Brure fraa Ransverk

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 121-124).

Langt burti Fjellom millom Gudbrandsdale aa Valdres ligg ei Sæter, som eite Ransverk, aa som høyre te nogre Garde paa Vaagaa, aa derfraa e de so langt te Bygdenn, at ein ikkje kann vinnast aa reise de paa ein Dag.

De hende se ein Gaang langt atti Verd’n, at ein Tenestgut va att ei Stund den Dagen døm reiste heim me Krytyrom, aa han skulde kjøre ut nogre Mykjalass aa stelle te einkort anna, fyrr han reiste ette. Da de lei over høgst Dags, hadde Guten gjort fraa se aa skulde te leggje upp Pankeklyve si; men han fell ikkje upp meir en ein Meis, for naar han skulde taa’ den andre, so va de likesom nugun skulde tiki unda att Klyvstaven, so Meisen rulla ne att, aa soles gjekk de te Guten vart reint uppgjeven. Han kvilte se, aa han tok te stræve me Klyvenn att mange Gaange; men da de lei lite over None, tykte han de vilde bli for seint aa reise lel den Dagen, so han laut gjeva se ivi te andre Morgon. Um Kvelden, da han helt paa vilde leggje se, kom de inn ei gomol stygg Kjering me ein spøkje lang Naasaa, aa ho leidde me se ei ung ofsa fager Gjente. Kjeringje spurde Guten, um Gjenta skulde faa Hus der aa faa liggje framve honom um Natte. Guten vart da reint handfallen[1] paa detta, for so fagert Kvinnfolk hadde han alder set fyrr; aa so sa’e han de, at de kunna fell ikkje vera Aalvore lel, at den Gjenta vilde liggje framve honom. „Jau ho vil nok,“ sa’e Kjeringje, aa derme gjekk ho att, men Gjenta la’e se aa laag nok so role um Natte. Tile um Morgon kom Kjeringje att aa spurde Guten, kaa han likte Gjenta, aa sa e de ve han, at dersom han vilde haa ho te Kjering, so skulde han faa taa’ ho me se aat Bygdenn trast, aa dersom han va snill ve ho aa alder sa’e nogo illt Ord aat henne, so skulde han leva fælt væl me henne, aa de skulde ikkje fela korkje paa Rikdom ell Visdom aat honom aa hass Avkjøme te niande Le. Ja, Guten gjorde som oss fell hadde kome te gjort, kem de hadde vore taa oss; han kasta att Klyve aa sette Gjenta paa Hesten. Trast han kom te Bygdenn, sa’e han upp Teneste aa gjekk sta aa kjøpte ein gild Gard som va fal – men kaa de va, Høilbø ell Austrheim, veit e ikkje; ein Gard i Sjaardale va de no, aa Guten va enda go for bitala han trast, for han va ikkje peninglaus da maa du tru, aa so tok han te laagaa te Gjestebo’e. Kvelden firi Gjestebo’e skulde vera kom de ein Mann ri’ande inni Garden aat honom, som va so gamall aa stygg aa hadde ein Naasaa, som hekk ne paa Salknappen. Denna Mannen spurde Guten, kem han hadde be’e te Gjestebo’s, for han va Far aat Brure, aa derfor vilde han au vera me. „Jau,“ sa’e Guten, „e ha be’e mange, men de e skikkele Folk alt ihop, aa so ha e be’e me Stortamburen aa Mariasonen.“ „Au, au,“ sa’e denna Fremande, „sia døm koma her, so lyt e pakke me att, for e semst[2] ikkje me døm. Stortamburen slo aav eine Laarbeine mitt me Trumstikkunn sine ifjor, aa naar e ser Mariasonen, so bli e so frøsin, at e ikkje e go te røyve ein Le. Du ska no faa lel de, som e ha ætla de i Bo’sgaavaa,“ sa’e han, aa derme so tok han ein Sekk, som han hadde hangjand over Salen, aa ba Guten koma me ei Halvtynne, aa den tømde han dyrande full me Sylvpening. Du kan fell tenkje, at Guten vart gla, daa de stygge Trolle strauk att.

Guten vart da gift aa levde nok so væl. Aat Kjeringenn sine sa’e han ikkje eit leidt Ord, aa ho va vitug aa snill aa saag ut som eit anna Menneskje. Ho hadde fell vore fødd taa kriste Folk, so Huldre hadde faatt tiki ho, me’ ho va litol. Einkort meir ell andre va de nok trule ho kunna, men døm veit ikke meir en ein Gaang, at ho synte de fram. Ho aa Mannen henna skulde aat eit Gjestebo da, aa Karenn va i Sæteren me alle Øykjom. Døm kom ikkje heimatt fyrr ei aarlitol Stund, fyrr Sjølvefolkje skulde i Veigen, aa da va Skoningen unde Gampom, so skjemd, at de laut kvessast upp att. Skulde døm te rivi unda, som Sme’enn plæga bruke de, so hadde de tiki so lang Ti aav, at døm hadde vorte for seint ferdoge. Men Kjeringje visste Raa ho; ho la’e sjøl aat Smi’unn me Gampe aa tok ein Fot um Senn aa stakk fram i Avlen; so slapp ho rive unda.

E er viss paa, at de e sannt dette, for e ha sjøl høyrt de taa honom gamle Jør’n Jønndale, aa han hadde høyrt de me’ han va ung taa’ ei Korkjering der, som eitte Ragnhild aa ho laut veta de, for ho va kome fraa Lalm.


PD-icon.svg Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. handfallen er den, som stend og bisnar og undrast og læter Henderna siga eller falla ned. Gamalnorsk, honom fallast hendr.
  2. semjast, forlikast.