Den burtkomne Faderen/XXI

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 50-51).
◄  XX
XXII  ►

At Live er Sol-kraft, Sol-eld, skynar eg um Notti. Naar Soli er burte, sloknar me.

Og fær me ikkje slokna burt i Svevn, ser me Helsyner og hev Feber. Det er Dauden som raar og Mara som rid. Og Hel-skodde legg seg um halvsløkkte Augo.

Lange graae Tankar tøygjer seg fram or Kræerne. Vonde Minne sìt inne i Skuggen, halvløynde, med grøne Augo og glor. Og Nattlampa strider med Myrkre som Vite med Ørska.

— — Synd? Nei. Eg synda ikkje. Eg levde etter Livslovi. Guds Lov. Som er, at det eine skal eta det andre.

Eller er det ikkje so? Er ikkje alle Ting til for at dei skal næra kvarandre og løysa seg upp i kvarandre; og er ikkje Live til for at det skal vera denne breide Straum av skiftande Form og dette blanke Hav av skiftande Ljos og heile denne endelause Rikdom av altid det same, som er Æveheimen?

For so segjer Visdom: dette er Live, at det eine ét det andre og sidan vert upp-ete sjølv. Kvar gjøder seg til eit feitt Slagt for sin Overmann. Eg aat med’ eg kunde, og vart so sjølv eten; og naar Tidi kjem, lèt eg meg eta til siste Rest av Makk og Mugg; for til Slutt er det vaare Undermenn som ét oss.

Eg fylgde Livslovi; eg bøygjer meg for Livslovi; so vert eg nedsvelgd i Livsens store Vomb, og melta og uppløyst, og so uppsògen paa nytt i Livsens Blodstraum; kvi skjelv eg daa?

Den Blodstraumen er det evige Liv.