Den burtkomne Faderen/XVII

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 39-41).
◄  XVI
XVIII  ►

Furten er ikkje Bror min. Rett som det er ser han her inn, og er som det aldri skulde ha falle eit Ord imillom oss.

Det skal vera Kristendom. Men eg tenkje med meg: han vart vel annleis mot meg, um han hadde Greide paa meg.

Der er Strid um han allstad. Her i Huse er Mannen mot han og Kona med han. «Det er ein Luring som alle heilage», segjer Mannen. Kona svarar ikkje paa det; men til meg segjer ho: «han er kje som dei andre.» Og smiland legg ho til: «han hev Raad for alt; meg lærde han aa tukta Mannen min.» «So? Var Mannen din so lei?» «Han var eit Troll!» «Kva Raad fekk du for det daa?» «Eg skulde setja mi Glede i aa gjera meir enn min Skyldnad.» «Og det hjelpte?» «Ja paa Resten hjelpte det.» Og ho fortel meg mykje godt um Bror min.

Mangt hev han vore uti, og mangeleis vert han dømd. Vanlegt Folk segjer det vanlege: han er galen. Dei gudelege segjer: han hev Djevelen. Men sùme held han for ein Profet. For han ofra for Guds Skuld alt han hadde kjært; og no sìt han paa si Heid og lever av sitt Stræv; og han gjeng um og gjer vèl mot all den Naud han kann naa; for han tener Meisteren.

Og Folk av alle Slag søkjer han, helst i Løynd, og fær Rad og Rettleiding um laagt og um høgt; og i Grunnen trur alle at han er noko framifraa.

Eg maa faa Greide paa han. Men eg skynar no, at um det skulde henda at ein møtte noko godt paa Jordi, so vilde ein ikkje lett kunna skilja det fraa Galenskap elder meinsløg List.

For det gode er utrulegt.