Side:Markusevangeliet (1870).djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

hadde gjenget nokot litet lenger, saag han Jakob Sebedeusson og Johannes, Broder hans, som ogso vaaro i ein Baat og bøtte Nøterna. 20 Og han kallade deim med det same, og dei forleto Fader sin Sebedeus der i Baaten med Leigefolket og fylgde honom.

21 Og dei gingo til Kapernaum, og strakst paa Kviledagen gjekk Jesus i Samningsstova og lærde. 22 Og dei undradest paa hans Læra, for han lærde deim som den som Magt hadde, og inkje som dei skriftlærde. 23 Og der var i Samningsstova deira ein Mann med ein urein Ande, og han ropade og sagde: 24 „Kvat hava me med deg at gjera, Jesus fraa Nazaret? Er du komen og vil fortjona oss? Eg veit kven du er, Guds heilage.“ 25 Og Jesus trugade honom og sagde: „Teg og kom ut av honom!“ 26 Og den ureine Anden reiv honom og ropade med høg Røyst og foor ut av honom. 27 Og dei vordo alle forfælde, so dei spurde kvarandre og sagde: „Kvat er detta? Det er ei ny Læra med Magt! Han byder jamvel dei ureine Andarne, og dei lyda honom.“ 28 Og Gjetordet av honom gjekk braadlegt ut um heile Grannlaget i Galilea.

29 Og daa dei vaaro komne ut or Samningsstova, gingo dei inn i Huset deira Simon og Andreas, med Jakob og Johannes. 30 Men Vermoder til Simon laag i Sott, og strakst fortalde dei honom um henne. 31 Og han kom og tok henne i