honom, og han lækte deim alle,
16 Og han baud deim, at dei ikkje skulde gjere honom kjend,
17 so at det skulde verta uppfyllt det, som er sagt ved Profeten Esaias, som segjer:
18 „Sjaa min Tenar, som eg heve utvalt, den elskade, som mi Saal heve Hugnad i: Eg vil senda min Ande yver honom, og han skal segja Rett fyre Heidningom.
19 Han skal ikkje trætta og ikkje ropa, og Ingen skal høyra hans Røyst paa Gatom,
20 han skal ikkje brjota det brostne Røyrstraa og ikkje sløkkja den rjukande Væsen, til dess han fær ført Retten fram til Siger.
21 Og paa hans Namn skulo Heidningarne setja si Von."
22 Daa førde dei til honom ein forgjord Mann, som var blind og maallaus ; og han lækte honom, so at den Blinde og Maallause baade talade og saag.
23 Og alt Folket undrade seg og sagde: „Skulde ikkje denne vera den Davids Son?"
24 Men daa Farisæarne høyrde det, sagde dei: „Han driv ikkje vonde Andar ut, utan ved Be’elsebul, Hovdingen fyre dei vonde Andar."
25 Men daa Jesus visste deira Tankar, sagde han til deim : „Kvart Rike, som vert usamt med seg sjølv, vert lagt i Øyde; og kvar By elder kvart Hus, som vert usamt med seg sjølv, kann ikkje standa.
26 Og dersom Satan driv ut Satan, daa er han usamd med seg sjølv, korleides kann daa hans Rike standa?
27 Og dersom eg driv vonde Andar ut ved Be’elfebul, kven er det daa, som dykkar Søner driv deim ut ved? Difyre skulo dei vera dyttar Domarar.
28 Men dersom eg driv vonde Andar ut ved Guds Ande, so er daa Guds Rike komet til dykker.
29 Elder korleides kann nokon ganga inn i ein sterk Manns Hus og rana hans Bunad, utan han fyrst bind den sterke, og daa kann han rana Huset hans.
30 Den, som ikkje er med meg, han er imot meg; og den, som ikkje sankar med meg, han spreider.
31 Difyre segjer eg dytter: All Synd og Spotting skal verta Mennestjom forlati; men Spotting imot Anden skal ikkje verta Menneskjom forlati.
32 Og den, som segjer eit Ord imot Menneskjesonen, honom skal det verta forlatet; men den, som segjer det imot den heilage Ande, honom skal det ikkje verta forlatet korkje i denne Verdi elder i den komande.
33 Lat anten Treet vera godt, og daa vert Frukti av det god; elder lat Treet vera rotet, og daa vert Frukti av det roti; for paa Frukti vert Treet kjent.
34 De Orme-Ungar, korleides kunna de, som ero vonde, tale det, som er godt? for av Hjartans Overfylla talar Munnen.
35 Den gode Menneskja legg fram gode Ting av den gode Skatten i sitt Hjarta; og den vonde Menneskja legg fram vonde Ting av den vonde Skatten.
36 Men eg segjer dykker, at Menneskjorna skulo paa Domedag gjera Reiknestap fyre kvart eit gagnlaust Ord, som dei hava talat.
37 For etter dine Ord skal du verta kjend rettferdig, og etter dine Ord skal du verta fordømd. —
38 Daa svarade nokre av dei Skriftlærde og av Farisæarom og sagde: „Meistar, me vilja sjaa eit Teikn av deg."
39 Men han svarade og sagde til deim: „Ei vond og horsam Ætt søkjer Teikn; og Teikn skal ikkje verta henne givet, utan Profeten Jonas’ Teikn.
40 For likasom Jonas var i Buken paa Fisken tri Dagar og tri Næter, soleides skal og Menneskjesonen vera gjøymd under Jordi tri Dagar og tri Næter.
41 Mennerne fraa Ninive skulo standa upp i Domen med denne Ætti og fordøma henne; for dei umvende seg ved Jonas’ Forkynning, og sjaa, her er meir enn Jonas.
42 Drottningi fraa Sudlandet stal standa upp i Domen med denne Ætti og fordøma henne; for ho kom ifraa Endarne av Jordi til aa høyra Salomons Visdom, og sjaa, her er meir enn Salomon.
43 Men naar den ureine Anden er faren ut or Menneskja, so gjeng han igjenom vætelaust Stader og søkjer Kvild og finn ikkje.
44 Daa segjer han: „Eg vil venda atter til Huset mitt, der eg gjekk ut ifraa" ; og baar han kjem, daa finn han det lidugt, sopat og fjelgat.
45 Daa gjeng han og tek sjau andre Andar med, verre enn han sjølv ; og naar dei ero komne inn, bu dei der; og det siste vert verre med den Menneskja enn det fyrste. Soleides skal det og gange denne vonde Ætti."
46 Men endaa medan han talade til Folket, sjaa, daa stod Moder hans og Brøderne hans utanfyre og søkte aa faa tala med honom.
47 Men det var nokon, som sagde til honom: „Sjaa, Moder di og Brøderne dine standa utanfyre og vilja faa tala med deg!"
48 Men han svarede og sagde til den, som talade til honom: „Kven er Moder mi? og kven er Brøderne mine?"
49 Og han rette Handi ut mot sine Læresveinar og sagde: „Sjaa, det er Moder mi og Brøderne mine.
50 For den, som gjerer Viljen til min Fader i Himlom, han er min Broder og mi Syster og Moder."

13de Kapitlet.


1 Men den same Dagen gjekk Jesus ut or Huset og sette seg ved Sjøen.
2. Og myket Folk kom saman til honom, so at han steig inn i Baaten og sette seg, og alt Folket stod paa Land.
3 Og han talade mangt til deim i Liknadar og sagde: „Sjaa, ein Saamann gjekk ut og skulde saa:
4 Og daa han saadde, fall sumt ned ved Vegen; og Fuglarne kom og aat det upp.
5 Men fumt fall paa Steingrunn, der det ikkje hadde myket Jord; og det rann snøgt upp, avdi det ikkje hadde djup Jord.
6 Men daa Soli steig, skein det av og visnade, avdi det ikkje hadde Rot.
7 Men sumt fall imillom Klunger; men Klungren vaks upp og tjøvde det.
8 Men sumt fall i god Jord og gav Grøda, sumt hundrad, sumt seksti og sumt tretti Foll.
9 Den, som heve Øyro til aa høyra med, han høyre!"
10 Og Læresveinarne kom og sagde til honom: „Kvi fyre talar du til deim i Liknadar?"
11  Men han svarede og sagde til deim : „Fyridi at dykker er det gjevet aa kjenne Løyndomarne i Himmelriket; men deim er det ikkje gjevet;
12 for den, som heve, honom skal det verta gjevet, og han skal hava fullt upp; men den, som ikkje heve, fraa honom skal det verta teket jamvel det, som han heve.
13 Difyre talar eg til deim i Liknadar; for sjaa-ande sjaa dei ikkje, og høyrande høyra dei ikkje og skyna helder ikkje.
14 Og paa deim vert Efaias’ Spaadom uppfyllt, den som segjer: Med Høyrsla skulo de høyra og slettikkje styna; og sjaa-ande skulo de sjaa og slettikkje skilja.
15 For Hjartat i dette Folket heve vortet hardt, og dei ero tunghøyrde paa Øyrom, og dei hava latet atter Augo sine, so at dei ikkje skulo sjaa med Augom og høyra med Øyrom og skyna med Hjartom og umvende seg, og eg saa lækja deim.
16 Men sæle ero dykker Augo, at dei sjaa, og dykkar Oyro, at dei høyra.
17 For sannelege segjer eg dykker, at mange Profetar og Rettferdige lengtade etter aa sjaa det, som de sjaa, og saag det ikkje, og etter aa høyra det, som de høyra, og høyrde det ikkje.
18 So høyre daa de Liknaden um Saamannen:
19 Naar nokon høyrer Ordet um Riket og ikkje finnar det, so kjem den Vonde og raner det, som er saatt i Hjartat hans. Dette er den, som er saadd ved Vegen.
20 Men den, som er saadd paa Steingrunn, det er den, som høyrer Ordet og strakst tek imot det med Gleda.
21 Men ikkje heve han Rot i seg, men stend berre til ei Tid; men naar Trengsla elder Forfylging kjem paa fyre Ordet Skuld,sfo styggjest han strakst ifraa.
22 Men den, som er saadd imillom Klunger, er den, som høyrer Ordet, og Umsuti fyre denne Verdi og Tillokkingi av Rikdomen kjøver Ordet, og det vert grødelauft.
23 Men den, som er saadd i god Jord, er den, som høyrer Ordet og skynar det, som og ber Grøda; og ein ber hundrad Foll, ein seksti Foll, og ein tretti Foll."
24 Ein annan Liknad sette han fram fyre deim og sagde: „Himmelriket likjest paa ei Menneskja, som saadde godt Seede i Aakren sin.
25 Men daa Folket sov, kom hans Fiende og saadde Svimling i Aakren imellem Kveiten og gjekk burt.
26 Men daa Grødet voks upp og skaut Aks, daa synte Svimlingen feg med.
27 Men Tenararne til Husbonden kom og sagde til honom: Herre, saadde du ikkje godt Seede i Aakren din? Kvar heve han daa Svimlingen ifraa?
28 Men han sagde til deim: Ein Fiendsmann heve gjort dette. Men Tenararne sagde til honom: Vil du daa, at me skulo ganga og ryskja honom upp?
29 Men han sagde: Nei, so de ikkje med honom skulo riva Kveiten upp med Rotom, naar de ryskja upp Svimlingen.
30 Late deim baade tvo veksa upp saman til Skurden; og i Skurdetidi skal eg segja til Skurdfolket: Sanke fyrst Svimlingen saman og binde honom i Bundlar til aa brenna honom upp; men føre Kveiten saman i Løda mi!"
31 Ein annan Liknad sette han fram fyre deim og sagde: „Himmelritkt er likt eit Senopskorn, som ei Menneskja tok og saadde i Aakren sin.
32 Det er det minste av alt Frækorn; men naar det veks til, er det større enn andre Hagevokstrar og vert til eit Tre, so Fuglarne under Himmelen koma og byggja Reid i Greinom paa det."
33 Ein annan Liknad talade han til deim: „Himmelriket er likt ein Surdeig, som ei Kvinna tok og gjøymde i tri Maal Mjøl, til det heile vart syrt."
34 Alt dette talade Jesus til Folket i Liknadar; og utan Liknadar talade han ittje til deim,
35 at det skulde verta uppfyllt, som er talat ved Profeten, som segjer: „Eg vil lata upp Munn min i Liknadar; eg vil ropa ut det, som var dult, ifraa Verdi vart grunnlagd."
36 Daa leet Jesus Folket fara og kom inn i Huset. Og Læresveinarne hans kom til honom og sagde: „Uttyd oss den Liknaden um Svimlingen paa Aakren!"
37 Men han svarede og sagde til deim: „Den, som saar det gode Seede, er Menneskjesonen.
38 Men Aakren er Verdi; men det gode Seedet, det er Borni til Riket; men Svimlingen er Borni til den Vonde.
39 Men Fienden, som saadde denne, er Djævelen; men Skurden er Heimsens Ende; men Skurdfolki ero Englar.
40 Likasom daa Svimlingen vert samlad og uppbrend i Eld, soleides skal det vera ved denne Heimsens Ende.
41 Menneskjefonen skal senda sine Englar, og dei skulo sanka ut or Riket hans alle Avskyggingar og alle deim, som gjera Urett,
42 og kaste deim i Eld-Omnen; der skal det vera Graat og Tanngnistring.
43 Daa skulo dei Rettferdige skina som Soli i deira Faders Rike. Den, som heve Øyro til aa høyra med, han høyre.
44 Atter er Himmelriket likt ein Skatt, som var gjøymd i ein Aaker, og som ei Menneskja fann og gjøymd; og i Gleda yver det gjekk han burt og selde alt det, han aatte, og køypte den Aakren.
45 Atter er Himmelriket likt ein Kaupmann, som søkte etter gode Perlor,
46 og daa han fann ei dyrverdig Perla, gjekk han og selde alt det, han aatte, og køypte henne.
47 Atter er Himmelriket likt ei Not, som vart kastad i Sjøen og sankade saman av alt Slag.
48 Og daa ho var fyllt, drog dei henne paa Land og sat og fankade dei gode i Kjerald, men kastade dei rotne ut.
49 Soleides skal det vera ved Heimfens Ende: Englarne skulo koma og skilja dei Vonde ut ifraa dei Rettferdige,
50 og kasta deim i Eld-Omnen; der skal vera Graat og Tanngnistring."
51 Jesus fegjer til deim: „Skynade de alt dette?" Dei segja til honom: „Ja, Herre".
52 Men han sagde til deim: „Difyre, kvar den Striftlærd, som er upplærd til Himmelriket, er lik ei Menneskja, som er Husbonde og som ber fram av sin Skatt Nytt og Gamalt."
53 Og det hende seg, daa Jesus hadde fullendat desse Liknadar, daa gjekk han der ifraa,
54 Og han kom til sitt Fedreland og lærde deim i Stemnestovom deira, so at dei undrade seg og sagde: „Kvar heve han denne Visdomen og desse kraftige Verk ifraa?
55 Er ikkje dette han Son til Timbermannen? Heiter ikkje Moder hans Maria? og hans Brøder Jakob og Joses og Simon og Judas?
56 Og er ikkje alle Systrerna hans hjaa oss? Kvar heve han daa alt dette ifraa?
57 Og dei avstyggdest ved honom. Men Jesus fagde til deim: „Ikkje er ein Profet mismeten utan i sitt Fedreland og i sitt Hus."
58 Og ikkje gjorde han der mange kraftige Verk fyre deira Vantru Skuld.

14de Kapitlet.


1 Ved den Tidi høyrde Herodes Fjordungsfyrsten Gitordet um Jesus.
2 Og han sagde til sine Tenarar: „Denne er Johannes Døypar; han er uppstaden ifraa dei Daude, og difyre verta slike Krafter i honom."
3 For Herodes hadde gripet Johannes og bundet honom og sett honom i Fangehufet fyre Herodias’ Skuld, som var Kona til Filippus, Broder hans.
4 For Johannes sagde til honom: „Du heve ikkje Lov til aa hava henne."
5 Og han vilde flaa honom i Hel, men var rædd Folket, avdi dei heldt honom fyre ein Profet.
6 Men daa det var Fødedagen til Herodes, dansade Herodias’ Dotter fyre deim og var vel likad av Herodes.
7 Difyre lovade han med Eid aa giva henne, kvat ho vilde beda um.
8 Men daa ho vart tilraad nv Moder si, sagde ho : „Giv meg hit Hovudet av Johannes Døypar paa eit Fat!"
9 Og Kongen vart uglad; men fyre Eidarne og Gjæstarne baud han, at det skulde verta gjevet henne.
10 Og han sende og leet halshogga Johannes i Fangehuset.
11 Og Hovudet hans vart boret paa eit Fat og gjevet Gjenta, og ho bar det til Moder si.
12 Og Læresveinarne hans kom og tok Likamen og jordade honom; og dei kom og fortalde Jesus det.
13 Og daa Jesus høyrde det, drog han feg undan i ein Baat derifraa avsides til ein ubygd Stad; og daa Folket høyrde det, fylgde dei honom landveges ifraa Byom.
14 Og daa Jesus steig ut, saag han myket Folk, og han ynkadest yver deim, og han lækte dei Sjuke imillom deim.
15 Men daa det var Kveld, kom Læresveinarne hans til honom og sagde: „Staden er ubygd og langt lid det paa Dagen; lat Folket fara, so dei kunna ganga til Landsbyarne og kaupa seg Mat."
16 Men Jesus sagde til deim : „Det trengst ikkje, at dei ganga; give de deim aa eta."
17 Men dei segja til honom : „Her have me ikkje meir enn fem Braud og tvo Fiskar."
18 Men han sagde: „Hente meg deim hit!"
19 Og han baud Folket setja seg ned paa Graset og tok dei fem Braudi og dei tvo Fiskarne, saag upp mot Himmelen og velsignade deim og braut deim og gav Læresveinom Braudi; men Læresveinarne gav deim til Folket.
20 Og dei aat alle og vart mette; og der vart atter av Smulom tolv Korger fulle.
21 Men dei, som hadde etet, var umkring fem tusund Mann, umfram Kvinnor og Born.
2 Og straks nøydde Jesus Læresveinarne sine til aa stiga i Baaten og fara i Fyrevegen yver paa andre Sida, til dess han fell Folket avstad.
23 Og daa han hadde fenget Folket avstad, gjekk han uppaa Berget avsides til aa beda; men daa det vart Kveld, var han der aaleine.
24 Men Baaten var alt midt paa Sjøen og msddest med Baar om, avdi dei hadde Andvind.
25 Men i den fjorde Nattevakti kom Jesus til deim gangande paa Vatnet.
26 Og da Læresveinarne saag honom gangande paa Vatnet, vart dei skræmde og sagde, at det var ei Skrymsla, og dei skreik av Redsla.
27 Men Jesus talade strakst til deim og sagde: „Vere frihugade, det er eg, vcere ikkje rædde!"
28 Men Petrus svarade honom og sagde: „Herre, er det du, so byd meg koma til deg paa Vatnet!"
29 Men han sagde: „Kom!" Daa steig Petrus ned utor Baaten og gjett paa Vatnet og vilde ganga til Jesus.
30 Men daa han saag den sterke Vinden, vart han rædd; og daa han tok til aa søkkja, streik han og fagde: „Herre, frels meg!"
31 Men strakst rette Jesus fram Handi og tok fat i honom og sagde til honom: „Du Faatruande! Kvi tvilte du?" —
32 Og daa dei steig upp i Baaten, stillnade Vinden.
33 Men dei, som var i Baaten, fall paa Kne fyre honom og fagde: „Sannelege, du er Guds Son!"
34 Og daa dei hadde faret yver, kom dei til Genesaret-Landet.
35 Og daa Mennerne der paa Staden kjende honom, sende dei Bod i heile Umkverven der og førde til honom alle, som hadde Vondt.
36 Og dei bad honom, at dei berre maatte faa røra ved Saumen paa Klædnaden hans ; og alle, som rørde, vart lækte.

15de Kapitlet.


1 Daa kom dei Skriftlcerde ifraa lerufalem og Farisæarar til Jesus og sagde:
2 „Kvi vika Læresveinarne dine av ifraa Fyresetningom fraa dei Gamle? for dei vaska ikkje Henderna sine, naar dei eta Braud?"
3 Men han svarade og sagde til deim : „Kvifyre vika ogso de av ifraa Guds Bod med dykkar Fyresetningar?
4 For Gud heve bodet og sagt: Heidra Fader din og Moder di! Og: kven, som bannar Fader elder Moder, han skal i Vissa døy.
5 Men de segja: Naar nokon segjer til Fader elder Moder: det. som du skulde havt til Hjelp av meg, er ei Tempelgaava, han maa ikkje heidra Fader sin elder Moder si.
6 Og de hava gjort Guds Bod til inkjes med dykkar Fyresetning.
7 Skrymtarar! Rett spaadde Esaias um dytter, daa han sagde:
8 Dette Folket held seg nær til meg med sin Munn og heidrar meg med Lepom; men Hjartat deira er langt ifraa meg.
9 Men faafengt dyrka dei meg, naar dei læra slike Lærdomar, som ero Menneskje-Bod."
10 Og han kallade Folket til seg og sagde til deim: „Høyre og ktyne:
11 Ikkje det, som kjemm inn i Munnen, vanhelgar Menneskja; men det, som kjem ut or Munnen, det vanhelgar Menneskja."
12 Daa kom Læresveinarne hans og sagde til honom: „Veit du, at Farisæarne avstygdest, daa dei høyrde den Talen?"
13 Men han svarede og sagde til deim: „Kvar Vokster, som ikkje min himmelske Fader heve plantat, stal verta riven upp med Rot.
14 Lat deim fara! Blinde ero Vegvisarar fyre Blinde; men naar ein Blind skal leida ein Blind, falla dei baade tvo i Grefti."
15 Men Petrus svarade og sagde til honom: „Uttyd oss denne Liknaden!"
16 Men Jesus sagde til deim : „Ero de og enno skynlause?
17 Skyna de ikkje enno, at alt det, som gjeng inn i Munnen, kjem ned i Magen og gjeng ut igjenom Avlaupet?
18 Men det, som gjeng ut or Munnen, det kjem or Hjartat, og det vanhelgar Menneskja.
19 For utor Hjartat koma: Vonde Tankar, Mord, Lauslivnad, Hor, Tjuvskap, Meineid, Spottingar.
20 Dette er det, som vanhelgar Menneskja; men aa eta med uvaskade Hender, det vanhelgar ikkje Menneskja."
21 Og Jesus gjekk burt der ifraa og kom til Grenderna ved Tyrus og Sidon.
22 Og sjaa, ei kananæisk Kvinna ifraa dei sama Grender kom og ropte paa honom og fagde: „Herre, Davids Son, miskunna meg! Dotter mi er plaagad illa av ein vond Ande!"
23 Men han svarade henne ikkje eit Ord. Og Læresveinarne hans kom til honom og bad honom og sagde : „Skil deg av med henne, for ho ropar etter oss!"
24 Men han svarade og sagde : „Eg er ikkje utsend utan til dei forvillte Sauderne av Israels Hus."
25 Men ho kom og tilbad honom og sagde: „Herre, hjelp meg!"
26 Men han svarede og sagde : „Det sømer seg ikkje aa taka Braudet fraa Bornom og kasta det fyre Hundom."
27 Men ho sagde: „Ja vist Herre, for og dei smaa Hundarne eta av dei Smulom, som falla ifraa Bordet hjaa deira Herrar."
28 Daa svarede Jesus og sagde til henne: „Kvinna! Di Tru er stor. Det gange deg so, som du vil!" Og Dotter hennar vart lækt fraa den same Timen.
29 Og Jesus gjekk der ifraa og kom til Galilæa-Sjøen; og han gjekk upp paa Berget og sette seg der.
30 Og myket Folk kom til honom, og hadde med seg Halte, Blinde, Maallause, Kryplingar og mange Andre; og dei lagde deim ned fyre Jeus Føter, og han lækte deim,
31 so at Folket undrade seg, daa dei saag dei Maallause talande, Kryplingarne friske, dei Halte gangande og dei Blinde sjaa-ande, og dei lovade Israels Gud.
32 Men Jesus kallade sine Lærefveinar til seg og sagde: „Eg ynkast yver Folket; for dei hava no alt drygt hjaa meg i tri Dagar og hava ikkje nokot aa eta; og lata deim fara fastande, det vil eg ikkje, at dei ikkje skulo ormegtast paa Vegen."
33 Og Læresveinarne hans sagde til honom: „Kvar ifraa skulo me faa so mange Braud i Øydemarki, at me kunde metta so myket Folk?"
34 Og Jesus segjer til deim: „Kor mange Braud hava de?" Men dei fagde: „Sjau, og nokre faa smaa Fiskar."
35 Og han baud Folket setja seg ned paa Jordi.
36 Og han tok dei sjau Braudi og Fiskarne, takkade og braut deim og gav deim til Lere fveinarne, men Læresveinarne til Folket.
37 Og dei aat allesaman og vart mette; og dei tok det, som vart atter av Smulom, sjau Korger fulle.
38 Men dei, som hadde etet, var fire tusund Menner, umfram Kvinnor og Born.
39 Og daa han hadde fenget Folket avstad, steig han i Baaten og kom til Magdala Land.

16de Kapitlet.


1 Farisæarne og Sadducæarne gjekk fram, freistade honom og bad honom syna deim ei Teikn ifraa Himmelen.
2 Men han svarede og sagde til deim: „Naar det vert Kveld, so segjer de: det vert ein fager Dag; for Himmelen er raud;
3 og um Morgonen: det vert Ulveder i Dag; for Himmelen er raud og myrk. Skrymtarar! Himmelsbragdi vita de vel aa døma um; men um Tidarteikni kunna de ikkje døma!
4 Ei vond og horsam Ætt søkjer Teikn; og Teikn stal ikkje verta henne gjevet utan Profeten Jonas’ Teikn." Og han skildest ifraa deim og gjekk burt.
5 Og daa Læresveinarne hans kom paa andre Sida, hadde dei gløymt aa taka Braud med.
6 Men Jesus sagde til deim: „Sjaa til og vare dykker fyre Surdeigen til Farisæarne og Sadducæarne!"
7 Men dei tenkte ved seg sjølve og sagde : „Aa, det er fyredi me ikkje tok Braud med."
8 Men daa Jesus visste det, sagde han til deim: „Kvi tenkja de soleides hjaa dykker sjølve, de Faatruande, at det er fyredi de ikkje tok Braud med?
9 Skyna de ikkje enno? minnast de korkje dei fem Braud imillom dei fem Tusund? og kor mange Korger de daa tok upp?
10 elder dei sjau Braud imillom dei fire Tusund? og kor mange Korger de daa tok upp?
11 Korleides skyna de ikkje, at det var ikkje um Braud eg sagde, at de skulde vara dykker fyre Surdeigen til Farisæarne og Sadducæarne?"
12 Daa skynade dei, at han ikkje hadde sagt, at dei skulde vara seg fyre Surdeigen i Braudet, men fyre Lærdomen til Farisæarne og Sadducæarne.
13 Men daa Jesus var komen til Bygdi ved Cæsarea Filippi, spurde han Læresveinarne sine og sagde: „Kven segjer Folk, at eg er, eg som er Menneskjesonen?"
14 Men dei sagde: „Sume: Johannes Døypar, men andre: Elias; men andre: Jeremias elder ein av Profetom."
15 Han segjer til deim : „Men de, kven fegja de, at eg er?"
16 Men Simon Petrus svarade og sagde: „Du er Kristus den livande Guds Son."
17 Og Jesus svarade og sagde til honom: „Sel er du. Simon, Jonas Son; for Kjøt og Blod heve ikkje openberra! deg det, men Fader min i Himlom.
18 Men eg segjer deg og, at du er Petrus, og paa dette Berget vil eg byggja mi Kyrkja, og Helheims Portar skulo ikkje faa Magt med henne.
19 Og eg vil giva deg Lyklarne til Himmelriket, og det, som du bind paa Jordi, skal vera bundet i Himmelen, og det, som du løyser paa Jordi, skal vera løyst i Himmelen."
20 Daa paalagde han Læresveinom sine, at dei ikkje skulde segja nokon, at han var Jesus Kristus.
21 Ifraa den Tidi tok Jesus til aa vitra Lerefveinarne sine um, at han laut ganga upp til Jerusalem og lida mangt av dei Ældste og av Øvsteprestom og av dei Skriftlærde, og verta slegjen i Hel og standa upp den tridje Dagen.
22 Og Petrus tok honom avsides, tok til aa telja fyre honom og sagde: „Gud vere deg naudig Herre! so maa det ikkje ganga deg!"
23 Men han vende seg og sagde til Petrus: „Vik bakum meg, Satan, du er meg til Avskygging, for du fatar ikkje det, som høyrer Gud til, men det, som høyrer Menneskjom til."
24 Daa sagde Jesus til sine Læresveinar: „Dersom nokon vil koma etter meg, han avsegje seg sjølv og take Krossen sin og fylgje meg.
25 For den, som vil berga sitt Liv, han skal missa det; men den, som misser sitt Liv fyre mi Skuld, han skal sinna det.
26 For kvat Gagn heve ei Menneskja, um ho vinn al Verdi, men tek Skade paa si Saal? elder kvat kan ei Menneskja giva til Vederlag fyre si Saal?
27 For Menneskjesonen skal koma i sin Faders Herlegdom med Englom sine og daa skal han vederleggja kvar ein etter hans Gjerning.
28 Sannelege segjer eg dykker : Det er nokre av deim, som standa her, som ikkje slulo smaka Dauden, fyrr dei sjaa Menneskjesonen koma i sitt Rike."

17de Kapitlet.


1 Seks Dagar der etter tek Jesus Petrus og Jakob og Johannes, Broder hans, med seg og fører deim avsides upp paa eit høgt Berg.
2 Og han vart umskapad fyre Augom deira, og hans Andlit skein som Soli, og Kledi hans vart kvite som Ljoset,
3 Og sjaa, Moses og Elias synte seg fyre deim og talade med honom.
4 Men Petrus svarade og sagde til Jesus: „Herre, her er oss godt aa vera! Vil du, so lat oss gjera tri Buder her, ei aat deg, og ei aat Mofes og ei aat Elias!"
5 Endaa medan han talade, sjaa, daa skygde ei lysande Sky yver deim, og sjaa, det kom ei Røyst utor Skyi og stgde: „denne er Son min, den elskade, som eg heve Hugnad i. Høyre honom!"
6 Og daa Læresveinarne høyrde det, fall dei ned paa sitt Andlit og vart oversleg redde.
7 Og Jesus kom og rørde ved deim og fagde : „Stande upp og vere ikkje redde!"
8 Men daa dei lyfte upp Augo sine, saag dei Ingen, utan Jesus aaleine.
9 Og daa dei gjekk ned av Berget, baud Jesus deim og sagde : „De maa ikkje fortelja nokon um denne Syni, fyrr enn Menneskjesonen stend upp ifraa dei Daude."
10 Og Læresveinarne hans spurde honom og sagde: „Kor segja daa dei Skriftlærde, at Elias maa koma fyrst."
11 Men Jesus svarade og sagde til deim: „Elias skal vel koma fyrst og setja alt i Lag.
12 Men eg segjer dykker, at Elias er alt komen, og dei kjendest ikkje ved honom, men gjorde med honom det, som dei vilde; slikt skal og Menneskjefonen lida av deim."
13 Daa stynade Læresveinarne, at det var um Johannes Døypar han talade til deim.
14 Og daa dei kom til Folket, gjekk ei Menneskja til honom og fall paa Kne fyre honom
15 og sagde: „Herre, miskunna Son min! for han er maanesjuk og lid vondt; for han fell ofta i Elden og ofta i Vatnet.
16 Og eg førde honom til Læresveinarne dine, og dei kunde ikkje lækja honom."
17 Men Jesus svarade og sagde: „Aa du vantruande og rangsnudde Ætt! Kor lengje skal eg vera hjaa dykker? Kor lengje skal eg tola dykker? Før honom hit til meg!"
18 Og Jesus trugade honom ; og den ureine Ande foor ut or honom, og Guten var lækt ifraa den same Timen.
19 Daa gjekk Læresveinarne til Jesus og sagde i Einmæle: „Kvifyre kunde ikkje me driva honom ut?"
20 Men Jesus sagde til deim : „Fyre dyttar Vantru Skuld; for sannelege segjer eg dykker: Dersomde hava Tru som eit Senopskorn, kunna de segja til dette Berget: Flyt deg her ifraa, so skal det flytja seg, og ingen Ting stal vera umogeleg fyre dykker.
21 Men dette Slaget gjeng ikkje ut, utan fyre Bøn og Fasta."
22 Men daa dei gjekk umkring i Galilea, sagde Jesus til deim: Menneskjesonen skal verta forraadd i Menneskjehender;
23 Og dei skulo slaa honom i Hel, og han skal standa upp den tridje Dagen." Og dei vart reint ille ved.
24 Men daa dei kom til Kapernaum, gjekk dei, som tok inn Tempelskatten, til Petrus og fagde: „Legg ikkje dyttar Meister Tempelskatt?"
25 Han segjer: „Jau". Og daa han kom inn i Huset, talade Jesus fyrst til honom og sagde: „Kvat tykkjer du, Simon! av kven taka Heimsens Kongar Toll elder Skatt? av Sonom sine elder av dei Andre?"
26 Petrus segjer til honom: „Av dei ’Andre". Jesus sagde til honom: „So ero Sonerne fri."
27 Men at me ikkje skulo avstyggja deim, so gakk til Sjøen, kasta ein Krok ut, og tak den fyrste Fisken, som kjem upp; og naar du opnar Munnen hans, so skal du finna ein Pening. Tak den og giv deim den fyre meg og deg."

18de Kapitlet.


1 Paa den same Tidi kom Læresveinarne til Jesus og sagde: „Kven er daa den største i Himmelriket?"
2 Og Jesus kallade til seg eit litet Barn, sette det midt imillom deim
3 og sagde: „Scmnelege segjer eg dykker: dersom de ikkje umvenda dykker og verta som dei smaa Born, kome de slet ikkje inn i Himmelriket.
4 Difyre den, som nedrar seg sjølv som dette vesle Barnet, han er den største i Himmelriket.
5 Og den, som tek imot eit slikt Barn i mitt Namn, han tek imot meg.
6 Men den, som avstyggjer ein av desse Smaa, som trur paa meg, fyre honom var det betre, at det var hengt ein Kvernstein um Halsen hans, og at han var nedsøkt i Havsens Djup.
7 Usel er Verdi fyre Avstyggjingar Skuld; for det er u-avvendelegt, at Avstyggingar maa koma; men usel den Menneskja, som Avstyggingi kjem ifraa!
8 Men dersom di Hand elder din Fot avstyggjer deg, fo hogg deim av og kasta deim ifraa deg; det er godt fyre deg aa ganga halt elder vanfør inn til Livet helder enn an hava tvo Hender og tvo Føter og vertn kastad i den evelege Elden.
9 Og um ditt Auga avstyggjer deg, so riv det ut og kasta det ifraa deg; det er godt fyre deg aa ganga einøygd inn til Livet helder enn aa hava tvo Augo og verta kastad i Helvites Eld.
10 Sjaa til, at de ikkje van vyrda ein einaste av desse Smaa; for eg segjer dykker, at deira Englar i Himlom sjaa allstødt Andlitet til min Fader i Himlom!
11 For Menneskjesonen er komen til aa frelsa det Fortapte.
12 Kvat tykkja de? Um ei Menneskja heve hundrad Sauder, og ein av deim forviller seg, vil han daa ikkje forlata dei ni og niti og ganga upp i Fjelli aa leita etter den villfarande?
13 Og hender det seg, at han finn honom, sannelege fegjer eg dykker, at han gled seg meir yver honom enn yver dei ni og niti, som ikkje hava voret forvillte.
14 Soleides er det ikkje Viljen til dykkar Fader i Himlom, at ein av desse Smaa skal verta fortapt.
15 Men dersom din Broder syndar imot deg, so gakk og tel fyre honom berre paa tvo Manns Hand; derfom han lyder deg, daa heve du vunnet din Broder.
16 Men derfom han ikkje lyder deg, so tak endaa ein elder tvo med deg, so at kvart Ord kann standa fast ved tvo elder tri Vitnesmaal.
17 Men dersom han ikkje vil høyra etter deim, so seg det til Kyrkjelyden; men dersom han ikkje vil høyra etter Kyrkjelyden helder, so vere han fyre deg likasom Heidningen og Tollmannen.
18 Sannelege segjer eg dykker: Kvat som de binda paa Jordi, skal vera bundet i Himmelen; og kvat de løysa paa Jordi, skal vera løyst i Himmelen.
19 Atter segjer eg dykker, at dersom tvo av dykker verta samtykte um nokon Ting paa Jordi, som de vilja beda um, so skal det verta dykker gjevet av min Fader i Himlom.
20 For der, som tvo elder tri ero samankomne i mitt Namn, der er eg midt imillom deim."
21 Daa kom Petrus til honom og sagde: „Herre, kor ofta skal min Broder synda imot meg og eg forlata honom? Upp til sjau Gonger?"
22 Jesus segjer til honom: „Eg segjer deg: ikkje upp til sjau Gonger, men upp til sjautti Gonger sjau.
23 Difyre vert Himmelriket liknat ved ein Konge, som vilde halda Reikneskap med Tenarom sine.
24 Men daa han tok til aa halde Reikneskap, vart det ført fram fyre honom ein, som var skuldug ti tusund Pund.
25 Men daa han ikkje hadde nokot aa avgjera Skuldi med, baud hans Herre, at han skulde verta seld, han og Kona hans og Borni hans og alt han aatte, og Skuldi verta avgjord.
26 Tenaren fall daa paa Kne fyre honom og sagde: Herre, ver langmodig med meg, so vil eg avgjera altsaman med deg!
27 Daa ynkadest Herren til denne Tenaren og leet honom laus og ettergav honom Skuldi.
28 Men denne Tenaren gjekk ut og fann ein av Medtenarom sine, som var skuldug honom hundrad Peningar; og han tok og vilde strøypa honom og sagde: Avgjer det, som du er meg stuldug!
29 Difyre fall Medtenaren hans ned fyre Fotom hans, bad honom og sagde: ver langmodig imot meg, og eg vil avgjera altsaman med deg!
30 Men han vilde ikkje, men gjekk burt og kastade honom i Fangehuset, til dess han fekk avgjort det, han var skuldug.
31 Men daa hans Medtenarar saag det, som hendt var, harma dest dei storlege; og dei tom og fortalde fin Herre alt det, som hendt var:
32 Daa kallade hans Herre honom til seg og sagde til honom: Du vonde Tenar! heile den Skuldi heve eg ettergjevet deg, avdi du bad meg.
33 Skulde ikkje du og hava miskunnat din Medtenar likasom eg miskunnade deg?
34 Og hans Herre vart vreid og yvergav honom til deim, som pina, til dess han fekk avgjort all Skuldi si.
35 Soleides skal og min himmelske Fader gjera imot dytter, dersom de ikkje av Hjartom dyttar forlata kvar sin Broder hans Brot."

19de Kapitlet.


1 Og det hende seg, daa Jesus hadde fullendat desse Ordi, gjekk han burt ifraa Galilea og kom til Judæa Landmerke paa andre Sida av Jordan.
2 Og myket Folk fylgde honom, og han lekte deim der.
3 Og Farisæarne kom til honom, freistade honom og sagde til honom: „Heve ein Mann Lov til aa skilja seg ved Kona si fyre kvar ei Sak, som helst?"
4 Men han svarade og sagde til deim: „Hava de ikkje leset, at han, som ifraa Upphavet skapade deim, han gjorde deim til Mann og Kvinna
5 og sagde: Difyre skal ein Mann forlata Fader og Moder og halda seg til Kona si, og dei tvo skulo verta eit Kjøt.
6 So ero dei daa ikkje meir tvo, men eit Kjøt. Det, som Gud daa heve samanbundet, skal Menneskja ikkje skilja."
7 Men dei segja til honom: „Kvifyre baud daa Moses aa giva Skilsmlllllsbrev og skilja seg fraa henne?"
8 Han segjer til deim: „Det var fyre dyllar harde Hjarta Skuld, at Moses gav dykker Lov til aa skilja dytter ifraa Konom dyttar; men ifraa Upphavet heve det ikkje voret soleides.
9 Men eg segjer dykker, at den som skil seg ifraa Kona si, utan fyre Hors Skuld, og gifter seg med ei onnor, han driv Hor; og den, som gifter seg med ei, som er fraaskild, han driv Hor."
10 Læresveinarne hans segjer til honom: „Stend Saki soleides imillom Mann og Kona, so er det ikkje godt aa gifta seg."
11 Men han sagde til deim: „Ikkje alle kunna fata denne Tale, men dei, som det er gjevet.
12 For der finst Gjeldingar, fødde slike av Moders Liv; og der finst Gjeldingar, som ero gjeldade av Menneskjor; og der finst Gjeldingar, som hava gjeldat seg sjølve fyre Himmelrikets Skuld. Den, som kann fata det, han fate det!"
13 Daa vart det ført Smaaborn til honom, at han skulde leggja Henderna paa deim og beda; men Læresveinarne trugade deim.
14 Men Jesus sagde: „Lat vera Smaaborni, og hindre deim ikkje fraa aa koma til meg; for Himmelriket høyrer slike til."
15 Og han lagde Henderna paa deim og gjekk der ifraa.
16 Og sjaa: Ein kom fram og sagde til honom: „Gode Meister! Kvat godt skal eg gjera, at eg kann hava evelegt Liv?"
17 Men han sagde til honom : „Kvi kallar du meg god? Ingen er god utan ein, det er Gud. Men vil du ganga inn til Livet, so hald Bodordi!"
18 Han segjer til honom: „Kvat Bodord?" Men Jesus sagde: „Dette: du skal ikkje slaa i Hel, du skal ikkje driva Hor, du skal ikkje stela, du skal ikkje bera falsk Vitne.
19 Heidra Fader din og Moder di, og elska Nesten din som deg sjølv!"
20 Den unge Mann segjer til honom: „Alt dette heve eg haldet ifraa eg var ung. Kvat vantar meg enno?"
21 Jesus sagde til honom: „Vil du vera fullkomen, so gakk avstad og sel alt det, du eig, og giv dei Fatike, so skal du hava ein Skatt i Himmelen, og kom og fylg meg!"
22 Men daa den unge Mann høyrde desse Ordi, gjekk han uglad burt, avdi han hadde myket Gods.
23 Men Jesus sagde til Læresveinarne sine: „Sannelege segjer eg dykker, at det vil vera vondt fyre ein Riking aa koma inn i Himmelriket.
24 Og atter segjer eg dykker: det er lettare fyre ein Kamel aa ganga igjenom eit Naalauga enn fyre ein Riking aa koma inn i Guds Rike."
25 Men daa Lærefveinarne hans høyrde det, vart dei storlege forferde og sagde: „Kven kann daa verta frelst?"
26 Men Jesus saag paa deim og sagde til deim: „Fyre Menneskjor er det umoglegt, men fyre Gud er alt moglegt."
27 Daa svarade Petrus og sagde til honom: „Sjaa, me hava uppgjevet alt og fylgt med deg, kvat skulo daa me faa?"
28 Men Jesus sagde til deim: „Sannelege segjer eg dykker, at de, som hava fylgt meg, de skulo og i Nyskapningi, naar Menneskjesonen sit paa sin Ærestol, sitja paa tolv Stolar og døma dei tolv Israels Ætter.
29 Og kvar den, som heve uppgjevet Hus elder Broder elder Syster elder Fader, elder Moder, elder Kona, elder Born, elder Aakrar fyre mitt Namns Skuld, han skal faa det atter hundrad Gonger og erva ævelegt Liv.
30 Men mange, som ero dei fyrste, skulo verta dei siste, og dei siste dei fyrste."

20de Kapitlet.


1 „For Himmelriket er likt ein Husbonde, som gjekk ut tidlege paa Morgon til aa leiga Arbeidfolk i Vingarden sin.
2 Og daa han var samtykt med Arbeidsfolki um ein Pening fyre Dagen, sende han deim til Vingarden sin.
3 Og han gjekk ut ved den tridje Timen og saag andre standande leduge paa Torget,
4 og han sagde til deim: Gange de og til Vingarden, og det, som rett er, vil eg giva dykker; men dei gjekk.
5 Han gjekk atter ut ved den fette og niande Timen og gjorde likaeins.
6 Men ved den ellevte Timen gjekk han ut og fann andre standande leduge og segjer til deim: Kvifyre standa de her leduge heile Dagen?
7 Dei segja til honom: Fyredi Ingen leigde oss. Han segjer til deim: Gange til Vingarden, og det, som rett er, skulo de faa.
8 Men daa det vart Kveld, segjer Vingards-Herren til Hushaldaren sin: Kalla Arbeidsfolki saman og giv deim Løn, og byrja med dei siste, og enda med dei fyrste!
9 Og dei fraa den ellevte Timen kom og fekk ein Pening kvar.
10 Men daa dei fyrste kom, tenkte dei, at dei skulde faa meir. og dei fekk og kvar sin Pening.
11 Men daa dei den fekk, knurrade dei imot Husbonden,
12 og sagde: Desse siste hava arbeidt berre ein Time, og du heve gjort deim like med oss, som hava boret Dagsens Byrd og Hite.
13 Men han svarade og sagde til ein av deim: Min Ven! eg heve ikkje gjort deg Urett. Var du ikkje samtykt med meg um ein Pening?
14 Tak ditt og gakk; men eg vil giva denne siste likt med deg.
15 Elder heve ikkje eg Lov til aa gjera med mitt det, eg vil? elder er ditt Auga vondt, fyredi eg er god?
16 Soleides skulo dei Siste vera dei Fyrste og dei Fyrste dei Siste, for Mange ero kallade, men Faae utvalde."
17 Og Jesus gjekk upp til Jerusalem og tok dei tolv Læresveinarne avsides paa Vegen og sagde til deim:
18 „Sjaa, me ganga upp til Jerusalem, og Menneskjesonen skal verta yvergjeven til Øvsteprestarne og dei Skriftlærde, og dei skulo døma honom til Dauden,
19 og yvergiva honom til Heidningarne til aa verta spottad og hudflengd og krossfest, og den tridje Dagen skal han standa upp atter." —
20 Daa kom Moder til Sebedæus-Sønerne til honom med Sonom sine, fall paa Kne og bad honom um nokot.
21 Men han sagde til henne: „Kvat vil du?" Ho segjer til honom: „Seg, at desse tvo Sønerne mine maa sitja ein paa den høgre og ein paa den vinstre Sida aat deg i ditt Rike".
22 Men Jesus svarade og sagde: „De vita ikkje, kvat de beda um; kunna de drikka den Skaal, som eg skal drikka, og verta døypte med den Daup, som eg vert døypt med?" Dei segja til honom: „Me kunna."
23 Og han segjer til deim: „Vist skulo de drikka Staali mi og verta døypte med den Daup, som eg vert døypt med; men det aa sitja paa høgre og vinstre Sida aat meg, det stend ikkje til meg aa giva andre enn deim, som det er lagat av min Fader."
24 Men daa dei tie høyrde det, vart dei harme paa dei tvo Brøderne.
25 Men Jesus kallade deim til seg og sagde: „De vita, at dei, som styra Folki, valda yver deim, og Stormennerne bruka Herrevelde yver deim;
26 men so skal det ikkje vera imillom dykker; men den, som vil verta stor imillom dytter, han skal vera Tenaren dyttar,
27 Og den, som vil vera den fyrste imillom dykker, han skal vera Trælen dyttar,
28 likasom Menneskjesonen ikkje kom til det aa hava Tenar, men til aa vera Tenar og giva sitt Liv til Løysepening fyre mange."
29 Og daa dei gjekk ut ifraa Jeriko, fylgde myket Folk med honom.
30 Og sjaa, daa tvo Blinde, som sat ved Vegen, høyrde, at Jesus kom, ropte dei og sagde: „Miskunna oss, Herre Davids Son!“
31 Men Folket trugade deim, at dei skulde tegja; men dei ropte meir og sagde: „Miskunna oss, Herre, Davids Son!"
32 Og Jesus stadnade, kallade paa deim og sagde: „Katt vilja de, at eg skal gjera ved dykker?"
33 Dei segja til honom: „Herre, at Augo vaare maa verta opnade!"
34 Men Jesus ynkadest og rørde ved Augo deira, og strakst fekk Augo deira atter Syni, og

dei fylgde honom.
21de Kapitlet.


1 Og daa dei kom nær til Jerusalem og kom til Betsage ved Oljeberget, daa sende Jesus tvo Læresveinar
2 og sagde til deim: „Gange inn i den Byen rett fram fyre dykker, og straks skulo de finna eit Asen bundet og ein Fole med henne; løyse deim og leide deim til meg!"
3 Og dersom nokon segjer nokot til dykker, so segje: Herren treng til deim ; og han vil strakst senda deim." —
4 Men alt dette hende seg, at det skulde verta uppfyllt det, som er sagt ved Profeten som segjer:
5  „Segje til Sions Dotter: Sjaa, Kongen din kjem til deg, hugmild og ridande paa eit Asen og Folen til Asnet."
6 Men Læresveinarne gjekk burt og gjorde, som Jesus baud deim
7 og leidde fram Asnet og Folen og lagde Klede sine paa deim, og han sette seg uppaa deim.
8 Men det meste Folket breidde Klede sine paa Vegen; andre hogg Greinar av Treom og straadde deim paa Vegen.
9 Men Mengdi, som gjekk fyre, og som fylgde, ropade og sagde: „Hosanna, Davids Son, velsignad vere han, som kjem i Herrens Namn, Hosanna i det Høgste!"
10 Og daa han kom inn i Jerusalem, kom heile Byen i Rørsla og sagde: „Kven er denne?"
11 Men Folket sagde: „Denne er Profeten Jesus, han ifraa Nasaret i Galilea." —
12 Og Jesus gjekk inn i Guds Tempel og dreiv ut alle deim, som selde og køypte i Templet, og han velte Bordi deira, som vekslade, og Krattarne deira, som selde Duvor.
13 Og han segjer til deim: „Det stend strivet: Mitt Hus skal kallast eit Bønehus; men de hava gjort det til eit Røvarbol."
14 Og det kom Blinde og Halte til honom i Templet, og han lækte deim.
15 Men daa Øvsteprestarne og dei Skriftlærde saag dei Under, som han gjorde, og Borni, som ropade i Templet og sagde: „Hoaanna, Davids Son", daa vart dei harme,
16 og sagde til honom: „Høyrer du, kvat desse segja?" Men Jesus segjer til deim: „la, hava de aldri leset: Utor Munnen til Smaaborn og Sugborn heve du lagat deg Lov."
17 Og han gjekk ifraa deim og gjekk utanfyre Byen til Betania og var Natti yver der.
18 Men um Morgonen daa han gjekk til Byen, hungrade han.
19 Og daa han saag ett Fikentre ved Vegen, gjekk han burt til det og fann ikkje annat enn berre Blad paa det og sagde til det: „Heretter skal det ikkje veksa Alde paa deg i all Æva!" Og strakst visnade Treet. —
20 Og daa Læresveinarne saag det, undrade dei seg og sagde: „Korleides visnade Fikentreet strakst?"
21 Men Jesus svarade og sagde til deim: „Sannelege segjer eg dykker: Dersom de hava Tru og ikkje tvila, daa skulo de ikkje berre kunna gjera dette med Fikentreet, men um de og segja til dette Berget: Lyft deg upp og kasta deg i Havet, skal det ganga fo.
22 Og alt det, som de beda um i Bøni, berre tru, so skulo de faa det."
23 Og daa han kom i Templet, gjekk Øvsteprestarne og dei Eldste fyre Folket til honom, medan han lærde, og dei sagde: „Av kvat Magt gjerer du dette, og kven gav deg denne Magti?"
24 Men Jesus sagde til deim : „Eg vil og spyrja dykker um ein Ting; dersom de segja meg det, so skal eg segja dykker, av kvat Magt eg gjerer dette.
25 Johannes’ Daup, kvar var den ifraa? av Himmelen? elder av Menneskjor?" Men dei tenkte med seg sjølve og sagde: „Um me segja: Av Himmelen, daa vil han segja til oss: Kvi trudde de honom daa ikkje?
26 Men segja me: Av Menneskjor, so ero me redde fyre Folket; for allesaman halda Johannes fyre ein Profet."
27 Og dei svarade Jesus og sagde: „Me vita det ikkje". Og han sagde til deim: „So segjer helder ikkje eg dykker, av kvat Magt eg gjerer dette.
28 Men kvat tykkja de? det var ein Mann, som hadde tvo Søner, og han gjekk til den fyrste og fagde: Son, gakk og arbeid i Dag i Vingarden min!
29 Men han svarade og sagde : Eg vil ikkje; men sidan angrade han det og gjekk.
30 Og han gjekk til den andre og sagde litaeins. Men han svarede og sagde: Herre, eg vil, og han gjekk ikkje.
31 Kven av dei tvo gjorde sin Faders Vilje?" Dei segja til honom: „Den fyrste". Jesus segjer til deim: „Sannelege segjer eg dykker, at Tollmennerne og Skjøkjorna ganga fyre dykker inn i Guds Rike.
32 For Johannes kom til dykker paa Rettferds Veg, og de trudde honom ikkje; Tollmennerne og Skjøkjorna trudde honom; men endaa de saag det, angrade de ikkje paa det sidan, so de kunde trutt honom.
33 Høyre no ein annan Liknad: Det var ei Menneskja, som var Husbonde; han plantade ein Vingard og sette Gjerde umkring honom og grov ei Vinpersa i honom og bygde eit Taarn og leigde honom burt til Vingardsmenner og foor utanlands.
34 Men daa det leid til Aldetidi, sende han Tenararne sine til Vingardsmennerne til aa taka imot Frukti hans.
35 Og Vingardsmennerne tok hans Tenarar og slog ein, slog i Hel ein og steinade ein.
36 Atter sende han andre Tenarar, fleire enn dei fyrste, og dei gjorde likaeins med deim.
37 Og tilsist sende han Son sin til deim og sagde: Dei vilja hava Age fyre Son min.
38 Men daa Vingardsmennerne saag Sonen, sagde dei ved seg sjølve: Dette er Ervingen, kome, lat oss slaa honom i Hel og tilvenda oss hans Arv!
39 Og dei tok og dreiv honom ut or Vingarden og slog honom i Hel.
40 Naar no Vingards-Herren kjem, kvat skal han daa gjera med desse Vingardsmennom?"
41 Dei sagde til honom: „Med Illt skal han avøyda desse Illmenne og leiga Vingarden burt til andre Vingardsmenner, som kunna giva honom Frukter i deira rette Tid."
42 Jesus segjer til deim: „Hava de ikkje leset i Skriftom: Den Steinen, som Bygningsmennerne forkastade, han er vorten til Hyrnestein. Av Herren vart han gjord til det og er underfull fyre Augom vaare?
43 Difyre segjer eg dytter: Guds Rike slal verta teket ifraa dykker og gjevet til eit Folk, som ber Frukter av det.
44 Og den, som fell paa den Steinen, han skal verta sunderslegjen; men den, som han fell ned paa, honom sjal han knasa."
45 Og daa Øvsteprestarne og Farifearne høyrde hans Liknadar, skynade dei, at det var um deim han talade.
46 Og dei søkte aa gripa honom, men var redde fyre Folket, avdi dei heldt honom fyre ein Profet.

22de Kapitlet.


1 Og Jesus svarade atter og talade til deim i Liknadar og sagde:
2 „Himmelriket likjest ein Konge, som gjorde Brudlaup fyre Son sin.
3 Og han sende ut sine Tenarar til aa beda dei Innbodne til Brudlaupet; men dei vilde ikkje koma.
4 Atter sende han andre Tenarar ut og fagde: „Segje til dei Innbodne: Sjaa, Maaltidi mi heve eg tilreidt; Uksarne mine og Gjødfeet ero slagtade, og alt er reidugt, kome til Brudlaups.
5 Men dei ansade det ikkje og gjett burt, den eine til Aakren sin, den andre til Kaupstaden sin.
6 Men dei andre greip Tenararne hans og svivyrde deim og slog deim i Hel.
7 Men daa Kongen høyrde dette, vart han harm og sende sine Herar og øydelagde desse Mordarar og brende upp Byen deira.
8 Daa segjer han til sine Tenarar : „Brudlaupet er vel reidugt, men dei Bodne ero det ikkje verde.
9 Gange difyre ut paa Vegamoti og bede til Brudlaups so mange, som de kunna finna.
10 Og da desse Tenararne kom ut paa Vegarne, sankede dei alle, so mange dei fann, baade Vonde og Gode; og Brudlaupshuset vart fullt av Bordgjester.
11 Men daa Kongen gjekk inn og vilde sjaa til Bordgjesterne, saag han der ei Menneskja, som ikkje var kledd i Brudlaups klednad.
12 Og han segjer til honom: Kjære, korleides er du komen her og heve ikkje Brudlaupsklednad paa? Men han tagde.
13 Daa sagde Kongen til Tenararne: Binde Hender og Føter paa honom, take og kaste honom i Myrkret utanfyre; der skal vera Graat og Tanngnistring.
14 For Mange ero kallade, men Faae utvalde."
15 Daa gjekk Farisæarne og heldt Samraad um, korleides dei skulde fange honom i Ord.
16 Og dei sende til honom sine Læresveinar med Herodes-Folket og fagde: „Meister, me vita, at du er sannordig og lærer Guds Veg i Sanning, og du ansar Ingen, for du gjerer ikkje Mannamun.
17 Seg oss difyre: Kvat tykkjer du? er det rett aa giva Keisaren Skatt elder ikkje?
18 Men daa Jesus skynade deira Vondskap, sagde han: „Kvi freista de meg, de Skrymtarar!
19 Syne meg Skattepeningen!" Men dei lagde fram fyre honom ein Pening.
20 Og han segjer til deim: „Kven er det Billedet og den Paaskrifti av?"
21 Dei fegja til honom : „Av Keisaren." Daa segjer han til deim: „So give Keisaren det, som høyrer Keisaren til, og Gud det, som høyrer Gud til."
22 Og daa dei høyrde det, undrade dei seg, snudde seg ifraa honom og gjekk burt.
23 Den same Dagen kom Sadducæarne til honom, dei, som segja, at det ingi Uppstoda er; og dei spurde honom
24 og sagde: Meister, Moses sagde: Naar nokon døyr og ikkje heve Born, so skal Broder hans taka Kona hans og reisat sin Broder Avkoma.
25 Men det var hjaa oss sjau Brsder; og den fyrste gifte seg og doydde; og daa han ikkje hadde Avkoma, leet han etter seg Kona si til Brødren sin,
26 og likaeins den andre og den tridje, alt til den sjaunde.
27 Sist av alle døydde Kona med.
28 Men i Uppstoda, kven av dei sjau skal ho daa vere Kona til? for dei hadde henne alle?"
29 Men Jesus svarade og sagde til deim: „De fara villt, daa de ikkje kjenna Skrifterna og ikkje Guds Kraft.
30 For i Uppstoda korkje gifta dei seg elder verta burtgifte; men dei ero som Guds Englar i Himmelen.
31 Men hava de ikkje leset um Upstoda au dei Daude det, som er sagt dykker av Gud, som segjer:
32 Eg er Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud? Men Gud er ikkje Gud fyre Daude, men fyre Livande."
33 Og daa Folket høyrde det, undrade dei seg yver Læra hans.
34 Men daa Farisæarne hsyrde, at han hadde maalbundet Sadducearne, kom dei saman.
35 Og ein av deim, som var loglærd, freistade honom og sagde:
36 „Meister, kvat er det store Bodord i Logi?"
37 Men Jesus sagde til honom: „Du skal elska Herren din Gud av alt ditt Hjarta, og av all di Saal og av all din Hug.
38 Dette er det fyrste og store Bodord.
39 Men det andre er likasom dette: Du skal elska Nesten din som deg sjølv.
40 Paa desse tvo Bodord stend heile Logi og Profetarne."
41 Men daa Farisæarne var komne saman, spurde Jesus deim
42 og sagde: „Kvat tykkja de um Kristus? Kven er han Son til?" Men dei segja til honom: „Til David."
43 Han segjer til deim : „Kor leides kallar daa David honom i Anden Herre, naar han segjer:
44 Herren sagde til min Herre: Sit ved mi høgre Hand, til dess eg legg dine Fiendar til Skammel under dine Føter.
45 Naar daa David kallar honom Herre, korleides kann han daa vera Son hans?"
46 Og Ingen kunde svara honom eit Ord. Og ikkje vaagade nokon meir aa spyrja honom etter den Dagen.

23de Kapitlet.


1 Daa talade Jesus til Folket og til sine Læresveinar
2 og sagde : „Paa Mose Stol sitja dei Skriftlærde og Farisæarne.
3 Difyre alt det, som dei segja, at de skulo halda, det maa de halda og gjera; men etter deira Gjerningar maa de ikkje gjera; for dei segja det nog, men gjera det ikkje.
4 For dei binda tunga Byrdor, som ero vandlege aa bera, og leggja deim paa Herdarne aat Menneskjom; men sjølve vilja dei ikkje røra deim med sin Finger.
5 Men dei gjera alle sine Gjerningar til aa synast fyre Menneskjom; for dei gjera sine Minnesetlar breide og gjera Saumarne store paa Kledom sine.
6 Og dei traa etter Høgsætet i Gildom og dei fremste Stolom i Stemnestovom,
7 og Helsingar paa Torgom, og aa verta kallade Rabbi, Rabbi av Menneskjom.
8 Men de skulo ikkja vilja vera kallade Rabbi; for ein er dykkar Meister, Kristus, men alle ero de Broder.
9 Og ikkje skulo de kalla nokon paa Jordi Fader dyttar; for ein er dykkar Fader, han som er i Himlom.
10 Og de skulo ikkje vilja vera kallade Lerarar, for ein er Læraren dyttar, det er Kristus.
11 Men den største av dykker skal vera Tenaren dykkar.
12 Men den, som høgrar seg sjølv, skal verta nedrad; og den, som nedrar seg sjølv, skal verta høgrad.
13 Men usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, de Skrymtarar, at de læsa atter Himmelriket fyre Menneskjom; for de ganga ikkje inn der; og deim, som vilja ganga inn, sleppa de ikkje til.
14 Usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, de Skrymtarar, at de eta upp Husi fyre Enkjom og fyre ei Syn Skuld gjera lange Bøner; fyre dette skulo de faa strengare Dom.
15 Usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, de Skrymtarar, at de fara Sjo og Land etter aa vinna ein einaste Læresvein; og naar han vert det, gjera de honom til eit Helvitis Barn tvo Gonger verre enn de.
16 Usæle de, blinde Vegvisarar, som segja: Um nokon sver ved Templet, det er ingen Ting; men um nokon sver ved Gullet i Templet, han er andsvarleg.
17 De Daarar og Blinde! for kvat er størst, Gullet elder Templet, som helgar Gullet!
18 Og um nokon sver ved Altaret, det er ingen Ting; men um nokon sver ved Gaava paa Altaret, han er andsvarleg.
19 De Daarar og Blinde! Kvat er størst? Gaava elder Altaret, som helgar Gaava?
20 Den, som soleides sver ved Altaret, sver ved det og ved alt, som ligg paa det.
21 Og den, som sver ved Templet, sver ved det og ved honom, som bur i det.
22 Og den, som sver ved Himmelen, sver ved Guds Høgsæte og ved honom, som sit i det.
23 Usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, de Skrymtarar, at de giva Tiend av Mynta og Anis og Karve, men ansa ikkje dei tyngre Ting i Logi: Rett, Miskunn og Tru; desse Ting skulde ein gjera og ikkje lata dei andre ugjorde.
24 De blinde Vegvisarar, som sila Myet av, men sluka Kamelen!
25 Usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, de Skrymtarar, at de reinska Utsida av Skaali og Fat; men Innsida er full av Røvarskap og Ageløysa.
26 Du blinde Farisæar! reinska fyrst det, som er inn i Skaali og Fatet, so at og det, som er utanpaa, kann verta reint.
27 Usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, at de ero likasom kalkslegne Graver, som utantil synast fagre, men innantil ero fulle av Dauding-Bein og all Ureinsla!
28 Soleides synast og de utantil rettferdige fyre Menneskjom; men innantil ero de fulle av Skrymt og Urett.
29 Usæle de, Skriftlærde og Farisæarar, de Skrymtarar, at de byggja Graverna til Profetarne og pryda Gravstaderne til dei Rettferdige
30 og segja: Hadde me voret til i vaare Fedra-Dagar, so skulde me ikkje voret medskyldige med deim i Blodet av Profetom.
31 Og soleides vitna de um dykker sjølve, at de ero Søner av deim, som slog Profetarne i Hel.
32 Og fylla de dykkar Fedra-Maal!
33 De Ødlor og Ormeungar, korleides fly de undan Helvitis Dom?
34 Difyre sjaa, eg sender til dykker Profetar og Vismenner og Skriftlærde, og sume av deim vilja de slaa i Hel og krossfesta, og sume av deim vilja de hudflengja i Stemnestovom dykkar og forfylgja ifraa By til By,
35 so det kann koma yver dytter all det rettferdige Blod, som er utheldt paa Jordi, like fraa den rettferdige Abels Blod til Sakarias Barakias Sons Blod, han, som de drap imillom Templet og Altaret.
36 Sannelege segjer eg dykker, det skal altsaman koma yver denne Ætti.
37 Jerusalem, Jerusalem, du som sler Profetarne i Hel og steinar deim, som ero sende til deg! kor ofta vilde eg ikkje samla Borni dine saman, likasom ei Høna samlar Kjuklingarne sine under Vengjerne! og de vilde ikkje.
38 Sjaa, Huset dykkar skal verta standande audt etter dykker.
39 For eg segjer dykker: Heretter skulo de ikkje sjaa meg, fyrr enn de segja: Velsignad den, som kjem i Herrens Namn."

24de Kapitlet.


1 Og daa Jesus kom ut, gjekk han ifraa Templet, og Læresveinarne hans kom og vilde fyna honom Tempel-Bygningarne.
2 Men Jesus sagde til deim : „Sjaa de ikkje all dette? Sannelege segjer eg dykker: Her skal ikkje verta atterliggjande Stein paa Stein, som ikkje skal verta nedriven."
3 Men daa han sat paa Oljeberget, kom Læresveinarne til honom i Einrom og sagde: „Seg oss: Naar skal dette henda? og kvat stal vera Teiknet paa di Tilkoma og paa Heimsens Ende?"
4 Og Jesus svarade og sagde til deim: „Sjaa til, at Ingen daarar dykker!
5 For det skal koma Mange i mitt Namn og segja: Eg er Kristus, og dei skulo daara Mange.
6 Men de skulo faa høyra Herstrid og Tidender um Herstrid; men sjaa til, at de ikkje reddast; for dette maa altsamman koma; men Enden er ikkje endaa.
7 For Folk skal reisa seg imot Folk og Rike imot Rike; og der skal verta Hunger og Landfarsotter og Jordskjelv paa den eine Staden etter den andre.
8 Men alt dette er Upphavet til dei harde Riderne.
9 Daa skulo dei yvergiva dykker til Trengslor og slaa dykker i Hel, og de skulo verta hatade av alle Folkeslag fyre mitt Namns Skuld.
10 Og daa skulo Mange verta avstygde, og dei skulo forraada kvarandre og hata kvarandre.
11 Og mange falske Profetar skulo koma upp og daara Mange.
12 Og med di Uretten vert mangfald, skal Kjærleiken kolna hjaa Mange.
13 Men den, som held ut til Enden, han stal verta frelst.
14 Og dette Evangeliet um Riket skal verta forkynt i heile Mannheimen til Vitne fyre alle Folkeslag, og daa skal Enden koma.
15 Difyre naar de sjaa den Styggja av Øydelegging, som er umtalad av Profeten Daniel, standande paa den heilage Staden (den som les det, leggje Merkje til det),
16 daa maa dei, som ero i Judea, fly til Fjells.
17 Og den, som er paa Taket, stige ikkje ned til aa taka nokot utor sitt Hus.
18 Og den, som er ute paa Marki, vende ikkje heimatter til aa taka Klede sine.
19 Men usæle dei, som ero med Born, og dei, som giva Brjost i dei Dagom,
20 Men bede, at dykkar Flugt ikkje maa falla um Vettern elder paa Kviledagen;
21 for daa skal det verta so stor ei Trengfla, som ikkje heve voret ifraa Heimsens Upphav og til denne Dag og helder ikkje skal verta.
22 Og um ikkje dei Dagarne vart avkortade, so vart inkje Kjøt frelst; men fyre dei Utvalde skulo dei Dagarne verta avkortade.
23 Og um nokon daa segjer til dytter: Sjaa her er Kristus, elder der, so tru ikkje!
24 For der skal koma upp falske Kristar og falske Profetar, og dei skulo gjera store Teikn og Under, til aa daara endaa dei Utvalde, um det var moglegt.
25 Sjaa, eg heve sagt dykker det fyre aat.
26 Um dei daa segja til dykker: Sjaa, han er i Øydemarki, so gange ikkje der ut! sjaa, han er i Løynromom, so tru ikkje!
27 For likafom Ljonet kjem ifraa Auster og syner seg heilt til Vester, soleides skal og Menneskjesonens Tilkoma vera.
28 For der Aata er, der vilja Ormarne samlast.
29 Men straks etter Trengslorna i dei Dagom skal Soli formyrkjast og Maanen ikkje giva sitt Ljos, og Stjernorna skulo falla ned av Himmelen og Himmelkrafterna stakast.
30 Og daa skal Menneskjesonens Teikn syna seg paa Himmelen, og daa skulo alle Ætterna paa Jordi graata; og dei skulo sjaa Menneskjefonen komande i Himmelskyom med stor Magt og Æra.
31 Og han skal senda sine Englar ut med ljomande Lurar, og dei skulo sanka hans Utvalde fraa dei fire Vindar, ifraa det Ytste og til det Inste av Himmelen.
32 Men lære ein Liknad av Fikentreet: Naar Greini fær Save, og Lauvet sprett, so vita de, at Sumaren er nær.
33 Soleides og naar de sjaa alt dette, so vita de, at han er fyre Dyrrom.
34 Sannelege segjer eg dykker: Denne Ætti skal ikkje forgangast, fyrr alt dette gjeng fyre seg.
35 Himmelen og Jordi skulo forgangast; men mine Ord skulo aldri forgangast.
36 Men um den Dagen og Timen veit Ingen, helder ikkje Englarne i Himmelen, utan min Fader aaleine.
37 Men likasom det hende seg i Noa Dagar, so skal og Menneskjesonens Tilkoma vera.
38 For likasom dei var i Dagom fyre Storflodi, dei aat og dratt, gifte seg og vart burtgifte, alt til den Dagen, daa Noa gjekk inn i Arki.
39 Og dei ansade det ikkje, til dess at Storflodi kom og tok deim alle burt, soleides skal og Menneskjesonens Tilkoma vera.
40 Daa skulo tvo vera utpaa Marki, den eine skal verta teken, og den andre verta atter.
41 Tvo skulo mala paa Kverni, den eine skal verta teki, og den andre verta atter.
42 Vake difyre; for de vita ikkje, kvat Time Herren dykkar kjem.
43 Men det vita de, at dersom Husbonden viste, kvat Nattevakt Tjoven vilde koma, so vakte han og leet honom ikkje koma og brjota sig inn i Hufet hans.
44 Difyre vere og de reiduge ; for Menneskjefonen kjem i den Timen, som de ikkje tenkja.
45 Kven er vel den tru og kloke Tenaren, som hans Herre heve sett yver Tenestefolket sitt til aa give deim Maten i rett Tid.
46 Sæl er den Tenaren, som hans Herre finn so gjerande, naar han kjem.
47 Sannelege segjer eg dykker, han skal setja honom yver all sin Eigedom.
48 Men dersom den vonde Tenaren vilde segja i sit Hjarta: Min Herre drygjer med aa koma.
49 Og han tek til aa slaa Medtenararne, men aa eta og drikka med Drikkarom,
50 so skal Herren til den Tenaren koma ein Dag, som han ikkje ventar, og ein Time, som han ikkje veit,
51 og han skal hogga honom i tvo og giva honom sin Lut imillom Skrymtarom; der skal det vera Graat og Tanngnistring."

25de Kapitlet.


1 „Daa skal Himmelriket liknast med tie Møyar, som tok sine Lampor og gjekk ut til Møtes med Brudgumen.
2 Men fem av deim var kloke og fem daarlege.
3 Og daa dei daarlege tok sine Lampor, tok dei ikkje Olje med seg.
4 Men dei kloke tok Olje i sine Kannor saman med sine Lampor.
5 Men daa Brudgumen drygde, vart dei alle trøytte og sovnade.
6 Men midt paa Natti høyrdest eit Rop: Sjaa Brudgumen kjem, gange ut til Møtes med honom!
7 Daa vaknade alle dei Møyarne og stellte sine Lampor til.
8 Men dei daarlege sagde til dei kloke: Give oss av Oljen dykkar, for Lamporna vaare slokna!
9 Men dei kloke svarade og sagde:- Nei, det vilde ikkje verta nog til oss og dykker; men gange helder til Kaupmennerne og kaupe til dykker sjølve.
10 Men daa dei gjekk burt og skulde kaupa, kom Brudgumen, og dei, som var reiduge, gjekk med honom inn til Brudlaupet, og Dyrri vart atterlest.
11 Men sidan kom og dei andre Møyarne og sagde: Herre, Herre, lat upp aat oss.
12 Men han svarade og sagde: Sannelege segjer eg dykker: Eg kjenner dykker ikkje.
13 Vake difyre; for de vita ikkje Dagen og ikkje Timen, naar Menneskjesonen kjem!
14 For det er likasom ein Mann, som vilde fara utanlands og kallade sine eigne Tenarar til seg og yvergav deim sin Eigedom.
15 Og ein gav han fem Pund og ein tvo og ein eit, kvar etter hans Dug, og so foor han utanlands.
16 Men han, som fekk fem Pund, gjekk burt og kaupslog med deim og vann fem andre Pund.
17 Likast og han, som fekk tvo; han vann og andre tvo.
18 Men han, som fekk det eine, gjekk burt og grov det ned i Jordi og gjøymde sin Herres Pengar.
19 Men lang Tid deretter kjem Herren til desse Tenarar heim og krev Reikneskap av deim.
20 Og han, som fekk fem Pund, kom fram og bar med seg fem andre Pund og sagde: Herre, du gav meg fem Pund, sjaa eg heve vunnet fem andre Pund med deim!
21 Men hans Herre sagde til honom: Godt, du gode og tru Tenar, du var tru yver litet. Eg vil setja deg yver myket, gakk inn til din Herres Gleda!
22 Men han, som fekk tvo Pund, kom og fram og sagde: Herre, du gav meg tvo Pund, sjaa, eg heve vunnet tvo andre Pund med deim!
23 Hans Herre sagde til honom: Godt, du gode og tru Tenar, du var tru yver litet, eg vil setja deg yver myket, gakk inn til din Herres Gleda!
24 Men han, som hadde fenget det eine Pundet, kom fram og sagde: Herre, eg visste, at du er ei streng Menneskja, som høystar der, du ikkje saadde, og sankar der, du ikkje spreidde.
25 Og eg var redd og gjekk burt og grov ditt Pund ned i Jordi, sjaa her heve du ditt!
26 Men hans Herre svarade og sagde til honom: Du vonde og late Tenar! Visste du, at eg høyster der, eg ikkje stadde, og sankar der, eg ikkje spreidde,
27 skulde du daa ikkje hava sett Pengarne mine ut til Vekslararne, so at eg kunde fenget mitt med Rentor, naar eg kom heim?
28 Take difyre fraa honom det Pundet og give det til honom, som heve dei tie Pund!
29 For kvar den, so, heve, honom skal verta gjevet, og han skal hava fullt upp; men ifraa den, som Inkje heve, stal verta teket jamvel det, forn han heve.
30 Og kaste den unyttuge Tenaren ut i Myrkret utanfyre, der skal vera Graat og Tanngnistring.
31 Men naar Menneskjesonen kjem i si Æra og alle dei heilage Englar med honom, daa stkal han sitja paa Ære-Stolen sin.
32 Og alle Folkeslag skulo samlast framfyre honom, og han skal skilja deim ifraa kvarandre likasom Hyrdingen skil Sauderne fraa Bukkom.
33 Og han skal setja Sauderne paa høgre Sida aat seg, men Buttarne paa den vinstre.
34 Daa skal Kongen segja til deim paa høgre Sida: Kome hit, min Faders Velsignade og erve det Riket, som er tilreidt aat dykker, fraa Verdi var grunnlagd.
35 For eg var hungrig, og de gav meg Mat; eg var tyrst, og de gav meg Drykk; eg var Framand, og de tok imot meg;
36 eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de saag inn til meg; eg var i Fangehus, og de kom til meg.
37 Daa skulo dei Rettferdige svara honom og segja: Herre, naar saag me deg hungrig og mettade deg, elder tyrst og gav deg Drykk?
38 Naar saag me deg framand og tok imot deg, elder naken og kledde deg?
39 Naar saag me deg sjuk elder i Famgehus og kom til deg?
40 Og Kongen skal svara og segja til deim: Sannelege segjer eg dykker: So myket, som de gjorde imot ein einaste av desse minste Brødrom mine, det gjorde de imot meg.
41 Daa skal han og segja til deim paa den vinstre Sida: Gange fraa meg, de forbannade, til den ævelege Elden, som er tilreidd aat Djevelen og Englom hans,
42 For eg var hungrig, og de gav meg ikkje Mat; eg var tyrst, og de gav meg ikkje Drykk;
43 eg var framand, og de tok ikkje imot meg; naken, og de klædde meg ittje; sjuk og i Fangehus, og de saag ikkje til meg.
44 Daa skal og dei stara honom og segja: Herre, naar saag me deg hungrig elder tyrst, elder framand, elder naken, elder sjuk, elder i Fangehus og kom deg ikkje til Hjelp.
45 Daa skal han svara deim og segja: Sannelege segjer eg dykker: So myket som de ikkje gjorde imot ein einaste av desse minste Brødrom mine, det gjorde de helder ikkje imot meg.
46 Og desse skulo ganga til æveleg Pinsla, men dei Retferdige til ævelegt Liv."

26de Kapitlet.


1 Og det hende seg, daa Jesus hadde fullendat alle desse Ordi, daa sagde han til sine Læresveinar :
2 „De vita, at um tvo Dagar kjem Paaske, og Menneskjesonen stal verta yvergjeven og krossfest."
3 Daa kom Øvsteprestarne og dei Skriftlærde og dei Eldste fyre Folket saman i Garden til Øvstepresten, som heitte Kaifas.
4 Og dei raadslog um aa gripa Jesus med Svik og slaa honom i Hel.
5 Men dei sagde: „Ikkje paa Høgtidi, at det ikkje skal verta Uppstyr av Folket."
6 Men daa Jesus var i Betania i Huset til Simon den spitelske,
7 daa kom det til honom ei Kvinna, som hadde ei Alabasterkrukka med kosteleg Salve og hellte ut yver hans Hovud, daa han sat til Bords.
8 Men daa Læresveinarne hans saag det, vart dei harme og sagde: „Kvat skulde slikt Spilde vera til?
9 For den Salven kunde vortet seld fyre myket og gjevet dei Fatike."
10 Men daa Jesus merkade det, sagde han til deim: „Kvi gjera de den Kvinna Mein? for ho heve gjort ei god Gjerning imot meg.
11 For dei Fatike hava de alltid hjaa dykker; men meg hava de ikkje alltid.
12 For ho hellte ut denne Salven yver min Likam til aa reida meg til min Jordferd.
13 Sannelege segjer eg dykker: Kvarhelst dette Evangelium vert forkynt yver all Verdi, skal ogso det, som ho gjorde, verta umtalat til Minne um henne."
14 Daa gjekk ein av dei tolv, som heitte Judas Iskariot, burt til Øvsteprestarne,
15 og sagde til deim: „Kvat vilja de giva meg, at eg skal forraada honom til dykker?" Men dei gav honom tretti Sylvpeningar.
16 Og etter det søkte han eit godt Høve til aa forraada honom.
17 Men den fyrste Dagen i dei usyrde Brauds Helg kom Læresveinarne til Jesus og sagde til honom: „Kvar vil du, at me skulo laga til fyre deg aa eta Paaskemaaltidi?"
18 Men han sagde: „Gange inn i Byen til ein Mann der og segje til honom: Meisteren segjer: Mi Tid er komi ner; hjaa deg vil eg halda Paaske med Læresveinom mine.
19 Og Læresveinarne gjorde so, som Jesus hadde paalagt deim, og lagade til Paaskemaaltidi.
20 Men daa det vart Kveld, sette han seg til Bords med dei tolv.
21 Og daa dei aat, sagde han: „Sannelege segjer eg dykker, at ein av dykker vil forraade meg."
22 Og dei vart myket sorg gjevne og tok til aa segja til honom, kvar ein av deim: „Det er daa vel ikkje eg, Herre!"
23 Men han svarade og sagde : „Han, som sting Handi i Fatet saman med meg, han skal forraada meg.
24 Menneskjefonen gjeng fulla burt so, som det er skrivet um honom; men usel den Menneskja, som Menneskjesonen vert forraadd av; det var godt fyre den Menneskja, um ho ikkje var fødd."
25 Men Judas, som forraadde honom, svarade og sagde: „Rabbi, er det eg?" Men han segjer til honom: „Du sagde det."
26 Men medan dei aat, tok Jesus Braudet og velsignade og braut det og gav Læresveinom og sagde: „Take og ete! dette er min Likam."
27 Og han tok Kalken og takkade, gav deim og sagde: „Drikke alle av honom!
28 For dette er mitt Blod til den nye Pakt, det som er uthellt fyre Mange til Forlating av Synderna.
29 Men eg segjer dytter, at heretter skal eg ikkje drikka av Frukti paa dette Vintreet, alt til den Dagen, daa eg drikk henne ny med dykker i min Faders Rike".
30 Og daa dei hadde sunget Lovsangen, gjekk dei ut til Oljeberget.
31 Daa segjer Jesus til deim : „De skulo alle styggjast ved meg i denne Natt; for det er skrivet: Eg vil slaa Hyrdingen, og Sauderne i Flokken skulo drivast ifraa kvarandre.
32 Men etter at eg er uppstaden, vil eg ganga fyre dykker til Galilea."
33 Men Petrus svarade og fagde til honom: „Um dei so alle stulde styggjast ved deg, so skal daa aldrig eg styggjast."
34 Jesus sagde til honom: „Salnnelege segjer eg deg, at i denne Natt, fyrr enn Hanen gjel, skal du neitta meg tri Gonger."
35 Petrus segjer til honom: „Um eg og skulde døy med deg, skal eg ikkje neitta deg." Men likaeins sagde og alle Læresveinarne.
36 Daa kom Jesus med deim til ein Hage, som var kallad Getsemane, og sagde til Læresveinarne : „Setje dykker her, medan eg gjeng burt der og bed."
37 Og han tok med seg Petrus og dei tvo Sønerne til Sebedeus og tok til aa fæla og gruva.
38 Daa segjer han til deim: „Mi Saal er sorgtyngd reint til Dauden; vente her og vake med meg!"
39 Og han gjekk eit litet Stykkje lenger, fall ned paa sitt Andlit og bad og sagde: „Min Fader, er det moglegt, so lat den Skaali ganga fraa meg; men ikkje som eg vil, men som du vil."
40 Og han kjem til Læresveinarne og finn deim sovande og segjer til Petrus: „So kunde de ikkje vaka ein Time med meg?
41 Vake og bede, so de ikkje maa koma i Freisting. Anden er fulla viljug, men Kjøtet er veikt."
42 Han gjekk atter andre Gongen burt og bad og sagde: „Min Fader, kann ikkje denne Skaali ganga fraa meg, utan eg skal drikka henne, so verte din Vilje!"
43 Og han kjem og finn deim atter sovande; for Augo deira var svevntyngde.
44 Og han let deim vera og gjekk avstad atter og bad tridje Gongen og sagde dei same Ord.
45 Daa kjem han til sine Læresveinar og segjer til deim: „Sove no og kvile dykker! Sjaa Timen er nær, og Menneskjesonen vert forraadd i Henderne paa Syndarar.
46 Stande upp, lat oss ganga, sjaa, han, som forraader meg, er nær!"
47 Og medan han enno talade, sjaa, daa kom Judas, ein av dei tolv, og med honom ein stor Hop med Sverd og Stavar ifraa Øvsteprestom og dei Eldste fyre Folket.
48 Og han, som forraaode honom, hadde gjevet deim eit Merke og sagt: „Den, som eg kysser, han er det, gripe honom!"
49 Og strakst gjekk han til Jesus og sagde: „Heil deg, Rabbi" og kyste honom.
50 Men Jesus sagde til honom: „Kjere. kvat er du her fyre?" Daa kom dei fram og lagde Hand paa lefus og greip honom.
51 Og sjaa, ein av deim, som var med Jesus, rette Handi ut og drog sitt Sverd og slog til Tenaren aat Øvstepresten og hogg av honom Øyrat.
52 Daa segjer Jesus til honom: „Stikk Sverdet ditt i Slidra ! for alle dei, som taka til Sverd, skulo falla fyre Sverd.
53 Elder tenkjer du, at eg ikkje strakst kunde bede min Fader, og han vilde senda meg meir enn tolv Legionar Englar?
54 Korleides skulde daa Skrifterna ver ta uppfyllte, at soleides skal det ganga til?"
55 Men i den Timen sagde Jesus til Folket: „Likasom mot ein Røvar ero de utgjengne med Sverd og Stavar og vilja fanga meg. Daglege sat eg hjaa dykker og lærde i Templet, og de greip meg ikkje.
56 Men dette heve altfaman hendt, at Skrifterna av Profetom skulde verta uppfyllte. Daa gjekk alle Læresveinarne fraa honom og flydde.
57 Men dei, som hadde gripet Jesus, førde honom til Øvstepresten Kaifas, der dei Skriftlærde og Eldste var komne saman.
58 Men Petrus fylgde honom langt attanfyre inn paa Garden til Øvstepresten. Og han gjekk inn og sette seg i Lag med Tenarom til aa sjaa Endelykti.
59 Men Øvsteprestarne og dei Eldste og heile Raadet førte falske Vitnemaal imot Jesus, so at dei kunde døyda honom.
60 Og dei fann Inkje; og enndaa det kom fram mange falske Vitne, so fann dei Inkje. Men tilsist kom der fram tvo falske Vitne
61 og sagde: „Han heve sagt: Eg kann riva ned Guds Tempel og byggja det upp atter paa tri Dagar."
62 Og Øvstepresten stod upp og sagde til honom : „Svarar du Inkje? Kvat vitna desse imot deg?"
63 Men Jesus tagde. Og Øvstepresten svarade og sagde til honom: „Eg tek deg i Eid ved den livande Gud, at du segjer, um du er Kristus Guds Son!"
64 Jesus segjer til honom: Du sagde det. Men eg segjer dykker, at heretter skulo de sjaa Menneskjesonen sitjande ved høgre Handi aat Krafti og komande i Himmelskyom."
65 Daa reiv Øvstepresten Klede sine sunder og sagde : „Han spottade ! Kvat trenga me no meir til Vitne? Sjaa, no hava de høyrt hans Spotting!
66 Kvat tykkja de?" Men dei svarade og sagde: „Han er skyldig til Dauden."
67 Daa sputtade dei honom i Andlitet og slog honom med Neven; men sume flog honom paa Øyrat,
68 og sagde: „Spaa oss, Kristus, kven er det, som slog deg?"
69 Men Petrus sat utanfyre paa Garden; og ei Tenest-Gjenta kom til honom og sagde: „Du var og med Jesus ifraa Galilea." —
70 Men han neittade fyre alle og sagde: „Eg veit ikkje, kvat du segjer." —
71 Men daa han gjekk ut i Porten, var det ei onnor, som saag honom og sagde til deim, som der var: „Denne og var med Jesus ifraa Nasaret."
72 Og atter neittade han med ein Eid: „Eg kjenner ikkje den Menneskja."
73 Men strakst etter gjekk dei, som stod der, fram og sagde til Petrus : „Sannelege du er og ein av deim; for Maalet ditt opendagar deg."
74 Daa tok han til aa forbanna seg og sverja: „Eg kjenner ikkje den Menneskja." Og strakst gol Hanen.
75 Og Petrus mintest Jesu Ord, som han sagde til honom: „Fyrr enn Hanen gjel, skal du neitta meg tri Gonger." Og han gjekk ut og gret saart.

27de Kapitlet.


1 Men daa det vart Morgon, heldt alle Øvsteprestarne og dei Eldste fyre Folket Samraad imot Jesus, at dei kunde avliva honom.
2 Og dei batt honom og førde honom ut og yvergav honom til Landshovdingen Pontius Pilatus.
3 Daa Judas, forn forraadde honom, saag, at han vart dømd til Dauden, angrade han det, og han bar dei tretti Sylvpenningar til Øvsteprestarne og dei Eldste,
4 og sagde til deim: „Eg heve syndat, daa eg forraaode uskyldigt Blod." Men dei svarade honom: „Kvat kjem det oss ved? Sjaa du dertil."
5 Og han kastade Sylvpeningarne i Templet og gjekk avstad; og han gjekk burt og hengde feg.
6 Men Øvsteprestarne tok Pengarne og sagde : „Det er ikkje rett aa kasta deim i Tempelkista, avdi det er Blodpengar."
7 Men dei heldt Samraad og køypte fyre deim ein Aaker av ein Krusmakar til Gravstad fyre Framande.
8 Difyre er den Aakren kallad Blodaakren til denne Dag.
9 Daa vart det uppfyllt, som er fagt ved Profeten Jeremias, sorn segjer: „Og dei tok dei tretti Sylvpeningar, Verdet fyre den Verdsette, som Israels Born verdsette.
10 Og dei hava gjevet deim fyre ein Krusmakars Aaker, som Herren paalagde meg."
11 Men Jesus stod framfyre Landshovdingen. Og Landshovdingen spurde honom og sagde: „Er du Jødekongen?" Men Jesus sagde til honom: „Du segjer det."
12 Og daa han vart forklagad av Øvsteprestom og dei Eldste, svarade han Inkje.
13 Daa segjer Pilatus til honom: „Høyrer du ikkje, kor mykjet dei vitna imot deg?"
14 Og han svarade honom ikkje paa eit einaste Ord, so at Landshovdingen undrade seg storlege.
15 Men paa Høgtidi brukade Landshøvdingen aa lata Folket ein Fange laus, den, som dei vilde.
16 Men den Gangen hadde dei ein vidgjeten Fange, som heitte Barabbas.
17 Daa dei var komne saman, sagde difyre Pilatus til deim: „Kven vilja de, at eg skal lata dytter laus? Barabbas, elder Jesus, som er kallad Kristus?
18 For han visste, at det var av Ovund dei havde yver gjevet honom.
19 Men daa han sat paa Domstolen, sende Kona hans Bod til honom og sagde: „Hav ikkje nokot med denne Rettferdige aa gjera; for eg heve i Dag lidet myket Vondt i Draumar fyre hans Skuld!"
20 Men Øvsteprestarne og dei Eldste yvertalde Folket, at dei skulde beda seg Barabbas laus, men avliva Jesus.
21 Men Landshovdingen svarade og sagde til deim: „Kven av dei tvo vilja de, at eg skal giva dykker laus?" Men dei sagde: „Barabbas."
22 Men Pilatus segjer til deim: „Kvat skal eg daa gjera med Jesus, som er kallad Kristus?" Men alle segja dei til honom: „Lat honom vera krossfest!"
23 Men Landshovdingen sagde: „ Kvat Vondt heve han daa gjort?" Men dei ropade endaa meir og sagde: „Lat honom vera krossfest!"
24 Men daa Pilatus saag, at han Inkje kunde gjera, men at det vart meir Uppstyr, daa tok han Vatn, vaskade Henderna framfyre Folket og sagde: „Eg er uskyldig i Blodet til denne Rettferdige. Sjaa de dertil!"
25 Og alt Folket svarade og sagde: „Hans Blod kome yver oss og yver vaare Born!"
26 Daa gav han deim Barabbas laus, men Jesus leet han hudflengja og yvergav honom til Krossfesting.
27 Daa tok Landshovdingens Stridsmenner Jesus med til Domhuset og samlade umkring honom heile Herflokken.
28 Og dei kledde honom av og hengde ei Skarlakskaapa paa honom.
29 Og dei flettade ei Klungerkruna og sette paa Hovudet hans og ei Røyr i høgre Handi hans; og dei fall paa Kne fyre honom, spottade honom og sagde: „Heil deg, du Jødekongen!"
30 Og dei sputtade paa honom og tok Røyri og slog honom i Hovudet.
31 Og daa dei hadde spottat honom, tok dei Kaapa av honom og kledde honom i hans eigne Kledi og førde honom burt til aaver ta krossfest.
32 Men daa dei kom ut, fann dei ein Mann fraa Kyrene ved Namn Simon; honom nøydde dei til aa bera Krosfen hans.
33 Og daa dei kom til ein Stad, som er kallad Golgata, det er Skallestaden,
34 so gav dei honom Edik aa drikka, blandad med Gall; og daa han smakade paa det, vilde han ikkje drikka.
35 Men daa dei hadde krossfest honom, fliste dei Kledi hans og kastade Lut um deim, at det skulde verta uppfyllt det, som er sagt av Profeten: „Dei fliste Kledi mine, og um Kaapa mi kastade dei Lut.
36 Og dei sat der og vaktade paa honom.
37 Og yver Hovudet hans sette dei upp eit skrivet Klagemaal imot honom: „Denne er Jesus, Jødekongen."
38 Daa krossfeste dei tvo Røvarar saman med honom, ein paa høgre Sida og ein paa vinstre.
39 Men dei, som gjekk fram med der, spottade honom og ryste paa Hovudet
40 4og sagde: „Du, som bryt ned Templet og byggjer det upp atter paa tri Dagar, frels deg sjølv! Er du Guds Son, so stig ned av Krossen!"
41 Men likast spende Øvsteprestarne honom i Lag med dei Eldste og sagde:
42 „Andre frelste han, seg sjølv kann han ikkje frelsa; er han Israels Konge, so stige han no ned av Krossen, so skulo me tru paa honom!
43 Han stolade paa Gud, han frelse honom no, dersom han heve Hug til honom; for han sagde: Eg er Guds Son."
44 Men fyre det same hædde og Røvararne honom, dei, som var krossfeste med honom.
45 Men ifraa den sette Timen vart der eit Myrker i heile Landet, alt til den niande Timen.
46 Men ved den niande Timen ropte Jesus med høg Røyst og fagde: „Eli, Eli, lama sabaktani", det er: „Min Gud, min Gud, kvi heve du forlatet meg?"
47 Men daa nokre av deim, som stod der, høyrde det, sagde dei: „Han ropar paa Elias."
48 Og strakst sprang ein av deim fram og tok ein Svamp og fyllte med Edik og fette paa ei Røyr og gav honom aa drikka.
49 Men Andre sagde: „Vente, lat oss sjaa, um Elias kjem og frelsar honom."
50 Men Jesus ropte atter med høg Røyst og gav upp Anden.
51 Og sjaa, Fyrehenget i Templet rivnade i tvo fraa øvst til nedst.
52 Og Jordi skalv og Bergi rivnade, og Graverna opnade seg, og mange Likamer av dei avlidne Heilage stod upp.
53 Og dei gjekk ut or Gravom etter hans Uppstoda og gjekk inn i den heilage Byen og vart synlege fyre Mange.
54 Men daa Hovudsmannen og dei, som med honom heldt Vakt yver Jesus, saag Jordskjelven og det, som hende seg, vart dei ovlege redde og sagde : „Sannelege, denne var Guds Son!"
55 Men der var mange Kvinnor der, som stod langt ifraa og saag paa, dei som hadde fylgt Jesus ifraa Galilea og tent honom.
55 Imillom deim var Maria Magdalena, og Maria Jakobs og Jose Moder, og Moder til Sebedeus’ Sønerne.
57 Men daa det vart Kveld, kom ein rik Mann ifraa Arimatea, ved Namn Josef, som og sjølv hadde voret ein L…resvein hjaa Jesus.
58 Denne gjekk til Pilatus og bad um Jesu Likam; daa baud Pilatus aa giva honom Likamen.
59 Og Josef tok Likamen og sveipte honom i eit reint Linklede.
60 Og han lagde honom i den nye Gravi si, som han hadde hogget ut i Berget; og daa han hadde velt ein stor Stein fyre Dyrri til Gravi, gjekk han burt.
61 Men der var Maria Magdalena og den andre Maria sitjande framfyre Gravi.
62 Men Dagen etter, som er etter Tilreidningsdagen, kom Øvsteprestarne og Farifearne saman til Pilatus,
63 og sagde: „Herre, me minnast, at medan denna Ranglæraren livde, sagde han: Um tri Dagar stend eg upp.
64 Giv difyre Paabod, at Gravi maa verta vel vaktad til den tridje Dagen, at ikkje Læresveinarne hans skulo koma um Natti og stela honom burt og segja til Folket: han er uppstaden ifraa dei Daude, og den siste Ranglæra verta skal verre enn den fyrste."
65 Men Pilatus sagde til deim: „Der hava de Vakt; gange avstad og vakte Gravi, som de synast."
67 Men dei gjekk avstad og vaktade paa Gravi vel med Vakt, etter at dei hadde sett Innsigle paa Steinen.

28de Kapitlet.


1 Men daa Kviledagen var avliden, og det var i Lysingi til den fyrste Dag i Vika, kom Maria Magdalena og den andre Maria og vilde sjaa til Gravi.
2 Og sjaa, der vart ein stor Jordskjelv. For Herrens Engel steig ned ifraa Himmelen og kom og velte Steinen ifraa Dyrri og sette seg paa honom.
3 Men hans Aasyn var som Ljon og hans Klednad kvit som Snjo.
4 Men av Redsla fyre honom skalv Vaktkararne og vart som daude.
5 Men Engelen svarade og sagde til Kvinnorna: „Vere de ikkje redde! for eg veit, at de leita etter Jesus den krossfeste.
6 Han er ikkje her; for han er uppstaden, som han heve fagt. Kom og sjaa Staden, der Herren laag!
7 Og gange skundsamt avstad og segje til hans Læresveinar, at han er uppstaden ifraa dei Daude. Og sjaa, han gjeng fyrr dykker til Galilea; der faa de sjaa honom. Sjaa, eg heve sagt dykker det!"
8 Og dei gjekk skundsamt burt ifraa Gravi med Otte og stor Gleda og sprang til aa fortelja hans Læresveinar det.
9 Men daa dei gjekk butt og vilde fortelja hans Læresveinar det, sjaa, daa møtte Jesus deim og sagde: „Heil vere dykker!" Men dei gjekk fram, tok um Føterne hans og tilbad honom.
10 Daa sagde Jesus til deim : „Vere ikkje rædde! Gange og segje mine Brøder, at dei skulo ganga til Galilea, der skulo dei faa sjaa meg!"
11 Men daa dei gjekk, sjaa, daa kom nokre av Vakti til Byen og fortalde Øvsteprestom alt det, som hadde hendt seg.
12 Og dei kom faman med dei Eldste og heldt Samraad og gav Stridsmennerne mange Sylvpeningar,
13 og sagde: „Seg, at Læresveinarne hans kom um Natti og stal honom burt, medan me sov!
14 Og um Landshovdingen skulde faa høyra det, skulo me tala vel med honom og gjera dytter ankelause."
15 Men dei tok imot Sylvpeningarne og gjorde, som det vart lært deim, og Ordet um dette kom ut imillom Jødom til denne Dag.
16 Men dei elleve Læresveinarne gjekk til Galilea til det Berget, som Jesus hadde fyresagt deim.
17 Men daa dei saag honom, tilbad dei honom; men sume tvilte.
18 Og Jesus gjekk fram og talade til deim og sagde: „Meg er gjevi all Magt i Himmelen og paa Jordi.
19 Gange difyre og gjere alle Folkeslag til mine Læresveinar med det, at de døypa deim i Namnet av Faderen, Sonen og den heilage Ande, og læra deim aa halda alt det, som eg heve paabodet dykker. Og sjaa, eg er med dykker alle Dagar alt til Heimsens Ende." Amen.