Den burtkomne Messias/I

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 1-8).
(Svar paa 2 Stykke av Peter Hognestad i „Dagbl.“ Okt. 1906.)
F
or nokre Mannsaldrar sidan hadde Kyrkja brent meg for Boki um Jesus Messias. No skriv ein høgkyrkjeleg Prest um ho i eit Dagblad. Og han skriv rolegt, ja heiltupp vent; han finn fram, og nemner, det som etter hans Meining er godt i Boki. Ein kann segja kva ein vil: Verdi gjeng fram; me kann tala jamvel om vaar Sjælesak no og ikkje taka til Kniven.

Hognestad segjer i si Avdøming Ting som eg heilt upp kann godkjenne. Det er soleis sant, at eg hjaa Jesus finn Svar paa (det etiske) Livsspursmaale; etter ymis Leiting i Aust og Vest lyt eg tilstaa, at so vidt som eg kann sjaa er Jesu Livslære den einaste som — i alle Tilfelle — gjev Innhald, „Meining“ i Live vaart.

Spursmaale um „Meining i Tilvære“ er det verre med. Her heldt Jesus seg til den israelitiske Læra um det komande Gudsrike. Men „det største Orde som enno i denne Verdi hev vori sagt: at Gud er Faderen“, det er so fagert og lovar so rikt, at um Verdi ser aldri so meiningslaus, fæl, djevelsk ut, so tøygjer jamvel den argaste „Fritenkjaren“ Vonine sine i det alra lengste: um det endaa sistpaa skulde kunna vise seg, at det berre er vaart eige Stuttsyn som gjer Faderen „burtkomin“ for oss. Men her lyt me „verdslegvise“ halde vaar Munn; berre Teologane trur i denne Sak aa vita noko.

Nemne bør eg og, at Hognestad ikkje gjer nokon Freistnad paa aa lata Jesus sjølv vitne um si Guddomshøgd, — med alt det at han vil lata Johannesboki gjelde for heilt ut ægte. Noko mindre vel slepp han fraa Paulus, som han vil skal ha kalla Jesus Gud. Eg undrast ikkje lite daa eg saag dette. Paulus var Israelit; han var jamvel Farisæar (Apg. 23: 6); det var daa sjølvsagt den israelitiske Messiaslæra han heldt seg til, soleis som den i hans Tid vart forkynt i Rabbinarskulane. Han skìl daa og i alle sine Brev gløgt og plent millom „Gud, Faderen“, og Jesus som han alltid kallar „Herre“ (smf. Boki mi S. 22, Merknad 2); han kallar og sume Stadir (som Rom. 5: 15) Jesus beint ut „Menneskje“, endaa dette i hans Tid var so sjølvsagt at der ingin Grunn var til aa halde det serskilt fram (smf. „Jesus Messias“ S. 23); og um dei 6—8 Stadine der Jesus ved falske Skrivemaatar synest vera kalla Gud, tvert imot all jødisk og nytestamentleg Tenkjemaate, er der Upplysning aa faa hjaa Mennar som er meir lærde i desse Ting enn baade Hognestad og eg (sjaa „Jesus Messias“ S. 23, Merknaden). Skulde Hognestad kjenne Paulus-Ord, som gjorde alt dette til inkjes? — Men det var berre med det same at eg spurde so. Hognestad nemner inkje noko serskilt Paulusord; det han maa halde seg til er daa dei vanlege rangskrivne Stadine. Eg hadde mest ikkje tenkt at den ærlege Bondesonen fraa Hognestad i Thime-Sokno skulde ha vorti Teolog so heilt ut. Men med dei rette Faglærde er det paa Lag som med Trolli i Valdris-Segnine: dei er baade snilde og vituge; men i eit og anna serskilt Tilfelle viser det seg, at med all god Vilje „kann dei ikkje brjote Arti“. Me som ikkje er Teologar, me veit Aarstale daa Jesus vart Gud; og dette Aarstale kann me ikkje vride oss ifraa, um me aldri so gjerne „vilde“.

Men Soningslæra vil Hognestad hava Jesus med paa. Han hev ikkje anna aa halde seg til enn det Orde fraa 1 Tim. 2: 6 som er innsett i Mt. 20: 28 og Mk. 10: 45 (noko so nær ordrett) av ærlegt truande Pauluskristne som fann, at denne vigtige Lærdomen enno ikkje var innførd — ved Gløymsle, kann-vita — i Sogubøkane. Hognestad synest bry seg mindre um Paulus her (sjaa 1 Kor. 15: 3, der det med reine Ord er sagt, at Paulus hev „mot-teki“ at „Kristus døydde for vaare Syndir“). Ein kann daa godt skyna, at han ikkje hev noko større Bruk for det som vert kalla Bibelkritik. Han held seg jamvel til „Spaadomane“ um at Jesus skal døy, men nemner, snpdigt nok, ikkje, at desse same Spaadomane talar um Uppstòdo (smf. „Jesus messias“ S. 107 flg.)

At Tankane i „Jesus Messias“ ikkje er nye hev Hognestad æveleg Rett i. Det er tilmed ikkje berre tyske Teologar som hev „stræva med deim“ i „lenger (!) Tid“ (aak! kjære Peter Hognestad, norske Teologar burde vel ikkje tala i kald Tone um tyske Teologar?); — det er den eldste, den upphavlege, reint ut sagt den bibelske Messiaslære eg hev sett upp, so godt som eg kunde. Naar Hognestad spỳrr, kva „religiøs eller moralsk Vinning“ eg vil hava fram med dette, so viser han mill. a., at han aldri hev vori i den Sjælenaud som mange kjem inn i, naar dei trur at dei hev aa velja millom den teologiske Jesus og det teologiske Helvite. —

— Eg nemnde Helvite; lat meg med det same takke Peter Hognestad for di han i heile det lange Stykke sitt ikkje so mykje som nemner Helvite eller Fanden. Eg veit nok at han trur paa deim. Men sjølve Teologane tek til aa verte so kristne no, at dei sjelden nemner desse Villmanns-Tankane, naar dei ikkje nettupp er nøydde til. Med Tidi vil dei i dette Stykke au koma nærare upp til Jesus.

— Det sannaste som er segjande um Boki mi er elles det, at ho er ikkje ei Bok, men eit Register. Den som vil „lesa“ ho, lyt sitja med Nytestamente framfyri seg og slaa upp og slaa upp, prøve kvart Ord eg segjer etter Tekstane. Øver eg stundom „Bibelkritik“, d. e. segjer at det og det Orde knapt kann vera rett ført, eller at det ikkje synest høyre heime der det stend, — so nemner eg og Grunnane til denne Meiningi mi; dermed kann Lesaren sjølv avgjera um han vil fylgje meg; noko Helvite til aa truge med hev eg daa visst ikkje.

Naar Hognestad finn at eg „ofte gjeng merkeleg lett yvi vanskelege Ting“, so lyt eg segja paa Lag som det fyrr hev vori sagt: det som ser lettast ut hev kannhende kosta meg mest Arbeid. Og eg trur ikkje Boki er „lett“ for nokon som les ho aalvorsamt. „For Folke“ er ho i det heile ikkje. Folke gjer som eg sjølv gjorde ein Gong: held seg til Prest og Postill og læt den „vanskelege“ Bibelen liggje. Berre dei som er komne i den Sjælenaud som heiter Tvil, vil vinne lenger enn dei 3—4 fysste Sidune i „Jesus Messias“; i so Maate kann Hognestad vera heilt upp trygg. —

*

Den heidningkyrkjelege Umdikting av Jesus fraa Nasaret er baade historisk og psykologisk umogeleg; det hev eg i „Jesus Messias“ paavist etter Bibelen (som lesin utan Teologbrillur tydeleg viser det), og etter Kyrkjesogo, som her hev det avgjerande Aarstale 325.

Peter Hognestad vil elles skyna at eg ikkje kann hava Stundir til aa sitja her og stridast med Folk som t. D. trur, at Jesus, trass i Mt. 19: 17 eller Joh. 10: 35, 36, tok imot Guddomsdyrking, eller som set paa Prent, at Farisæaren Paulus ikkje trudde paa den israelitiske Messias som han kjende til, men paa det heidningkristelege „Gud-Menneskje“ som vart uppsett i Nikæa halvtredje hundrad Aar etter hans Tid; skulde eg halde paa aa skrive um slikt, maatte eg ikkje hava anna aa gjera. — —

— Det ser ut til aa gjelde enno, det eg skreiv i Boki mi S. 151: „I Staden for aa høyre etter kva Jesus sagde, hev Verdi no i snart tvo tusund Aar trætta med seg sjølv um kven Jesus var; og i Staden for Jesu Lære hev me fengi Læra um Jesus.“

Dei tvo-tri Teologane som hev skrivi um Boki mi, dei segjer ærlegt og beint, at med den nytestamentlege („halve“) Jesus kann me ikkje klara oss. Sume av deim vonar endaa med kristeleg Broderkjærleike, at eg sjølv med Tidi vil koma etter det, so at eg ikkje lenger vil tru at me kann klara oss med det nye Testamente.

Teologane elles tegjer. Det er ikkje greidt. Dei fleste av deim hev vel gløymt at der er noko som heiter aa tenkje; og dei som ikkje hev naatt so langt, dei strævar med aa gløyme det. Kva skal dei gjera? Dei er eidsvorne. Dei hev forsvori seg paa, at dei ikkje skal koma innpaa andre Tankar um religiøse Ting enn dei som dei hadde daa dei var ferduge med Eksamen. So er dei nøydde til aa stengje seg av so godt som dei kann; der er inga Raad med det.

Den kongelege norske Kulturstaten finn seg i dette. Staten treng Kyrkja; og Kyrkja treng Tenarar som er aandeleg nundne; kor skal ein av? Naar Staten ikkje vaagar so mykje som det dei kristne Grunnleggjarane av United States vaaga for tvo hundrar Aar sidan: aa skilja Kyrkja fraa Staten, — kor skal ein daa av?

Men det er fælt, det er villt aa halde denne Skipnaden uppe. Og me kjem vel so langt ein Gong, at han ryk, fær ein tru. Det vil daa berre gjelde um, at ein ikkje læt det arme Folke — som strævar med aa føde baade seg sjølv og oss, og daa ikkje hev Stundir til aa sitja paa Kantor og studdere i kloke Bøkar — at ein ikkje læt Folke staa altfor verjelaust mot rabies theologorum, som med si ugudelege Helvitlære fyller Galnehus og Sjølvdraap-Listur meir enn forsvarlegt er, serleg hjaa oss, der Folke bur einslegt og spreidt, og dertil er aalvorsamt av Natur, so at altfor mange kjem innpaa Gruvling og tunge Tankar.

Gjev det kunde laga seg, og laga seg snart! Jesus sagde at me skulde elske vaar Næste; høyrde me paa honom, so laga det seg nok; men ... den kristelege Staten kann ikkje høyre paa Jesus; den Mannen var, ettersom me høyrer no, ikkje kristen.