Den burtkomne Faderen/XVI

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & CO.s Forlag (s. 35-39).
◄  XV
XVII  ►

Føra Bok yvi mit Liv skulde eg, og finna Lærdom og Lov og Samanheng.

Men um det er Sjukdom elder Alders Visdom: det meste kjem under Tap. Og Resten under Debet. Og lite Hugnad hev eg av Rekneskapen min.

Alt ser annleis ut etterpaa. Det som var mi Vinning i Verdi synest no Faafengd. Og det som var mi Trøyst og min Trøyskap, det rengjer seg og er ikkje Trøyskap.

Det er Trollskap, som grin til meg og gjer Trut. Men det som eg mindre brydde meg um, ja kasta fraa meg og sagde: det er Faafengd og Gagnløyse og lite Vit, det vil helder no synast minneverdt.

Er det Domedag i meg? Maa eg sitja her og døma meg sjølv? Strenge Domar, gløym ikkje dei orsakande Umstende!

Hardt var det aa leva paa Jordi. Dei traakkar og trampar ned og knear seg fram yvi Lik; og eit Steinhjarta maa den hava, og Staalknokar, som skal fri seg og halda seg ovanpaa. Eg røynde det i vonde Aar. Og enno hev eg Blodflekkar etter det paa Sjæli.

Eg var hard. Eg hadde vore i Nedgangsskulen og herdt meg. Hjaa Trollmennerne var eg, dei som reknar ut Verdi og fær Jarn til aa fljota og sigler med sjølvgjord Bør og talar tvers yvi Have; deira Visdom lærde eg, og eg vart hard. Men det var dyrt; Sæla tok dei av meg for Visdomen sin; og daa eg hadde lært Livslovi: Magti raar, kom Gud burt for meg. Og det slokna i meg og kolnad; og Verdi vart som eit tomt Hus der ingen bur. Men eg lo og kjende meg fri; og sidan trampa eg ned ikring meg som dei andre.

Og eg var hjaa Trollhekserne, dei som kverver Syn og vender Hug, og tryller Menn og syg Sjæli or dei i blodige Næter. For i Hugen min brann det av Uro og heit Lyst som eit Helvite; og Verdi var tom, og eg maatte røyna Live til Botnen og til Bermen. Og alt det dei visste og kunde av Ørske og Trollsæle lærde dei meg. Det var dyrt. Det kosta meg min Ungdom. Og daa eg gjekk fraa dei, saag eg at dei var hole, og at dei ikkje hadde Hjarta i seg. Sidan var alle hole i Ryggen for mine Augo, og der var ikkje Kjærleik og ikkje Tru. Daa vart eg hard til Grunnen og hjartelaus. Og eg let henne gaa som eg hadde elska, ho den truskyldige, som venta paa meg; og eg gifte meg med Gull, og laante ut Gulle mitt for Rentur, som — men eg veit den, som tok endaa større Rentur og no sìt i Legislaturen. —

Men ho som hadde fylgt Gulle heldt av meg; og som Aari gjekk, veikna Trolldomen. Daa hadde ho lært av meg. Og ho vart ei Trollheks som dei andre og flaug fraa meg. Men den som ho flaug burt med var min siste Ven, den trulause som eg hatar æveleg.

Daa kom det upp, at eg hadde mjukna. Eg var ikkje Stein og ikkje Staal. Sjuk vart eg, og ør, og misste Svevnen, og gamalt vondt braut upp; og hadde eg trampa andra fyrr, trampa andre no meg; og snart laag eg nedbròten og arm, og hadde ingen Ting att for all mi Møde. Daa sagde eg: sandeleg, det eg fyrr kasta fraa meg var Live.

Men det ein kasta fraa seg finn ein aldri att. Og liten Hugnad hev eg av min Rekneskap.